onsdag 31. oktober 2012

BEDEDAG OG HELGEMESSE

I dag, 31. oktober, er det den gamle helgemesseafta. Me er mange i min generasjon som ikkje skjønar det aukande hysteriet kring helgemesse, dagen til ære for dei døde og dei heilage. Halloween må det heite no, og dei amerikanske julebukkaktige skikkane med mykje dødssymbolikk har vorte ei kjær gåve for handelsstanden. Ungane (og dei vaksne som kastar seg med) syng nok ikkje den fortreffelege salmen om då Ribe-biskopen Hans Adolf Brorson såg inn i himmelen der det aula av avdøde: "Den store Hvide Flok vi se som tusind Bjerge fuld af Sne..."
   Den geskjeftige livlegen til den steingalne kong Christian den 7., herr Struensee, tok ikkje berre kontroll over helsestellet ved hoffet i København i 1770, han tok like godt kontroll over heile statsapparatet. Han oppnådde mangt og mykje dei to åra han fekk styre på før han vart avsett og avretta. Han avskaffa sensuren og innførte prentefridom, han gjorde dronninga gravid, og han iverksette avskaffing eller flytting av ei lang rekkje kyrkjelege festdagar. Tredje påskedag, tredje pinsedag og tredje juledag skulle ikkje lenger vere helgedagar. Og helgemessedag (allehelgensdag, halloween) vart flytta frå 1. november til første sundagen i november. Der rauk det ein ekstra helgedag, bortsett frå dei åra då den første kom på ein sundag.
   Det har vore litt att og fram med desse kyrkjelege markeringane. I mange år heldt dei bots- og bededagen om våren. Men då var det så mange andre helgedagar, så dei flytte han til hausten, til fredag før helgemesse. Så fann dei ut at det var for gale å bruke ein yrkedag til bøn og botsøvingar. Dermed flytta dei dagen til siste sundagen i oktober.
  Den 31. oktober, altså dagen i dag, er ein merkedag på fleire vis. For 495 år sidan i dag spikra (eller teipa?) den obsternasige munken Marin Luther opp på kyrkjedøra i Wittenberg eit ark med 95 gode argument mot avlatshandelen som paven dreiv med. Då vart det rabalder.
   For 98 år sidan vart papen min fødd på denne datoen. I mange år var det slik at det var store sjansar for at dagen fall på ein helgedag, anten på ein sundag eller på bots- og bededagen.
   Men papen gjekk nok ikkje kring i bygda med fantasifull utklednad og forkynte knask eller knep på bursdagen sin. Ikkje det eg kan hugse.

torsdag 18. oktober 2012

SKOLTERØYKING


Det får våge seg om du er lei av å lese om saueskolteproduksjon. Her kjem eit nytt innlegg om saka. Eg garanterer at det vert det siste eg skriv om nett dette emnet på minst to månader. Om det skulle dukke opp endå eitt når maten skal smakast tett oppunder jul, får du berre hoppe over det.
   For ein gongs skuld vert dette ein biletkavalkade. Det har seg slik at for mange år sidan bygde Per granne seg eit røykeri rett nedanfor eigedommen sin. Og sidan det står på fellesarealet, seier han at dette er offentleg tilgjengeleg for alle grunneigarane. Det har fleire komponentar, som du snart skal få sjå. Men først kan me sjå på plasseringa i lendet:
 

Så går me litt nærare og ser på sjølve omnen. Det er ein enkel jernkasse med laust tak og ei lita luke framme. Frå baksida går det røyr opp til røykhuset. På den to-tre meter lange vegen opp dit kan røyken få kjøle seg litevetta:

 
Og så har eg med meg ein assistent som klypper opp einebar. Dette er ein vokster me har rikeleg av like ved røykeriet.
 
Må eg få presentere røykhuset som Per har bygt.
Her skal røyken kome opp og godgjere skoltane, eller kva det no er me skal røykje. For nokre veker sidan røykte eg flesk her i dette huset, flesk som som smakar røykt flesk når me steikjer det. Og som vert mykje billegare enn svenskeflesk, ei vare me ikkje så lett får tak i her i Valo.
 
