mandag 20. april 2009

BROR MIN SAT FAST

Då me voks opp, var det ikkje port inn til ungdomshuset. Men dei hadde nok planlagt ein port, for i opningen inn til ungdomshusplassen hadde dei støypt to drustelege portstolpar, og i kvar stolpe stod det to jernstubbar med hol i til porthengsler.
   Bror Steinar - han burde sjølv ha fortalt soga, men han kan supplere med ein kommentar om han vil - fann ut at desse hola passa akkurat til ein gutefinger. Han prøvde med peikefingeren, og han gjekk ned i, men ikkje opp att utan litt strev. Folk kom og såg, og Steinar fortalde at han sat nesten fast med fingeren. For å gjere soga truverdig demonstrerte han med fingeren ein gong til. Og no sat han skikkeleg fast. Meir folk strøymde til, men fingeren ville ikkje opp. Slik eg hugsar det, var dei vaksne meir urolege enn gutlarven. "Han kan få koldbrann i finjin sin," var det ein som sa. "Ka, får eg Kolbjørn i finjin?" flirte Steinar og tok det med humør. Det var to mann som heitte Kolbjørn i Flekkebygda den gongen, som no.
   Til slutt kom papen og olboga seg fram til åstaden. Han hadde med seg ei lita flaske med olje. Straks etter var fingeren oppe og Steinarbror fri til å gjere nye spikk.

søndag 19. april 2009

STRÅLANDE VÅRDAG

Helga er så godt som over, ei helg med strålande vårvêr, mykje blid sol og grei temperatur. Det blomstrar vilt med gule påskeliljer som snart er ferdige for i år, nokre tulipanar driv og sprett, og no kjem dei for fullt, dei kvite narcissane våre med gul plomme, reine speilegga. Anne nektar meg å kalle dei for pinseliljer, og sjølvsag har ho rett: Vår barndoms pinseliljer var heilt kvite, og det er lenge til pinsehelga. Og så må me ikkje gløyme alle småhjarta som er begynt å blomstre og sikkkert held på med det til frosten tek dei til hausten.
   Me har vore ute og pusla i hagen i helga. Og no tek han til å skikke seg. Rett nok burde me ha teke eit tak ovanfor huset. Den biten er litt forsømd. I dag har me mest lata oss, gått tur ein lang tur i Handelandsdalen, grilla lammelårskiver og meiska oss med den første rabarbrasuppa av årets avling.
   Utpå kvelden sette eg garn, og me gjekk på kino og såg den ikkje urettferdig oppskrytte svenske spenningsfilmen "Menn som hater kvinner". Både Anne og eg har lese alle tre Stig Larsson-bøkene, så spenninga var dempa, men filmen var god.

lørdag 18. april 2009

KLOKKA ER FIKSA

Som nemnt for nokre dagar sidan har klokkesletta på bloggane vore steikhakkande galne. No har eg funne ut kvifor og kva eg kan gjere for å få orden på det, så no kan du sjå at dei fleste er skrivne i seine kveldstimar. Og viss du gidd, kan du leggje inn kommentarar heretter.

