torsdag 25. mars 2010

PÅSKEFERIE

Alt no? Ja, i dag pakka eg sekken min, vende ryggen til Kvinnherad vidaregåande skule for å feriere i elleve dagar. Tysdag etter påske er det på'an igjen. Me har ei ordning med "langfredagar", som eg likar å kalle dei, altså eit påskefarga namn med assosiasjonar til liding. Somme fredagar har ein del av oss undervisning med same klassen i same faget i sju lange timar, men sidan verda og ikkje minst skulen er rettferdig, har me då fri - eller avspasering - enkelte fredagar.
   Så sist fredag hadde me eit svært opplegg i samfunnskunnskap som munna ut i at elevane etter ei samtale- og førebuingsøkt sat og skreiv i fem klokketimar om væpna konfliktar i denne vonde, urettferdige verda vår. Straffa eg fekk for denne botsøvinga var at eg sat att med nokre og tjue maskinskrivne avhandlingar, kvar på tre-fire tette sider i snitt. Men i dag fekk dei tilbake produkta, og eg tok ferie.
   I morgon skal Anne og eg til Bekkjarvik og vere nokre dagar. Etter kvart dukkar dei to yngste sønene våre opp der og. Men så fer dei kvar til sitt, og Anne og eg fer heim og feirar sjølve påsken her. Viss ikkje noko heilt uventa skjer, og det gjer det heilt sikkert ikkje. Så då får blogglesarane mine (om dei finst) ha ei gild palmehelg!

tirsdag 23. mars 2010

TURKETID FØR OG NO

Det er på tide å gjere opp status for den lange turketida me hadde i vinter. Som eit utgangspunkt for refleksjonar omkring emnet siterer eg meg sjølv med ein stil som handlar om den turre vinteren 1961. Me ser at her er parallellar med denne vinteren, men på to punkt har stoda vore annleis. Me har iallfall hatt snø i vinter. Og så brukte dei ikkje prismekanismane for å regulere straumforbruket. Elles er alt med, både om gamle folk på hålka og om vatn i dasset. Eg siterer ordrett og tek ikkje med lærar Olav K. Strand sine velmeinte rettingar.  Så kva meinte realskuleelev Reidar, 15 år for snart femti år sidan?

Fortel om dei vanskar og ulemper den lange turketida skapte denne vinteren.

   Dei siste åra har det sett ut som det minkar med nedbøren. Gamle folk talar ofte om dei snørike vintrane i deira ungdom, og det er kanskje mykje sant i det. Mykje tyder på at vi er inne i eit nytt klimskifte. Dei siste par vintrane har det vore uvanleg lite snø, og den lange turketida siste vinteren skapte mange ulemper.
   På grunn av for lite vasstilsig til kraftmagasina har elektrisitetsverka vore nøydde til å føre inn straumsparing, og mange stader utkopling. Vanlege folk har ikkje noko særleg vondt av å spare straum, men litt verre er det ved utkopling. Særleg for dei som berre har elektrisk oppvarming og koking. Men dei ymse verksemdene vert hardt råma av utkopling. Dei må innskrenke produksjonen, og oppseie arbeidarar. Dermed  aukar arbeidsløysa, og både fabrikkeigarane, arbeidarane, stat og kommune taper pengar. Det same skjer der industrien er avhengig av stor vasstilførsle.
   Vassmangelen var og stor mange stader i vinter. Vi kan ikkje greie oss utan vatn, som dagleg vert nytta til vasking og i klosett, og til matlaging. Og turken førde til vassrasjonering, som kanskje gjekk utover reinhaldet.
   Når gatelysa vert sløkte, kan det hende ulukker på vegane. Især gamle folk som har vanskar med synet kan lett dette og slå seg.
   I skogen skapte snømangelen og vanskar. Der vegane er dårlege, pla ein køyre tømmeret fram på snøføret. Og i vinter vart dette arbeidet mange stader seinka.
   Og når så tømmeret skal fløytast ned til sagbruket eller fabrikken, må elvane helst vere store, noko dei ikkje vert når det har vore nedbørsmangel om vinteren.
   Ellers sakna nok mange unge snøen i vinter, sjølv om dei ikkje direkte hadde vondt av det.
   Kva skal ein gjere for å stå budd når ein turkeperiode set inn? Det er mange ubrukte kraftkjelder som godt kunne utbyggjast, så dersom det vart bygt fleire kraftverk ville vi sleppe utkopling. Verre er det med vassmangelen. Ein må då ha  reservebasseng, som vert sett inn når hovudbassenget er tomt.

