torsdag 31. desember 2009

TAKK FOR DET GAMLE

Nyårsafta går mot kveld, natt og nytt år. I år har det skjedd utan dramatikk så langt, og truleg held den rolege, gode stemninga seg til neste år. I fjor døydde mamma tidleg på nyårsafta. Så då feira eg overgangen til det nye året i lag med syskena mine. Det var forresten ei roleg og god feiring, den kvelden.

I år er me inntil vidare tre. Tore fer nok på rek om ein time eller to, så då er me tosame, Anne og eg. Hannah og Vegard forlet oss måndag. Tore drog til by'n sundag, men kom att i går.

I mange, mange år var det store feiringar denne kvelden og natta. Grannar, vener og ymse andre tok del. Som regel var me hos nokon og åt tidleg på kvelden, viss dei ikkje var hos oss. Og seinare skjedde litt av kvart. Dei siste åra har livet roa seg, også nyårsnatta. Det gode måltidet tidleg på kvelden har vore i familiens skjød. Som regel har me stukke innom eit nabohus etter rakettoppskytingane. Kanskje me gjer det i kveld og, eller kanskje me går heim til oss sjølve, kanskje me ikkje går ut og ser på fyrverkeri heller, spinnkaldt som det er.

For førtifem år sidan sat bror Steinar og eg stappmette av ribbe (= pinnekjøt) nyårskvelden og lurte på kva me skulle ta oss til. Ingen avtalar, ingen planar. Men me kunne vel gå ned til Hustveit-folket og sjå kva ungdommane der i garden hadde føre? Og kvifor ikkje gå julebukk, sjølv om det ikkje var trettandafta? Me hadde nett fått opp ny varmtvasstank heime, og den digre kartongen stod i eit uthus. Den henta me og skar to runde hol i, så han likna på utedobenken vår. Den tok me med oss, samt kamuflasje til hovuda. Utanfor Hustveit-døra kraup me inn i den digre kartongen, skjulte vår identitet og banka på. Så trippa me inn, sitjande på huk slik at høgda vår ikkje kunne røpast. Me dansa litt rundt og grynta julebukkmål, og hustveitane stod berre og måpte. Heilt til far i huset, Audun, las på ein merkelapp: "Ragnvald Kyrkjebø, Flekke i Sunnfjord" ... "Søren og," sa Steinar etterpå, "eg fjerna jo ein merkelapp før me gjekk. Der må ha vore to!" Dei lo godt åt oss, men sidan ungdommane i huset ikkje var heime nett då, skulle me vente og krype på plass i kartongen når dei kom om ei lita stund. Det gjorde me, og denne gongen var det ingen merkelapp som røpa oss. 

torsdag 24. desember 2009

JULAFTA ER SNART OVER

Julafta 2009 gjekk etter oppskrifta. Pinnekjøtet smakte, dei hermetiserte plommene likeeins, alle fekk pakkar, og Hannah var den som fekk klart flest i år òg. Alt var vel fortent, og utanfor sat sjøkleivnissen og humra av velnøye, sidan jobben var utført med såpass stor presisjon.
   Så var det mimringa. Eg meiner å hugse julafta for seksti år sidan. Det er to minne som sit att, eller som eg trur sit att. Det sterkaste er at bror Steinar, som vart sju år den dagen, var sjuk og måtte spy då me gjekk rundt juletreet. Det var så lett å lage eit ordspel på at han vart sju og vart sjuk. Så fekk eg ABC-bok til jul, ja,  eg trur eg hugsar at eg fekk to stykke. Den eine hamna på Ilkjen hos syskenborna der, eg greidde meg med ei. Den vart i mi eige, og to pedagogisk talentfulle storebrør heiv seg over meg og boka slik at eg lærte å lese etter kort tid.
   Så gjekk det ti år, og jula for femti år sidan kunne lett ha vorte stusleg, slik eg såg det ei stund. Eg var jo konfirmert og strengt teke ingen unge lenger. På realskulen gjekk eg og hadde lov å gå på dans. Så då var spørsmålet om eg framleis fekk noko særleg til julegåver. Bestemor i by'n var død det året, og derifrå kom alltid dei gildaste gåvene. Frå henne, tante Karen  og onkel Fritz. Og eg hadde ikkje sett at det var kome nokon pakke frå by'n i førejulstida. Eg såg mørkt på julafta og pakkeopninga. men under over under, det dukka opp pakke frå tante og onkel, kanskje like gild som det eg var van med. Kva det var, hugsar eg ikkje. Men det var ein stor letnad for fjortenåringen. I går og i dag har femtenåringen vår knika kring pakkehaugen, knefta og glodd, og velsigne henne for det! Ho fekk jamvel lov å finne ein pakke tidleg på dagen og opne.
   Ti år etter - i 1969 - var første jula eg ikkje feira jul i Flekke. Me hadde pakka saman alt vårt jordiske gods og flytta det til Bekkjarvik, der Anne og Rune skulle bu mens eg var femten månader i militæret. Og der feira me jula, ei litt annleis jul, mildt sagt, med ein fire månader gammal krabat som det store midtpunktet. I nyårshelga var me til Flekke på visning med vidunderet.
   Men så må eg  seie at eg slit med minnet. Eg klarer ikkje å skilje ut julaftene i 79, 89 og 99. Men me har nokre bilete som iallfall kan stadfeste at det var julafter då og. Minnet mitt er som hos andre gamle kallar, dei siste åra er hylla inn i ei skodde. Og det er grenser for kva ein skal gå rundt og hugse. Derimot er eg imponert over sønene kor godt dei kan sortere i år og hendingar. Vonar dei set seg ned og bloggar, dei og, ein vakker dag. God jul!

mandag 21. desember 2009

SOLSNU

No går det mot lysare tider. I dag snudde sola, som me seier, så no går ho opp i vest, viser seg ei stund på nordhimmelen midt på dagen, går ned i aust og vert lenger og lenger oppe kvar dag. Ute er det drivande kvitt. Snøen som kom natt til i går, har visst tenkt å bli liggjande til olsok. Det er uvant for oss, og eg har moka og spadd ei råk bort vegen, strødd i salt og pepar, bad eit par våbøner og vonar no at uty, ulv og oskoreier held seg vekke, og at me kjem oss trygt fram utan lårbeinsbrot og raude romper. Eller blåræv. Husverten vår på Sandane då eg gjekk på gymnaset, hadde eit uttrykk som eg la meg på minne, og som han brukte når det var vanskeleg sykkelføre om morgonen når han vekte oss: "Dæ blårævfør' i dag" Ja, me sykla dei tre kilometerane kvar morgon og ettermiddag. Og verten hadde omsut for oss og sjekka kvar morgon om me var vakne.

I dag var eg  innom skulen ei stund, endå eg er pensjonist om måndagane. Folk trudde dei såg syner eller skrømt, andre meinte det var julenissen, og Ole Bjarte fotograferte meg då eg kom opp bakken. "Så, du er ute og teke bilete tå kulturminne?" spurde eg han. 

Så var Anne og eg på sentera på Husnes og handla både butikkane og bankkontoane våre tomme. Dermed er det snart tid til å setje seg ned og vente på jula. Nei, i morgon skal eg til Flesland og hente ein son og ei sonedotter. Ønsk meg god tur i vinterlandskapet!

søndag 20. desember 2009

SKOLTESUNDAG

Me kalla sundag føre jul for skoltesundag. Ordet skitnesundag var brukt andre stader, men ikkje heime i Flekke, og ikkje i familien vår her i Kvinnherad. Denne dagen åt me saueskoltane. Dei var flådde, salta, røykte, turka, utvatna og kokte i minst tre timar. Attåt skoltane hadde me kålrotstappe og poteter.
   Nesten kvart år sidan me flytte til Kvinnherad, har me kjøpt rå sauehovud og laga til sjølve. Mange år var Helge Dahle og eg i lag om flåinga, men no er det nokre år  sidan sist. I fjor hadde me skoltesundag på årsgamle hovud, men i år har me vore heilt utan. Så i dag har Anne og eg meiska oss med lutefisk i staden.
   Men me har ein yngsteson som tykkjer at skoltetradisjonen ikkje må brytast. Han har vore og kjøpt seg ein skolt på butikken og kokt i dag. Vel, han er altså ikkje heimeflådd, men svidd på vossavis. Likevel smakte han ikkje så verst, rapporterte Tore.
   Så kan eg leggje til at me har fått skikkeleg vinter, med mengder av snø som kom i går og i natt. No vert det sikkert kvit jul for ein gongs skuld.

mandag 14. desember 2009

SYSKENTREFF

For ei tid sidan annonserte syster Liv at ho skulle kome til Bergen 11. desember og dra nordover att til Kirkenes rett før jul. Broder Steinar reagerte fornuftig og inviterte dei andre brørne med damer heim til seg og Annbjørg i Åsane til ei kultur- og syskentreffhelg. Det kunne mellom anna verte teater- og restaurantbesøk laurdagen. Arne, som opplyste at han er familiens eldste og dermed har autoritet til å gje ordrar, påla Steinar å tinge teaterbillettar og bord på restaurant. Sjølv kollkøyrde han med bilen for snart fire veker sidan og vart for invalid til å vere med. Forresten: Gratulerer med bursdagen i dag, storebror! Men Anne og eg drog til by'n og tok inn hos Annbjørg og Steinar, der Liv allereie var installert, og me fem gjennomførte programmet med stil. Først var det Mascerade på Den nationale scene med mellom andre Bjarte Hjelmeland og Helge Jordal. Eit herleg gjøgleri! Så var me på restaurant Boha og åt treretters meny med vin attåt. Ikkje tradisjonell julemat, men slett ikkje ringare av den grunn. Her er menyen:
Kamchatkakrabbe servert på kremet urterisotto Krydderstekt reinsdyrfilet med appelsin- og hassenøttsaus Tilslørte bondepiker ”Boha”
Elles gjekk helga unna med prat og kos ute i Åsane. Før Anne og eg køyrde ut i Åsane, valsa me litt rundt på by'n, eg klypte meg hos ein irakar i Vaskerelven, og me hadde lunsj på Wesselstuen. Og laurdag føremiddag var me og drog bankkort på Ikea og Åsane senter. Så no når det er gjort, er me klare for siste innnspurten til julehelga, til Vegard, Tore og Hannah skal kome, og til det nye året. Litt handling, baking, vasking og pynting må til. Men vips! Så er det heile over.

mandag 7. desember 2009

ENDÅ EIN SKULESTIL

I ein tidlegare blogg - 28. oktober - skreiv eg av ein stil frå ei av dei to stilebøkene mine frå realskulen. Her kjem det ein stil til, truleg skriven mens eg gjekk i andre klasse. Denne gongen og gjev eg blaffen i rettingane til Olav K. Strand og skriv ordrett av:
Fortel om natur og arbeidsliv på heimstaden din, eller på den staden du bur om sommaren.
Heimbygda mi ligg ved inste enden av den tronge Flekkefjorden, som skjer seg i krokar og svingar innover frå Dalsfjorden. Her er det vanskeleg for store båtar å gå inn, fordi det fleire stader er holmar og skjer der det er vanskeleg å koma framom. Elles er det nes og berg som går ut i sjøen. På båe sider av fjorden ligg åsar, små fjell og dalar som oftast er kledd med fure-, bjørk- og krattskog. Inst inne sluttar fjorden i tre vikar, og kring vika i midten ligg Flekke. Der er det nokre gardar og småbruk. I søraust ligg Nipa, med Høgevarden til venstre. Midt i Nipa er det ein stor kvit flekk som bygda har fått namnet sitt etter. Aust for nipa ligg fjellvidda, og der har vi fint skiterreng i påsken. Nedover frå fjellvidda skjer det seg ein trang dal, Turvedalen, med ei lita elv i botnen. Oppe i dalen ligg Flekkestølen, der det står nokre ubrukte sel. Stølsdrifta slutta her for ti-tolv år sidan. Aust frå Flekke går ein skogkledd dal, Stavsdalen. No går nyevegen til Dale langs eine dalsida innover, men før gjekk vegen i dalbotnen. Vegen ligg no mosegrodd, og trea på båe sidene hengjer greinene sine utover han. I sør går det breie Flekkedalføret oppover mot Guddal og Bjordal. Nedover her renn den store Flekke-elva, der dei som har løyve fiskar laks om våren og føresumaren. På vestsida av elvemunningen stig Håheia opp som ein vulkan mot himmelen. Ho er også kledd med skog, mest fureskog, men og med eindel planta granskog.
Terrenget i bygda er kupert, med bakkar og åsar med små sletter imellom. Her ligg gardane. Mesteparten av folket lever på gardar. Om våren gjødslar og sår bøndene, om sumaren og hausten bergar dei avlinga i hus. Om hausten søkjer dei om skotløyve på hjort, og reiser på jakt. Om vinteren høgg dei brenneved og tømmer i skogane, mest i Stats-skogen, sørvest for elva. Både unge og gamle arbeider på gardane, og om sommaren er det mykje byfolk heime på ferie som også hjelper til.
Nokre går på arbeid i Dale, og dei følgjer buss til og frå arbeidet. Om vinteren reiser mange på sildefiske.
Mange yngre går på skulen i Dale, og dei følgjer buss også.
Tilreisande tykkjer gjerne at bygda er vakker, og det tykkjer vi som bur her og.
Og O.K.Strand gav M - på stilen og T i orden.

