fredag 23. desember 2011

HUGS SMÅFUGLANE!


Slik avslutta klassekamerat Harald russekorthelsingane sine. Me hadde nok alle våre knep for å fange merksemd. Eg kan ikkje hugse at han var særleg oppteken av fugl, anna enn i russetida på Firda i det herrens år 1964.
   Dei første åra i her på Eikelandsberget prøvde me oss med julenek til jul. Dei var vakre å sjå på, men me såg aldri ein fugl i dei. Ikkje så mykje som ein liten albatross, ikkje eingong ein struts eller ein fuglekonge. Og slett ikkje sporv, slik som på julekorta. Eg trur ikkje her er sporv her i bygda. Derimot voks det opp havre i blomebedet nedanfor.
   Meiser, trast og måsar er her. Og stundom ei skjor. Sidan me gjekk over til fuglebrett, har me spandert kilovis med havregryn og brødkromlar, og i buskane heng det meisebollar. Trasta har førsteretten på brettet, og meisene på meisebollane. Katten til Egil er ikkje velkomen, anten det no er havregryna eller fuglen han er ute etter. Skjorene vert heller ikkje så godt mottekne, jamvel om det er dissens i heimen om dette spørsmålet. Eg for min del har ein viss sympati med skjora. Måsar vil eg derimot ikkje ha på brettet.
    Anne meiner at ei hotrast kom tilbake på brettet årvisst; ho kjende fuglen på faktene, meinte ho. Men dei siste par åra meiner ho at den gamle trasta er vekke. Anten det er slik eller slik, her er flust med traster. Og meiser. Jamvel om vintervêret uteblir. I fjor og året før hadde småfuglen stort sett berre oss å lite på.
    Trasta takkar for maten med å skite til både matfatet, léveggen kring brettet og terrassen. Ho eig ikkje skam.
   Men me har ikkje nissar her på garden, så me trøystar oss med fuglen.

torsdag 22. desember 2011

NIFS NISSE

For folk som ikkje trur på nissen, har eg endå nokre ord å seie. Sjølvsagt var det juletrefestar i ungdomshuset heime så langt tilbake som eg kan minnast. Det var som regel to festar i barndommen. På den første festen var det skuleungane som stod for det meste av programmet. Eg er faktisk i tvil om kven som var den offisielle og formelle arrangøren, skal tru om det var ungdomslaget som hadde ansvaret? Denne festen var i romjula. Så var det ein fest litt seinare, omkring trettandedagen, om eg ikkje tek heilt feil.
   Den første festen var langt på veg vår fest. Me baud på opplesing, spørjetevlingar, ja, kanskje eit lite juletablå på scena. Og så gjekk me rundt treet og song mens Veberg'en spelte på det gebrekkelege orgelet.
   Høgdepunktet var når nissen kom med appelsiner eller kva det no var han hadde i sekken. Og då må eg fortelje at eit av dei aller tidlegaste minna eg har oppe i skolten, er knytt til nett dette. Kan eg ha vore to og eit halvt år? Tre og eit halvt? I alle fall vart eg så skremd av denne skjeggute fanten at eg hylskreik og gav blaffen i appelsina som eg vart bydd. Eg lét meg ikkje trøyste, i alle fall ikkje før nissen letta på maska og avslørte at det var onkel Anders som løynde seg bak det ofselege, kvite skjegget. Heilt trygg var eg truleg ikkje, då heller. Det var vanskeleg å skjøne at ein skummel nissefant samstundes kunne vere ein snill onkel. Jamvel om han baud på appelsiner.
   Du ska'kje ta imot ka so helst hos fremmende manna...

onsdag 21. desember 2011

TUNVÒRDEN

Denne segna fortalde dei gamle. Han gamle Hans var bonde på garden vår midt på attenhundretalet. I Vinjes Dølen står det på trykk ein fyldig variant av segna, nedskriven av ei lærd og tiltaksrik kvinne i bygda. I den varianten står det at det var Søren i Flekke som opplevde dramaet. Far til Hans heitte Søren. Det er vel kanskje slik at dei gamle i barndommen min ønskte å dra soga nærmare si eiga tid. Men slik hugsar eg segna:
Da va rett fyre jul atte Gamle-Hansen hadde vo i Dale et ærend. Da va åt å skymast då han rei heimatte, å då han va komen néom Stavsbrekka, trefte han et par fremmunde kara attemæ Storesteinane. Dei hadde mæ seg ei store drikkekrus, å dei bau han tå bryjja sitt å sa:  ”Du ve vel ikkje bere ut jula fy oss?”  Krusa va kjøle fine og fyseggjore med syllj og gullj, men Hans’n tømde drikke so va i’inne attom seg. Noke kom på hesteryggjen, å da va so sterkt atte da svei håra tå hesta. Då vart fremmundkarane rasande å prøvde å få fat i an. Men Hans’n rei da fortaste han vannj, å krusa hadde han mæ. Å karane itte. Sørnin i Gara horde spetakkele helt ner i Garatune då dei kom riandes ner Vellereina. 
   Hans’n gredde så vidt å halde dei unda helt te an kom heim i ovahogstune..Då ropte han på Tunvòren atte han måtte komme å hjelpe te. Tunvoren kom, å da vart ett gruelde basketak. Men Tunvoren vannj yve dei te slutt, men då va an helt utsleten. ”Du må aldre komme so tungt te gars oftare, husbonden min,” sa an.
   Den fine krusa vart verande på gara, men eg he’kje sitt’ne. Tunvòren budde på gamlestaulofta, å den som prøvde å leggje seg i senja hass, risikerte å verte hivde ut.

tirsdag 20. desember 2011

NISSETID

På trehundretalet budde det ein snill biskop i Vesle-Asia som heitte Nikolaus. Han skapte seg eit ettermæle som ein snill og gjevmild fyr. Ja, så generøs var han at han vart tilkjend helgenstatus med minnedag den 6. desember. Og då kunne folk minnast gubben med gåver til verdige trengande eller andre snille folk. Men ikkje berre det: Sidan det no var jul, slo folk like godt i hop nikolausmarkeringa med julefeiring, så slapp dei å blakke seg heilt på presangar. Og Nikolaus vart til Nils, som vart til Nisse, eller til Klaus, Klaas eller Claus. Med heilag (eller Sankt eller noko liknande) framfor. Neste gong du ser den amerikanske versjonen i sid kåpe, kan du tenkje på ein bisp i fullt skrud. Kva nordpolen har å gjere med fyren, forstår eg ikkje.
   Her oppe i Norden tok me til takke med ein liten, hauggammal gubbe som stort sett budde på låven eller i eit anna uthus. Ja, ofte budde han i ein haug ved tunet - Haugbonden eller Haugkallen. Han heitte ikkje nisse før danskane begynte å forveksle han med bispen frå Myra. Svenskane kallar han for Tomten eller Tomtegubben den dag i dag: Gubben som heldt til på tomta, eller i tunet. Tuftekallen var eit anna namn. Eller Tunvorden, som tyder tunvaktaren. I grunnen var han gjenferdet etter han som rydda garden, difor kalla somme han for Rudkallen. Og hans lagnad og misjon var at han ikkje kunne døy skikkeleg, men passe på at garden og folket der var på stell. Det minste ein då kunne gjere for han, var å gje han eit fat graut julenatta.
   Eg er så heldig å vere oppvaksen på ein gard der det budde ein tunvord, som dei sa. Han budde ikkje i løa, men i "gamlestaua" - gamlastovo ville det verte på sunnhordlandsk. Oppe på loftet der stod ei seng, og der sov tunvorden. Viss du tillèt deg å leggje deg i den senga, risikerte du at han kasta deg ut. Så seier segna. Gamlestaua er riven, og eg er slett ikkje sikker på kvar tunvorden held til lenger.
   I morgon tek eg og skriv om då han verja husbonden mot trollpakket i Stavsdalen.

mandag 19. desember 2011

BEINET SOM GJER AT SAUEN IKKJE KAN SNAKKE

Me hadde skoltesundag i går i Bekkjarvik. No er det å seie at eg har ikkje eigenhendig flådd, salta og røykt skoltane i år. Liekeeins som i fjor gjekk me på krambua og kjøpte. Dei kom frå Voss, heitte smalahove, var svidde og ikkje flådde, var i meste laget salta og skamrøykte. Alle rundt bordet (Anne, Tore og eg) var samde om at sjølvgjort er velgjort. Sist me flådde skoltar sjølve, var Tore delaktig. I år har eg fått mykje sneiord frå den kanten for at eg ikkje har kome meg til med flåing sjølv. Men neste år, seier han, neste år får eg goood tid til å hente heim skoltar og flå. Ja, hente frå slaktehuset i Ølen, meiner han nok. Så drastisk er ikkje han heller at han meiner eg skal til skogs og jage heim smale til flåing.
   I barndommen min brukte dei gamle å vise fram eit bein som ligg i overgangen frå tunge til svelg i saueskolten. "Sjå her," sa dei og heldt beinet opp i vêret mellom tommelen og peikefingeren, "her er da beine so gjere at sauen ikkje kan snakke!" Sjølv har eg nok gjort det same gong etter gong. Men i går var det Anne som i triumf rette fram beinet: "Her er det beinet du snakkar om, som gjer at sauen ikkje kan snakke!"
   Eit slikt bein har nok ikkje eg bak i kjeften.

onsdag 14. desember 2011

PRODUKSJON AV JULEHEFTE

På denne dagen, som hadde vore bursdagen til Arne storebror om han hadde fått leve, kan eg ikkje unngå å dra han inn i forteljinga. Eg knyter dessutan skrivinga opp til gårsdagen og temaet julehefte.
   Eg var ikkje fornøgd med berre å lese og selje hefte i gamle dagar. Eg fann det nødvendig å produsere eit hefte sjølv. Eg hadde (og har) fire syskenborn som eg hadde mykje omgang med - i alle fall dei tre gutane Ove, Asbjørn og Peter. Else Karin er nokre år yngre, ho er jente og heldt heller lag med systera mi, for dei er jamgamle. No har eg fått presentert syskenborna mine i Flekke. Dei budde eit par kilometer frå heimen vår, Peter eldstemann er nokre månader yngre enn meg, og så var det om lag to års aldersskilnad mellom dei tre gutane.
   Så var det julehefteproduksjonen. Eg reiv ut nokre midtsider or stileboka, skreiv og teikna. Men dette siste var ikkje mi sterkaste side. Derimot hadde eg ein storebror som meistra det meste. Også å teikne. Eg leigde han inn til å teikne ei lita steinhytte som gutane i ei forteljing lødde opp ein uvêrsdag. Det var - slik eg trur eg hugsar det - ei naudløysing dei tydde til for å få tak over hovudet. Men hytta vart for fin til å passe med forteljinga. Arne sette nok si ære i å teikne ei pen steinbu. Dermed laut eg skrive eit tillegg til forteljinga: Gutane la seinare ned tid, omtanke og arbeid i å mure seg ei pen leikehytte der den samanraska bua stod.
   Eg var tidleg ute, eg begynte arbeidet med heftet i oktober. Til jul fekk ilkjensungane overrekt produktet, som kanskje var til større glede for utgjevaren enn for dei potensielle lesarane.

tirsdag 13. desember 2011

JULEHEFTA

Kvar i all verda er julehefteseljarane?  Me har ikkje hatt nokon slike handelsfolk på døra i år. Rett nok hadde dei nok kome til fånyttes, for me har kjøpt inn dei hefta me treng. Smørbukk, Tuss og Troll, Vangsgutane,  Stomperud, Blondie og Nemi. I år som i fjor. Og året før. I mange år. Dei kjem på bordet julafta og hamnar i  ein boks oppe på hemsen om lag samtidig med at juletreet vert kasta ut. Nemi har me ikkje mange årgangar av, men samlinga av dei andre tek etter kvart imponerande dimensjonar. Me har ein del av dei som eg gøymde og hegna om i min barndom og. Ja, ein gong eg hadde pengar til overs, kjøpte eg ein bunke gamle smørbukkar frå førtiåra.  Nokre av dei eksisterer framleis.
   Eg dreiv nokre år og gjekk på dørene med hefte, eg og. Det var vel rundt komfirmasjonsalderen, plluss/minus. Hugs på at me vart tidleg vaksne på den tida og konfirmerte som fjortenåringar. Takka vere heftesalet sopte eg inn litt kapital som kom vel med i julestria. Eit par år gjorde eldste son min det same. Me budde på Husnes, han var vel åtte-ni år, og han rusla rundt med ein bunke Smørbukk, Tuss og troll og Juletre. I dei dagar skreiv eg noko som kan kallast forteljingar og fekk på trykk i Norsk Barneblad og jamvel i Juletre. Gutlarven brukte meg som argument for å få selt bladet: »Pappa har skrive i det.» Eg veit ikkje om det hjelpte det grann. Dei kjøpte iallfall Smørbukk, men der hadde ikkje eg noko ansvar for  verken tekstar eller teikningar, heldigvis for bladet.
   I min barndom, og  før eg begynte som agent for julehefte, var det ein godt vaksen kar frå ei nabobygd som la ut på handlarferd med julehefte i veska. Jul etter jul. Nokre kroner vart det. Men vel så god butikk gjorde han på at han fekk både middag og nonsmat hos dei potensielle kundane sine dei dagane.
   Så lur var ikkje eg.