Her heng dei og ventar på røyken, dei femten skoltane. No ser dei slik ut:
 
 Når bålet er på sitt heitaste og einebaret svir, kan me trekkje oss tilbake og vente til me lyt fylle på meir brensel.
Får håpe grannane hadde late att glasa og fått inn klesvasken.

torsdag 11. oktober 2012

SÅRE FINGRAR

Eg nemnde i går at sauehaueflåing ikkje er heilt ufarleg. Du kan skjere deg, stikke deg, rispe deg eller jamvel klemstre fingrane i skolten når du skal kløyve han med øksa. Det kan òg tenkjast at du i denne siste operasjonen kappar av deg ein finger eller to.
   Så gale har det ikkje gått med meg at eg har mista fingrar eller andre kroppsdelar. Men nokre smårisp har eg pådrege meg opp gjennom åra. Og for ein god del år sidan gjekk det betennelse i såra, som i seg sjølv var små og nesten usynlege. Det var ein merkeleg betennelse. Eg fekk hevingar i og rundt såra, og hevinga flytte på seg. Det var ømt og ekkelt, men ikkje verre enn det. Eg gjekk til dokter, og ho kunne fortelje at det finst eit virus i pelsen på somme sauer og visstnok andre dyr, og at dette kan valde betennelse hos slaktaren viss det kjem under huda. Eg gjekk med dei blå fingrane nokre dagar, så avtok plagene og forsvann.
   Dette gjentok seg neste år og kanskje året etter. Eg irriterte meg, men laut avfinne meg med såpass når det var lekre middagar i vente. Men så eit år - sikkert snart tretti år sidan, skjedde det noko løye. Eg fekk eit godt risp i neven. Den kjende betennelsen kom ikkje - den brukte å melde seg etter eit par dagar. Men det ørvesle såret grodde seint. Det gjekk fleire dagar. Og så begynte såret å svelle og fekk ei underleg form. Eg tenkte på slakteviruset, men sidan dette kasuset var så ulikt dei eg hadde hatt tidlegare, fann eg ut at eg fekk gå til dokter.
   Legen på Husnes var forundra, pirka og grov både i såret og i nakkehåra sine. Det var då ein underleg svull! Det var sikkert ei flis eller noko anna som var kome inn i neven, trudde han. Han henta kollegaene sine, to-tre stykke, som òg fekk bisne på såret mitt. Dei var like kloke, men gjekk med på at det kunne kome av ein framandlekam. "Så me får prøve å leite," sa den den første dokteren.
   Då tenkte eg: Dei har ikkje peiling, og det er sikkert slakteviruset likevel. Så eg spurde forsiktig: "Kan det ikkje tenkjast at det er ein virusinfeksjon?" Dokteren såg mildt og overberande på meg, riste på hovudet og sa at det trudde han no ikkje. Men då vakna den eine av kollegaene til: "Ja vent litt, har du vore borti saueslakting, kanskje?" Det kunne eg stadfeste, og då henta dei den tjukke dokterboka og slo opp. Der fann dei eit bilete som kunne ha vore teke av fingeren min. Viruset hadde eit namn som eg har gløymt. Men såret grodde og lækte seg etter nokre dagar. Sidan den gongen har eg visst vore immun, eg har iallfall ikkje opplevd noko liknande.
   Men no spørst det. Eg har ikkje flådd på nokre år no, og eg har tre ørsmå risp.

onsdag 10. oktober 2012

IKKJE FOR SARTE SJELER

Det du får sjå viss du les meir og skodar på bileta, er ikkje for sarte sjeler, så du får vurdere sjølv om du skal forlate denne nettsida i dag. Temaet viser seg å ha vore ein gjengangar i blogghistoria mi. Ikkje heilt tilfeldig har dette skjedd helga før jul, både i 2009, 2010 og 2011, om du vil sjekke.
   Javisst! Det handlar om skoltar. I år har eg vore flink. Eg har ringt Fatland slakteri i Ølen og tinga nykappa lammehovud, henta dei og maltraktert dei, slik at dei no ligg godt nedsalta i ein balje.
Før eg set kniven i hauet, ser det om lag slik ut. Du har sikkert sett ein sau ein eller annan gong, så du kjenner nok att det som kjem fram på biletet. Så handlar det om å få skinnet av. Det er eit farleg arbeid, du kan skjere deg med kniven, og deretter kan du få ein betennelse som kjem av eit virus som kan finnast i sauepelsen. Eg har opplevd dette òg i mi lange karriere som skolteflåar. Oppe i hornfestet (eller der horna skulle ha vore viss det hadde vore ein sauesort med horn) er det særskilt vrient å få vekk skinnet.
Vossingar og hardingar meiner at denne flåinga er ein uting. Dei svir håret vekk, skrapar og brenner, og på den måten får dei nok litt meir mat utav eit hovud, gjerrige som dei er. Eitt år var eg med på ein slik framgangsmåte med skjerebrennar. Det gjekk, det og. Men det vart med den eine gongen. Folket i heimen ville ha det på gamlemåten.