torsdag 3. desember 2009

FORNUFTIG BRUK AV SPAREBØRSE

Eg hadde nok sparebørser, eg og. For lenge, lenge sidan, ikkje no. Kor lenge sidan det var at dette hende, veit eg ikkje, kanskje snart seksti år. Ein eller annan framandkar var innom hos oss, og eg lurer fælt på kven det kan ha vore, men finn ikkje svaret. Det var sikkert ein triveleg fyr, og eg gav meg i prat med han. Så henta eg sparebørsa og ville vise henne fram. Mannen tykte ho var fin og grov fram lommeboka si. Då greip mamma inn og sette i: "Du må ikkje stå dar å tigge, Reidar!" "Han tiggar ikkje!" slo framandkaren fast og sleppte nokre øre ned på børsa.

onsdag 2. desember 2009

Å LÅNE EIT SYSKENBARN

Det hende truleg året før eg begynte på skulen. Det var influensatid, og både tante Målfrid og onkel Anders var sjuke. Mamma hadde vore ein tur ut til dei og kom heim att berande på han som på den tida var det yngste syskenbarnet vårt: Ove. Viss reknestykket mitt er rett, var han eitt til eit og eit halvt år. For å lette strevet for dei sjuke foreldra hans skulle me ha han ei stund. Jubelen stod i taket heime, me gutane ville meir enn gjerne ta oss av Ove. Bror Steinar la straks ein plan: Steinar gjekk i småskulen og var på skulen tysdagar, torsdagar og laurdagar. Då kunne Arne, som gjekk i storskulen, passe han, for då var han fri, og Steinar kunne passe han dei andre tre dagane når han var heime. Men eg? "Du kan passe han om sundagane!"
Men kor lenge var Adam i Paradis - eller Ove heime hos oss? Allereie dagen etter kom Målfrid og Anders ruslande inn om Hòjen og henta minsteguten sin heim.

mandag 30. november 2009

TRONDHEIMSHELG

Torsdag kveld drog Anne og eg til Trondheim. Rune foreslo at me kunne kome denne helga; Britt Kristin var vekkreist nokre dagar, og faren i huset hadde ikkje noko imot at me kom og tok eit tak med dei to små. Så hadde Hannah femtenårsdag sundag, og me rakk såvidt å ta del i den feiringa også. Men mest var me med Sigurd og Frida, tre og fem år. Og så var me med dei to eldste sønene våre. Vegard var to turar til Lade, men Hannah trefte me ikkje før sundag føremiddag, for ho hadde det for travelt med vener og klassekameratar.
I går kveld var me tilbake på Vestlandet, men for ut til Bekkjarvik i går og hadde sundagskveld der. No er me heime og inne i kvardagen att.

mandag 23. november 2009

S 330

Bilen til Arnebror er ikkje mykje å skryte av lenger, så eg tenkte det kunne høve å syne fram den første bilen hans, han som hadde ein strålande Skoda Octavia i 1965 og nokre år utetter. Som du kan sjå, vekte bilen åtgaum både for geiter og flekkingar.

søndag 22. november 2009

DAGANE GÅR

... og det er ei veke sidan eg skreiv noko. Denne gongen kjem det lite nytt frå barndom og oppvekst. Veka har vore innhaldsrik, ho. Det kom melding om at storebror Arne hadde køyrt seg utfor vegen i Våtedalen og skamfare seg. Det var sjokkerande for oss alle, ikkje minst for han sjølv, vil eg tru. Men no er kallen plåstra og smurd på Haukeland sjukehus, såpass at han kjem nok opp att på resten. Men vert bilen aldri meir spurd?
Torsdag hadde Anne bursdag, og me feira med lutefisk til middags og sjokoladekake og kaffigjester utpå ettermiddagen. No kunne eg nett nemne at det var førtito år sidan første gongen eg var med og feira dagen hennar, og det var ein mykje rundare dag enn i år, men jenta var ikkje så rund som no.
Eg har vant meg så godt til med å vere pensjonist om måndagane dei siste par åra. I morgon skal eg ha nokre ekstratimar, og det merkast på sundagsfreden. No kjenner eg korleis eg har hatt det i alle dei åra med skuleførebuing sundags kvelden. Jaja, neste måndag har eg atter fri, heldigvis.

mandag 16. november 2009

I HEGGEN

Den store, vakre heggen som stod i tunet vårt i Flekke, er ikkje stor, vakker og ruvande lenger. Han innbaud til klyving, og det var råd å hengje opp disser i han. Om våren var han ei duftbombe, og så lenge me hadde ein hegg bak gamlestova, kom det bra med beiske svarte bær på han og.
Ein gong i tida var eg så liten at det ikkje var så lett å kome seg opp med eiga hjelp. Difor hjelpte bror Steinar til, men ein gong hadde han kameratar på besøk, så han stakk av mens eg sat godt plassert oppe i heggen. Til avskil sa han: "No kan du sitje der til mamma kjem att og har mjelka kyrne, og dei er så langt vekke at ho sikkert ikkje kjem att før i morgon!" Så der sat eg ei stund, heilt til Jørgina kom og hjelpte meg ned. Eg kan ikkje hugse at eg var spesielt uroleg over situasjonen, eg sat no trygt og godt der eg sat. Dei nedste greinene på heggen var tjukke og gode å sitje på.
Men så kunne syster Liv i femtiårsfeiringa si fortelje at eg hadde gjort noko liknande med henne: Hjelpt henne opp i heggen og stukke av. Og det var mykje styggare gjort enn det Steinar gjorde, for eg var så mykje større enn henne.
Og dagen etter at eg skreiv dette, fekk eg eit bilete frå Steinar som antyder kvar me sat. Spør Eva og Janne om dei kom seg ned!

søndag 15. november 2009

STOREBROREN

Det kom for meg at eg har servert bilete av mange i slekta, men ikkje av Arne. Derfor gjer eg det hermed godt att og viser korleis han såg ut på telttur i 1965 og var frukostsvolten.

lørdag 14. november 2009

GAMLE BILETE

Eg vart så oppi haua over å få sjå dei gamle lysbileta som bror Steinar har skanna at eg lenge har ønskt meg eit liknande apparat. No har eg lånt skanneren til kollega Lars og er i full gang. Det tek minst eit par minutt for kvart bilete, så ein skal vere tolmodig. I tillegg må enkelte av dei gamle diasa pussast og klyppast litt. Alt vert ikkje like pent. Mange gamle lysbilete er tekne med nokså primitivt utstyr og er dessutan prega av alder og slitasje, nett som me. Nei, ikkje misforstå, eg meinte det siste, ikkje at me er laga med primitivt utstyr, langt ifrå. Eg kjøpte eit svært enkelt og rimeleg fotoapparat i Amerika i 1964 , men begynte ikkje å ta lysbilete før i påska 65. Dei bileta finn du på nettet. Litt seinare kjøpte eg framvisar. Det var eit populært innslag i ymse samanhengar; Steinar og eg hadde mellom anna eit multimedieshow i påska 1966 i ungdomshuset med lyd og bilete frå bryllaupet til Magnhild og Arne. Så kjøpte Steinar fotoapparat og vart ein ivrig lysbiletfotograf, han og. No er det ikkje mykje tradisjonell framvising av desse bileta. Faktisk funkar den gamle framvisaren min på eit vis enno. Men framtida ligg nok i denne teknikken eg no held på med. Ein smakebit kjem på denne sida utpå dagen.

tirsdag 10. november 2009

REGNBOGEBARNET

Endeleg, på dagen trettiseks år sidan, skulle me få det barnet me hadde venta så lenge på, og Rune skulle verte storebror. Det var laurdag, første året mitt i lærarjobb og siste året med skule om laurdagar. Eg fekk melding på skulen om at fødselen var nær, og viss eg nådde fram, skulle eg få vere til stades. Heldigvis hadde eg fri dei to siste timane og rakk båten frå Sunde klokka eitt. Det hadde vore eit drittsurt haustvêr med vind og sludd, surt og kaldt. Men nett då båten gjekk ut frå Sunde, rivna skydekket litt, det kom eit glimt av sol og ein strålande regnboge. Klokka var ti over eitt.
Då eg kom til kai i Bergen i halv tre-tida, ringde eg Kvinneklinikken. Då var fødselen over, me hadde fått ein gut klokka ti over eitt. Eg tok buss og kom meg på plass der den lukkelege mora låg og mol med eit lite, nydeleg nor i ei lita seng attmed. Ho kunne fortelje at ho og hadde sett regnbogen nett då fødselen nesten var over.
Rune var i Bekkjarvik, og han fekk telefon frå meg og. Eg måtte ringje nabohuset, og etter praten kom han tilbake til bestemora si og dei andre og fortalde: "No veit eg ka me sa få. Ein bror. Og forresten er han alt komen!"
Lillebjørn Nilsen har ei nydeleg vise som han har stole frå Pete Seeger. "Barn av regnbuen" vart ein av favorittsongane til Vegard før han kunne snakke reint. " ... si det til alle barna, si det til hver far og mor. Dette er vår siste sjanse til å dele et håp og en jord ..."

mandag 9. november 2009

NESTEN SANNDRØYMD?

Ei natt i barndomen heime i Flekke drøymde eg at dampen sende ut ei litt merkeleg, sår uling frå fløyta då han kom inn fjorden og skulle leggje til kai. Eg sprang opp på Storehaugen, og derifrå kunne eg sjå bort på bryggja. Og der seig dampen til kaia, men ikkje før han var komen på plass, så sokk han med akterstamnen først og baugen i vêret.
Kort tid etter draumen, kanskje neste dag, kjem dampen. Eg kvepp då eg høyrer den same såre ulinga som den eg hadde drøymt, og eg spring opp på Storehaugen. Der kjem dampen sakte sigande til kaia. Atla, Sandøy eller kva for ein båt det no var som gjekk på Dalsfjorden den dagen. Alt såg ut som i draumen. Men denne gongen sokk han ikkje.

søndag 8. november 2009

AMERIKASYKJA?