mandag 12. desember 2011

BLESMETID

Eg spurde ein sauebonde som sit på arbeidsrommet på skulen om sauene hans hadde blesma bra no i det siste. Han såg spørjande på meg og lurte på kva eg meinte. Eg laut fram med ei forklaring, og då kunne han opplyse at det stod bra til i sauefloren. "Kva seier de då om sauer når dei vil parast?" "Tja, me kan no seie at dei byr seg ...," var svaret, som kom med usikker røyst.
   No tenkte eg med meg at denne bonden, som er lærarson frå Voss og gift til ein gard i Kvinnherad, ikkje har gjort seg nok kjend med terminologien i faget. Så eg spurde ein annan sauebonde, innfødd kvinnhering frå indre luten, kor det stod til med blesminga. Han var like undren. Men språkinteressert er han og ville gjerne vite etymologien bak ordet. Til no har eg ikkje funne ut det. Men ordet er oppslagsord i fleire slags ordbøker og finst jamvel både på Island og i Sverige. Det er altså ikkje noko som me sunnfjordingar har dikta opp.
   Eg vil tru at dei fleste sauene har fått sitt no, at julestemninga snart kjem sigande til saueflorane, og at desse ullute beista ikkje får mistanke om kva me skal ha på duka bord julafta.
   Det er ikkje mykje eg har å fortelje om blesming og saueparing frå mi tid som bondegut i Flekke. Frå og med 1961 var eg som regel heilt andre stader enn i og kring saueflorane. Men eitt år, truleg første året i studietida, kom eg tidleg heim om hausten. Ferdig med mitt philosophicum. Då vart eg send ned etter avlsvêren fordi det var sauer i floren vår som blesma. Eg gjekk og henta vêren, som følgde meg med verdige, rolege steg opp vegen, over brua og forbi Finnfloren. Der ville han inn. Han insisterte, men eg protesterte. Eg måtte hale og dra, lokke og truge for å få han derifrå og med meg heim.
   "Korleis finn han rette sauene?" spurde eg papen. Det var dumt spurt, skjønte eg: "Da he'kjan nòke problem mæ," fekk eg til svar.
   Då er det sikkert verre for mannfolka.

lørdag 19. november 2011

ENDÅ EIN BURSDAG

    Om lag slik såg ho ut på den tida eg for første gong     var  med og feira bursdagen hennar.  Då ho naut denne frukosten, hadde det gått nokre månader sidan omtalte feiring, me var nyforlova og vel forlikte.

Eg har meir enn ein gong skrive tankevekkjande tekstar når folk har feira år. Eg har jamvel skrive om meg sjølv og fireårsdagen. Men eg har ikkje markert mi eiga kjære fru Anne på dagen hennar. Det skal eg gjere godt att i dag. Og sidan ho ikkje les bloggen min av ein eller annan merkeleg grunn, kan eg skrive kva eg vil.
   Det er eit svært rundt år ho fyller. Del det på to, del det ein gong til på to,  del det du då fekk, på to, del det på to ein gong til og endå ein gong. Og del det på to for siste gong. Kva fekk du då?
   For førtifire år sidan var eg med for første gong og feira dagen hennar. Sjølve bursdagen begynte nok klokka tolv den festnatta. Me var nokre få selskapsløver og selebrerte henne og eit par av veninnene hennar som hadde bursdagar nett på den tida. Strengt teke burde eg ha sete heime på hybelen på Lægdene og lese meg opp til eksamen i historie, som gjekk av stabelen i dei dagar. Men kva gjer ikkje riddaren for ei jomfru?
   Den bursdagen hennar eg hugsar best, var ti år etter den eg no har skrive om. Me budde på Husnes, me var svært så etablerte med tre fortryllande gutar, me feira trettiårsdagen til Anne, og me venta gjester frå Os: Sunniva, Anders og dottera deira. Dei skulle kome med herøysundsbåten om kvelden, og Anne drog av garde med Asconaen og skulle hente. Det var snakk om ei mils køyring. Den hausten kom vinteren tidleg, det var kuling og snøkave,og slett ikkje noko vêr å dra ut i. Eg sat att åleine med dei tre smårollingane og venta.
   Då tida var moden for heimkome, var det ingen bil, ingen Anne og ingen bjørkelofamilie å sjå eller høyre. Tida gjekk, eg vart meir og meir fælen. Ute ulte det, og snøen fauk horisontalt, vertikalt, og i endelause mengder. Klokka gjekk, ein halv time, tre kvarter, ein time over tida. Hugs at det ikkje var mobiltelefonar i kvar ein lomme på den tida; skulle du ha noko slikt, måtte du betale ein formue og ha svært god plass, dei var store som amerikakoffertar. Nei, me hadde ikkje eingong fasttelefon på den tida. Ikkje lett å finne ut kva for grusam ulukke som hadde hendt. Eg såg for meg ein bil som låg endevend utfor ein hammar med ei sundslegen trettiårs jente, eg heldt på å sprengjast av panikk. Kva skulle eg seie til gutane, som lurte på kvar mamma vart av?
   Der kom det folk på døra! Lensmann og prest, kanskje? Nei, under over under, inn kom tre store festsugne og ein liten søvnig snømann, alt vel, båten var berre halvannan time for sein på grunn av uvêret.
   Heldigvis har eg sjåføren enno! Men i kveld er det ikkje snø i lufta, temperaturen er oppunder ti varmegrader og det er vindstille.
   Me har hatt ei roleg feiring med yngsteguten. Ingen gjester frå Os i år, nei! Og herøysundsbåten er innstilt for fleire år sidan.

onsdag 9. november 2011

KARL DEN STORE

I dag skal eg ikkje skrive om hendingar på taket. I dag skal eg bable om laust og fast. Til dømes om Karl den store. Elevane mine i historie har fått som oppgåve å lage eit kjapt historisk spel om kroninga av Karl juledag år 800. Det har tidlegare elevar gjort med vekslande hell. Dei fleste har kosa seg litt med det. Klassen er oppdelt i grupper på fire-fem elevar, og alle gruppene skal altså spele denne sentrale hendinga i europeisk historie. Kvar gruppe får fem-seks minutt.
   Han Karl hadde nyleg redda paven frå eit fornedrande fangenskap hos langobardane. Såleis hadde kongen eit godt tak om den maktglade paven. No var Karl på julevitjing i Roma, og under messa i den gamle Peterskyrkja kom forlåte meg paven bort og sette keisarkrona på hovudet til frankarkongen. Heilt utan varsel, er det sagt. Vest-Europa hadde ikkje hatt keisarar sidan den siste vestromerske keisaren med det strålande namnet Romulus Augustulus vart avsett i året 476 av germanarhovdingen Odovakar. Då var det om lag ingen ting att av det mektige Romarriket, trass i det flotte namnet på keisaren. Det vil seie, med Konstantinopel som hovudstad var den austlege delen av riket i full vigør.
   Kong Karl var frankar, altså av germansk ætt, og no skulle  han rykkje Romarriket ut or dvalen. Eg er søren meg ikkje sikker på om kongen tykte meir om denne uvarsla pavegjerninga enn han Obama tykte om å få Nobels fredspris. Det å få gåver og utmerkingar har sin pris. "Eg fryktar grekarane, og spesielt når dei gjev oss gåver," sa trojanaren då han fann den digre trehesten på torget. Like etter sprang dei væpna grekarane ut or hesten og inntok byen.
   Ut gjennom mellomalderen brukte paven og tilhengjarane hans å peike på hendinga juledag år 800 når praten kom inn på kven som skulle styre kven, keisaren eller paven: "Sjølvaste Karl den store fekk keisarmakta frå paven ved kroninga. Ergo står paven øvst!" sa kyrkjefolket. Dei laga jamvel forfalska dokument som skulle prove at Karl var samd i ei slik rangordning.
   I 1804 henta førstekonsul Napoleon paven frå Roma til Paris, men diktatoren sette keisakrona på sitt eige hovud og på fru Joséphine. Paven fekk berre sjå på.

tirsdag 8. november 2011

ULING MOT MÅNEN

Eg har vore oppå andre tak enn vårt. For om lag tjuefem år sidan hadde me ei festsleg samkome på Husnes hos Svanhild og Gunnar. Dei var våre nære grannar i nokre år, og Gunnar var dåverande kollega og er noverande bloggkollega. Me feira at skuleåret var slutt, at ferien var komen, at sommaren var i full bløming, og at me kunne ta ein fest i lag.
   Utpå kvelden oppdaga eg at det var folk på taket. Eg stod på verandaen deira, som har utgang frå stova i andre etasje. Korleis kunne dei ha kome seg opp, tru? Eg ville ikkje vere dårlegare enn dei som sat og skravla der oppe. Då var eg altså tjuefem år yngre og eit kvart hundreår ledigare og sprekare enn no, så opp kom eg, langs takrenner og hjørnebord. Først då såg eg stigen som stod på ein annan kant.
   På mønet sat forfattaren Ragnar Hovland, som på den tida var vår gode granne og lærarkollega, saman med eit par andre festdeltakarar. "Kva er det de driv med her?" spurde eg. "Eg fekk så lyst å ule mot månen," fortalde Ragnar.
   Så då sat me der og ulte mot månen ei stund før me klatra ned og tilslutta oss festlyden att. Denne gongen brukte eg stigen, eg òg.
   Det ryktest i grannelaget at det hadde vore ei underleg dyrisk læte i Haugavegen den natta. Kunne det ha noko med festen hos han Sandvik å gjere? Elle gjekk det ville dyr og luska kring husnovene?
   Mange år seinare  gjorde Odd Nordstoga suksess med songen om grisen som står og yler. (Somme hefter seg unødvendig med detaljar og meiner at griser yler ikkje, dei gryler. Men denne grisen ylte altså, og det kan me godt seie om stemma frå ein gris i yttarste dødsfare.) Det var Ragnar som skreiv teksten til visa, ikkje han Odd sjølv. Gunnar meinte at songen måtte vere inspirert frå seansen på taket hans. Men dette har Ragnar avsanna: Visa var skriven fleire år tidlegare. Då måtte det i så fall vere omvendt: Tanken om å klatre på taket kan ha vorte inspirert frå testen.
   Taket til Svanhild og Gunnar er ikkje så bratt som vårt, men månen er nesten like fin på Husnes som her i Valo.

mandag 7. november 2011

ENDELEG PÅ BANA ATT, OG PÅ TAKET

No har bloggtørken vore heilt urimeleg lang og grunnlaus. Etter press frå bloggfansen (rett nok berre to av dei) har eg bøygt meg for presset og kasta meg over tastaturet. Så skulle ein tru at eg har samla opp eit lass med gode idear. Nei, det kan eg ikkje skryte av. Dermed vert det eit par kommentarar til noko eg har gjort i det aller siste.
   Eg har vore på taket. På huset vårt. Eg likar meg godt der oppe når vêret er lagleg og lufta klår. Det er ikkje ofte eg er der, det kan gå år mellom kvar gong. I fjor var eg forresten opp og skrapte laus litt mose. Det ærendet eg hadde no, var å slemme skorsteinspipa. Det gjer eg av og til. Ikkje kvart år, ikkje annakvart heller, men når eg tykkjer ho krev det. Det kan vere to årsaker til det. Dei første åra etter at huset var bygd, trekte ho litt væte, som viste seg på soverommet der ho kjem fram i dagen under taket.. Ein gong kom det forlåte meg ei våt stripe heilt ned i stova.
   Huset vårt står på "en værhaard Plæt", som Henrik skreiv. (Nei, han nemnde ikkje huset vårt, det galdt noko heilt anna). Når søraustkulingen og regnet står på som verst, skal det ei god pipe til for å halde alt vatnet på utsida. Det kan finne på å trengje inn i pussen og krype nedover. Det har eg lært. Og då hjelper det med litt Hey'di år om anna.
   Men denne gongen var det helst  kosmetiske grunnar til at eg klatra opp på taket. Pipa såg litt for grimete ut. Det hadde runne nokre sotflekker ned på sidene, og det grodde grønske her og der. No skin ho som ei brur og er sikkert tett som ein ... tja, kva passar det å skrive her? Brudgom? Nei, det passar ikkje. Nok om det.
   Det var synd at eg hadde arbeid føre meg der oppe. Kanskje eg heller burde ha klatra opp for å sitje der og nyte utsikta, sole meg eller syngje "Grisen står og hyler"? Det er fint på taket.
   Men det kan vere farleg på eit tak. Kong David sat ein gong på taket og såg grannekona Batseba som lauga seg i hagen sin. Han vart så teken av synet at han fall i synd, og det utvikla seg til ei sørgjeleg historie.
   Men eg såg ikkje noka grannekone der eg sat, eg.