   Når så skinnet og kvar ein ulldott er fjerna, ser hauet slik ut: Eg tykkjer at sauen tyktest meir sturen før han fekk av seg skinnet. No er det som han har vakna litt og ser lysare på tilværet. Neste steg er å kløyve skallen i to, fjerne hjernemasse, skjere ut tunga og leggje både skolten og tunga i salt. Denne sauetunga fortener nokre ord. Kjøper du smalahove frå Voss, sit tunga i og følgjer med i gryta når skolten vert kokt. Smaken er grei nok, men ikkje noko meir. Med vår metode, derimot, får me det lekraste julepålegg du kan tenkje deg. Me kokar tungene etter nokre dagar i saltet, fjernar skinnet, nokre småbein og rusk, og så pressar me dei til tungerull. Lekkert!
   Sjølve skoltane får seg nokre timar i røykhuset til Per granne, og så får dei henge og turke seg til det nærmar seg jul og skoltesundag. I år treffer ikkje skoltesundagen på 4. sundag i advent. Den sistnemnde er nemleg på veslejulafta, og det får vere måte på eting. Eg tenkjer me held skoltesundag den 16. desember. Med kålrotstappe, poteter, og kanskje ein pikkandes liten akevitt og eit krus øl.
   Eg sat og tenkte mens eg flådde og smidde, at om eg hadde vore meir netthendt og gitt meg god tid, skulle eg ha fått skinnet av haua i eitt stykke. Då kunne eg ha selt dei som ekstra kunstferdige skinnhuver. Skal eg ta patent på den ideen?

lørdag 6. oktober 2012

FORNYING

                                                                 Kjelde: Wikipedia

Eg sat og fikla litevetta med innstillingsfunksjonane for bloggsida mi, og enden på visa var at eg kom borti noko som gjer at overskriftene  til alle dei godt fire hundre innlegga mine kjem opp, jamvel med bilete viss det finst. Om dette er noko å leve med, får eg vurdere etter kvart. Ei ulempe (eller kanskje ein fordel?) er at du ikkje kjem rett inn på den nyaste teksten. Viss mine presumptive lesarar har meiningar om denne fornyinga, får dei heller seie frå. Det er ikkje umogeleg at eg går tilbake til den gamle visinga snart.
   No er det slik med meg at eg er vorten ein gammal knark som slett ikkje set pris på allslags fornyingar. Dei som følgjer med på bloggen min, har nok ant at eg er litt skeptisk til omlegginga i posten. Noko som eg då ikkje nemnde, men som har irritert meg fælt, er at dei har kasta den gamle logoen sin på skraphaugen. Den nye logoen minner meg om eit halvròte eple. Det vakre posthornet som har følgt etaten i hundrevis av år, er ikkje godt nok lenger. Dette er eitt av fleire døme på at ein overbetalt, men undersysselsett funksjonær har fått gjennomslag for ein fiks ide. Noko skal ein fylle tida med, og noko må gjerast for at omstillingar og (unødvendige?) reformer skal framstå som friske og trendy.
   Du har sett fleire slike moderniseringar. Hugsar du den gamle logoen til Televerket? Ser du for deg logoen til Telenor? Og kva med namneskifta? Det staselege Posthuset i Bergen fekk nytt namn då posten vart rasert og det vart eit kjøpesenter. No har det fått eitt av dei mest vanskapte namna som tenkjast kan: Xhibiton eller noko slikt. Eg kvir meg på å gå inn der. Veit du forresten kva Yara er? Namnet Bring har eg forklart tidlegare. No heiter det rett nok at namnet skjemmer ingen. Men gløym ikkje at det er mange som skjemmer namnet.
   Av og til er det naturleg og kanskje nødvendig med eit namneskifte. Då det nye skuleslaget kom som skulle kombinere gymnasa med ymse yrkesskular, var det vanskeleg å vidareføre til dømes namnet gymnas. Når ein først skulle samle skuleslaga, ville det vere urimeleg mot yrkesfagfolk at det nye skuleslaget fekk det namnet. Men alternativet vart ein vanskapning, som mange sleit i tiår med å ta i bruk: vidaregåande skule. Nemninga er grei nok som definisjon, men kronglete i kjeften. Spesielt vart det krøklete når me hadde bruk for samansetjingar etter mønster frå gymnaselev/gymnasiast, gymnaspensum, gymnaseksamen, gymnasbygg, gymnaslærar, gymnastida og så bortetter. Prøv å lage slike ord på grunnlag av vidaregåande skule. Hadde eg vore minister den gongen, ville eg nok ha insistert på ordet mellomskule. Skuleslaget mellom grunnskule og lærlingtid, høgskule eller universitet.
   Men sidan eg ikkje lenger er vidaregåandeskulelærar (!!!), treng eg ikkje tenkje meir på dette.