Då eg kom heim att etter seks veker i Amaerika i august 1964, var eg frisk og sprek. Litt trøtt etter reisa og tidsforskjellen, kanskje. Det var håslått, og papen var glad for å få litt hjelp eit par dagar før eg drog til Radøy og lærarjobben eg skulle ha dette skuleåret. Bror Steinar hadde teke på seg å starte opp for meg til eg var på plass etter amerikaturen.
Men i siloen gjekk det trått. Eg kjende meg heilt utsliten og møyr i skrotten. Papen meinte det ville gå over når eg vart van med norsk døgnrytme, det var berre å stå på. Det gjekk ikkje over, så eg tok og mælte feberen. Godt over 39! Det var ikkje tvil, eg var låk. Så siloarbeidet vart avlyst, lærarjobben laut vente nokre dagar, Steinar tente meir pengar, og eg låg og vreid meg på divanen med sveittetokter og verk i alle lemmer.
Etterpå var det fleire i bygda som fekk influensa, mellom anna dei på Ilkjen. Eg hadde jo vore ut der same dagen som eg kom heim. Då eg kom til tuns der, kom bestefaren meg i møte med eit stort glis og helste på engelsk. Men så smitta eg vel heile husstanden då. Tante Målfrid lét om at "da va ei kjøla sykje Reidar'n kom heim med frå Amerika." Om smitten kom derifrå eller frå ei eller anna kjelde i Flugfélag Íslands, Stavanger eller på Flaggruta, er ikkje godt å vite.

lørdag 7. november 2009

OKTOBERREVOLUSJONEN

I dag er det 92 år sidan Lenin og bolsjevikpartiet hans reiv til seg makta i det kaotiske Russland.
For to år sidan var eg og Anne på ekskursjon i Oslo med samfunnskunnskapselevene mine. Eg hadde fått overtalt ein litt gretten Hans Wilhelm Steinfeldt til å møte oss i NRK med eit lite foredrag. Han kom, og begynte med å setje dei kvasse augo sine i elevflokken: "Vet dere hvilken dag det er i dag?" Men han svarte sjølv før nokon fekk sukk for seg: "Det er nittiårsdagen for oktoberrevolusjonen i Russland. Men vet dere hvorfor oktoberrevolusjonen kom i november?" Straks vende han det buskute blikket frå elevane mot Anne og meg: "Vet lektorene det?" "Nja, eg veit ikkje korfor det skulle skje akkurat i november," sa eg. "Det va ikkje dé eg mente," brølte han. "Hva er grun'n til at man kaller det oktoberrevolusjonen når den faktisk kom i novemberrr!" "Å ja, det veit eg, saktens," sa eg. "Ja, så si det då!" "Det har med forskjellen på den julianske og den gregorianske kalenderen," kunne eg opplyse. Han gav meg rett utan begeistring, men straks etter kom han med ei ny uttesting. Truleg kom dette spørsmålet i tilknyting til det han hadde valt som hovudpoenget i foredraget sitt: Velferdsstaten og NRK. Me treng ein lisensfinansiert og reklamefri allmennkringkastar; det er eit nødvendig gode i velferdsstaten vår. "Men eg snakket én gang med en lektor som påsto at Gerhardsen var opphavsmannen til velferdsstaten, og det é helt feil. Vet du hvem det var?" Han såg morskt på meg. "Å, det var no vel Otto von Bismarck, det," meinte eg. Heldigvis var det dette som var fasiten til Steinfeldt. Deretter snakka han engasjert om NRK, om å vere utanriksmedarbeidar og andre emne han kom over ved bruk av innfallsmetoden. På slutten tok han tak i elevane og slo fast at det venta dei hardt arbeid og tøffe studium. Men under den tøffe maska var han faktisk venleg og vittig. Elevane var svært begeistra.
Russarane var seint ute med å gå over til den gregorianske kalenderen, derfor var det den 25. oktober i Russland den dagen Lenin gjorde statskupp. I vårt land sletta dei dagane frå og med 19. februar og ut månaden i året 1700. Og neste heile hundreår vart ikkje skotår før i år 2000. Det året hugsar me.

fredag 6. november 2009

INFLUENSA

Dette er ein sjukdom eg ikkje har hatt på lange tider. I desse dagar er det stort sett det dei skriv om i avisene, snakkar om i fjernsyn og radio og har som samtaleemne i bygd og by kringom heile verda, er det likt til. Av ymse grunnar var eg til Husnes i dag og tok vaksinen mot svineinfluensa. Litt halvhuga møtte eg opp litt før ni på helsestasjonen. Men det var for så vidt hyggjeleg, fekk snakke ein del med folk eg ikkje treffer så ofte, og som venta i lag med meg. Det var ein stor flokk som stilte seg i kø om morgonen. Hadde eg kome eit par timar seinare, hadde eg sloppe det. Først laut me stå i det vide og breie og vente på å verte registrerte og få betalt, så sat me til me vart oppropte, og etter sprøyta sat me tjue minutt før me fekk gå heim. Mest truleg ville eg ha gått klar pandemien utan vaksine, så gammal som eg er og i si tid offer for Asiasykja. Den hadde eg, så vidt eg hugsar. Men eg hugsar ikkje noko meir, verken kor sjuk eg var, kva tid det var eller om heile familien låg og verkte. Var det i 1958, tru? Eg har fire gamle sjuande sans-dagbøker, frå 56, 58, 60 og 67. I boka frå 58 står det så godt som ingen ting. Tullebukk, som hadde fått seg sjuande sans og ikkje skreiv meir enn han har gjort. Nokre opplagde opplysningar finn eg, til dømes kva tid dei aller næraste i familen hadde bursdag. Det behøvde eg ikkje ha nedskrive. Då kunne eg heller ha lege og skrive om sykja, lite i stand til å gjere noko anna, som eg sikkert var. Og då kunne denne bloggen ha bydd på eit par interessante glytt tilbake i tida.

lørdag 31. oktober 2009

BURSDAGEN TIL PAPEN

Ei lite barn kom til verda for 95 år sidan og vart døypt i Laksevåg kyrkje med det staute namnet Ragnvald. Den tjue år gamle mamma hans valde å kalle opp seg sjølv. Eiter eit halvt års tid hamna han og bestemora mi på Årevollen, og hausten 1919 flytte han til Flekke. Papen hadde ofte bursdag på helgedagar. Det hadde seg slik at gamle bededag var helgedag og vart feira fredag før helgemessesundag. Difor kom den 31. oktober år og anna på denne dagen. Ikkje før i 1950 vart denne helgedagen fjerna.
Me og papen hadde eit anna etternamn enn bestemora, onkel og tante i by'n, og han som dei kalla for bestefaren vår, og som døydde i tysk konsentrasjonsleir under krigen. Dette begynte eg å undre meg over i tiårsalderen, så eg spurde papen korleis det hadde seg. Han tenkte seg litt om og svarte: "Da ska eg fortelje deg enj aen gong." Så gjekk det ei tid - me var forresten på spasertur heim frå eit besøk på Ilkjen - og eg spurde på nytt. Han gav meg same svaret:"Enj aen gong." Men "trie gånnjin marka da seg," heitte det heime. Då sat han utanfor huset med eit vaskefat med varmt vatn og skulle ta skjeggstubbane. Det var laurdag ettermiddag, fint ver og nesten helg. Då fortalde han enkelt og greitt at han ikkje var son til Franz Kaarstad, men var fødd lenge før bestemora gifte seg og at han hadde ein far han aldri hadde møtt. Heilt greitt det, eg kan ikkje hugse at eg tykte det var så merkeleg. I dag hadde papen vore 95 år om han hadde levd.

torsdag 29. oktober 2009

NÆR SLEKT

Her i Kvinnherd er det tynt med slektningar. Men næraste grannen, Sven Løkeland, er frå Bergen, men stammar frå gamle Fjaler. Litt leiting i Fjalesoga viser at ungane hans er seksmenningane mine. Slett ikkje verst! Det er Tyssedalsslekta som har forgreina seg slik at me er skyldfolk. Eg nemner slektskapen av og til med han, og så flirer me litt i lag.
Men så har eg ein del femmenningar i bygda. Tremenningen til bestemor Elise på Igelkjøn hamna som gardkjerring på Sunde. Ho og kom frå Vassdalen, frå Myklebust. Eg kjenner godt to av barneborna hennar, syskenborna Arve og Tore Kjell. Og eg omtalar desse to femmenningane mine som næraste slekta mi her i Kvinnherad (etter at sønene mine forlet heimen). Dei tykkjer det er litt festleg, og spesielt Tore Kjell kommenterer slektskapen kvar gong me møtest.
Tore Kjell har fortalt den utruleg søte historia om kvifor bestemora hans hamna på Sunde: Ho var i teneste i Bergen og skulle heim til jul. Men så rota ho seg om bord i feil fjordabåt i Bergen og vart med "Søndhordland" eller kva det no var for ein båt som gjekk sørover. Det var fortvilande for den unge jenta, men så vart ho kjend med ein ung mann på båten som og var på veg heim til jul. Han heitte Tørres Opsanger, og Tørres tilbaud den villfarne sunnfjordjenta å vere med han heim. Og slik vart det, jenta var sjeleglad for tilbodet, og resten av livet vart ho verande i Sunnhordland. Som gardkjerringa til han Tørres på Opsanger.

onsdag 28. oktober 2009

PÅ REALSKULEN

I dag kjem det ein heil skulestil på bloggen. Den kan gje svar på noko av det eg ikkje hugsa den 31. august. Eg skriv han nett slik eg fann han i den gamle stileboka, med feil og med læreboknormalen før 59 (den nye hadde eg ikkje fanga opp då.)
...
Det første halvåret mitt på realskolen.
Så var det å taka til att på skolen. Denne gongen var det rettnok ein ny skole, realskolen. Det var litt spanande å taka til, berre eit par stykke kjende eg frå før. Men fyrste dagen kom eg då i snakk med nokre. Og det var det god tid til den dagen, for halve dagen gjekk før vi fekk nokon time.
Endeleg vart vi sende inn i eit klasserom. Så var vi ut, ein og ein og fekk bøker, og tilslutt kom lærarane inn og gav oss lekser. Så kunne vi reisa heim, ei oppleving rikare.
Dagen etter tok den verkelege skolen til. Vi vart høyrde i lekser for første gong på denne skolen, fekk så nye, og slik heldt det fram. Den første tida var det ei fæl skyting med gummistrikk og kasting av fly. Eg sat midt mellom verste skytarane, og det hende rett som det var at eg fekk noko i meg. Tilslutt vart eg med på skytinga, eg og. Kvar gong læraren snudde seg mot tavla, fauk papirkulene utover klassa. Læraren snudde seg, og rette sine strenge auge utover klassa. Då sat alle så snille som lam, og var det ein stakkar som var litt sein med å gøyma våpna, fekk han all kjeften.
Some tider bar det saman med friske slagsmål. Av og til vart ikkje slåstkjempene skilde før læraren kom. Stakkars svampen, han fauk gjennom klasseromet frå person til person, og det viste gråmerke på vegger og tavle der han hadde treft.
Men levenet i frikvartera stilna etter kvart, for det kom melding om at døra til klassen ville bli låst dersom det heldt fram.
Så kom tentamen. og det var ofte ein ferie. Når vi skulle ha prøve i munnlege fag, sat vi inne ein times tid, og var så fri resten av dagen, og når det var lesedag, var det godt råd å sova til middag, og endå ha rikeleg tid til å lesa.
Så endeleg kom juleferien.
...
Og lærar Olav K. Strand vurderte stilen til M-Tf.

lørdag 24. oktober 2009

RÅDHUSPLASSEN

Der er det dyrt å ta inn. Om du spelar monopol, meiner eg. Dersom eigaren har hotell der, kostar det deg 20 000 for eit besøk. Som sagt, det vart ein del monopolspeling ut gjennom livet, iallfall fram til gutane flytte heimanfrå. Mens eg studerte og budde i Lægdene med Dagfinn og Anders, kjøpte eg eit spel, og me fekk rikeleg med tidtrøyte om kveldane. Elles hadde det gått ein del på kortspeling, spesielt sprøyt. Anne kom inn i livet mitt for fullt på den tida, og ho tok gjerne del. Det same gjorde ho då bror Steinar, Olemann og eg flytte i leiligheit i Krybbesmuget utpå hausten i 1968. Me spelte monopol. Ein kveld, eit godt stykke ut i spelet, kom Steinar på Rådhusplassen der det stod eit raudt hotell og skein. "Tjue tusen, takk!" sa Anne. Og Steinar, som no hadde spelt seg retteleg varm, bladde høfleg opp og betalte. I farten gløymde han at det var han som åtte Rådhusplassen.