lørdag 15. oktober 2011

ATTER EIN HAUST

Så er haustferien nesten over. Me fekk nokre bra dagar i Bekkjarvik, med såpass godvêr at Tore fekk måla ferdig sørveggen, eg fekk skore ferdig, montert og måla nokre lister, Anne og eg fekk georginene or jorda, vedaladet inn i kjellaren og dei nedrivne fjølene frå den nyfiksa veggen på SIM. I det heile eit produktivt opphald.
   Faktisk har me sett sola i dag òg. Men det er ikkje til å snakke vekk at hausten er her, og at vinteren står for døra. I går var det den fjortande oktober, første vinterdagen og tid for å vende primstaven.
   Forresten hadde mamma vore 95 år i går om ho hadde levd. Men det gjer ho ikkje. Ikkje ho, ikkje papen, ikkje onklane våre, ikkje storebroren.
   Det er haust, og det går mot vinter.

onsdag 5. oktober 2011

BRANNØVING

Endå ein episode frå den militære karrieren min. Eg hamna i Bodø, sat på Obsen, eit kontor like ved flystripa, snakka i telefonar og formidla kontakt mellom ulike instansar som hadde med militærflyginga å gjere. Såleis var det ikkje så farleg om eg var begynt å verte nærsynt. Eg slapp å skyte, såg det eg skulle, og å høyre fly som tok av frå stripa eit steinkast frå husveggen, var iallfall ikkje vanskeleg.
   Dette var midt under den kalde krigen, og mykje av dei papira me hadde oppe i nevane, var meir eller mindre hemmelege. Men alt skulle ikkje arkiverast, og utanfor obsbygget, rett ved den smale grasstripa som kanta flystripa, stod der ein omn. Ein nokså vanleg omn, i og for seg, ikkje heilt ulik dei som finst i vanlege møblerte heimar. Der kunne me brenne papir som ikkje skulle gøymast.
   Ein vindfull dag tidleg på våren (alle dagane i Bodø var vindfulle) skulle eg brenne ein haug med papir. Eg stappa i, og fekk knapt plass til alt i omnen, så eg stod der og mata i fleire omgangar . Dermed fauk det då ut ein logande papirbit som låg i graset og slong eit par sekund, og før fanden hadde fått på seg broka, tok det fyr i det visna fjorgamle graset. Eg sprang og trakka, trakka og trippa, men når det slokna ein stad, tok det fyr ein annan stad.
   Den gode sersjanten som var på vakt med meg denne vindfulle vårdagen, hadde sett det heile og ringde til brannkorpset på Bodø flystasjon, endå han heldt på å le seg forderva då han såg kva eg dreiv med. Brannkorpset kom i ein fart og fekk avliva grasbrannen min. Kva meinte dei om dette? Jau, dei sat no som regel på ræva og var glade for at dei fekk rykkje ut og gjere nytte for seg for ein gongs skuld.
   Om det utpå våren vart grønt og frodig på den avsvidde bota, fekk eg ikkje oppleve, for eg dimma til påske.

tirsdag 4. oktober 2011

MARSJMERKET

Sidan eg i går var innom min militære karriere og innsatsen på rekruttskulen i Stjørdalen, kan eg halde fram litt til i det sporet. Som seg hør og bør skulle me ta marsjmerket. Eg trur me gjekk tre mil og måtte greie det på under fire og ein halv time. Me hadde børse og ryggsekk, og til saman skulle oppakninga vege 11 kilo, om eg ikkje tek feil. Sjølvsagt skulle me gå i full uniform og med vanlege militærstøvlar.
   Dagen før hadde troppssjefen ei lita samlingssund med oss, gav oss gode råd og svarte på spørsmål. Eg spurde om det var lov å jogge litt inn iblant. "Dæ spøssmåle hi æ itj hørt!" sa han først. Men så la han til: "Æ ve sei det slik: Viss dokk sjer beffal i nærheita, så må dokk marsjer. Men viss dæ itj'æ no beffal å sjå, må dokk bare spring som faen!"
   Gode greier. Eg veksla mellom å gå og å småjogge (ja, ikkje viss det var befal å sjå, då marsjerte eg som ein hane.) Det var ein tidleg vårdag, vegen opp gjennom Stjørdalen var tøya, vêret var greitt, ikkje for varmt, ikkje for kaldt, så det var ein fin spasertur. Litt småjogging løyste opp musklane og gav betre framdrift. Tida greidde eg med glans, og det gjorde dei fleste. Eg fekk det ufortente merket, men selde det litt seinare.
   På oppstillinga neste morgon heldt korporalen på å le seg forderva. Somme gjekk tvikrokete, andre halta, enkelte gjekk som på line eller føta seg med musesteg. Eit par av troppskameratane mine hadde gått sine tre mil, men rusla bedageleg og kom i mål ei god stund etter maksimumstida. Etter nokre dagar vart dei køyrde tre mil opp gjennom Stjørdalen og laut gå om att. Ikkje då heller greidde dei tida, eller dei brydde seg ikkje om å greie henne.
   Viss nokon spør om eg greidde marsjmerket, dreg eg litt på det når eg svarar tjaaa...
  

mandag 3. oktober 2011

NÆRSYN OG KLARSYN

Eg tek tak i skytinga mi som eg skreiv om i går. Og som sagt, nokon skyttar av høg klasse vart eg ikkje.
   På rekruttskulen i Trøndelag ein grå vinterdag i 1970 skulle det skytast til skyttarmerket, trur eg. Langt, langt der framme, tre hundre meter frå standplassen, skimta eg skivene. Der eg låg og prøvde å sikte, kunne eg verken fatte og begripe at nokon kunne treffe ein slik blink. Det var med nauda eg såg skiva, og den svarte flekken i midten sveiv som ei grå skodde for augo mine. Å få han vakkert plassert i midten av siktet var rådlaust. Rett nok var det ein grå vinterdag, men likevel...Eg klemde av som eg skulle, og kva resultatet vart, hugsar eg ikkje. Noko skyttarmerke vart det iallfall ikkje. Stort betre gjekk det ikkje på andre skyteprøver. Feltløp var ei kjekk øving, litt ulike disiplinar som løypetid, avstandsmåling og kva det no var. Men så var det skytinga då...
   Noko seinare hadde me ein legetest. Dokteren kunne då fortelje meg at eg var  nærsynt. Frå nærsyn til klarsyn: Då skjønte eg mysteriet med å treffe blinkar langt vekke. Eg forstod òg at det hadde sine årsaker at eg stundom sleit med å lese tekstinga på fjernsynet når eg sat eit stykke bak i kantina. Eller på kino.
   Sommaren etter at eg dimma, var eg utstyrt med mine første briller. Men det er ikkje så frykteleg heft, berre eg finn dei når eg treng dei. Det er vanskeleg å leite etter briller når du går utan briller, om du forstår.
   Eg trur likevel at eg heller vil ha mitt nærsyn enn å vere langsynt, slik dei fleste gamle gubbar er. Når eg sit (eller ligg) og les, tek eg gjerne brillene av meg. På nært hald ser eg normalt. Det har hendt seg at ein jamaldring og eg har lese oppslag på skulen og fått folk til å flire når eg tek av meg brillene mens den andre tek fram og set på seg brillene sine.
   Så mitt grunnsyn er at det er betre med klårsyn og gangsyn enn med sneversyn,  anten du strevar med nærsyn eller langsyn. Og du kan godt ha brukbart oppsyn så lenge du ikkje treng tilsyn eller skal på fjernsyn.

søndag 2. oktober 2011

JAKTTID OG JEGERPRØVE

Eg kan ikkje skryte på meg særleg røynsle frå jakt. Det einaste måtte vere då eg prøvde - med magert resultat - å ta røysekattar i felle. Men ein gong var eg med og skaut til jegerprøva.
   Eg slumpa til å vere heime i Flekke ein dag på seinsommaren då flekkekarane var samla oppe på bøen vår og skulle sikre seg dette nødvendige papiret på at dei kunne skyte hjort utpå hausten. Det var før militærtenesta mi, eg var nok tidleg i tjueåra. Forsvaret hanka meg inn midt i studietida.
   Den gongen var opplegget til jegerprøva enkelt: skyting på skive med hundre meters hald. Tre prøveskot først, så ein serie med seks skot. Fekk du 48 poeng eller meir, var prøva bestått. Ikkje så frykteleg strenge krav, du laut ha åttarar i snitt.
   Det gjekk så ymse, somme greidde seg med glans, andre sleit litt. Så var det min tur. Eg hadde knapt vore borti ei børse før, langt mindre skote på blink. Første prøvskot. Det steig opp ei sky av jord attmed skiva, og rett etter gjekk anvisarstaven att og fram over skiva som ein omsnudd pendel. Bom. Andre prøveskot. Endå meir jordsprut, ny bom. Tredje prøveskot like eins. Eldstebror Arne, som hadde tent fedrelandet i brigaden i Nord-Noreg, prøvde seg med eit par gode råd. Papen, gammal konkurranseskyttar med sølvskeier og pokalar på heidersplassar i heimen, trippa nervøst og skamfull på vegner av yngste sonen og familieæra. Eg orsaka meg med at eg knapt hadde skote før. "He'kje du? Da va løye.  Teke du trykkpunkt?" Heisann, det var noko eg ikkje hadde tenkt på. For endå mindre røynde skyttarar: Når du skal dra av eit skot, skal du først sikte, så dra avtrekkjaren litt inn til du kjenner motstand, så finsiktar du og dreg av. Moderne fotoapparat har ei liknande innretning.
   Så var det alvor, no skulle eg sende av garde seks skot utan avbrot. Eg sikta, tok trykkpunkt, skaut, lada og skaut, lada og skaut. Seks gonger.
   Papen turka sveitten og var budd på det verste. Eldstebror Arne ville knapt vedstå seg slektskapen. No skulle serien anvisast. Der kom det først ein seksar. Så to åttarar. "No kjeme vel bommane tenkj'eg," sa papen. Dei brukte å markere bomskota til slutt. I staden kom det tre niarar! 49 poeng og greidd prøve med litt margin.
   Papen stråla av lukke og passa på at alle som var der, fekk med seg den glade bodskapen. Jamvel storebror nikka anerkjennande. Men dei to, konkurranseskyttaren (hadde vore) og eks-brigadesoldaten feila begge. Så dei laut vel ta ein ny runde, anten same dagen eller ein dag seinare. Det var dei og ikkje eg som skulle på jakt.
   Så ei tilståing: Seinare i livet, det vil seie i militær førstegongsteneste og i mangeårig heimevernsteneste framstod eg som ein elendig skyttar. Å ta skyttarmerke var eit håplaust prosjekt.
   Men eg gøymde lenge på papiret eg fekk etter debutsalvene.
  