NY APAL

I dag har eg planta ein ny apal istadenfor den som me saga ned for to år sidan. Me saga han ned eit stykke oppe på stammen for at det skulle kome nye skot. Nye skot kom, men me har små barneborn, og skota vart øydelagde. Så no er stuven vekke og ein nyplanta Discovery skal overta.
   Då eg var gutunge heime, var eg svært glad i epla me fekk på dei gamle aplane. Sure, vindfulle haustdagar plukka eg nedfallseple og gjekk på gamlestauloftet der eg uforstyrra kunne kose meg med eple, pakkeball og lesestoff.
   Me skulle ikkje ta eple frå trea, berre nedfallseple. Det var ein regel som kunne vere hard å følgje, men til vanleg var det nok å finne i graset under aplane. Ein gong kom eg over bror Arne, som kosa seg med nokre fine Gravensteins-eple. Han kunne fortelje at der hadde vore ein framand mann i hagen som hadde plukka lommane fulle, men då han såg Arne, rømde han så epla dreiv. Det var desse epla han hadde teke hand om. Jaja, eg hugsar ikkje om eg trudde historia hans.
   Men gravensteinsepla var best når dei hadde lege nokre veker etter innhausting. Ein vinterdag nærmare jul fann eg eit stort, fint gulgrønt graveensteinseple i høystålet ein kveld eg var med og hjelpte til i floren. Det må ha vore eit mirakel som har ført det dit. Men eg åt det med god appetitt. Eple er godt, norske eple er framifrå, og dei beste er dei me plukkar av våre eigne aplar. Me hadde to gamle aplar som me saga ned. Den andre er ein håkonsapal, og den kjem med nye, fine skot. Ovanfor podinga, håpar eg.
   
   

torsdag 16. april 2009

NYE VARESLAG

Me som kom til verda under og rett etter krigen, opplevde at det dukka opp nye, eksotiske produkt som kunne få ei blanda mottaking. Eg trur nesten at brørne mine hugsar den første etterkrigssjokoladen, men i så fall får dei stadfeste eller avsanne det. Sjølv har eg eit minne til at tante Gerd kom frå by'n med ein ny type frukt, noko me sikkert hadde høyrt om, men aldri sett, langt mindre smakt. Banan heitte det. Eg og fekk ei, men eg likte henne ikkje. Eg fekk i meg halvparten før eg gav opp.
   Ei julehelg før banana kom til Flekke, kunne dei by på ei anna spennande frukt då me var i juleselskap på Ilkjen: turka fike. Eg og dei andre fekk kvar si. Eg smakte litt på mi fike, men tykte ikkje om henne. Eg rette ut handa og prøvde å returnere henne til tante Målfrid, som hadde vore raus og delt ut. Men verken ho eller dei andre vaksne oppfatta kva eg ville i ståket, så eg sleppte henne på golvet, meir eller mindre frivillig. Etter ei stund var det nokon som oppdaga den brune, klissete fika der ho låg: "Korleis he da seg atte da ligge ei fike på golva?" Eg tilstod straks og prøvde å bortforklare med replikken: "Eg rette ut handa so, åso myst' eg 'inne!"

mandag 13. april 2009

SLUTT PÅ PÅSKEFERIEN

Det er litt vemodig. Tore drog tidleg til Bergen i dag og ville vere på plass i god tid på Brann-kamp mot Tromsø. I skrivande stund har det vore ein katastrofe for Brann: 1-4 til Tromsø. Mange har funne det høveleg å minne om at det er den gamle tromsøtrenaren som no er trenar for Brann. 
   Dagen i dag har vore vakker, men me har ikkje kome oss langt frå heimen likevel. Før middag var me ein del i hagen og stelte. Eg har ein aksjon kvar vår med å reinske opp løvetann frå plen og bed. Og me har sesongdebutert med utegrilling: laksefilet. I morgon er det arbeidsdag, og eg tippar at ungane begynner å tyte om utetimar viss vêret held seg. Det får dei ikkje.
   Vêret i påska har vore så passeleg. Men eg trur det var endå verre i 1965 - den påska du kan sjå nokre bilete frå i albumet med nostalgiske lysbilete (interessant berre for slekt og flekkingar). Det året var eg lærar på Nordanger skule på Radøy i Nordhordland. På vegen tilbake til Radøy andre påskedag skein det omsider opp. Og så var det godvêr heilt til skulen var slutt og det var ungdomsstemne i Flekke omkring 19.-20. juni. Då slo det til med grisevêr. Godt for vassforsyninga på kjøkkenet og dassa i ungdomshuset, men lite godt for stemneavviklinga. 
   Då stemna var vel og vakkert over, skein det opp att, og det vart ein skikkeleg solskinssommar.
    