fredag 23. oktober 2009

MONOPOL

I natt vart det kåra ein norsk verdsmeister i monopol, ein nittenåring. Eg tenkjer i mitt stille sinn at eg burde ha stilt opp, og likar å tru at eg er den personen her i verda som har spelt mest monopol. Meisteren likar å satse på dei oransje gatene: Grensen, Gabels gate og Ringgata, og det er eg einig med han i. Men denne gongen hadde han flaks med dei blå gatene. Tidleg i femtiåra kom det eit monopolspel under juletreet til brørne mine og meg, frå bestemora, onkel Fritz og tante Karen i by'n. Me spelte og spelte, dag ut, dag inn, me drog naboungar og syskenborn med, og Jan Hovlandsdal vart så tend at han laga seg sitt eige monopolspel av papp, papir og trevyrke. Me utvida spelet og tøygde reglane: Når banken gjekk tom for kontantar, skreiv me ut verdipapir som me kunne veksle til oss mot pengehaugen me etter kvart sat med. Me kalla desse dokumenta - feilaktig - for sjekkar, eit papir me aldri hadde sett, berre høyrt om. Såleis fekk banken att kontantane sine og kunne gje oss to tusen kroner når me passerte Start. I tillegg til dei fislete sjansekorta som følgde med, der den største vinsten var 1500 kroner for "Motta renter av Deres obligasjoner", så laga me fleire med feitare premiar: "Du har vunne 10 000 i tipping" og liknande. Eit anna grep som me innførte, var å skrive opp skuld så me slapp selje unna husa og hotella til halv pris etter eit par ulukksalige besøk på Rådhusplassen. På dette viset kunne eit spel vare i dagevis. Me skreiv opp alle våre aktiva og passiva og rydda vekk brettet, alle husa og hotella og det andre som fløymde over stovebordet, og så kunne me rekonstruere spelestatusen neste dag og halde fram. Spelet vårt vart forresten svært slite etter kvart, spesielt pengane. Men då skreiv me til Damm og kjøpte nye pengar. Seinare, i studietida, kjøpte eg eit monopolspel, og me spelte og spelte. Så kom sønene våre til skjells år og alder. Då kom det nytt spel i heimen og med mange og harde rundar kring brettet. Jau, eit verdsmeiserskap burde eg ha vore med på.

mandag 19. oktober 2009

SKULEPOKER

Papen lærte oss faktisk å spele poker. Han bedyra at me ikkje måtte spele om pengar. men me kunne spele om til dømes fyrstikker, eller rett og slett berre spele utan å satse. På sløyden hadde me dei siste åra ein ambulerande lærar som hadde sløyd med oss i fjorten dagar kvart år. Han heitte Alfred Wang og var faktisk frå den kommunen me bur i no, utan at eg har høyrt nokon nemne han heromkring. Han var ein flink lærar og tolmodig og snill med oss. Eg er ikkje sikker på kva år det var, men det var nok eitt av dei to siste på Flekke skule. Me hadde sløyd, men i friminutta hende det seg at eg tok fram kortstokken og fekk nokon med meg på eit slag. Me spelte vel både poker (utan pengar, vil eg tru, for pengar var det smått om) og andre spel. Men ein dag fekk eg høyre av ein som gjekk i Dale på realskule at læraren der, Per Bakkebø, fekk fortalt av Wang at han hadde sett nokre skuleungar i Flekke som spelte kort, og "skal tru om det var poker dei spelte; dei delte iallfall ut fem kort." Då skratta Bakkebøen og sa at det skulle vore moro å slengje i Årøyen at ungane i Flekke spelte poker på skulen. Meir høyrde eg ikkje om den saka.

søndag 18. oktober 2009

SPAR ESS

Flekke var ei skikkeleg kortspelbygd og er det kanskje enno. Me lærte tidleg kunsten å halde gnavkorta, og ikkje mykje seinare fekk me smaken på vaksne kortstokkar og spelte raudskjegg, mattis, kasino, whist, amerikanar, gris, vriåttar og jamvel bridge. Papen likte å spele kort, og han avla tre søner slik at det vart eit bridgelag til slutt. Jamvel dottera spelte kort, men ikkje mamma vår, så vidt eg hugsar. Flekkegubbane samlast stundom i ungdomshuskjellaren til bridgeturneringar. Då hende det nok at me ungane gjekk og keik inn glasa og prøvde å følgje med. Ein av oss var Erik Sølvberg. Han såg handa til onkelen sin og ropte begeistra ut så alle i kjellaren høyrde: "Jamen sit ikkje onkel Odd med spar essen!"

torsdag 15. oktober 2009

AKSJEOKSEN

Hustveitfolket var ein talrik husstand i Flekke, og dei skjøtta viktige funksjonar i bygda. Dei ekspederte dampen (=rutebåten), rutebussane og posten. Og i floren deira stod avlsoksen i bygda, også kalla aksjeoksen. Når grannane kom med ei forventningsfull ku, laut Audun eller Torkjell i floren og hente aksjeoksen, som meir enn gjerne utførte plikene sine. På Flekke skule hadde me faget teikning. Og lærar Sigurd Årøy let oss stor sett teikne det me ville. Me gutane henta motiv frå dei viktige sakene, til dømes teikna me skihopparar og skeiseløparar om vinteren, og me teikna bilar og båtar. Mange båtar. Rett overfor skulehuset, på hi sida av fjorden, kom dampen baksande inn til kaia. Han gjenskapte me meir enn ein gong i kunstnarleg form. Ein dag teikna Knut Hustveit aksjeoksen i verksemd med ei ku. Det var ikkje noka teikning som ruva i teikneboka, det var kanskje ei rute på ei fjerdedels side. Var det noko motiv Knut'n kjende ut og inn, så var det dette. Knut var ein middels bra teiknar, hugsar eg ikkje feil, og kunstverket var ikkje til å ta feil av. Då Årøyen kom nedom og såg det, vart det underleg stille. For læraren var dette eit frykteleg dilemma. Ikkje kunne han irettesetje Knut'n, for då laut han seie noko om teikninga og setje ord på det at slikt noko ikkje måtte portretterast, og det vart for vanskeleg for han. Men han kunne heller ikkje late saka glide upåakta hen. Så han tok teikneboka med seg utan eit ord, sette seg bak kateteret, tok fram eit viskelêr og begynte å viske. Han viska og viska, og Knut'n skjønte ingen ting, der han sat og ikkje fekk teikne. Men då teikneboka kom tilbake til eigarmannen, var den halvpornografiske teikninga fjerna og og moralen i klassen gjenoppretta.

onsdag 14. oktober 2009

BURSDAGEN TIL MAMMA

Det kunne vore nittitreårsdagen til mamma i dag viss ho hadde levd. Det har vore ein aldeles strålande haustdag. Eg begynte dagen etter frukost med å dra garn, og der var både fisk og skaldyr. Middag og kvelds i dag og middag i morgon. Så har eg måla litt kringom nokre glasruter. Tid til ein spasertur vart det og. Eg har skulefri om måndagar og onsdagar i år, førti prosent pensjonist som eg er. Vel, det hender eg må rykkje ut til eitt og anna møte dei dagane, men i dag slapp eg. Eg trur mamma sine bursdagar stort sett gjekk stille forbi i gamle dagar. Eg prøver å hugse om ho feira førti- og femtiårsdagane, men det einaste eg kjem i hug, er at eg kjøpte ein haug med tulipanløkar og tok med heim til henne då ho var femti. Derimot slo me stort på det då ho var sytti. Papen var nok hovudhjernen bak dette. Heile slekta var samla på Hauglandssenteret. Då ho var åtti, var me i Dale og feira på gjestgjeveriet med saueribbe - pinnekjøt, som fleire og fleire seier no. Og på nittiårsdagen var me i ungdomshuskjellaren i Flekke til kaffi og kaker. Fjortande oktober er ein merkedag på ein heilt annan måte og. Då snudde dei primstaven og begynte på vinterhalvåret. Og vert det slik som mange gamle sa, at vêret denne dagen skulle likne på vintervêret, kan me sjå vinteren lyst i møte.

tirsdag 13. oktober 2009

SALMEBOK MED GUMMIBAND

Me er på Flekke skule att, for godt og vel femti år sidan. Skulen var tredelt, så sjette og sjuande årssteget var samla i ein klasse. Eg gjekk nok i sjuande og Knut David Hustveit i sjette då dette hende. Knut'n hadde ei velbrukt og sliten Nynorsk Salmebok til skulebruk. Boka kløyvde seg opp i fleire hefte. Men Knut David visste råd: Eit gummiband av den brune små, avlangt elliptiske typen. Han vikla det kring salmeboka så ho skulle hange i hop. Boka var like god, ho, alle salmane fanst, det var berre å hekte gummibandet av og bla varsamt i veg. Eit gummiband kunne brukast til meir enn å halde salmeboka i hop, hadde Knut funne ut. Ein dag tok han og strekte ut gummibandet på linjalen, sikta på Anny Vassliås og fyrte av. Salva trefte som ho skulle, Anny skvatt på pulten sin, tok seg til ansiktet, plukka opp gummibandet og avslørte syndaren med ein gong. Men gummibandet ville ho ikkje gje ifrå seg. Kva skulle Knut David då gjere med salmeboka? Han måtte ha att gummibandet. Då var det godt å ha meg som alliert. Så når me to samla kreftene, måtte Anny gje seg og levere frå seg gummibandet til den rettmessige eigaren, og salmeboka vart på ny samla til ei bok.

mandag 12. oktober 2009

SOPP, SOPP, SOPP

Endeleg er det sopptid. I haust har me stort sett vorte avskremde frå soppturar av styggevêr og væte. Me har hatt nokre få, små ekspedisjonar, men det har ikkje kome så mykje i korga. Ikkje før i går. Då plukka me forresten i eit par plastposar som me hadde med oss i tilfelle av tilfelle. Me rekna ikkje med nokon særleg fangst. Men me enda med å kome heim med ein bra haug, mest piggsopp og traktekantarell. Soppen vart forvella og frosen. I dag gjekk me i det strålande solskinet med klare intensjonar om å sanke traktekantarell. Me gjekk ikkje fånyttes. Me kom heim med to stappfulle korger. Soppen vart reinska og spreidd utover badegolvet, og der skal han få turke seg godt inn. Deretter hamnar han på glas fram til han vert brukt i supper, stuingar, omelettar og gryteretter. Anne og eg begynte i det små og orientere oss om soppar og matauk mens me budde på Husnes for om lag tretti år sidan. Den gongen fekk me ha marka for oss sjølve, stort sett. Det var ein og annan kantarellplukkaren, men folk flest såg rart på oss når dei trefte oss. Etter kvart har fleire og fleire kasta seg ut i denne risikosporten. Forresten trur eg det var fleire for nokre år sidan. Og sant å seie var me flittigare før, me og. Men så er ikkje hushaldet vårt så stort lenger. Heime i Flekke fekk me ikkje opplæring i dette. "Uff, titte då meg," sa onkel Anders ein gong då han såg at me hadde plukka sopp. Men bestemora vår på Ilkjen hadde kunnskap om sopp. Eg veit ikkje kvifor ho ikkje formidla det vidare til borna sine. Kan bestefaren ha sett seg imot? Men genane til bestemora har nok vandra vidare, så både eg og syskena mine (iallfall brørne, systa veit eg beint fram ikkje) har utvikla seg til ivrige sopplukkarar.

søndag 11. oktober 2009

HAUST I PRAHA

Haustferien var lang og god i år. Me har ei veke ordinær haustferie, og eg som er så gammal, får ei ekstra veke i året. Så den tok eg ut i veka før haustferien. Då reiste Anne og eg til Praha og var der ei veke. Etter det var me eit par dagar i Bekkjarvik, og til sist nokre få dagar heime. Eg kunne nok ha skrive blogg i Praha, men då hadde eg måtta skrive utan æ, ø og å. Det ser litt toskje ut. Praha er ein flott by, full av historie og midt i blinken for ein historielærar. For vel fem hundre år sidan var han hovudstad i det tysk-romerske keisarriket og større enn London og Paris. Byen var åstad for utbrotet av trettiårskrigen i 1618, då keisarlege ordonnansar vart kasta ut vindauget i Praha-borga. I 1948, ved kommunistkuppet, vart utanriksminister Masaryk funnen død utanfor kontorvindauget sitt i same delen av byen. Mord ellr sjølvmord? Nei, eg kan ikkje ta alt om tsjekkisk historie her. Du får ta deg eiun tur sjølv, om du ikkje har vore der. I desse dagar ventar EU spent på at Václav Klaus skal skrive under på Lisboaavtalen, også omtalt som den nye grunnlova i EU.