fredag 23. september 2011

FRANSKPRØVE

Den gamle læraren sit no og plagar elevane sine med ei stor franskprøve som går over to og ein halv klokketime. På skulen er det innført eit system som går ut på at den timen som ligg på timeplanen om fredagen, vert samla opp over sju veker til ein langdag i faget. Det gjeld ikkje alle fag, men det gjeld iallfall fransk i andre og tredje klasse.
   Fordelen for den gamle læraren er at han har undervisningsfri ein del fredagar. Men ikkje i dag. I dag er det full guffe i sju undervisningstimar. Det er verst for elevane; no sit dei og vrir seg over dei ekle oppgåvene som den gamle læraren har sydd i hop, mens læraren sit og tastar bokstavar inn i bloggen sin på sitt eige mål. 
   Dei fleste av desse elevane er slike som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen utanom engelsk. Då må dei ta eit nytt språk på vidaregåande i programområdet for studiespesialisering. Nokre elevar har slite med framandspråket sitt på ungdomsskulen, anten det no var tysk eller spansk, og bestemt seg for å hive seg på eit nytt språk. Det er såleis ein elevflokk som ikkje er av dei mest ambisiøse eller språkinteresserte. (Til deg som slit litt med terminologien i det moderne skuleverket: I gamle dagar brukte me ordet gymnas om nesten det same som no heiter: Vidaregåande skule, programområdet for studiespesialisering. For nokre år sidan heitte det studieretning for allmenne fag.)
   Og her sit me. Truleg er det eit fåtal som får særleg bruk for faget. Rett og slett fordi dei ikkje greier eller ikkje vil verte flinke nok til at dei kan bruke språket.
   Men kva får me bruk for? Det er eit vanskeleg og unødvendig spørsmål. Kva har eg fått bruk for av alt eg meir eller mindre frivillig har studert meg til? Eg kan sikkert setje opp ei lang liste.  Og lista kunne ha vorte endå lengre viss det ikkje var for det at eg har gløymt ein god del, sikkert mesteparten. Både kva eg har lært og at eg har lært det.
   Men elevane gløymer òg. Det ser eg når eg går rundt og glytter. Ord som me terpa på i går, er heilt vekke. Ein regel som me repeterte og alle kunne før me begynte, er ikkje eit fjernt minne eingong.
   Den store ulempa med opplegget mitt, er etterverknadene. Når eg syklar heim i dag, har eg med meg ein tjukk bunke med meir eller mindre håplause prøvesvar, og dei skal lesast, rettast og vurderast.
   Men då dukkar det nok opp nokre gledelege innslag av små eller større prestasjonar som ho eller han fekk til - heilt uventa!
   Vonar eg inderleg.
   

onsdag 21. september 2011

SEPTEMBER

Det har me hatt ei stund. Men i dag oppdaga eg for alvor at det er haust og september. Det har regna og blåse før i haust, men no gjev eg opp vona om meir sommar. I kveld var det skikkeleg gale. Det er haustjamdøgn i desse dagar, kanskje i dag, kanskje i morgon. Eg trur me snart har vinteren. Difor tok eg like godt og plukka heile eplehausten: åtte håkonseple. Apalen har stått her i tjuesju år, men vart kutta nesten til bakken for eit par år sidan. Han spirer og veks opp att så det er eit syn, men det vart lite epleblomar og sjølvsagt lite frukt dette året. Me får vone på ein ny vår og ein ny eplehaust neste år.
   Denne dagen har likevel ført med seg eit stort lyspunkt inn i heimen. Brann slo Fredrikstad i semifinalen i kuppen. Det tykte eg var kjekt, men i høve til den varme gleda Anne opplevde, var det berre som ein litt lunka bris, som ein liten sjokoladebit i ein halvmett mage.
   Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skrive bloggar utan at eg føler eg har noko å fortelje. Det har eg ikkje i dag, så eg får slutte mens leiken er god. Viss eg er betre på gamle dagar enn på notida, får de orsake meg.

  

tirsdag 20. september 2011

SKULK OG FANTERI

Nest etter fusk er det skulk som er den elevåtferda me gamle lærarar mislikar mest. Ja forresten, før dette kjem uro og bråk i timane. Det er nesten verre enn fusk, for då får ikkje den gamle læraren arbeidsro. Det gjer han om eleven fuskar, ja, det er nesten slik at arbeidsro for den gamle læraren er eit vilkår for at eleven skal kunne fuske.
   Men det var skulk eg skulle skrive om idag, og atter ein gong vender me blikket til ærverdige Firda gymnas. No heiter skulen Firda vidaregåande skule og er noko heilt anna enn for femti år sidan, då det var ti gymnasklassar og seks realskuleklassar der, til saman nær fire hundre og femti elevar, om eg hugsar rett.
   Kors på halsen, eg var ingen storskulkar. Så vidt eg hugsar, skjedde det berre ein gong. Elles var det moderate fråværet mitt vel grunngjeve. Så fekk eg sagt det òg.
   Ein vakker kveld utpå våren andre året, i slutten av mai, tippar eg, rota Kalle og eg oss ut på grønrussfest i eit ungdomshus eit par kilometer utanfor Sandane sentrum. Om du lurer på kva grønruss var, så kan eg fortelje at realskuleelevane kalla seg for grønruss når dei slutta. Det var ikkje heilt populært blant alle grønrussar at me kom, som ingen ting hadde å gjere på ein slik fest. Men eit par grønrussjenter tok vel imot oss og synte omsorg, så me vart der til festen slutta, og utpå natta sa me farvel til jentene i hagen der den eine budde inne på Sandane.
   Kalle og eg hadde ikkje lyst å leggje oss enno, det var ei lys og fager vårnatt, og sola skulle snart renne over Ryssdalshornet. Men så fann me ut at me skulle gå kvar til seg og ta kvelden (feil ord, det var nesten morgon), og heller skulke neste dag og dra til fjells. Eg skulle kome innom hybelen til Kalle i god tid før skulen begynte, så skulle me nyte og nytte godvêret i Gloppefjella.
   No måtte eg krysse halve bygda neste morgon, og eg la i veg tidleg så eg ikkje skulle treffe lærarar. Det skar seg. Fransklærar Aursland kom sin vane tru vandrande ein god halvtime før første time skulle begynne. "Goddag!" sa eg. "Goddag!" sa Aursland.
   Kalle og eg naut fjelluft og utsikt nokre timar i den klåre maisola og godta oss over dei der nede som sat og skreiv engelsk stil. Me undrast nok litt på om åtferda vår kunne få noko etterspel. Det var ikkje meininga at lektor Aursland skulle sjå oss.
   Og om han var oppi åra, var Aursland klårsynt nok til å sjå at eg ikkje var der, då han kom og skulle sitje vakt på engelskskrivinga som tok to timar slik at Berdal laut låne ein fransktime hos kollegaen sin. "Men kvar er Kyrkjebø? Eg trefte han då oppe i bakken i dag tidleg då eg kom på skulen!" sa han. Men lektor Berdal, vår lærar i engelsk og tysk, prata det vekk. "Å nei, dei karane er jo dei eldste på skulen no, så då gjer dei nok som dei vil!" (Enno ei opplysning om den tids skipnad: Russen var ferdig til 17. mai og vips vekke.)
   Klassestyrar Ryssdal var heller ikkje nokon inkvisitør, han spurde om fråværet, me mumla noko om sjukdom, og meir høyrde me ikkje om denne saka.
   Dermed laut me lyge, me gjekk glipp av ei prøve, lærte mindre engelsk enn me burde, hadde eit snev av dårleg samvit og fekk ein ekstra dag fråvære på karakterutskriftet. Difor må me gamle lærarar sterkt fråråde slik åtferd, jamvel om det er mai, sola skin, fjellet lokkar, skulen trykkjer og blodet brusar.
 

mandag 19. september 2011

FUSK OG FANTERI

Ein gammal skulelærar som denne bloggaren må vedgå at fusk og skulk er forkastelege greier, noko me må lære elevane våre å ta avstand frå. Så desse emna vert hermed behandla i dagens og morgondagens innlegg på dene sida. Til skrekk og åtvaring.
   Eg må atter ein gong vende merksemda tilbake til Firda gymnas tidleg på sekstitalet. Me hadde biologi, så det må ha vore siste året. Magne og eg hadde denne gongen sett oss på fremste rekkja i naturfagsalen, eit  moderne rom med fastmonterte stolrekkjer i avsatsar bakover og nette små bord til å ha biologiboka på. Kvifor me hadde sett oss framme, hugsar eg ikkje, men det har nok vore ei avveksling frå den jamne kvardagen vår i klasserom nr. 5, "bussen". Der sat me bak i kvar vår krå.
   Denne timen ville læraren vår ha Magne fram til tavla og fortelje leksa. Viss du ikkje har gått på gymnas i sekstiåra eller før den tida, skal du vite at dette var standard prosedyre. Fram til tavla og fortelje leksa. Det skjedde ikkje i alle fag, og heller ikkje i alle timane i dei faga me risikerte slik eksaminasjon, men metoden var velkjend. Også i biologi. I det faget trur eg det var nokså vanleg.
   Var det noko Magne ikkje var budd på denne dagen, var det å verte høyrd i biologi. Men før læraren slo til med inkvisisjonen sin, stakk han ein snartur inn på førebuingsrommet sitt bak tavla. Magne vinka febrilsk til meg og kviskra: "Få opp boka!" Eg så gjorde, slo opp på rett plass og vende teksten til den fortvila eksaminaden. Magne strekte hals og las så auga vart vått og stort.
   Men der kom læraren ut bak skjulet sitt og vart vitne til denne skammelege scena. "Nei, Kyrkjebø, det der er fusk! Fusk! Ut med deg!" kveste han og peikte på døra.
   Nokså fortumla fann eg meg att ute på skuleplassen med den famøse biologiboka mi i nevane. Så skjønte eg at eg hadde fått ein høgst ufortent fritime. Eg tok meg like godt ein tusletur ned til Sandane sentrum. Kanskje eg gjekk på bilkafeen og kjøpte meg ein kopp kaffi, det hugsar eg ikkje. Men hugen letna, og samvitet var ikkje så trykkjande som biologilæraren sikkert hadde ønskt.
   Og Magne, han vart send ned att på plassen sin og fekk ein ufordelaktig karakter innført i protokollen, fekk eg opplyst om seinare. Mens eg fekk klasserekord i bortvisingar frå undervisningstimar.  Den heldt eg skuletida ut. Ei bortvising på tjue elevar over tre år. Skal tru om det var skulerekord?
   Eg var vel litt spent på om episoden skulle få noko etterspel. Men eg høyrde ikkje ein knyst. Ein gong stal eg meg til i kikke i den høgst hemmelege klassedagboka, og der stod det ganske riktig at eg var teken for fusk. Inga utdjuping av omstenda. No var det lektor Ryssdal som var klassestyrar, så eg vil tru han bles av heile greia viss biologilæraren kravde konsekvensar for åtferdskarakteren. (Hadde me slik karakter, skal tru?)
   Men framleis står det vel i den arkiverte protokollen at eg hadde fuska. Så du som les dette: Ikkje finn på noko slikt!

søndag 18. september 2011

POLITISKE PARADOKS

Helle Thorning-Schmidt vert ny statsminister i Danmark. Partiet hennar gjekk tilbake ved folketingsvalet og gjorde det dårlegaste valet i manns minne. Regjeringsvennen Sf gjekk òg tilbake. Slike paradoks har me hatt fleire av kringom i den demokratiske verda.
   Eg hugsar godt kva som hende i september 1973. Den 11. september var det kupp i Chile, men det var ikkje det eg tenkte på. Ved stortingsvalet same veka gjorde Arbeidarpartiet det dårlegaste valet sitt sidan 1930 og miste nær fjerdeparten av veljarane frå 1969. Men då vart Bratteli statsminister for ei arbeidarpartiregjering etter at Korvalds sentrumsregjering trekte seg.
   Kva hende i 2005? SV gjorde eit elendig val samanlikna med valet fire år tidlegare. Og kom med i ei regjering for første gong.
   No kan me få høgreordførar i Kvinnherad. I allianse med Ap, som då skal få varaordføraren! Partia snakka ikkje så mykje pent om kvarandre før valet.  Den nye ordføraren kjem opphavleg frå Sp, så vegen mellom partia er ikkje frykteleg lang. Sp er forresten eit studium verdt. Somme spår at partiet får fleire ordførarar etter kommunevalet enn dei hadde i førre periode. jamvel om partiet fekk ein viss tilbakegang ved valet. Me får sjå.
   Politikkens vegar er uransakelege. Men så er det slik at eg meiner ikkje at slike fenomen er så forkastelege. Det finst statar kringom i verda der politiske kompromiss er utenkjelege. I staden kranglar dei og slåst, driv med fule knep og gløymer at kunnskap skal styre rike og land. Somme snakkar med forakt om politikarar fordi dei ikkje held vallovnadene sine. Det skulle no berre mangle, når sju-åtte parti lovar høgst ulike ting og ingen parti åleine er i fleirtal.
   Folk som ikkje har kjennskap til øykjer, snakkar med forakt om hestehandel i politikken. Men vent litt, det er betre med hestehandel enn inga handling i det heile.
   Papen kjøpte eit merraføl hos grannen. Garagutane fekk pengane dei skulle ha, og papen fekk ei framifrå merr.
 

