mandag 16. november 2009

I HEGGEN

Den store, vakre heggen som stod i tunet vårt i Flekke, er ikkje stor, vakker og ruvande lenger. Han innbaud til klyving, og det var råd å hengje opp disser i han. Om våren var han ei duftbombe, og så lenge me hadde ein hegg bak gamlestova, kom det bra med beiske svarte bær på han og.
Ein gong i tida var eg så liten at det ikkje var så lett å kome seg opp med eiga hjelp. Difor hjelpte bror Steinar til, men ein gong hadde han kameratar på besøk, så han stakk av mens eg sat godt plassert oppe i heggen. Til avskil sa han: "No kan du sitje der til mamma kjem att og har mjelka kyrne, og dei er så langt vekke at ho sikkert ikkje kjem att før i morgon!" Så der sat eg ei stund, heilt til Jørgina kom og hjelpte meg ned. Eg kan ikkje hugse at eg var spesielt uroleg over situasjonen, eg sat no trygt og godt der eg sat. Dei nedste greinene på heggen var tjukke og gode å sitje på.
Men så kunne syster Liv i femtiårsfeiringa si fortelje at eg hadde gjort noko liknande med henne: Hjelpt henne opp i heggen og stukke av. Og det var mykje styggare gjort enn det Steinar gjorde, for eg var så mykje større enn henne.
Og dagen etter at eg skreiv dette, fekk eg eit bilete frå Steinar som antyder kvar me sat. Spør Eva og Janne om dei kom seg ned!

1 kommentar:

  1. Hei du gamle onkel. Jau me kom oss nok ned frå heggen.Me hadde ingen store brødre som "hjalp" oss høgt opp i. Men jammen vart den mykje brukt til å klatre i.Helsing den eldst av dei i treet

    SvarSlett