søndag 27. september 2009

VONDT SAMVIT

Det har eg saktens hatt stundom, men sjeldan så gale som ein gong for godt over femti år sidan. Eg var kanskje ti år eller vel så det. Bror Steinar, som er ein av dei mest moralsk høgverdige menneske eg kjenner, fann på litt av kvart i dei dagar. Ein dag lokka han meg på tur inn i Stavsdalen, det var noko han ville vise meg. Så drog han fram ein halvfull tipakning med sigarettar som han hadde fått tak i. Fyrstikker hadde han og. Eg visste godt at røyking var både ulovleg og fårleg, men lét meg freiste til å prøve. Korleis eg tykte det smakte den gongen, kan eg ikkje hugse. Men me fekk no knekt eit par sigarettar kvar. Etterpå kom samvitet over meg, eg vart nesten på gråten då eg tenkte på kva eg hadde gjort. Eg lurte på om eg skulle lette hugen min med å fortelje mamma at eg hadde røykt, men slo det ifrå meg. Tida lækjer ein del sår. Etter kvart som dagane og vekene leid, vart det lettare å leve med skamma. Men det gjekk nokre år før eg prøvde røyking på nytt, og då vart ikkje samvitsgnaget så sterkt. Seinare i livet har eg begått ein del fest- og ferierøyking i ny og ne, men det siste året har det ikkje vore såpass eingong.

lørdag 26. september 2009

Å VERTE RIK I EIN FART

Den draumen vart tend i mange då Norsk Tipping sette i gong med fotballtipping i 1948. Så langt tilbake hugsar eg ikkje noko om tippinga. Men midt på femtitalet var det fleire i Flekke som delte draumen om snarleg velstand. Papen heiv seg med og sende inn nokre rekkjer i ny og ne. Tjuefem øre rekkja kosta det, og på ein kupong var det plass til åtte rekkjer, trur eg. Og eg meiner å hugse at førstepremien kunne ryke opp i hundre tusen. Ein dag fylte papen ut ei rekkje med berre einarar. I eksperttipset i Bergens Arbeierblad hadde dei foreslått elleve einarar, så han slengde like godt på den tolvte og. Laurdags kvelden, etter barnetimen og på slutten av nyheitene som kom klokka sju i radioen, kom tipperesultatet. Steinar og eg kappsprang i floren og forkynte jublande at papen hadde vunne tolv rette. "Kva for ei rekkje var det på?" spurde papen, og me opplyste at det var den med berre einarar. "Då verte da ikkje rare premien," sa papen. Men han drøymde nok om ei viss betring i privatøkonomien, og eit par tusenlappar kunne det verte. Store pengar, det og, sjølv om det langt frå vart nokon toppremie. Skal tru kva mamma og papen drøste om etter at dei var lagde. Etter kunngjeringa i floren heiv eg meg på sykkelen og ville dele nyhendet med Jan Hovlandsdal. Eg var knapt innom døra komen før Jan ropte ut: "Bakar-Odd'n har vunne tolv rette!" Eg repliserte med at det hadde papen og. Neste dag, då dampen kom og alle flekkingane oppdatert seg på alt nytt i bygda, kom det for ein dag at det var fleire i Flekke som hadde tippa tolvaren. Og papen innsåg, nøktern som han var, at det knapt vart mange hundrelappar i premie. Måndags kvelden hadde dei talt opp alle kupongane og rekna ut premien: Tjuefem kroner for tolv rette! Så var alt med det gamle att.

onsdag 23. september 2009

EKKEL BRUS

Det var ikkje for mange jamaldringar i grannelaget vårt i "sjølve" Flekke. Etter at Jan Hovlandsdal kom til bygda, var eg av og til med han, ja, i nokre periodar var me mykje i lag. Jan var tre år eldre enn meg. Knut David var eitt år yngre og den guten som var tettast opp til meg i alder. Faktisk var me ikkje så mykje i lag før me kom opp i storskulen eit stykke. Då var eg meir med Hildur Leirpoll, som var eit år eldre. Og så hadde eg brør, men dei hadde som regel sine. Steinar og eg var nok ein del i lag, iallfall når Steinar fann på fantestykke. Brus var ikkje kvardagsdrykk for oss. Det vart som regel råd med ei flaske jonsokafta, og med hol i korken gjekk me og smatta på brusflaskene våre til det mot slutten var att berre eit tjukt lag med kjekssmular på botnen av flaska. Appelsinbrus var populært, gul og fin farge og ein pen etikett med ei avskoren appelsin. Ein vakker dag fann Steinar og eg ei tom appelsinbrusflaske på stabburet, pissa på henne og kunne konstatere at produktet vart slåande likt originalvara. Glinsande gult, og med litt skum på toppen. Om Hildur kom oppom, eller om me henta henne, hugsar eg ikkje. Men brått var ho der, og me kunne stolt fortelje at me hadde appelsinbrus, og at ho godt kunne få smake. Ho sette med glede flaska til munnen, men vart djupt vonbroten då ho kjende smaken.

søndag 20. september 2009

EIN AV DESSE ROLEGE DAGANE

Her er fint lite å skrive om. Og eg har hatt skrivesperre i nokre dagar når det gjeld bloggen. Det er ingen god grunn til det. I dag har Anne og eg rusla ein tur i Handelandsdalen med kvar si korg. Det regna då me stod opp, det regna då me var vel heimkomne, men sola skein og alt var vakkert mens me gjekk tur. Korgene våre var like tomme då me kom heim, bortsett frå to hatleneter. Sopp fann me ikkje. Det er svært sjeldan at me har sett så lite etande sopp. På vegen heim var me på epleslang. Nei, det var avtalt og heilt lovleg. Me plukka ei øskje full med filippaeple og ei bytte med ein sort sure eple som skal vere gode til mos og sylte. Iallfall dei to yngste gutane har nok lagt særskilt merke til datoen i dag. Hunden vår, Bobbi, feira alltid bursdag på denne datoen. Me visste ikkje nøyaktig kva dag ho var fødd, men me fastsette datoen, som i det minste er temmelg nær den rette. No er det 27 år sidan, og ho har vore daud i over tolv av dei åra. Men me har ikkje gløymt henne. Og den vegen me gjekk i dag, gjekk ho tur mange, mange gonger.

mandag 14. september 2009

VALVAKE

Anne og eg gjekk i strålande haustvêr til Valen skule i dag og røysta for den raudgrøne regjeringa. Det kan godt hende me vert sitjande ei stund i kveld, men eg tvilar på at det vert så seint som i gamle dagar. Første valvaka eg kan hugse, var i 1963, då kommunevalet var så seint som den 23. september. Det hadde vore ein høgdramatisk sommar og haust i norsk politikk. I august laut Gerhardsen gå, og om lag fire veker etterpå kom han att. Arbeidarpartiet prøvde å gjere kommunevalet til ei meiningsmåling for eller mot AP-regjering. Dette lukkast dei nok med til ei viss grad. Arbeidarpartiet gjorde eit skikkeleg godt val. Eg var heime frå Firda Gymnas på haustferie. Godt utrusta med eple frå hagen vår og kaffi frå kjøkkenet sat eg og høyrde radio til langt på natt. Som medlem i AUF-laget på Sandane likte eg det eg høyrde. Men magen min mislikte mengda av eple og kaffi og slo seg skikkeleg vrang utpå morgonsida. For nokså nøyaktig førti år sidan (pluss seks dagar) skulle domen fellast over Borten-regjeringa. Første delen av kvelden var eg ute hos bror Steinar og høyrde på resultat. Då eg utpå kvelden var på veg heim til studentbyen på Fantoft, var Trygve Bratteli nær ved å late seg hylle som ny statsminister. Heime på Fantoft sat Anne og Rune (me visste ikkje då at den femten dagar gamle guten vår skulle heite Rune) og lytta spent. Gutlarven burde ha vore i seng for lenge sidan, men dette var for spennande for han. Anne la seg etter ei lita stund, men Rune og eg sat og følgde med. Me måtte etter kvart erkjenne at SF miste dei to representantane dei hadde hatt i Oslo og Nordland. Finn Gustavsen måtte ut or Tinget! Dermed vart det framleis borgarleg fleirtal, så knapt som mogeleg. Eg blanda meg ei stor krus appelsinsaft og trøysta meg med. Og han som sat i armkroken min rette truten sin mot krusa og smatta. Så han fekk smake, og drakk med god apetitt av krus. Femten dagar gammal. Men Borten heldt fram som statsminister i eitt og eit halvt år til.

søndag 13. september 2009

13. SEPTEMBER

Den datoen seier meg lite og ingen ting, bortsett frå at det er dagen idag. Yngsteguten Tore var heime i helga. Me snakka om bloggen, og han meinte at eg godt kunne skrive litt om "No", ikkje berre "Då". Så eg kunne skrive om kva eg hadde gjort i dag, sa han. Vel, vel. Endeleg fekk me ein solblank dag etter mykje regn og gråvêr dei siste vekene. Eg har vore godt forkjøla eit par dagar, kjende meg tett og tung då eg kom frå jobb fredag, og i går hosta og grylte eg, var ikkje i toppform, "berre halvannan mann", som kollega og ven Arild ville seie. Anne var livredd for og halvsikker på at eg hadde fått svineinfluensa, noko eg kjende meg skråsikker på ikkje var rett diagnose. Eg tok to paracet og eit par supar hostesaft før eg la meg - på einerom - og sovna godt, sveitta dugeleg i natt og vakna i rimeleg bra form. Me skulle eigentleg ha gått til skogs i godvêret og sett etter tytebær og sopp. Men me vart ved heimen. Eg plukka halvannan liter bjørnebær i krattet nedanfor eigedommen vår, som eg sukra og fraus. Etter middag - herleg omnssteikt panne med kyllinglår og ymse grønsaker - unnte me oss ei god middagskvild. Og då Tore drog og skulle heim til seg sjølv om ettermiddagen, sat me på bort i Porsvika til Kari og Helge, som hadde bedt oss på kaffi. No er me heime, Anne ser på fotball på fjernsynet, ute er det ein skarlagensraud kveldshimmel i vest, og eg sit og skriv.

torsdag 10. september 2009

ØRKENENS SKIB FORLET OASEN

Eg tykte ikkje nett at Bjerkebakken til herr og fru Noven var nokon oase. Eg vart nok ofte lei alle dei gjeremåla som følgde med. Men det kom nokre kroner av det. Stundom stakk dei til meg nokre få kroner inntulla i papir, som løn for strev. Pengane kom vel med, ein ung mann hadde sine utlegg, anten det var blad og bøker eller snop. Noven vart som før fortalt, senil og smårar. Ein vakker dag hjelpte eg og fleire med meg han ut i ein bil som sende han til sjukehuset på Tronvik. Jenny budde heime nokre år åleine før ho hamna på gamleheimen i Dale. Eg vil tru at broren Christian sytte for begge omflyttingane. Eg prøvde ein gong å seie opp jobben min, men då vart fru Noven så fortvila at eg slo det frå meg. Men då eg skulle til Sandane for å gå på gymnas, var det ingen veg utanom, og ho skjønte at eg laut velje henne vekk for å få meg ein akademisk karriere. Håkon Hellevik tok over for meg. Gustav Noven bar me til grava i 1963. Jenny var ikkje i gravferda. Sjølv døydde ho i 1968, nærmare 90 år. Ein del flekkingar var i gravferda, og somme av dei kunne fortelje at dei aldri hadde sett henne... Og Bjerkebakken med hus og hage stod tomt i årevis, heilt til testamentet etter Christian Bekker vart fullbyrda.