lørdag 17. september 2011

UFORSTÅELEG BLOGGPAUSE

Me er komne til den 17. september, og eg ser at eg ikkje har blogga sidan august. Så dersom eg har engstelege lesarar, kan eg straks opplyse at eg er i live, at alt er i den skjønnaste orden i og for seg,  (når eg ser bort frå vêret, no regnar det att etter eit par dagar med nesten opphaldsvêr), og sopp har me plukka, både i går og i dag. Det ligg eit laken dekt med traktekantarell på baderomsgolvet. Gårsdagens fangst. Soppen skal tørkast og puttast på glas. I eit hjørne på same golvet ligg det ein handduk, og oppå den har eg etter dagens utflukt spreidd ein slump skjelpiggsopp. Den skal verte til soppmjøl. Soppmjølet skal òg på glas og skal ikkje brukast til bollebaking eller i vaffelrøre. Nei, etter kvart skal det blandast i supper, sausar, gryter og stuingar.
   Eg har jamvel plukka nesten ein liter bjørnebær i dag rett nedanfor eigedommen vår. Bjørnen var ikkje heime. Der veks det villig vekk eit kratt som breier seg og prøver å snikje seg inn i hagen vår. Men ved tomtegrensa seier me stopp. Her er grensekontrollen streng, trass i at eigedommen vår ligg innanfor Schengenområdet.
   Og rett etter at bjørnebæra var iblanda litt sukker og Certo og plasserte i frysen, køyrde me til Ersland og gjekk postvegen mot Ølfarnes. Utan postveske, men med kvar si soppkorg. Heim att kom me med ein svært assortert slump sopp, som for det meste òg er hamna i frysen. Bortsett frå skjelpiggsoppen som skal verte til soppmjøl og ein høveleg porsjon som står på kjøkkendisken og skal verte til suppe i kveld.
   Då har eg gitt eit livsteikn. Og lova meg sjølv å skrive litt kvar dag framover ei stund. Har du tips til emne for bloggtekstar, er det eit kommentarfelt nedanfor. Viss ikkje, får du ta til takke med det eg kjem på sjølv.
   Ha ein fin laurdagskveld! No lyt eg gå i gang med suppekokinga.

onsdag 31. august 2011

POLITIKK TAKK

Så var det dagen for skuleval på Kvinnherad vidaregåande skule. Bloggaren som altfor ofte er tilbakeskodande, slo opp på innslaget frå skulevalet for to år sidan. Det kan du gjere og, så slepp eg gjenta meg sjølv.
   Og kven fekk flest røyster i år, trur du? Nei, det vart ikkje Arbeidarpartiet, slik somme trudde. Det vart det partiet som har vore i siget dei siste månadene. Høgre. Arbeidarpartiet har sjeldan gjort det så skarpt på skulevala våre, men i år kom dei rimeleg bra ifrå det. Frp har nok appellert til mange av gutane våre, iallfall dei som er mest interesserte i øl og mopedar. Dei fekk ein del røyster, dei òg. Om lag likt med Arbeidarpartiet. Men for to år sidan sigra dei med stor margin. Såleis var nok ikkje skulevalet vårt i år den suksessen dei hadde håpa på.
  Me har bala på og orientert elevane våre om kva dette valet går ut på. Det er eit slit i mange av dei yngste klassane. At elevane skulle bruke to lister, var uforståeleg for mange. Somme trekte så å seie lodd, valde røystesetlar på slump. Om lag ti prosent røysta blankt både til kommune og fylke.
   Så kan ein lure på om det heile har noko for seg. Som gammal samfunnsfaglærar og hovudansvarleg for røysteavviklinga i dag, burde bloggaren svare eit rungande JA!!! For den gamle grinebitaren som sit og skriv dette, er det meir uklart.
   I kveld såg Anne og eg filmklassikaren High Noon (Sheriffen). Så det er berre å seie: A man must do what he must do.

tirsdag 30. august 2011

DEN GAMLE ALPELUE

Her kan kome fleire bloggtekstar om livet bak i krokane på Firda Gymnas tidleg på sekstitalet. Berre eg ikkje rotar meg til å gjenfortelje slikt eg allereie har skrive; eg har vore innom firdatida mi fleire gonger tidlegare.
   Eg har ein profil på feisbukk, og der har eg brukt eit profilbilete som skriv seg frå ein hyggjetime med franskelevar. Då pyntar eg meg med lausbart og alpehue. Slike hovudplagg var å sjå på opptil fleire av lærarane våre på Firda. Me tykte det var litt snålt.
   Bak i kroken vår dreiv Harald og eg med så ymist. Lærarane heldt seg stort sett bak kateteret, og me trudde me kunne sysle med vårt i fred og ro. Det gjorde me òg. Ein vakker dag stifta me ein ny orden: "Den gamle alpelue". I tur og orden (der kom ordet att i ny tyding!) tildelte me denne høgthengande utmerkinga til medelevar i klassen. Dei fekk eit vakkert, handlaga diplom med grunngjeving. Eg trur me prøvde å teikne ei alpehue òg. Me var vel om lag jamdårlege til å teikne, Harald og eg.
   Etter kvart hadde vel alle klassevener og -veninner fått ordenen, så då minka nok glansen, kanskje. Harald og eg vart aldri kåra til verdige mottakarar av "Den gamle alpelue".
   Men eg eig altså ei slik hue. Ho er berre brukt ved særsilde høve. Forresten: Franskmenn flest går ikkje med alpehue, ikkje det eg har sett.

mandag 29. august 2011

SLAUREFAKTER PÅ SKULEN

For to år sidan skreiv eg nokre bloggtekstar om den første tida mi på Firda Gymnas. Det burde eg ha venta med til no, for då kunne eg samstundes ha markert at det i desse dagar (truleg for om lag ei veke sidan) er femti år sidan eg begynte på gymnaset. Sidan eg reknar med at dette er siste året mitt på gymnaset, (ikkje på Firda, rett nok,) kan eg såleis seie at denne skulen, dette skuleslaget, har vore til mykje heft i livet mitt. No er det forresten færre og færre som nyttar det namnet som har vore ulovleg sidan 1976, dei fleste har vant seg til å seie den vidaregåande skulen.
   Då me begynte som lærarar og stod der framme ved tavla, fekk me oss eit lettare sjokk: Me meinte å sjå alt som hende nede i klasserommet, jamvel slaurefaktene til dei som sat heilt bak i krokane. Hjelp! Då har lærarane våre i si tid sikkert sett alt det rare og strengt teke ulovlege som me balte med òg! Korfor sa dei ikkje frå? Jau, dei gjorde no det, stundom. Men ikkje lite av det me putla med, fekk me drive på med i fred.
  Eg sat altså bak i ei krå (jamfør blogg august 09), og framfor meg sat Harald. Me begynte å gje ut klasseavis mot slutten av første året. Det var eit handskrive produkt som me pressa ned på fire skriveboksider. Eg trur at me begge brukte skrivebøker som var litt større enn det vanlege a5-formatet. Det var berre å nappe ut midtsidene, så hadde me råstoff. Så skreiv me: dikt, sladder, vitsar, visdomsord. Mesteparten var vås, sjølvsagt. Avisa heitte (hugs, me gjekk på engelsklinja!) DET TIMES. På eine sida av tittelen øvst på første sida teikna Harald ein miniatyr av skulebygget vårt, som altså likna fælt på Eidsvollsbygningen. På andre sida teikna eg ein jordklode. Eg skreiv alltid med grøn penn. Dermed fekk avisa eit lekkert ytre. Magne og Kalle kom etter kvart med som medarbeidarar.
   Kvart avisnummer kom ut berre i eitt eksemplar, som gjekk på omgang i klassen og vart ein suksess. Nummera vart samla og lagra på ein nokolunde trygg stad i klasserommet. På slutten av tredje året hadde bunken vakse bra.
   Men akk, sic transit gloria mundi! Ikkje lenge etter at me forlét Sandane, forsvann dei dyrebare skrivbokarka ved ein inkurie. Det var ikkje eg som gjorde det, meir seier eg ikkje.
   Eg kan ikkje hugse at eg har sett liknande produkt frå mine elevar. Kva driv dei eigentleg med bak i krokane no til dags?

tirsdag 23. august 2011

SLEIP FISK


Somme vil meine at han til venstre er ein breiflabb. Men eg har tenkt å skrive mest om steinbiten, han til høgre.  Han sat i garnet i dag tidleg og hadde sikkert baska på ei stund, for han var nokså sliten og slapp då han kom opp i båten. I fanget hadde han ein stor krabbe, og eg kan tenkje meg at det var lyst på krabbekjøt som gjorde at han hamna i trollgarnet mitt. Då  han ein times tid seinare måtte finne seg i å verte flådd, kom det ut noko som måtte vere restar av krabbe- og kråkebollemåltid. Han har ein solid kjeft, så han stammar nok frå Bergen eller Sogn. Men han måtte finne seg i å verte overmanna av ein  sunnfjording. Eg stoppa kjeften på han med nokre stikk inn i hauet med den smale, skarpe sløyekniven min som eg fekk til femtiårsdagen for mange, mange år sidan. Då kan du tru han vart spak. Endå spakare, som sagt var han ikkje så livleg allereie då han gleid over ripa. Men kjeften gjekk, såg eg, og nett der ville eg ikkje risikere fingrane mine.
   Og korleis sløyer me ein steinbit? Det er ein sleip fisk som ikkje er så lett å handtere. Ein feit faen. Skinnet er seigt som bikkjeskinn (trur eg, men eg har aldri filetert ein hund). Men me gjer det slik: Eg slo ein sekstoms spikar gjennom hauet og vidare inn i stolpen ved trappa. Der hang han og dingla mens eg sprette opp buken og sleppte innhaldet opp i ein stamp. Så løyste eg skinnet rett nedanfor toknene og dei fremste uggane, og med ei tong drog eg skinnet av han. Deretter skilde eg kropp frå haue, så det sistnemnde hang åleine på stolpen som var det ei nidstong. Neste fase var å skilje kjøtet frå ryggbeinet, og vips hadde me to flotte filetar. Den eine låg nysteikt i høvelege bitar og anga på middagsbordet i dag. Eit fruemåltid,  kan du tru! Den andre halvparten ligg i frysaren.
   Og krabben? Han fekk følgje med endå ein krabbe og vart til kveldsmat. Eg veit ikkje kva han ville ha likt best, verte levande kokt med salt og dill, eller verte levande oppeten av ein steinbit.
  
  

fredag 19. august 2011

MANNEN DØYDDE, MEN FEBEREN VART HAN KVITT

For godt to år sidan kjøpte me ein ny liten apal i staden for ein som av ymse grunnar laut falle for saga. Denne apalen har hatt ei traurig ungdomstid. Første året kom det rett nok frukt: tre raude, velsmakande eple, og optimismen var stor. I fjor kom det eitt makkete eple. I år sette apalaen pent med blomar, men grisevêret gjorde nok sitt til at det danna seg berre nokre få knytingar. Så kom ei av fleire uvêrsbyger med kuling og piskeregn, og knytingane datt av. Alle saman. Det har altså minka og minka med grøde for kvart år på den unge discoveryapalen vår.
   Utpå sommaren begynte han iallfall å vekse i høgda. Det kom friske, grøne spirer som lova framgang og grøde i framtida. Me gledde oss. Men så kom lusa. Her for eit par veker sidan såg me at det låg tett med lus på dei nye spirene, og lauvet der heldt på å krølle seg. Ja, ja, eg gjekk i kjellaren og leitte etter lusekverk. Men den var nok oppbrukt, og eg treiv etter noko anna insektmiddel, meint for større insektbeist. Toppane på apalen vart sprøytte, og lusa fekk eit helvete.
   I dag var eg ute og konstaterte at alle dei nye skota på apalen var visna. Då kom eg i tankar om gamle Holberg. Han var skeptisk til og spydig med dokterane på den tida og på dei underlege medisinane dei prøvde på folk. Han hadde god grunn til det, for legane fann på dei utrulegaste knep og kokte i hop dei skrekkjelegaste medikament som pasientane laut lide under. Sjølv trudde Ludvig meir på naturen og naturlege lækjemiddel. I ein satirisk stubb fortel han om kjerringa som henta dokter fordi mannen hennar var sjuk med høg feber. Etter at dokteren hadde utført sine inngrep og prøvd sine medikament, enda det ille for pasienten. Til slutt trøysta dokteren den ferske enka med orda: "Jer Mand han døde vel, men Febren ham forlod."
   Lusa på apalen har iallfall krepert.

tirsdag 16. august 2011

NY SLAGS VALKAMP?