søndag 12. april 2009

PÅSKEDAG

Me har hatt ei fredeleg påskehelg. Nesten litt for fredeleg. Etter at me kom heim frå Bekkjarvik måndag, har me knapt vore ut or huset. Det har vore nokså grått vêr, skodde, vind og regn. Første dagane gjekk til oppussing på kjøkkenet, eit arbeid som ikkje er ferdig. Men me la bak oss første fase slik at huset var til å bu i no i helga. Fram til onsdag kveld låg det verktøy og slong, det låg skåpdører utstilte på bord og stolar, under dei låg det aviser og gamle sengesett, og huset var oppfylt med stank av fersk måling.
   Litt hagearbeid har me rokke, me har kvista plommetre og bærbusker, kasta ut nokre nevar kunstgjødsel og rydda litt, men alt for lite, sjølvsagt. 
   Inne i sofakroken har det gått ein del på kryssord, og på påskekrim om kveldane. Og me skal ikkje klage på serveringa. I går kveld hadde me tradisjonen tru rømmegraut og spekekjøt. Spekekjøtet var i år som så mange gonger før salta og røykt av huseigarane.  Og i pakt med tradisjonen vart den første smaksprøva av låret teken attåt påskegrauten. I tillegg hadde med ein bit italiensk spekeskinke. Begge delar smakte. Solbærsafta var og heimedampa av heimedyrka og heimeplukka bær frå hagen. Men rømmen var kjøpt på Rema. Det var nok sauelåret og, før me la det i salt i haust. Apropos sauelår: det vert sauelår til middag og i dag. Det er og ein av påsketradisjonane våre. Mora si lammesteik, beste middag som tenkjast kan. 
   Tore har vore her i påska, og han var ute på livet i går kveld. Faktisk stod han opp og kom til frukostbordet før me var ferdige der, så han kan ikkje ha teke det så hardt. Det andre avkommet vårt er i Trondheim og feirar best dei kan.
   Viss nokon les desse bloggane, har dei kanskje vorte forvirra av klokkesletta. Dei er steikhakkande galne og viser kanskje amerikansk vestkysttid eller noko slikt. Ikkje lat deg forvirre! Men då ønskjer eg deg rett og slett god påske!

fredag 10. april 2009

HEIM FRÅ KRIGEN

I går skreiv eg om at papen laut ut i krigsteneste i april 1940. Det vart ei kortvarig utflukt og gjekk svært fredeleg for seg, men folk var redde og venta kva som helst av tyskarane når dei måtte kome til bygda.
   Seint om kvelden kom papen heim om Hòjen. Maurits Flekke slo følgje med han til tuns. Sekstenåringen var nok vitelysten og ville spørje nytt. Der heime var alle lagde. Jørgina låg på lemmen sin, mamma og tante Målfrid - som var der og hjelpte til - låg på eit anna rom oppe. Maria låg i kleven med glas som vende ut mot trappa ved inngangsdøra. Maria var heller ikkje framand for kva tyskarane kunne finne på når dei kom. Og då ho såg at det var folk ute, ropte ho med den grove røysta si så alle i huset og dei som stod utanfor høyrde det: "Da står to svin ute på troppene!"
   Men mamma vart storglad då ho såg kven som kom, og tante Målfrid måtte leggje seg ein annan stad i huset.