onsdag 9. september 2009

INNE I LÅSEN

På slutten av tida i Bjerkebakken var Gustav Noven nokså redusert, for å seie det mildt. Han vart senil, tullete og knapt god til å gå. Alzheimer, kanskje? Eg, som kom med mjølk, fekk stadig nye oppgåver. Eg gjekk ærend og handla, og vinterstid saga eg og bar inn ved, brøytte snø og bar inn vatn når springen var tom. Det var ei kjelde som ikkje fraus, rett utanfor tomta deira. I kjellaren var det mykje som interesserte meg. Stort sett heldt eg nok fingrane vekke frå snikkarmaskinane. Men sylinderlåsen fekk ikkje vere i fred. Herr og fru Noven var sikkert redde for tjuvpakk og hadde skaffa seg dobbel lås på kjellardøra. Sikkert på dei andre dørene og. I kjellardøra var det ein vanleg gammaldags lås, men i tillegg påmontert ein moderne sylinderlås. Korleis fungerte den, skal tru? Lykelen var jo full av hakk i ulik djupne. Hugs at dette var om lag femti år sidan! Eg var ikkje van med sylinderlåsar og slike lyklar. Så eg skrudde sund låsen og granska han. Der kom forlåte meg sylindrane dettande ut! Sylindrar i ulik lengd. Eg prøvde etter fattige evner å skru det heile i hop att. Men då verka ikkje lykelen lenger. Eg prøvde å sortere sylindrane endå ein gong. Ikkje tale om at eg fekk det til! Eg fortalde Jenny at låsen ikkje verka lenger, eg fekk ikkje lykelen rundt. Bakgrunnen for den dysfunksjonelle låsen nemnde eg ikkje. "Men får du ikke døren igjen slik at rotter op mus holdes ute? Jau, døra er i orden den, og ho kan låsast med den gamle låsen, kunne eg trøyste henne med. Det enda med at eg tok på meg å kjøpe ein ny lås og setje på. Det eg fekk tak i, vart ei innretning med hengjelås, som eg monterte på utsida. Fru Noven var vel aldri ned og sjekka, og om så hadde vore, ville ho sikkert ha godteke løysinga. Men enno den dag i dag veit eg korleis ein sylinderlås er konstruert.

tirsdag 8. september 2009

ØRKENENS SKIB

Ut gjennom femtiåra og fram til eg begynte på gymnaset i 1961 hadde eg min daglege spasertur med eit halvfullt mjølkespann opp til Novahuset og heim att med eit tomt. Jenny og Gustav Noven var venlege sjeler og stort sett greie arbeidsgjevarar. Jenny var faktisk seksten år eldre enn mannen sin. Ho var fødd i 1879, mens Gustav var fødd i 1895. Jenny Noven var folkesky og var aldri å sjå utanfor hagen sin. Ho var aldri ned til Flekke, mens Noven - så lenge han var frisk nok - hadde sine daglege turar med ryggsekken sin. Bror til Jenny var den ikkje ukjende Christian Bekker. Han var ofte på vitjing hos systera si og svogeren. Bekker hadde talegåver og fantasi, og han elska ein sofistikert prat. Han såg tydelege samanhengar mellom ein oase i ørkenen og Bjerkebakken - heimen til herr og fru Noven der oppe i Finnbakkane. Og der kom eg voggande med mjølk til gards, nett som dromedaren som kryssar ørkenen med verdfulle forsyningar til dei som bur i oasen. Dermed døypte han meg for "Ørkenens skib".

mandag 7. september 2009

STORE OG LILLE MELKEVEI

I 1952 flytte Jenny og Gustav Noven til Flekke. Dei bygde seg hus under bøgarden øvst i Finnbakkane, kort veg og lett synleg frå tunet heime. Så det fall naturleg å avtale med mamma og papen om dagleg mjølkeleveranse frå oss. Her var det dessutan tre lettføtte gutar som kunne frakte mjølka til tuns. Det var vel snakk om ein eller halvannan liter dagleg. Me slapp gjere det gratis. Anten det no var lagt inn i avtalen eller det kom av godvilje frå Noven si side, veit eg ikkje. Men med det månadlege oppgjeret stod det blått på kvitt med skjelvande gubbehand og rettskriving frå 1907: "Gutterne kroner 5." Det kan vel hende at dei eldre brørne mine dominerte i jobbsamanhengen den første tida, her som elles. Men etter kvart trekte dei seg ut av denne lukrative forretningsdrifta, og eg vart ståande att med heile ansvaret. Så då måtte eg gå kvar bidige dag med eit dinglande mjølkespann inn i Vegeskiftet (den vegen finst ikkje lenger), opp stien langs Finnbakkane og inn grinda til Noven, byte spannet med eit tomt spann som stod på trappa, og så heim att. Men ved kvart månadsskife kom løna i form av ein blå papirfemkroning. Og pengane kom vel med. Ein mjølketransport i mykje større målestokk gjekk gjennom Finn-tunet, over Finn-brua og til mjølkebukken som papen, garakarane og Finn i fellesskap hadde sett opp attmed riksvegen. Etter at meieriet i Bygstad kom, og dei leverte fersk mjølk istadenfor å kinne smør, var det her at mjølkebilen plukka opp dei store aluminiumsspanna til første etappe på den lange transporten til Bygstad. Erik Sølvberg og Steinarbroren gjekk ein vakker dag i gong med å innføre gatenamn i Flekke. Då vart vegen inn til mjølkebukken døypt for Store Melkeveien og traseen opp til Noven fekk namnet Lille Melkeveien. Men namna fekk nok ikkje gjennomslag verken i Statens kartverk eller på folkemunne.

torsdag 3. september 2009

THE TIMES, THEY ARE A-CHANGIN' - OGSÅ I SJØEN

No etter at eg vart førti prosent pensjonist, kan eg stundom tillate meg å setje og dra garn midt i veka. I dag tidleg var eg ute på ein blikkstille fjord og drog eit garn rett bortanfor berget vårt. Det vart ein fiskemiddag og ein krabbekvelds til oss to. Faktisk laut eg plukke ut fem krabbar or garnet, men dei fleste var nokså tomme, dessverre. Men me fekk rikeleg mat til ein velsmakande kvelds. No i sommar har me hatt ein del slike måltid. Me har fått ein del krabbar, men dei har vore skrøpelegare enn det me har vore vane med her ved Høylandsundet. Ikkje veit eg kva som er grunnen.
Men den største skilnaden på garnfisket mitt no og før er det med kråkebollane. For nokre år sidan var det kviafullt å dra garn, for dei var smikkfulle med kråkebollar. I sommar har eg ikkje sett ein einaste kråkebolle. Ikkje ein! Då det florerte med desse ekle, piggete beista, sa folk at det kom av overbeskatning av steinbit. Steinbiten var så glad i kråkebollar og var den einaste fienden dei hadde, meinte somme. Men steinbiten kan iallfall ikkje ta skulda for at kråkebollane er vekke; då skulle ein tru at det gjekk steinbit i garnet stundom. Nei, eg har ikkje sett ein einaste steinbit i år. Og ikkje kråkebollar heller, som sagt. Kråkebollerogn er forresten ein delikatesse lenger sør i verda. Den tid dei fylte opp stranda her, prøvesmakte eg denne delikatessen. Kakka toppen av eit par store eksemplar og slurpa i meg rogna. Det smakte ikkje så verst, men eg nøgde meg med eit par smaksprøver.

tirsdag 1. september 2009

THE TIMES THEY ARE A-CHANGIN'

Bob Dylan har rett. Og folk på min alder seier alt for ofte at det meste var betre i gamle, gode dagar. Det var det ikkje. Somt var, men bevaremegvel! For 70 år sidan i dag gjekk Tyskland til åtak på Polen og innleidde det verste barbariet Europa har sett.
Men det var noko heilt anna eg tenkte å nemne. Me hadde skuleval på Kvinnherad vidaregåande skule i dag. Frp fekk over 40 % av røystene. Resten vart nokolunde jamt fordelt på dei seks andre stortingspartia, Raudt og Miljøpartiet. Enkelte brukar utfallet som teikn på at framtida høyrer Frp til. Monn det. På Firda Gymnas i 1961 hadde me faktisk òg skuleval, noko som forresten var uvanleg på den tida. Venstre var den soleklare vinnaren. Kommentarane gjekk då på at dette var eit frampeik om framtidig styrkeforhold i politikken. Femten år etterpå var Venstre nesten utradert som parti. I 1973 hadde me skuleval for dei om lag hundre elevane på det som då heitte Kvinnherad gymnas. SV og Raud valallianse fekk over femti prosent! Dei raudaste elevane rekna med at revolusjonen var like om hjørnet. Tidleg på åttitalet storma Høgre fram som det desidert største partiet på Kvinnherad vidaregåande skule, med Frp på slep som eitt av dei største etter Høgre. Men i 1985 var det SV som segla opp som den store valvinnaren på skulen vår. Slik har det svinga, og eg trur me skal vere varsame med å spå om framtida. Tidene skifter, men kva veg dei vender, er uråd å spå. Iallfall for meg.

mandag 31. august 2009

REALSKULEELEV - ELLER?

Nytt femtiårsminne: Første dagen på realskulen. Allereie dagen etter konfirmasjonen var me på plass i Dale for å ta det obligatoriske åttande skuleåret, som det første kullet i Fjaler. Me vart eit historisk forsøksobjekt, og ingen veit om me tok mein av det. Større vart nok overgangen for alle dei ungane som denne hausten kom frå nedlagde småskular og vart frakta i bussar til ein større skule i ei anna grend. Bjordal og Espedal skular vart stengde, og ungane kom til Flekke. I barneskulen fekk dei fleire skuledagar og nye fag, til dømes engelsk.

Me som begynte i Dale på Fjaler linedelte ungdomsskule, fekk velje mellom gymnasførebuande linje og yrkesførebuande linje med eller utan engelsk. Eg hamna i 8G, som altså var gymnasførebuande. Men yrkeslinja med engelsk var visstnok identisk med vår linje, så kvifor dei hadde ulike namn, kan ein undrast på.

Me vart ein diger klasse som lenger ut i skuleåret este opp til nokre og tretti, kanskje trettitre, om eg hugsar rett. Klasserommet vårt var det store kjellarrommet med eigen inngang i hjørnet på huset, det første hjørnet du kjem til. I klassen min kom Riborg Løseth og eg som dei einaste flekkingane. Men eg hadde vorte kjend med ein del av dei andre då me ”gjekk for presten”. I klassen gjekk det og ein del elevar frå andre kantar av kongeriket: Oslo, Bergen, Trondheim, Ålesund, Florø, Haugesund, Breim og Bremanger, ja kanskje endå fleire. Formelt sett gjekk dei på realskulen til Oddleiv Fagerheim og budde på internatet på Vevang. Dette var ei samrøre som eg aldri heilt har skjønt. Eg trur forlåte meg at klassen vart omdøypt etter ei tid til 1 Real eller noko slikt. Iallfall køyrde me med tradisjonell realskuleplan. Derfor snakkar eg helst om at eg gjekk på realskulen dei to åra eg var der.