Eg kvidde meg litt på å begynne å blogge att etter den store tragedien i sommar. Eg tenkte på at eg burde begynne med å skrive noko om det som hende, og knyter nokre tankar til det. Det vart ein sørgjeleg sommar, og då tenkjer eg ikkje berre på grisevêret me fekk. Bevares, me hadde fleire gode dagar og hadde lag med kjekke born og barneborn mellom anna. Men Utøya-dramaet har prega mange av oss. Bomba i Oslo var sjølvsagt ille nok, men avrettingane av ungdommane på AUF-leiren overgår det meste av det me kunne ha tenkt oss. Mange har rosa det norske folket for samhald og storsinn. Ja, det er flott. Men som etnisk norsk skjemmest eg av det som hende, og eg har skimta mykje grums i utkantane av den offentlege debatten.
   Eg var spent på opninga av valkampen med paneldiskusjon i NRK 1 i kveld. Det vart ein utruleg danna debatt. Ikkje minst hadde dei funne fram ei fin blanding av kvinner og menn frå ulike delar av landet. Dei heldt det dei har lova, dei snakka om saker og prinsipp. Først kom det nokre innleiande rundar der dei uttrykte nokre fargelause tankar om kva hendingae i sommar kan få å seie for politikken og valkampen. Så prøvde dei seg med fanesaker og ideelle prinsipp.
   Største overraskinga kom frå Frp-ordføraren frå Nordreisa som snakka varmt for eldreomsorg utan å nemne privatisering, og som skrytte over vellukka integrasjon av nye landsmenn i heimkommunen, utan å seie eit ord om verken muslimar eller utanlandske kjeltringar. Han og han tok forsiktig avstand frå C.I. Hagens to siste utspel om muslimske terroristar og krav om redusert politigransking av brotsverka på Utøya. Han kunne ha representert kva parti som helst. Eg trur han representerte den jordnære lokalpolitikaren som har eit praktisk og omsorgsfullt blikk for folket i bygda.
   Det kling godt i mine øyre å høyre på danna menneske frå ulike kantar av landet som diskuterer politikk. Spørsmålet er om det vert alt for tamt, slik at folk ikkje vaknar og slepper ut ettertanken. På TV2 og TV Norge rulla det amerikanske dramaseriar.

mandag 15. august 2011

MYKJE PENT I SJØEN


Her ein dag var eg og drog garna mine. Tre trollgarn, sette på ulike plassar eg ikkje skal røpe eller trøtte deg med. Som vanleg drog eg opp litt middagsmat og enkelte sjøuhyre som eg ikkje ville ha med meg heim. Denne gongen kom det noko med garna som eg aldri før har fått opp i båten: Ein skapnad som eit stort oljeselskap har hatt mykje glede av. Det hender forresten at me brukar dette oljeselskapet når me kjem frå Bekkjarvik  og nærmar oss Skjersholmane. Stasjonen ligg så lagleg til ved vegen frå Sandvikvåg, og der har dei ofte helgepris på bensinen framleis viss me fer forbi ein måndagsmorgon.
   Men dette dyret hadde eit heilt anna innhald enn illeluktande bensin. Me opna det på kjøkkenbenken, og fram i dagen kom det både ein feit lukkemuskel og ein fargerik rognpose. Andre innvolar vart fjerna og kasta. Anne svinga opp med steikjepanne, ein klatt godt smør og eit ørlite pepardryss, og snart delte me godsakene mellom oss med det største velbehag. Terningkast ni!
   Det er mykje godt i sjøen. Tidlegare i veka var Anne med og drog garna, og då kom det ein stor kråkebolle over ripa. Eg kakka av toppen og såg på dei fem rognposane. Dei var store og lyseraude, men litt blaute. Me åt kvar sin av dei, heilt naturell. Anne tykte ikkje at det var det beste ho hadde ete. Eg vil heller ikkje gje så høgt kastscore på denne godbiten. Ein firar, kanskje?
   Me skulle nok ha dryppa rogna med eit par dropar sitronsaft og to-tre peparkorn. Eller selt kråkebollen til japanarar eller franskmenn?

søndag 14. august 2011

LANG, VÅT BLOGGTØRKE

Dei som måtte leite etter blogginnslag frå meg i sommar, har leita til fånyttes sidan tidleg i juli. Eg tykkjer det er rett og rimeleg at også ein bloggar skal ha nokre vekers sommarferie. No har det slett ikkje vore utevêr heile denne perioden med bloggtørke. Me har ikkje hatt mange dagar utan ein og annan vasskvett. Såleis skulle det nok ha vore både tid og høve til nokre stunder med datamaskina.
   Men no er eg altså i gang att. Så berre ta deg ein tur innom i dagane som kjem, viss du gidd. I morgon er det skuledag, den første etter ferien. Rett nok berre for oss som hevar løn der borte, elevane kjem ikkje før onsdag. Etter alle solemerke vert dette eit merkeår, for eg reknar med at det er mitt siste som lærar. Rune (eldste son min) var innom temaet her i sommar, og kommenterte slik: "Ja, men då er du jo russ i år, pappa. Du skal vel berre går rundt og drive med jævelskap på skulen då!" Det var ein fortreffeleg idé som eg skal ha i mente. Spørst kva farge eg ska ha på hua.
  Her ein dag trefte eg ein tidlegare elev, som no er vorten ei flott, ung dame. Eg nemnde at det sikkert vart siste året mitt i jobb. "For noko tull, Reidar, du har vel knapt bikka dei femti, du!" Eg såg på det ertande fliret at ho spøkte. Men eg er lett mottakeleg for smiger, så eg takka og bukka for den kommentaren og lest som eg var einig.

mandag 4. juli 2011

SKALDYR OG ENGLAR

I går kom garna omsider i sjøen, og i dag var eg ikkje lite fornøgd då eg trekte dei. Opp kom det to pene torskar, to gilde lyrar og ein halvstor pal. Og så ein liten hokrabbe, ei lita kvige, kunne me kanskje kalle dyret.
   Men aller mest nøgd var eg med at det ikkje kom ein stor, fin hummar opp or djupet. For då hadde me hatt det gåande. Ein svart og ein kvit engel på kvar si skulder, med hissige og gode råd til den arme fiskaren. Den svarte hadde nok forkynt at eg måtte ta hummaren med heim. "No var du heldig, Reidar, ikkje hiv han ut att i, tenk ikkje på at dette er på kanten av lova, hugs kor herleg han vil smake med eit ørlite glas kvitvin attåt!" Og så hadde han masa og gnålt om at alle andre gjer det same, fiskar hummar i tide og utide, både i garn og teiner og på feil årstid, at det ikkje er min feil at han rotar seg inn i trollgarnet, at det er rikeleg att i sjøen, og så vidare.
   Den kvite engelen på hi skuldra ville ha appellert til min naturvernsans og den lovlydige sida mi. "Ikkje lat deg freiste av den gode smaken og utsikter til kvit vin. Ta med deg fiskane og krabben og ver nøgd med dei. Ei sak er at det er ulovleg og straffbart å ta hummaren heim. Ei vel så viktig sak er at det er ein utryddingstruga art. Tenk på artsmangfaldet, hiv hummaren ut att med ein gong!"
   Nei, eg er så glad at eg slapp få svarte skaldyr i garna. Det var nok fugleskrik av all måsen som kringsette båten, om ikkje desse to svære vengebeista skulle ha kome òg. Middagen vart ei gastronomisk lukke, Anne fekk begge torskehaua, me kokte fiskelever og den største torsken, ein raud, fin ein, og me åt til me vart sløra i blikket. Me kokte kraft av skinnet, hauet, beina og uggane på palen, filetane åt me til kvelds, krafta skal verte fiskesuppe i morgon. Dei andre fiskane ligg i frysen.
   Og den vesle krabbekviga? Ikkje heilt tom, nok til kvar si skive med litt sitronsaft og majones. Nei, det vart ikkje kvitvin, berre eplejus.

søndag 3. juli 2011

FERIEFEST OG VÊRVARSEL

Kva gjorde me når me ville vite om vêret før Yr, før dataalderen, før internett? Tja, me kunne slå på radioen, vente til kvelden når Trægde kom dansande inn i tv-ruta, eller me kunne faktisk ringje til Vêrvarslinga på Vestlandet.
   For ein mannsalder sidan, trettiein år, tek eg ikkje feil, ville me ha ein skikkeleg sommarfest då skuleåret var slutt. Jon og eg finsnakka med presteenkja Lisen Sande, som var lærar på skulen vår den gongen. Ho budde nede i ei idyllisk vik i Valo med strandlinje og greier, passeleg langt frå innpåslitne grannar. Om me kunne låne stranda hennar til fest?
   Lisen drog no på det, men gav oss lov. Me planla å leggje ut eit dansegolv, noko som byggfaglærarane meinte me skulle få til med forskalingsflakane dei hadde liggjande. Så då var det berre dugnadsånd, feststemning og velvillige vêrgudar som laut til.
   Då dagen kom, siste skuledagen før ferien, var det regn i lufta, men bra temperatur. Vêrmeldinga om morgonen i radioen var ikkje så oppløftande, men heller ikkje direkte skremmande. Då ringde me til Vêrvarslinga på Vestlandet. Dei kremta og viste velvilje. Det var utrygt for enkelte regnbyger, men truleg lange periodar med opphaldsvêr. Før skuledagen var slutt, ringde me ein gong til. Nei, utsiktene var iallfall ikkje verre enn før på dagen, men dei torde ikkje love oss opphald heile kvelden. Om Valen var særskilt utsett for bygene? Tjaaaa..., me kunne risikere at alle bygene kom i Valo, men det kunne likså godt hende at me ikkje fekk ein drope på oss.
   Festnemnda valde å satse på det siste. Om ettermiddagen transporterte me flakar og plank, og etter litt spikring og styr kom danseflaken på plass. Musikken skulle vel låte frå ein stor kassettspelar, vil eg tru, og resten fekk folk syte for sjølve.
   Til fastsett tid begynte det å aule med folk i stranda, med grillar, stolar, campingbord og digre sekker med proviant og utanpåklede av ymse slag. Tunge skyer kvilte over Gongstø. Og nett då kom regnet. Me hadde lova Lisen at det ikkje kom på tale å leggje beslag på husrom hos henne, men no tykte ho synd i oss og jaga oss under tak i den vakre, gamle storstova si. Stemninga var spent.
   Men etter eit kvarters tid tok regnet slutt, og me labba i stranda, ein smule molefonkne. Og kva så? Det kom ikkje ein regndrope heile natta, festen vart ein knallsuksess som det framleis går gjetord om, og Lisen var nok lukkeleg over at ho slapp så lett. Ho strålte som ei sol dagen etter då me var og rydda og rigga ned dansegolvet.
   Så spørst det viss det var Yr.no som skulle ha gitt oss råd om vêret den kvelden. Kanskje me hadde avlyst heile greia? Eller kan det tenkjast at vêret hadde vorte skikkeleg grapse?