søndag 21. mars 2010

VÅRJAMDØGN

Endeleg gjer våren sitt gjennombrot. Denne vinteren vart uvanleg seig og kvit. Slike vintrar er det  lenge sidan  me har hatt. Men dagen i dag har vore mjukare enn det me har gjennomgått dei siste månadene. Rett nok kom det ein smule yr på føremiddagen. Etter kvart letna det, men sola dei lova oss, kom ikkje skikkeleg igjennom.
   Eg var ute fleire småturar og småpusla i hagen. Her er litt av kvart å ta tak i: Visna planerestar, bær- og frukttre som skal kvistast, fjorgammalt lauv som skal ryddast og bed som skal reinskast og stellast. Og så alt det andre som eg ikkje kom på i farten.
   Men eg er førti prosent pensjonist, så det må vel verte tid til litt utepusling. Det er greitt med slikt arbeid, det går an å ha tankane ein heilt annan stad mens ein ryddar og grev. Det er verre med det når eg står i klasserommet og er lærar. Eller når eg sit med prøvebunkane mine.

lørdag 20. mars 2010

FEIL APPELSINER

Som sagt i går gjekk me i AUF-laget på Sandane heilhuga inn for å vekkje opinionen til protest mot apartheid og prøvde å gjere vårt for ein boikott av sørafrikanske varer. Me stelte til eit lite lotteri med ei fruktkorg som førstegevinst til inntekt for saka vår. Oppgåver vart fordelte og basaren vår gjennomført. Denne gongen var eg heldig, eg vann fruktkorga, tok ho med heim på hybelen og koste meg.
   Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.

fredag 19. mars 2010

HEILDAGSPRØVE OG APPELSINER

No sit tjueein håpefulle ungdommar og skriv på maskin om verdssituasjonen. Dei går snart inn i russefeiringa, avsluttar det som no heiter grunnutdanninga etter tretten års skulegange og skal kanskje opp i eksamen i faget "mitt":  Politikk og menneskerettar. Dei kan kome opp i skrifleg eller munnleg eksamen. Og det er usannsynleg - etter mitt ringe skjøn - at ingen vert trekt ut til ein av eksamenane. Det har eg overtydd dei om,
   Desse ungdommane, utruleg jamt kjønnsfordelte, elleve av kvar sort, har vore til litt irritasjon ut gjennom skuleåret, men no sit dei som lysande englar og tastar på peseane sine.
   Er dei  samfunnsinteresserte? Bryr dei seg om pollitikk, religion, krig og sånt? Det ymsar, kan eg love deg. Somme er høflege, følgjer med og seier det er greitt nok, litt kjekt. Andre seier rett ut at dei  finst ikkje interesserte i politikk og likar faget nett så passeleg. Ein og annan seier ingen ting. Og nokre er brennande interesserte. Nett no ser det ut som om alle er brennande interesserte, men det er utanpå. Inni er dei  ikkje like.
   Og litt mimring. På Firda Gymnas var det fleire politiske ungdomslag, AUF, Unge Høgre, Unge Venstre og Senterungdommen. Mange lærarar og leiarar var skeptiske til at me skullle tulle med politikk, og me fekk ikkje bruke skulenamnet i namnet på laget. Nokre få av oss tulla likevel med politikk og sånn. Laget som eg hamna i, heitte Sandane arbeidarungdomslag;  Sandane AUL, medlem i AUF. Innvikla? Nei då!
   Førstkomande sundag er det nøyaktig femti år sidan Sharpeville-massakrane. Dei kvite styresmaktene i Sør-Afrika opna eld mot svarte demonstrantar og drap minst 69 av dei, deriblant åtte kvinner og ti born. Mange fleire vart såra. Den systematiske raseskiljepolitikken skulle trumfast igjennom, om nødvendig med rå makt.
    Eg skjemst ikkje av at me i Sandane AUL drog i gang ein boikottaksjon mot handel med Sør-Afrika. Me møtte mange rare og nokre klart rasistiske motargument, men me fekk mange med oss og. Svein Lundevall var leiar i Unge Høgre og støtta aksjonen. Så fekk han resten av styret sitt imot seg!
   Først og fremst var det appelsinmerket Outspan som skulle ut or butikkkhyllene. Hermetisert frukt var og aktuelt. Kjøpmenn som tilfeldigvis ikkje førte slike varer, var positive. Styraren på handelslaget selde Outspan-appelsiner og fnyste.
   Tretti år etter Sharpeville slapp Nelson Mandela ut frå fangenskap. Tretti år etter at me forlet Firda, vart han president i Sør-Afrika.