Men dagen for femti år sidan? Eg må med skam bekjenne at eg hugsar endå mindre av nett denne dagen enn av konfirmasjonsdagen.

søndag 30. august 2009

KONFIRMASJON

I dag kan eg feire ein rund dag for ei hending som går for å vere stor. Det er femti år sidan eg vart konfirmert i Dale kyrkje i lag med førtitre andre unge håpefulle fjalerbuar. Det var ein stor flokk. Om førebuinga til dette har eg skrive om i vår. No var det alvor.
Men så er det slik at eg hugsar fint lite av denne dagen. Berre nokre få, små glimt. Onkel Arne sa til meg at "no e du gått inn i di voksnes rekker, Reidar!" Det tykte eg nok høyrdest rart ut.
Eg fekk presangar så det foreslo: Kniv og gaffel i sølv av Gerd og Arne, klokke med dato hos Karen og Fritz, slipsnål hos Aud og Trygve, ein flott, tjukk sølvring med bokstaven R hos Steinar, og ikkje minst: Cappelens eittbinds leksikon hos broder Arne. Dei fleste gjenstandane har eg enno, men ikkje klokka. Og sølvringen er dessverre forsvunnen òg. Han miste eg forresten inne i dalen ein vinterdag då papen og eg var inne og henta ved. Men som ved eit mirakel fann papen han att dagen etter, endå det var vinter og snø! Eg fekk kanskje meir, til dømes pengar som hamna på bankbok utan at eg hugsar det.
Utpå kvelden var me og smakte på blåplommene, som var åt og mognast. Og då kvelden var omme, drog bror Arne av garde til Trondheim for å studere. Han hadde utsett reisa litt sidan likkjebroren skulle konfirmerast. Men før eg sluttar av denne bloggen, vil eg leggje til at gåva han kom med, vart svært flittig brukt og høgt verdsett i mange år. I studietida då eg budde på Lægdene med mellom andre Anders Bjørkelo, brukte eg boka som sanningsvitne når me kom opp i krangel om kalde fakta. Anders tykte det var ein ufin måte å bryte diskusjonane på, og truga med å brenne opp "denna helvetes Cappelens". Eg har boka enno, ho ligg nede i kjellaren og er frykteleg fillete, men eg har ikkje hjarte til å hive henne.

onsdag 26. august 2009

KORTREIST MAT

Det har me hatt ein del av i sommar. I dag vart det ein torsk og ein krabbe i garnet. I minste laget, spesielt krabben, som dessverre var temmeleg tom. Og skulle me hatt vanleg kokt torsk, hadde måltidet vorte knøte. Så det vart fiskegryte med ymse godt oppi. Og kva med kveldsmat når det var ein vasskrabbe? Me rusla til skogs og såg etter mat der. Heilt snaue var me ikkje då me kom heim, men fangsten var mager denne gongen og. Litt sopp vart det, og nokre tytebær. Men soppen vart til omelett, som i lag med kvar si halv skive med krabbekjøt utgjorde kveldsen. Så skal det nemnast at eg plukka halvannan liter bjørnebær i kratta rett nedanfor eigedommen vår. Mesteparten hamna i frysen.
Men me har hatt mange gode måltid frå sjøen i sommar, både fisk, krabbe og blåskjel. Som oftast har me ikkje gått lenger enn rett ned i stranda etter blåskjela. Dessutan har me nesten forete oss på plommer og fise deretter. Ein del plommer står konserverte i kjellaren i lag med ei rad flasker med solbærsaft. I frysen ligg det ein god slump jordbær, bringebær, bjørnebær, sukra rips, moreller og blåbær. Og så er det ein plante som heiter squash som me har hatt stort hell med i år, og fortært i ymse variantar.
Enno heng det nokre ripsbær på buskane, men elles er det nok slutt på plommene og dei andre fruktene i hagen. Nei, ikkje heilt: Det heng tre blodraude eple på den nye apalen og ventar på å bli etne. Det er heile avlinga han byr på i år, men fleire skal det nok verte i åra som kjem.

mandag 24. august 2009

STOR, STOR DAG

Denne dagen for nøyaktig førti år sidan var ein fin solskinssundag, ein klar, blank seinsommardag. Han vart av dei aller største me har hatt. Iallfall når me ser tilbake og tenkjer på kva som kom ut av dagen.

Utpå natta vakna Anne av uroleg mage og trudde det var beigen, som strilane seier, eller magesykje. Det var ikkje spesielt vondt, men etter kvart skjønte ho at det var noko anna på gang enn beigen. Men slikt som dette hadde ho ikkje vore borti før. Ho hadde fått instruks om å rekne på rier og intervall mellom riene før det var snakk om å leggje seg inn på kvinneklinikken. Føremiddagen gjekk utan at ho fekk nokon klar mistanke om at fødselen var alarmerande nær. Fødselsrier skulle smerte meir enn dette.

Så tok me affære, eg gjekk og fann tak i ein telefon og ringde kvinneklinikken. Dei drog på det: kor lang tid var det mellom riene? Det visste ikkje eg så nøye, og Anne hadde knapt hatt noko svar om hadde vore med meg i telefonboksen. Så eg skar igjennom med ei halv skrøne og sa at det var så smertefullt at ho måtte få kome inn no. OK, sa dei med tvil i røysta.

Så ringde eg etter drosje i same slengen, og få minuttar etterpå var me i farten. Klokka 15.30 kom me inn døra på klinikken, og dei plasserte meg på venterommet med beskjed om å vente litt, så skulle eg få kleda hennar med meg heim. Etter ei lita stund kom det ei dame og sa at fødselen var i gang. Kleda, som eg skulle vente på, kom ikkje. I halv fem-tida kom det ei dame og fortalde at ”no er det hele over, du kan komme inn og hilse på di!” Bevares! Der låg Anne, matt og blid, og borte i ei lita seng låg ein eldraud skapning og roa han ned. 3370 gram og 50 cm. Klokka ti på fire var han klokka ut, tjue minutt etter at me hadde kome på plass, men nær tre veker før skjemaet.

Men så vart han ein habil sprinter. Gratulerer med førtiårsdagen, Rune!

søndag 23. august 2009

LUKKELEG ETABLERTE

For nøyaktig førti år sidan i dag hadde me fått orden på den første heimen vår. Nygifte og optimistiske hadde me denne veka flytta inn på studentbyen Fantoft i Bergen. Dubletten, som det vart kalla, inneheldt eit soverom, ei stove og kjøkken med ein kvart skiljevegg imellom, gong og bad. Husværet var nesten nytt, det følgde med trekvite møblar og sengety. Me tykte me hadde fått det uvanleg flott. Denne laurdagen, då me hadde handla inn til helga og alt var på plass, tok Anne med den digre magen sin fram vaskebøtta, løvangen og tvòga og for over golvet eit tak. Etterpå laga me oss ein god kvelds og sette oss ned i den nye stova vår. Me hadde duk og levande lys på bordet. No var tanken at me skulle kose oss toeine nokre dagar, før førelesingane mine begynte og det sparkande mageinnhaldet til Anne skulle kome litt ut i september. Slik tenkte me.

lørdag 22. august 2009

HEIMLENGT

Så var eg i gang på den skulen eg sjølv hadde valt på den linja eg sjølv hadde plukka ut. Fjorten mil heimanfrå, seksten år og lite reisevan. Første laurdagen etter endt skuledag og på plass på hybelen i Bukta , gjekk det opp for meg at eg hadde ei lang helg framfor meg. Kva skulle eg gjere no? På rommet ved sida av budde Arthur, ein gut frå Førde som gjekk i klassen over meg. Åsmund rett over gangen og Arthur kjende kvarandre, dei var begge frå Førde. Eg høyrde dei prata inne på rommet til Arthur. Eg fekk over meg ei tung og trøtt kjensle av ubehag. Eg lengta heim, eg var einsam og utanfor.
Tungsinnet dreiv meg ut. Eg rusla til Sandane (eller tok eg sykkelen, skal tru?) Der kjøpte eg meg siste nummeret av Aktuell. På vegen heim begynte eg å sjå på kryssordet, og blyant hadde eg i lommen. Etter kvart som eg rusla og fann løysingar i kryssordet, seig tungsinnet av meg. Vel heime på hybelen var humøret normalisert. Og så banka Åsmund og Arthur på hos meg, og me var brått tre som var i lag.
Etter det var det slutt på sår heimlengt og langt mellom stunder med tungsinn.

fredag 21. august 2009

BAK I EI KRÅ

Rett etter at eg hadde installert meg på hybelen i Bukta, kom ein annan fersk leigetakar saman med ein kamerat. Dei var frå Førde. Den nye naboen min, Åsmund, skulle begynne på reallinja, og han hin, Kalle, skulle gå engelsklinja. Kalle var ein av dei få som hadde same bakgrunnen som eg: to år på treårig realskule. Dermed konkluderte me fort at me sikkert hamna i same klasse. Åsmund hadde full realskule.
Eit par dagar etterpå stod me ved det staselege hovudbygget på Firda Gymnas, det som du ser på biletet til innlegget i går. Det var bygt tidleg på tjuetalet og må ha ruva i bygda. Me nye riste på hovudet av dei gamle elevane, som gjekk i små eller større grupper att og fram, att og fram over skuleplassen, frå den eine enden til den andre. Etter nokre dagar gjorde me nett det same. Då me var oppropte og skulle inn i klasserommet, vart Kalle og eg einige om å prøve å få oss plassar nær kvarandre. Det gjekk berre nesten. Eg stupte meg ned bak i venstre kråa, men Harald Kjølås greidde å knipe plassen framfor meg, og Kalle framom han att. Bortsett frå Karl Ekroll, som eg hadde kjent i ein og ein halv dag, kjende eg ingen. Jau, Aud Alisøy kom i denne klassen. Ho var ein av desse dalingane som hadde fullført realskulen. Men eg hadde vel knapt veksla eit ord med henne før me kom i same klassen. Kalle var like fremmend i klassen som eg. Einaste førdianaren.
Klasserommet var pikkurande lite, ei pultrekkje med fem pultar langs kvar vegg med smale passasjar til to rekkjer som stod i hop i midten. Tjue stykke, sju gutar og tretten jenter var stuva inn der. Vindaugsveggen fekk me på høgre sida; sikkert bra dersom nokon av dei tjue var venstrehendte. Me var fordelte på fire fogderi, Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Sunnmøre. Berre to og ein halv sunnfjordingar; Kalle var opphavleg frå Sunnmøre.
Lektor Ryssdal snakk stundom spydig om dette rommet og samanlikna det med ein buss. Og slik vart det omtalt. Klassen i Bussen.
Bak i kråa kom eg til å trivast godt; betre og betre etter som tida gjekk og eg fekk skikkeleg oversyn. Det vart ikkje noka ulempe at Harald kapra pulten framfor meg, tvert imot!
Viss du ser ein gong til på biletet frå hin dagen, kan du sjå øvst i fløyen til venstre dei to opne vindauga til klasserommet vårt som vende mot skuleplassen.

torsdag 20. august 2009

UT I VERDA

No er det svineinfluensa på Firda vidaregåande skule, noko det ikkje var i august 1961, då skulen heitte Firda Gymnas. Ikkje lenge før den tida heitte det Firda offentlege landsgymnas og statsrealskule.
Ein grytidleg måndag morgon uti august hadde papen ordna skyss for meg til Dale med Kåre Flekke. Og frå Dale drog eg med sykkelen, kofferten og ryggsekken på bussen nordover til Førde, og med ny buss til Sandane. Eg var den einaste i kullet mitt i Fjaler som begynte; eg søkte meg inn etter andre året på realskulen. Eg kjende flyktig dei åtte som kom frå Dale og der omkring med full realskuleeksamen, elles kjende eg ingen. Jau, forresten, to gutar som gjekk i første realskuleklasse med meg, begynte året før på den fireårige gymnaslinja og skulle gå i kullet mitt på reallinja. Eg hadde av ymse grunnar valt engelsklinja.
På Sandane trefte eg nokre av dalingane, tutla meg opp på skulen, fann døra til Rektor, banka på og høyrde omen av eit "Kom inn!" Innanfor døra kom eg inn i eit digert kontor, tykte eg den gongen, og langt inne i rommet sat Rektor bak eit stort skrivebord, og eit par andre menneske var der og. Rektor sa noko, og eg oppfatta om litt at han vende seg til vesle meg. Han ønskte meg velkommen, spurde etter namnet og la til då eg hadde presentert meg: "Å ja, frå Flekke, ja!" Eg er framleis like forundra over at han så kjapt kunne plassere meg, den veka det begynte oppunder to hundre elevar på skulen - på realskulen og gymnaset. Rett nok hadde mange av gymasiastane gått på realskulen eller første landsgymnas, men likevel...
Straks etterpå var eg på veg til ein hybel eg hadde fått tilvist ute i Bukta tre kilometer frå skulen. Eg heiv meg på sykkelen, og Audun Laukeland frå nordsida av Dalsfjorden, som alt hadde fiksa seg hybel i same retninga av bygda, slo følgje.