lørdag 2. juli 2011

YR.NO

Ja, no er det yr ute. Difor må eg få uttrykkje min harme over den nettstaden eg hatar mest, men elskar å vitje: Yr.no. Gong på gong har me vore innom denne såkalla vêrvarslinga når me har ein utanlandstur eller ei hyggjestund her heime på programmet. Me vil så gjerne ha godt og lagleg vêr til slike evenement. Då begynner me ti dagar i forvegen å sjå på Yr, om me får godvêr eller dritvêr.
   Eg trur det er ein regel utan unntak at dei velvyrde vêrprofetane våre endrar prognosane frå dag til dag, ja, stundom frå time til time. Ein gong då me skulle til Berlin, byrja dei med å varsle sol og vår, men dagen etter spådde dei regn og ruskevêr. Slik dreiv dei og leika seg frå dag til dag med varierande utsikter. No kan eg leggje til at vêret vart bra nok på den turen, litt kaldt, men godt byvandringsvêr. Det var den gongen, og eg nektar å gje Meteorologisk institutt æra for det vêret me fekk til slutt.
   Så har eg lyst å nemne molofesten, som eg skreiv om for tre veker sidan. Me sikra oss rett nok mot regn, takk og pris, me reiste eit rammeverk av bord- og plankerestar og spente over ein diger presenning. Der plasserte me stolar og bord med festmaten. Men det var på nippet at eg fekk nemnda til å avbryte anleggsarbeidet, for Yr.no melde same dagen heil sol og stille vêr til kvelden. Det gjorde dei jamvel om ettermiddagen rett før festen skulle opnast. Men me var knapt komne i gang med snorklypping og taler før dei første dropane klaska i presenningen, og utetter kvelden avløyste den eine regnbyga den andre.
   Kva med dagen i dag? Eg tasta inn Yr.no og vêret på Valen i Kvinnherad. Jau, på timevarselet i føremiddag spådde dei god temperatur, vindstille og skya opphaldsvêr utover kvelden. Grilling og vin! Me har nesten ikkje hatt grillkveldar og lange laurdagskveldar på terrassen i år. Yngste sonen er heime, og kva er betre enn at me gamle foreldre og han sit ute i julinatta med ettersmaken av steikt kamskjel og grilla entrecôte i munnhòla og litt god vin i glasa? Ideen fekk allmenn oppslutnad, og er ikkje heilt skrinlagd enno. Klokka er berre knapt sju. For no har Yr.no ombestemt seg og melder litt yr i kveld. Det tolkar eg dithen at det kanskje vert opphald. Jamvel om små og tette yrdropar væter terrassen nett no.
   Min gode ven og eks-kollega Helge var litt innom meteorologistudiet i sin ungdom. Om vêrvarsling har han dette å seie: "Viss dei hadde meldt samma vêret i mårå so idag, hadde treffprosenten vore høgare enn det dei melder!"

torsdag 23. juni 2011

JONSOK OG LØN FOR STREV

Eg har visst nok produsert fleire jonsoktekstar desse tre åra eg har blogga. No kjem det ein til. Eg vil tru det hende for om lag femti år sidan. I alle fall var det tidleg på sekstitalet, og kanskje femti år sidan i dag. Me dreiv og rigga til bål på ein av dei mest brukte stadene heime i Flekke: ved gamleskulen. Og då snakkar eg ikkje om skulehuset som dei bygde om lag 1930 eller deromkring. I atten åtti-åra bygde dei skule like innanfor Lendiga, for dei som er lokalkjende. Då eg voks opp, stod berre litt av murane, og no ser me knapt spor etter husa.
   Men altså: Ein guteflokk var i gang og stelte til bål. Det regna og var surt, slik me ofte har det ved jonsok. Men me balte på etter fattige evner. For jonsokbål ville me ha. I nærleiken var det rikeleg med einekrekser (brakje, for deg som ikkje skjønar ordet eine) som me hadde lov å ta, ja, grunneigarane var berre glade til når me heiv oss over slik unyttig småskog.
  Christian Bekker var ein av dei som sette farge på bygda. Du kan klikke på lekkja og lese biografien hans.  Kort sagt: Han var nokre og åtti år den gongen me streva med bålet vårt. (Han vart 103 år gammal då han døydde.) Der kom han ruslande med ryggsekken sin. Som vanleg spaserte han dei tre kilometrane frå Flekke til Haugland eller omvendt. Han elska å preike med folk, og spesielt ungar. "Til Pigerne havde han skjemtsomme Ord, han spøgte med Byens Børn," kan me seie. Ein gong kom han på besøk heilt inn i skulestova  vår i  Flekke og deklamerte heile Terje Vigen utanboks. Før eg kjem til poenget mitt med jonsok i grisevêr, får eg skyte inn at han testamenterte eigedommen på Haugland og mykje meir til Røde Kors på vilkår som ligg til grunnen for det noverande Hauglandsenteret og United World College like ved. Bekker hadde vore advokat og ein luring, så han var ein halden mann.
   Då han såg oss som strevde med bålet, vart han imponert, drog fram ein femtilapp or den tjukke lommeboka si og forærte oss som løn for  strev. Den  skulle me kjøpe oss noko godt for, det hadde me fortent, som dreiv og laga bål i slikt dritvêr. Dei to bakarsønene i flokken drog heim i bakarutsalet,og henta bollar og ein kasse brus for pengane (femti kroner var ikkje så lite for femti år sidan!).
   Så då vart det festleg. Skal tru om ikkje regnet gav seg og?

onsdag 22. juni 2011

SISTE PAR UT

I haust gav eg meg ut på å presentere ein del barne- og selskapsleikar som eg hugsar frå yngre år. Lista er ikkje komplett, for det er fleire som ikkje sit godt nok fast i minnet til at det er nokon vits i å rekonstruere dei. Men ein leik bestemte eg meg for å vente med til jonsok. Rett og slett fordi eg assosierer han med jonsokfeiring heime i Flekke.
   For kva dreiv me med når bålet spraka og tjukk røyk frå våt eine steig til vêrs? Me kunne ikkje berre stå og glane på meisterverket vårt. Me laut finne på noko å leike. No var det forresten kome til ein del vaksne i ymse aldrar òg, noko som gjorde val av leikar utfordrande. Eg har eit par altfor vage minne om fleire leikar og tevlingar, men det eg i alle fall hugsar, var at Siste par ut var populært.
   Enkelt og greitt: me stilte opp parvis i ei rekkje. Gamle og unge. (Og no var det mogeleg for gutar å stå med jenter og omvendt! Men noko krav var det ikkje.) Ein av oss stod då åleine fremst og ropte "Siste par ut!" Dermed skulle det paret som stod lengst bak, springe fram og prøve å kome seg fremst i rekkja. Og den som stod fremst og ropte, skulle prøve å fange ein av dei som no var på flukt. Gjekk det bra, vart dette eit nytt par og kunne stille seg opp fremst, mens den som no miste partnaren sin, laut stå aller fremst og rope, i von om å få seg ein ny make.
   Slik heldt me på til me vart leie. Og no kjem det eit dikt - ein song - som eg har grave fram or hjernekista, og som eg trur eg dikta i tolv-trettenårsalderen. Du kan med litt velvilje prøve å syngje han til tonen av "Eg vil gifte meg med Brita i Bu ..."

   Oppi skogen ein sumarkveld
   der brann det ein lystig eld.
   Og attmed bålet stod jente og gut
   og leika leiken Siste par ut.

   Og både Jon og Per dei var med.
   Dei måtte mate bålet med ved
   så det ikkje skulle slokne ut
   medan månen stod opp bakom nut.

Tjaaaa, kva meir? Nikolai Astrup har illustrert songen med  nokre målarstykke.

tirsdag 21. juni 2011

SOLSNU OG BÅLBERG

Klokka 17:16 idag snur sola. Det gjer ho slett ikkje, men frå i dag vert altså dagane kortare og kortare fram til jul. Eg burde ikkje nemne dette, i og med at me knapt har sett sola på halvannan månad. I grunnen skulle eg ha vore på skulen i dag, men det skjer så lite at eg sit heime og skriv blogg i staden. Derimot var eg der i heile går på pensjonistdagen min, og eg skal vere der i heile morgon på pensjonistdag. Torsdag får me endeleg mønstre av.
   Og så har eg ringt brannsjefen i dag og sagt at me vil kveikje bål her på berget jonsokafta. Det hadde me sikkert gjort før, sa ho, og det har ho rett i. Forresten fekk Eikelandsberget namnet Bålberget på skøytet me skreiv med den dåverande eigaren då me kjøpte eigedommen for tretti år sidan. Me spurde han kva dei kalla berga me skulle kjøpe, for eit namn skulle me ha på skøytet. Han vart nesten svar skuldig, men mumla om at "me kalla da ofte for Bålberget..." Ingen andre har høyrt det namnet, men somme vedgjekk at det stundom vart brent jonsokbål her, langt som det var til nærmaste hus.
   Men Bålberget har me sjeldan og aldri sagt. Derimot lanserte ei nabokjerring namnet Raudaberget, og det vert framleis brukt blant vondsinna og godlynte utanforståande. Ryktet gjekk på den tida at det var ein frykteleg raddisgjeng som kom og skulle byggje eit kollektivt her på berget. Kommunen derimot avgjorde at gateadressa skulle vere Eikelandsberget. Det er langt og tungt å seie, men me taklar det.
   Så spørst det om me får sjå sola når ho snur over Bålberget/Raudaberget/Eikelandsberget i ettermiddag klokka 17:16

torsdag 16. juni 2011

SNIGLEMORD

Tidleg i mai trudde eg at dette skulle verte eit sniglefritt år. Vinteren hadde vore kald og  tøff for desse blaute beista, våren var turr og sniglefiendtleg, så frå påske til langt ut i mai var det knapt ein snigel å sjå, verken brune, svarte eller grå. Så kom regnet. Og meir regn. Og etter kvart kom sniglane og. Eg ser ikkje vekk frå at dei kom ovanifrå skyene eller endå lenger ovanifrå. For korleis hadde dei overlevd her mellom dei turre berga og knausane våre? Brått var dei her, både dei brune, dei svarte, dei grå og dei i spraglete hus. Først åt dei opp dei stakkars salat- og dillspirene som våga seg opp or bedet og opp i ein dag fylt av kuling og regn. Så heiv dei seg på georginene, men dei har heldigvis greidd å vekse seg såpass store og sterke at sniglane ikkje greier å halde dei nede. Ja, bortsett frå dei som står lengst vest i bedet. Der har sniglane overtaket. Og eg sette ut nokre frodige squash-planter, men dei er sporlaust vekke. Eg har sterke mistankar om kven som er syndarane.
   Slik vandalisme fører automatisk til dødsstraff. Eg brukar tre straffemetodar. Giljotinen og den elektriske stolen har vore diskutert, men eg synest begge er for humane. Mine straffemetodar er:
1) Eit fast og tungt trakk på slya. Viss han ikkje ligg ein stad eg kan trakke, kan eg flytte han med ein pinne til ein høveleg avrettingsstad. 2) Finne ein liten stein eller ein skikkeleg pinne og presse dyret til det vert like klemstra som om eg hadde trakka det. 3) Den tredje metoden vert brukt viss dei er mange, så her snakkar me om masseavretting: Eg tek på meg ein eingongshanske av tunn plast på høgre handa, ei plastbytte med ein skvett vatn i den venstre, plukkar sniglar med eingongshanskeneven, slepper dei opp i bytta, og når eg har gått runden og fått med meg dei eg ser, ruslar eg dei få meterane ned til sjøkanten og hiv innhaldet i bytta resolutt på fjorden. Då er det opp til måsen og lyren om dei  vil smake.
   Eg et franske sniglar, men desse heimeavla beista fell eg ikkje på. Men kanskje eg burde ha gjort det, så hadde dei sikkert rømt bort til Sven, alle i  hop.

tirsdag 14. juni 2011

MOLOFEST

Det finst alltid eit påskot til ein fest. Du kan til dømes byggje ein molo. Det har me gjort her på Eikelandsberget. Rett nok gjekk det litt tid frå dei første steinblokkene hamna i fjorden utanfor berget til festen gjekk av stabelen.
   Me var tretten familiar som i 1982 gjekk i gang med eit sjølvbyggjarprosjekt her i Valo (eller på Valen, som folk flest skriv, men som dei innfødde ikkje seier). Utover våren og sommaren det året var det eit ofseleg anleggsområde her som dei tretten husa og hagane no ligg og skin. Overskotsmasse kunne entreprenøren leggje ut som ein molo, det vil seie: opptakten til ein molo. Spesifikasjonane for nett denne ørvesle delen av det store anleggsprosjektet var lite detaljerte. Men ein slags molo vart det, ei steinrøys som gjekk som ein hake ut i sjøen. Bevares, han har fungert som molo i alle dei år, men steinar sig ut, massen på toppen har vorte vaska vekk, og den reint estetiske utforminga var så som så. 
   Fleire gonger har me fylt på med meir stein og masse, men fundamenteringa får me nok fleire problem med i åra som kjem. Men i fjor fekk me faktisk summa oss til å strigle moloen med ei støypt plate på toppen og nesten vakre kantar på innsida, kledde med trykkimpregnerte bord.
   Og då måtte me ha innviingsfest. Den hadde me første pinsedag. Små og store deltok, me hadde snorklypping, avduking av redningsbøye i eit vakkert oppheng, reker, kaffi og kaker. Me skrytte av kvarandre for god innsats og godt naboskap. Heilt fortent. Alle dei trettiåtte festdeltakarane kom vel frå det utan at nokon fekk bruk for redningsbøya frå forsikringsselskapet Tryg (bøya har fått namnet Trygve, forresten).
   Somme meinte at me måtte byggje fleire moloar for å få påskot til ny molofest.