mandag 15. mars 2010

FOTBALLFEBER

No er toppserien i gang att. I skrivande stund held Vålerenga på å slå Viking. Det kunne ha vore det same, etter mitt syn. Eg er ein tolerant mann, men eg likar ikkje at austlandslaga vinn kampar. Laurdag spelte dei to vestlandslaga Brann og Haugesund ein nokså keisam 0-0-kamp, men Ålesund banka Lillestrøm i går!
   Sidan eg var innom kjønnsbalansen hin dagen, kan eg ta opp ein parallell tråd. Her i heimen er dei tradisjonelle og genstyrte rollene litt omsnudde når det gjeld fotball. Anne ser gjerne på allslags kampar, mens eg blir fortare lei av såvoren underhaldning. Den store NRK-guru Harald Eia kunne godt ha sagt noko om dette. Han vil nok ha det til at fotballinteresser følgjer y-kromosomet og mengda av testestoron i kroppen. Men eg føler meg lite kvinneleg, og Anne er slett ingen mannssjåvinist.
   Nok om det, Anne er ein ekte Brann-patriot, slengjer ukvemsord mot dommaren og motspelarar som ikkje legg til rette for Brann-siger. Til no har ho ikkje late harmen over Brann-nederlag gå ut over fjernsynsapparatet.
   Så var det mimringa. Heime i Flekke hadde Vårherre planert ut ei myrflate og gjort henne lite eigna til dyrkingsjord. Men til fotballbane var ho heilt grei. Så der samlast me gutane om kveldane, improviserte lagoppstillingar og sparka i veg. Sjølv vart eg ingen virtuos med ballen, men moro var det lell.
   Ein gong skulle flekkekatane spele kamp mot dalingane. Eg var framleis så ung at eg ikkje kom med i betraktning for lagoppstillinga. Sant å seie hugsar eg litt for lite om det heile til å brette det ut for alt folket på nettet. Difor ber eg bror Steinar om hjelp i kommentarruta. Men me var svært optimistiske før kampen. Det vart dikta kampsong til tonen av Sugar Bush ved Doris Day , og dei to første og den siste linja trur eg eg hugsar:  "Det er Flekkes dag i dag, heile Flekkes fotballdag (og så er det eit par linjer eg ikkje hugsar) ...me skal slå Dale ned i skiten!"
   Ved kampstart skar det seg litt. Nokon fornærma keeperen vår så han gjekk gråtande heim. Og dalingane hadde forsterka laget sitt med eit par juniorspelarar. Reglane var dessverre så uklare at det ikkje let seg gjere å gripe inn mot det. Det kan hende eg lyg når eg trur det vart fem-femten til gjestene frå Dale. Men der ein stad enda det.
  