onsdag 19. august 2009

FØRSTE SKULEDAGEN

I dag tok me imot elevane. Dei nye møtte først, og to timar etter kom andre- og tredjeklassingane. Eg hadde i og for seg ikkje noko oppdrag, eg er for eion gongs skuld ikkje kontaktlærar i år (klassestyrar, som det heitte i gamle dagar) og hadde ikkje vorte sakna om eg hadde vore heime på føremiddagen. Men å sjå på elevane den første dagen er oppmøtet verdt. I skuleromanen Jonas skildrarJens Bjørneboe to slags lærar. Dei usympatiske kallar han "salamandere" , og dei er sjølvopptekne maktmenneske. Men nokre få lærarar er opptekne av menneskebarnet i eleven. Ein av dei brukte å sitje litt på sida og sjå på elevane den første skuledagen og prøvde å leve seg inn i sinnet til den einskilde. No var dette barneskulen, og det var sjuåringar som begynte. Men eg skjønar kva Bjørneboe meinte.

mandag 17. august 2009

KJEMPEGRAVENE

Det er altfor lenge sidan eg har vore på skattejakt. Då eg voks opp, heitte det seg at det fanst to kjempegraver rett nedanfor bøgarden ytst ute i bakkane våre, der det seinare vart beite. Jørgina og papen fortalde at Mikal og Kvielen (kven hunen var Kvielen, eller hugsar eg feil? Kvie-Sørnen, kanskje?) ein gong hadde grave seg ned til ei helle, men då gav dei seg. Jørgina hadde sett hella då ho var ung.
Gravene vart til ein gong i fjern fortid etter eit stort slag som hadde stått på kvia ovanfor bøgarden. Og etter slaget hadde dei grave ned alt som låg att etter dei stridande partane i to kjempegraver. Kven som slåst, og om det vart heimesiger, bortesiger eller uvavgjort, vart det ikkje sagt noko om.
Men i særs ung alder la eg ned mykje arbeid i å finne gravene. Papen peikte ut nokolunde kvar dei skulle ha vore. Eg leitte etter spor i lendet, stakk med minebor, grov og leitte, men utan resultat. Knut David Hustveit hjelpte meg av og til. Nei, me fann dei ikkje. Så der ligg dei enno. Viss ikkje Arne i mulm og mørker grov dei opp mens han dreiv garden ...

søndag 16. august 2009

MOBBING I SKULEN

Mobbing er ikkje noko moderne fenomen, sjølv om ordet ikkje var oppfunne i mi tid. Men terging var vanleg. Eg vart ein del terga av dei store gutane i tredje, det vil seie nokre få av dei. Det var med andre ord ikkje berre kjekt på skulen. Dei hekta seg opp i mykje rart, til dømes ein gong eg hadde fått ein fin genser som mamma hadde spøta. Det var nokre gule ringar eller prikkar som gjekk att i mønsteret, gult på brunt, trur eg. Dei unnte meg kanskje ikkje genseren og lo av han, sa det var eggeplomme som var klint ut over. Så eg ville helst ikkje gå meir med han. Mamma vart overgitt, og eg sa at desse katane sa det var eggeplomme på han. Mamma meinte at det måtte eg berre gje dei rett i, og seie at det måtte alle sjå. Eg trur ikkje det var så enkelt.
Til vanleg gjekk ikkje ertinga over i handgripelegheiter. Men ein gong begynte eg å blø naseblod. Eg hugsar ikkje kvifor; det kan hende at ein av plageåndene var borti meg litt. Men det eg hugsar, er at han til mi store undring brått tok seg av meg og trøysta meg, følgde meg ned til grova og hjelpte til med å vaske meg og stanse blødinga.

lørdag 15. august 2009

SKULESTART

Dette vart ei årviss hending i livet mitt, sidan eg vart lærar og ikkje elektrikar, radiotelegrafist eller noko slikt. Over helga er det på'an igjen.
Dei seks mest spennande tilfella var nok dei seks overgangane til noko heilt nytt, på ein heilt ny stad og mange heilt framande folk. Det var i 1952 på Flekke skule, i 59 på realskulen i Dale, i 61 på Firda gymnas, i 64 som lærar på Radøy, 65 som student i Bergen og i 73 som lærar på Kvinnherad gymnas. Nummer to, fire og seks på lista hugsar eg knapt noko av, uvisst kvifor. Eg hugsar truleg best den første, i 1952.
Dagen før var eg med mamma og papen og raka turrhøy - eller kanskje turrhå - ute på rabbane ytst ute i bakkane, der det vart beite seinare. Den dagen var nok storebrørne på skulen, og Steinar hadde sin første dag i storskulen. Eg var full av spenning og forventning, hoppa og spratt og var full av fakter. Mamma og pappa flirte.
Neste morgon var mamma tidleg ferdig med fjøsstell og andre gjeremål, vaska og fjelga for å følgje meg på skulen første dagen. Då skapte eg meg vrang: Eg ville at papen skulle følgje meg i staden. Det ville ta seg karslegare ut å ha han med seg istadenfor mamma, tenkte eg. Og papen hadde sikkert ikkje noko imot det, iallfall måtte han i full fart vaske seg i fjeset og byte klede, og han følgde meg den vesle stubben ut til skulehuset.
Det var framleis todelt skule i Flekke; dei tre første årsstega var i lag. Eg begynte i lag med Riborg, Hildegunn og Magnar. Riborg kjende eg, men dei andre to hadde eg knapt snakka med før. Dei budde langt, langt vekke, heilt oppe på Rennestraum. Magnar og eg vart fort gode vener.
Årøyen tok godt imot oss og forklarte oss nybegynnarar litt om korleis saker og ting fungerte her på skulen. Han demonstrerte krit- og svampbruk på tavla: "Og me stryk ikkje ut med nevane, me brukar denne, det er ein svamp," forklarte han. Litt etter var han i gong med noko for dei større elevane, og i full fart retta han eit ord med eit strok med handa. "No turka du tå med nevane," sa eg. men Årøyen berre smilte og sa at eg hadde heilt rett, det var ikkje slik ein skulle gjere det.
Eg kunne lese før eg kom på skulen, og for å sjekke det, slo Årøyen opp i Nordahl Rolfsen Fyrste Bandet og bad meg lese om då skjora skulle lære småfuglane å byggje reir. Det er ei flott forteljing og bør brukast mykje som pedagogisk lærestykke. Fugl etter fugl flaug bort etter at dei hadde lært litt, så ingen sat att og lærte kunsten skikkeleg. Det er difor skjora framleis er den beste reirbyggjaren.
Leseprøva mi gjekk fint, det vil seie: Årøyen bestemte at eg skulle lese i lag med dei som gjekk andre året: Erna, Jorunn, Hildur, Trygve og Bjørg. Etterpå angra eg på at eg las så godt som eg gjorde. Det hadde vore kjekkare å vere i lag med dei andre i kullet mitt, tenkte eg. Eg burde ha ssssttttamma og gjort meg hjeplelaus då Årøyen skulle prøve meg, tenkte eg, så hadde eg fått vore i lag med Magnar og dei.
Då eg begynte på tredje året, laut eg forklare denne differensierte leseopplæringa for Lars Eikevik - som drog oss i gang om hausten før Sigrun Haaland (Halsnes den gongen) kom og overtok. Han vedtok då at eg skulle lese i lag med dei andre tredjeklassingane, sjølv om eg hadde lese dei stykka tidlegare.

fredag 14. august 2009

TURRHØY OG BARNEDÅP

Bror Steinar meiner eg burde ha skrive om turrhøytaking den 11. august 1956 og dagane like etter. Den 11. dreiv me på spreng ute i Ytste Bakkane og hesja, og me tok inn turrhøy som hadde hatt ein framifrå terre i den heite vinden den dagen. Om natta bles det opp meir og meir, og det var ventande styggevêr om føremiddagen sundag då Liv skulle døypast. Då me for til kyrkje, dreiv dei inne i bygdene og tok inn turrhøy som best dei vann, mens me hadde andre ting å gjere. Hesjane me hadde fått opp fredagen og laurdagen, vart kraftig utorblåsne, og utpå føremiddagen kom regnet. Måndagen var det godvêr att, og me kunne køyre inn det vesle som var att i hesjane og gå i gang med å rake i hop og hesje på nytt det som låg på bakken.
Stundom skryter eg av at det einaste arbeidet eg kan, er å renne opp og hesje i hesjar. Eit arbeid eg aldri praktiserer lenger, og som er så godt som unyttig.
Når me no har for oss året 1956 enno ein gong, kan me ta ein titt på biletet som hang i stova heime (og seinare i Dale): Det var ein fin og varm julidag, eg skulle gjerne visst datoen. Eg trudde det var ca. 10., men eg er slett ikkje sikker. I så fall kan me sjå at det har gått unna med slåtten takka vere godt brøyevêr. I den sjuande sansen frå 56 står det at me begynte så smått å slå den 28. juni, men tok til for alvor den 2. juli. Oppe i Bakkane har me hatt høy på brøy, og mens flyet fotograferer, er fleire i husstanden i arbeid ned på Myra. Eg hadde som jobb nett denne stunda å sjå til systa, som ikkje hadde fått namn enno, og som låg i vogna si i skuggen bak eldhust - eller kanskje bak do. Men då flyet kom og tok til å sirkle over den blå julihimmelen, laut eg opp på øvste Storehòjin og sjå. Nei, eg trur biletet er teke seinare, sidan me framleis dreiv med hesjing i ytste bakkane den 11. august. Og Telemark Flyselskap har kanskje ikkje datoen heller, eller ...?

tirsdag 7. juli 2009

"ÅRHUNDRETS LYKKEDAG"

For trettito år sidan var det mange sjutal i denne datoen. Det var ein herleg solskinsdag, midtsommar og ferietid. Men det var meir enn det. I dag skulle dei setje i gang fødselen til dette vesle noret som me venta på, men som ikkje ville ut. Dei to gutane Rune og Vegard var i Bekkjarvik og venta spent på om det skulle verte gut eller jente. Rune hadde sagt klart frå om at han gjerne ville ha ein bror til, og Vegard hadde kanskje ikkje sterke meiningar om nett den sida av saka. Denne gongen skulle eg få vere med på fødselen. Det skar seg i 1973, og i 1969 var det ikkje diskutert, og heller ikkje vanleg at ein pappa fekk vere til stades på noko slikt. Men no skulle eg til pers. Dei andre to gutane kom til verda utan mykje sjau, men denne gongen fekk Anne kjenne det til gagns. Det gjorde frykteleg vondt, så ho skreik og bar seg, men eg såg på jordmødrene at dette skulle gå bra. Det same skjønte eg då det vesle krypet sakte kom glidande ut i denne vanskelege verda og såg skrekkeleg livlaust ut, etter mine førestellingar. Men så kom det nokre små grynt og litt sutring. Eg fekk raskt med meg at det var ein gut, og det var meir enn vel og bra. 3450 gram og 53 centimeter, ny rekord i syskenflokken både på lengd og vekt. Anne vart totalt omskrudd med det same han var ute i det fri: "Å, kan'kje eg få sjå han og halde han?" jubla ho. Ikkje meir jamring då, nei! Ei stund etterpå rusla eg roleg omkring i Leirvik sentrum med ei intens lukkekjensle i heile kroppen. Det var sein ettermiddag og glitrande sommarsol. Telefonar vart tekne for å varsle brørne, dei andre i Bekkjarvik og dei i Flekke. Dagbladet hadde nok ikkje all verda å slå opp på framsida midt i agurktida, men dei hadde ei treffande og fengjande overskrift: "Århundrets lykkedag"!

onsdag 24. juni 2009

JONSOKDAG

For 43 år sidan var eg på Sandane og planta skog. Nett denne dagen, jonsokdag, var eg på telefonstasjonen (ei innretning som forlengst er avskaffa) og ringde heim. Papen måtte nok hentast og gå ned til Jenny og Sofie nede i Gòta. Då fekk eg greie på at eg nett hadde vorte onkel, så eg sende eit telegram og gratulerte den nybakte mora når eg likevel var på telefonstasjonen. Ho vart litt forundra over kor fort og effektivt nyhendestraumen gjekk. Men før eg skriv meir, må eg få gratulere Janne Elise med dagen!
Mylse blir det ikkje i dag. Men i går kveld åt Anne og eg vossadravle, som er eit stykke på veg det same. Det brukar me å kose oss med kvar jonsok, men som regel jonsokafta.
Me fer snart til Bekkjarvik og er der nokre dagar. Og bloggskrivaren tek sommarferie på uviss tid. Ha ein god sommar!