 

onsdag 3. oktober 2012

POST SCRIPTUM

Var eg hard med Det kongelege postverket i bloggen min i går? Når sant skal seiast - og det skal det -  er det mykje vakkert å seie om posten. Det at nokon kan putte ein konvolutt med namnet mitt påskrive i ein postkasse i Kuala Lumpur eller i Ouangadougu og eg kan finne han att i den grøne kassen på Eikelandsberget nokre dagar seinare, er jo eit mirakel. Eg er heller ikkje framand for at det har sine føremoner å kunne hente pakken du ventar på, ei sein kveldsstund på Rimi, berre du er klar over kvar Post i Butikk finst til eikvar tid.
   Men så var det desse høgst uforklarlege tiltaka i vår postmoderne tid. Son vår budde i Oslo nokre år, og ein gong han hadde vore heime, fekk han ekstra god tid i Bergen før toget eller bussen austover skulle gå. Då nytta han høvet å gå på postkontoret i Bergen for å tinge seg nytt ID-kort, sidan det gamle var vorte så fillete. Jau, det kunne dei ordne.
   Nokre dagar seinare kom det brev til han, korrekt adressert til bustaden i Oslo, at no kunne han kome og hente kortet sitt. På Bergen postkontor! Han klagde si naud på telefonen til papen sin. Gamlingen vart så opprørd at han lova å ringje Bergen på vegner av sonen. Eg kom til ein mannsperson som med slepande bergensdialekt forklarte meg at det var jo sjølvsagt slik at kortet måtte hentast der det var bestilt. "Nei, det er ikkje sjølvsagt for meg, " sa eg. "Driv ikkje dette firmaet ditt og ekspederer post? Skulle det vere så vanskeleg for dykk å sende kortet dit han bur?"  "Nei, når han har bestilt kortet her, må det hentes her. Sånn é de barre, og det kan du fortelle alle du kjennerrr!" No fekk eg til slutt den nidkjære funksjonæren til å sende kortet austover, så han som skulle identifiserast, fekk hente det på sitt nærmaste postkontor.
   Om dei forlangte at han skulle vise fram id-kort før han fekk det utlevert, hugsar eg ikkje.


