torsdag 21. juni 2012

SOLSNU

Kva skal eg skrive om dagen eg nett har lagt bak meg? Seint på kvelden snudde sola, som folk seier. Det gjorde ho ikkje, men det er ein måte å forklare det på, det som skjer med årssyklusen. No vert dagane stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare.
   Ikkje dra for raske slutningar. Men dagen i går var siste arbeidsdagen min. Og for Karl Johan. Han har vore ein god kollega  og granne gjennom 33 år. Me to vart hylla på skueleavslutninga, me fekk blomar og  kvar si avskilsgåve. Me er pensjonistar på fulltid frå no av.
   Me tek det ikkje tungt, og om dagane vert stuttare, nettene lengre og kveldane mørkare, skal me nytte dagane våre på ein heilt annan måte enn me har gjort. I kveld bad Karl Johan og Sigrunn oss opp til ei lita otiumsfeiring.
   Betre kan ein knapt ha det.

torsdag 7. juni 2012

VEIK TIL OLJELAMPEN

Takk og pris for at me ikkje er avhengige av parafinlykter og oljelampar. me kan berre skru på brytaren - nei, no for tida slepp me å skru, me berre trykkjer på han - så kjem lyset fløymande ut or lampane.
   Men til nostalgisk hugnad, til campingkveldar og til seine utestunder på terrassen er det både nyttig og stemningsfullt med oljelampen. Det er berre det at me har brukt opp veiken på lampen vår. Og kva gjer me så?
   Butikkane på Husnes og på Stord bognar av alskens varer og av alle tenkjelege og utenkjelege duppedittar. Difor går eg og spør: "Har de veikar til parafinlykter og oljelampar?" Det har dei ikkje. Mange veit ikkje kva det er eingong. Somme stader sel dei faktisk lykter og søte lampar, men ikkje veikar. På ein byggvarebutikkk fann eg forresten veikar i metervis, men dei var meinte for oljebrennnarar i parafinomnar. Eg kjøpte ein stump og klypte til, og han funka nesten. 
   Sist helg var me i Bekkjarvik og fekk med oss opninga  av det nye handlesenteret. Der inne var det også ei krå med utstilling av butikkutstyr frå gamle dagar. Eit svært umoderne kassaapparat stod på disken, og mange nostalgiske døme på krambukram låg utstilte. Der låg det forsyne meg nokre buntar med lampeveikar òg! Eg hadde så nær gjort meg til kjeltring og teke ein veik, men moral og samvit var for sterkt, dessutan var det så mykje folk der at eg sikkkert haddde vorte oppdaga. I staden gjekk eg og bar fram ærendet mitt ein stad der dei selde både olje og oljerelaterte artiklar. Bak disken stod det ei svært ung kvinne, og eg spurde like ut: "Har de veikar til oljelampar til sals?" Jenta opna munnen litt, vibrerte med leppene og såg blått på meg med store, spørjande auge. Attmed meg stod det ein kar på min alder som skaut inn: "Ho er nok for ung til å vite kva det er!" Eg forklarte og demonstrerte, men veik hadde ho ikkje, ikkje ho heller.
   På bokmål heiter det veke. Franskordbøkene våre omset dessverre berre til og frå bokmål. Ein gong var det ein av franskelevane mine som skulle skrive noko og hadde bruk for det  franske ordet for ein sjudagarsperiode. I teksten som eg då fekk å rette, opererte han med eit fransk ord eg ikkje kjende den gongen: une mèche. Jau, han hadde slått opp og tenkt nynorsk, stakkaren. Slik lærte eg kva ho heiter på fransk, denne tyremsa som syg opp oljen i lampen, og som me kveikjer på så det kjem blafrande, nostalgisk lys ute på terrassen ein mørk sommarkveld.
   No er nettene så lyse at eg sikkert gløymer heile lampen. Og den skrøpelege veiken.