onsdag 6. mars 2013

BREV TIL TÅKEFYRSTINNA

Grete Faremo: Gå til Setesdalen og bli vis!

For ein liten mannsalder sidan dukka ei blid setesdalsjente opp på Slottsplassen då Gro presenterte si tredje regjering. Då NRK tok den unge dama med i studio, drog ho fram gitaren og tralla seg like godt gjennom visa til Lillebjørn om jenta frå Setesdalen.
No, meir enn tjue år etterpå, er ho kåra til tåkefyrstinne, og utnemninga er fullt fortent. Ho språkar på det stivaste bogsprog med "moderne" flosklar og snirklete formuleringar som seier oss lite og ingen ting.
Men det finst rådgjerder: Dra heim att til Setesdalen og lær! Tenk deg ein av desse to måtane:

- Korleis ville den klårtenkte og klårtsnakkande far din, Osmund Faremo, ha uttrykt seg?
- Korleis kunne ei kårkone der i dalen forklart saka til grannekona si?

Eg seier ikkje at du må snakke reinspikka setesdøl når du opptrer i media, i regjeringa eller i stortingsalen. Men hent fram att nynorsken du ein gong lærte. Bruk dette målet når du skriv. Og normer varsamt barndomsdialekten i den retninga når du snakkar offentleg. Det kostar litt, men du skal få rikeleg med løn. Og dersom dette alternativet kjennest urimeleg tungt, er det truleg fordi du ikkje tenkjer klåre nok tankar, eller at tilhøva er så flokute at du heller bør seie at dette veit du ikkje så nøye. Det er ærlegare å seie dét enn å pakke tåketankar inn i skrau.

Venleg helsing
Reidar Kyrkjebø