tirsdag 2. oktober 2012

POSTMODERNISME

Før eg gav meg som lærar, hende det at ordet i overskrifta vart diskutert, og me norsklærarane kunne ikkje nett avfeie denne ismen som uviktig. No kan du godt sjå kva som står på t.d. snl.no eller i Nynorsk ordbok, ja, Wikipedia for den del. Det er ikkje så lett å verte klok på. Difor er det på tide å kome med den rette forklaringa på omgrepet:
   Eg voks opp i Flekke, og dei som dreiv posten, budde i same huset som postkontoret. Viss postkontoret var stengt, gjekk me bort og banka på den private hovuddøra, og vips! Inger, Torkjell eller Audun kom med posten, selde frimerket eller tok imot brevet som skulle av garde. Sundags ettermiddag ekspederte dei rutebåten, og den seremonien gjekk føre seg med halve bygda som tilskodarar. Postludiet på denne suiten vart avspelt på postkontoret, der dei distribuerte innhaldet i postsekkene som kom med båten. Deretter kunne alle gå fornøgde heim, eller kvar me no gjekk for å ete sundagsnons og drikke ein kopp kaffi.
   På Husnes kom Rolf og leverte punktleg i postkassen vår borte i Furuvegen. Rett nok var han ikkje heilt å stille klokka etter, for det var så mange vegfarande han laut slå av ein prat med. Men posten kom fram, og me kunne sitje på stovetrappa og sjå når Rolfen kom..
   Dei første åra her i Valo kom Ingrid med posten presis klokka ti på halv ti. Tidspunktet var ufråvikeleg, og når stunda var der, kunne me gå opp og sjå korleis ho spreidde brev, aviser og reklameblad med ein fart som ville ha fått ein pokermeister i den Ville Vesten til å skjemmast, og med ein presisjon som ein skyttarkonge. Når det ikkje var skuledag, kunne eg hente meg lesestoff til den siste kaffikoppen, for Ingrid svikta ikkje. Kom det pakke, til dømes eksamensstilar til sensur, kunne eg rusle i Valo på postkontoret og hente sendinga.
   Men så kjem postmodernismen sigande. Først vart posten utkøyrd frå Husnes, så la dei ned heile postkontoret i Valo. No vart tidspunktet for postleveringa like uvisst som vêrmeldingane. Eller verre. Vêret ser me, men ikkje postbodet. Då må me opp i vegen. Somme dagar kjem posten i tolvtida. Når eg er begynt å tru på at det er vorte vanleg, kjem han ikkje før halv tre, med det resultatet at den gamle pensjonisten går og rek opp og ned mellom stova og postkassen halve dagen.
   Eit anna utslag  av postmodernismen var at folk ikkje skulle vite om nummeret til det lokale postkontoret så lenge det fanst eit kontor på Husnes. Me skulle ringje eit sentralnummer, taste ein, to, tre, fire og hamna til slutt hos ei servicestemme som sa: "Va kan jei jælpe dei mæ?"  Men Husnes, Valen og Eikeland hadde stemma knapt høyrt om, og hjelpa vart så som så.
   For ei tid sidan kom det melding om ein pakke eg venta på, men det var Bing som skulle levere han. Kven i helsike er Bing? undrast eg. Kvar finn eg han? Bing og Bringsværd? Ved nærmare ettersyn fann eg ut at det var Bring, og ikkje Bing som stod på blanketten. Eg vart ikkje klokare av det. Kvar finn eg pakken min??? Etter fleire forskingsframstøyt fekk eg endeleg brakt på det reine at gode gamle Posten hadde formeira seg, og at denne Bring var ein av ungane, han som frakta pakkar. Eg kunne berre gå på Post i Butikk og hente han. Ja, kvar honen er det, no? Ei stund var det på butikken i Valo, så på Spar Husnes, og no er det på Rimi på Husnes. Her må ein vere vaken! Og vente på EUs postdirektiv, som sikkert kjem, det òg, nett som dei fleste EU-direktiva.
   No veit du kva Postmodernisme er.

mandag 1. oktober 2012

HAUSTVÊRET

I går var det september, i dag er den første skikkelege haustmånaden i gang. September bør jo begynne som ei forlenging av sommaren og gje oss ein stegvis overgang til hausten. Men i går skreiv eg om regn og atter regn, i dag kunne eg ha skrive om ein mild soldag. Rett nok ikkje heilt utan regndropar, for kva skal me vel krevje no til dags?
   I år får eg ikkje haustferie, så då spørst det om det vert så mykje meir godvêr heller. For nett denne ferien har ofte vorte velsigna med sol og milde brisar. Det har eg vore innom for eit par år sidan, då haustferien var strålande, og eg skreiv om ein tur i eit minst like flott oktobervêr.
   I gamle dagar var eg altså lærar på Kvinnherad vidaregåande skule, som før det heitte Kvinnherad gymnas.  I mange år var det fast regel å ta ein fjelltur med elevane om hausten. Etter kvart som skulen voks og vart stor, var det eit tungt maskineri å administrere slike turar. Til dømes var det vanskeleg å arrangere nett dei vêrtilhøva me ønskte oss og finne høvelege løyper når me skulle til fjells med allslags ungdommar, frå dei superspreke friluftselskarane til dei lataste stovegrisene.
   Eitt av dei første åra skulle me rett og slett opp på fjella me ser frå Husnes, Nordfjell, Svaneheio og Mjelkhaug. Meteorologane hadde lova oss ein blank og nydeleg dag, men då me samlast ved Reset for å gå opp frå Teigen, låg skodda tjukk. Det var sterke røyster for å avlyse heile prosjektet, men så begynte me likevel på oppstiginga. Ikkje langt oppe i lia vart skodda tunnare og tunnare, og før me kom så langt som til Kokkelberg, var det strålande blå himmel, sol og vindstille.
   Me nytte turen i fulle drag innover Svaneheio, me klatra til Mjelkhaug, åt nista, sola oss og var lukkelege, og etter kvart tykte me at dagen leid så langt at me dessverre laut tenkje på nedtur.
   Det var likevel noko som mangla på ein strålande fjelltur: utsikta. Under oss låg eit tjukt, kvitt lag av ull og sperra for utsynet. Det var berre oss og fjellet, himmelen og sola.
   Då me kom ned i bygda att, tykte alle synd på oss som hadde rota oss til fjells i den sure skodda ...