torsdag 9. april 2009

NIANDE APRIL

Datoen har dårleg klang her i landet. For oss ungane i barndomsheimen min var krigen trass alt mykje meir enn tragediar og elende. Mamma og pappa hadde ei mengd små og store anekdotar knytte til krigen, som dei fortalde med humoristisk snert. Sjølvsagt fortalde dei om det som var vanskeleg og tungt og. Ikkje minst mamma har fortalt om kor slitsamt det var å få til det som trongst for eit aukande hushald. Å skaffe eit nødvendig klesplagg var ei utfordring.
   Den niande april 1940 sat papen og Alfred Løseth ved kjellardøra heime og tappa opp vin. Vin, av alle ting! Drykken var sikkert tiltenkt eit bryllaup i juni. Mamma og pappa hadde vore ringforlova sidan juletider. Alfred var kjend for å vere svært fiendtleg innstilt til engelskmennene, visst nok på grunn av dei merkelege klasseskilja i det landet. Han var nok god sosialist, han slik som dei fleste vellekarane. Nyhendet om det tyske overfallet hadde kome til Flekke allereie. Og Alfred gneldra om at "no he dissa forbaska engelskmennene ført oss ut i krig!"  Nyare gransking kan gje han delvis rett!
   To veker etter var det bryllaup - rettare sagt: vigsle. Bryllaupet i juni vart avlyst, og mamma og pappa fekk presten med på å vie dei utan vanleg lysing, sidan papen var mobilisert og skulle i krigsteneste eit par dagar etterpå.  Og tysdag den 23. april vart dei vigde. Den 25. drog papen i krigen. Han var vekke ei god veke, hamna i Førde, såg ikkje snurten av tyskarar og vart heimsend saman med dei andre i troppen etter ei vekes tid. Då båten førte dei ut til Dale, var det ikkje eit menneske å sjå. Ryktet hadde svive at det var tyskarane som var på veg. Men då dei la til kai, såg dei folk som keik fram bak hushjørna, og straks etter var det fullt av folk på bryggja.

onsdag 8. april 2009

PÅSKEFERIE

Ferien krympar meir og mer, men me har att dei ekstra helgedagane. I dag er det onsdag i påskeveka, og me har roa ned. For til no har me putla med både det eine og det andre. 
   Før palmehelga begynte me å måle kjøkkenmøblemetet vårt. Det har stått der med bøkelaminat sidan Helge Dahle og eg skrudde det opp for 26 år sidan. Men no har me hatt ned alle skåpdører og skuffefrontar og måla dei magnolia. I tillegg har me sett på nye handtak i børsta stål. Det vert lyst og tiltrekkjande. Ny benkeplate fiksa me i haust.
   I palmehelga var me i Bekkjarvik og gjorde litt våronn. Tore kom og, han var forresten komen før Anne og eg. Laurdag gjekk me oss ein tur; ikkje til fjells, men langs ein ny tursti langs stranda.
   Måndag var me heime att, og no har me stått på og fått opp dei nymåla skåpdørene på kjøkkenet. I dag har me vaska og søvsugd, og eg har kvista plommetrea våre, stussa barlinden og rydda litt elles i hagen. Snart skal eg til stranda og sjå til båten. I går oppdaga nabo Sven at fortøyningssystemet vårt hadde slite seg - sikkert på grunn av anleggsarbeid i fjæra, der det skal byggjast tre altfor store naust. Tore, Sven og eg var nede og gjorde eit par provisoriske tiltak. Men det er best å sjekke, for no blæs det godt.
   Båten fekk namnet Sofie Karoline for nokre år sidan. Dei to barnebarna Hannah Sofie og Frida Karoline brukar nesten ikkje det andre førenamnet sitt. Men namna passar perfekt til båtnamn. Tykkjer bestefaren. Men så kom det eit tredje barnebarn med namnet Sigurd Birk. Faren hans var einig i at det passa dårleg å utvide båtnamnet. "Men då kan motoren heite Birk," sa Rune. Så det heiter motoren. Men namnet er ikkje måla på motoren med fine, svarte bokstavar slik som på  båten. Skuta er ein fjorten fots lett plastbåt av merket Lohi, finsk fabrikat. Rune kjøpte han for konfirmasjonspengar, og seinare har me innløyst han. Båten er raud og fin, med blå botnsmørjing. Og så har han ein seks hestars påhengs. Godt nok for oss!