mandag 13. juni 2011

FOLKESKULEEKSAMEN

Nei, eg skal ikkje trøtte deg med å skrive om alle eksamenane eg har teke fram gjennom åra. Eg skal heller ikkje fortelje noko særleg om eksamenane eg laut ta etter sju års folkeskule. Då var me oppe i dei to faga som ein såg på som heilt grunnleggjande: rekning og norsk stil. Eksamen var organisert innanfor kommunen, iallfall var sensuren det. Om dei laga oppgåvene lokalt, veit eg ikkje. Men det var tre ærverdige sensorar som las stilane våre og sjekka reknekunsten vår. Dette hugsar eg, for papen var med nokre år. Mon tru om dei var engasjerte i treårsperiodar, og at ein av dei vart skift ut kvart år?
   Papen hadde altså slengt seg med. Korleis det hadde seg, veit eg ikkje, om han vart spurd eller om han søkte. Om det var eit tillitsverv eller ein betalt jobb, veit eg heller ikkje. Men han fekk mykje å fylle tida med mellom vårvinna og slåtten. Han kom i selskap med røynde lærarar og kanskje presten. Sjølv hadde han ein akademisk karriere med sju år i folkeskulen pluss nokre vekers snikkarskule. Papen var ein framifrå reknemeister, men han kjende seg meir utrygg på stilane. Difor var han ikkje lite nervøs første gongen han møtte opp og skulle diskutere karakterane. Men det gjekk betre enn han frykta, dei var godt samstemte om dommane. For unge lesarar kan eg referere karakterskalaen: Særs godt, Mykje godt, Godt, Nokså godt og Lite godt.
   Men kva med meg og folkeskuleeksamen? Nei, dette hugsar eg ingen ting av. Skal tru om produkta våre ligg arkiverte ein stad inst i kjellaren på kommunehuset i Fjaler?

søndag 12. juni 2011

EKSAMENSNERVAR

Eg nemnde sist at eg ikkje har særleg medynk med elevane mine når dei skal opp til eksamen. Men kan det vere slik at eg vil hemne meg på dei for slikt eg sjølv har vore ute for? Eg har hatt mine eksamenar, eg òg. Ikkje alle har vore like smertefrie.
   For femti år sidan i desse dagar (eller kanskje nokre veker tidlegare på våren, ) var eg opp til eksamen i matematikk på realskulen. Det eg hugsar best frå den dagen, er at eg var frykteleg nervøs. Matematikk var det beste faget mitt, så eg burde ikkje vere så uroleg. Men nervøs var eg, og det kan ha prega innsatsen. Eg rota med enkle ting, og mot slutten kom eg i tidsnaud. Eg sat med ein brøk som burde ha vore nedkorta, men det rakk eg ikkje.
   Vel, det vart ein M, så eg trong ikkje syte. Nokre veker seinare sat eg i det minste klasserommet på Firda Gymnas i lag med nitten andre i B-klassen på engelsklinja. Det vart med andre ord ikkje fleire eksamenar på realskulen. Me kunne begynne på treårig gymnas etter andre klasse på treårig realskule.
   At det vart engelsklinja, var det somme som stussa på, mellom andre to eldre brør som begge hadde gått reallinja. No var eg sterkt interessert i engelsk på den tida, så det var ikkje eit heilt tilfeldig val. Men kva om eg hadde smotte gjennom matteeksamen med karakteren S? Hadde eg då for skams skuld søkt reallinja? Det veit eg ikkje, og eg veit heller ikkje kva eg hadde drive det til i livet om eg hadde valt den vegen for femti år sidan.
   Men eg angrar ikkje. Trur eg.

torsdag 9. juni 2011

EKSAMENSTID

Eg får meg ikkje til å synast synd på elevar som kjem opp til eksamen. Eg nektar å vedgå at det har noko med kynisme eller sadisme å gjere. Nei, eg går rundt og trur at dei har godt av det, iallfall dei fleste normale elevane. Og så bør dei vite frå første skuledagen om hausten at skuleåret kanskje endar med eksamen.
   Forresten vekkjer eksamen intense gleder i mange. Når dei har gått og kvidd seg ei stund, teke seg i hop og gjennomført prøva etter fattige evne, vert dei så glade, så glade for at det heile er over. Spesielt etter munnleg eksamen, ein situasjon som har nokså dårleg ord på seg blant elevar, men som faktisk er eit høve dei har til å få betre karakter enn standpunktkarakteren. Og det skjer oftare enn at dei dalar i karakter, iallfall på skulen vår. Det betyr ikkje at me er for påhaldne med standpunktkarakteren, men at elevane skjerpar seg ekstra, ekstra når dei bur seg til munnleg.
   Og denne erfaringa bør dei ha med seg. Først smerte, så ein innsats, og til slutt utløysing av lettelse og glede. Noko slikt har dei jamen fortent, krapyla. Det er ein viktig lærdom.

onsdag 8. juni 2011

EIT STEG VIDARE

Gravferda er over. Det tok tid å få broren heim frå Portugal. Det måtte både obduksjon og ymse formalitetar til. Obduksjonen slo fast at det var eit kraftig infarkt som tok knekken på den uvanleg spreke syttiåringen.
   I går stod me og såg båra med bror min verte firt ned i ei grop på kyrkjegarden i Dale. Det fall mange, mange tårer frå mange raude auge. Arne storebror hadde ein stor familie og mange vener. Steinar er no den eldste broren min, to og eit halvt år eldre enn eg. Han og eg stod og gret i armane på kvarandre ved jordfestinga. Nokre minuttar tidlegare presenterte eg kransen frå oss sysken med familiar. Eg hadde nokre ord på tunga i tillegg til teksten på kransesløyfa. Men det skar seg.
   Etterpå var det minnestund med betasupper med meir for dei som ønskte å vere med så lenge det var plass i bedehuskjellaren. Tonen var eit godt hakk lysare no, og kjøkemeister Liv, likkjesysta vår, presiserte som sant var at Arne slett ikkje var nokon sentimental fyr, så no var det lov både å le og klappe for gode historier. Og det fall mange gode ord som Arne burde ha fått høyrt.
   I dag er me heime att. Men det som eg kunne ha sagt ved kransnedlegginga, var nokre linjer av Arne Garborg:

     Og um me kjenner gråt og gru
     og saknad sår,
     so må me lerkesongen tru
     som lovar vår

lørdag 21. mai 2011

ELDSTEBROREN VÅR


 
Eg hadde ikkje tenkt å skrive om dette idag, men no gjer eg det likevel. Eg orkar ikkje og får ikkje til å skrive så mange orda. Men eg skriv likevel.
   Eldstebroren, Arne, døydde brått og uventa i dag på sykkelferie i Portugal. Han var saman med den nest eldste broren, Steinar, og damene deira. Dei drog heimanfrå glade og forventningsfulle i går, begynte å sykle i dag, så fekk Arne eit illebefinnande og gjekk bort før noko kunne gjerast med det.
   Arne vart sytti år. Så sprek og vital han var, kunne ingen ha tenkt seg noko slikt på lang, lang tid.  Eldstebroren er ikkje meir.

fredag 20. mai 2011

DERRICK

Ein derrik er ein borerigg eller ein slags heisekonstruksjon. men ikkje berre det: Derrick var vår store helt om fredagskveldane gjennom eit par tiår. Me som hugsar tilbake til førre tusenåret, ser for oss denne godt vaksne høviske tyske polizisten med torskeauge og pløsete kjakar, sikkert etter alt for mykje godt, bayersk øl. Han trilla pynteleg av garde i sin blanke BMW, var iført dress, slips med slipsnål og velkjemd manke og prata roleg og danna med skurkar og heidersfolk til han fekk avslørt den store syndaren. Nei, her var det lite villmannskøyring eller springing i bratte trapper, ei heller vifting med pistolar og knyttnevar. Likevel fekk han has på minst ein mordar kvar bidige fredagskveld i eit par tiår. Wikipedia fortel forresten at dei første åra tøffa han seg mykje meir med både våpen, neveslag og kjeftbruk, men det hugsar ikkje eg. Dei laga 282 episodar med Derrick mellom 1974 og 1998, fortel Wikipedia, og då er det nok sant.
   Eg trur ikkje me såg radt alle, men han Derrick og kompisen Harry var trufaste gjester om fredagskveldane mens me kosa oss med raudvin og pizza. Ja, ungane kunne jamvel få vere med og sjå, sidan dei to kompisane såg så snille ut, og det meste var teatralske samtalar.
   No har dei sendt reprisar på Derrick i lang tid på NRK 2, og me har ofte snakka om eit lite gjensyn med vår store helt frå det førre tusenåret. Men så går serien på eit tidspunkt når me sjeldan tykkjer det er fjernsynstid.  I ettermiddag slo me til. Ute var det så surt og guffent at me rett og slett sette oss ned med kaffi, kake og Derrick. Forventningane var skyhøge. Men så var det denne Bjednekniv-effekten. Du les kanskje ikkje Rasmus Løland, men eg siktar til forteljinga om guten som miste kniven sin (som han hadde fått hos han Bjedne), drøymde om tapet i mange år, fann att kniven, men såg at han slett ikkje var så framifrå som guten meinte å hugse.
   I denne episoden må Derrick ha gjort uvanleg slett etterforskingsarbeid. Rett nok fekk han ein sterk mistanke i rett lei temmeleg snart, den ros skal han ha. Men kvifor sette han ikkje inn mykje meir kraft og fart i åstadsgranskinga? Kvifor gjorde han ikkje ein skikkeleg rekonstruksjon av hendinga?  Detaljar som han burde ha fått med seg med ein gong, dukka opp lenge etterpå. Folk som burde ha vore krysseksaminerte på politistasjonen i München, gjekk og småprata med polizistane i ein gemyttleg tone.  Eit par av dei viktigaste personane var han berre så vidt i kontakt med. I staden for å snu kvar ein stein, gjekk både Stephan og Harry der og vreid lippene og visste verken ut eller inn, sjølv om dei kjende seg sikre på både at det var eit  drap og kven som var drapsmannen. Derrick satsa alt på eitt kort: Få kronvitnet til å slutte å dekkje den korrupte forretningsmannen som var den skuldige. TV-produsenten hjelpte Derrick til å lukkast med dette i eit siste, teatralsk forsøk på å få fram sanninga, og rettferda sigra.
   Men Wallander og Rejseholdet hadde skamma seg viss dei hadde slurva slik og berre stolt på flaksen. Skal eg gje Derrick ein ny sjanse ein annan ruskevêrsdag klokka fem om ettermiddagen?

onsdag 18. mai 2011

PRYDEN PÅ BERGET


Me har eit krydderbed, ein krydderkasse med fleire rom og ymse grøne krydderurter. Ei av dei mest villige urtene har vore svært treg i vår. Me ser berre nokre få, små grøne spirer. Derimot kjem det til syne frodige dottar av den same sorten både her og der på Eikelandsberget. Ein av dei står attmed jordbæra våre.
   Eg har ein mistanke om at alle desse optimistiske krydderdottane har forvilla seg frå hagane. og skal eg tru på litteraturen om emnet, så er det  nok gode naturlege vilkår her omkring.
   Når me kjøper krydder i boks, i potte på hagesenteret eller frø på Europris, heiter det oregano. Namnet kjem frå gresk og tyder noko slikt som bergpryd, og siktar til at den fagre planten likar seg i turre bergsprekker. Og det finn han fleire av her på berga våre. Kanskje han slett ikkje likar å stå i ein krydderkasse med rikeleg jord? Han har forresten kome trufast og gjeve rik avling der òg.
   At han har fått eit slikt rosande namn, er underleg. Fargen på lauvet er frisk, grøn  og grei, men blomane er lilla og smålåtne. Visst er han pen, men det er det òg mange andre plantar som er. Men kva veit eg, kanskje det ikkje var så flust av pene blomar i dei greske bergskortene?
   Så finst det ein norsk vill variant som heiter bergmynte eller kung. I floraen står det at denne er kraftigare og betre på smak enn den importerte. Spørsmålet mitt er om det er innvandrarar eller innfødde nordmenn me har så rikeleg av på Eikelandsberget. Det har eg problem med å finne ut av. Og det får vere det same: Pizzaen som sønene våre lagar, er iallfall smikkfull av heimeavla bergstas og smakar fortreffeleg.