lørdag 13. mars 2010

KJØNNSBALANSEN

Etter det eg har høyrt gjete, er det nokså sannsynleg at det i ein populasjon er om lag like mange gutar som jenter, men når det gjeld nyfødde er det ei lita overvekt av gutebarn. Statistisk sentralbyrå fortel at det i landet vårt vert fødd 106 gutar for kvar 100 jenter. Dei grunngjev ikkje dette misforholdet, dei driv helst med rein statistikk.
   Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
   Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
   Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?

fredag 12. mars 2010

Å LÆRE Å LESE


I går fylte denne karen fire år, så gratulerer med vel overstått dag, Sigurd ! Papen hans kunne fortelje at han i all stillheit hadde lært seg å lese. Det får han sikkert både nytte og glede av, sjølv om det er vel så kjekt å leike med bilar. Då me var og feira bursdagane til han og Frida, spelte me eit slags bokstavspel, og eg merka at han stundom leika seg med å dra i hop bokstavar.  
   Ordet å lese fanst før lese- og skrivekunsten var komen til landet. Då tydde ordet å plukke, å samle. Og det er jo nett det me gjer når me les. Eg og mange med meg har skaffa eit levebrød med utgangspunkt i plukking og sanking, og det å lære andre å plukke og sanke.
   Første heile boka eg las, heitte Rondetrollet, om eg hugsar rett. Skal tru om det ikkje var ei bok som bror Arne hadde fått ein gong. På framsida var det ei flott teikning av - ja, nettopp: Eit bustete troll. Og eit svært fjellparti i bakgrunnen. Det var ei god bok med fleire ulike eventyr som eg hadde glede av. Så lesekunsten viste seg å vere både til glede og nytte. Tykte eg.
                                                                

mandag 8. mars 2010

EKLE SPØRSMÅL

På denne 8. mars skal det hermed delast ut lukkeønske til alle kvinner som les dette. I desse dagar har det rasa ein rettferdig harme på grunn av den tarvelege åtferda mot skihopparen Anette Sagen. Lenger nede i denne teksten kan du sjå at kvinnesport ikkje var særleg høgakta for snart førti år sidan.
   Me vart ekspertar i skeiseresultat, me som voks opp i femti- og sekstiåra og aldri hadde sett ein stjerneløpar i aksjon. Radioen og ei litt forseinka måndagsavis var meir enn godt nok, attåt ivrige diskusjonar og heimelaga spørjekonkurransar. I somme heimar kom det fjernsyn allereie tidleg på sekstitalet. Slik var det ikkje heime hos oss. Men me visste nøyaktig kva Kupper'n meinte med "to indre og vekk me'n". Eg torer påstå at eg vart ein ekspert på temaet, men det var nok mange andre òg.
   Fjernsynet serverte forresten allereie tidleg på sekstitalet ein spennande spørjeleik som heitte "Kvitt eller dobbelt" med Gunnar Haarberg. På Firda Gymnas tok eitt av elevlaga etter - mon tru om det var Stella? -  og skipa ei lokal Kvitt eller dobbelt-tevling i festsalen ein sundagskveld eller to. Om det var pengepremiar eller andre trofé å vinne, hugsar eg ikkje.
   Ein av dei som melde seg på, var Henning Rivedal. I skeiseløp. Nei, han skulle ikkje gå på skeiser i festsalen, han skulle svare på spørsmål. Sjølv var han ein allsidig idrettsgut som òg kunne gå på skeiser. Men no var det skeiseresultat frå høgare nivå det skulle lagast spørsmål om. Olav Helge Førde (bror til salige Einar) og eg vart spurde om å utforme spørsmåla. Me to vart fort einige om at Henning ikkje skulle sleppe billeg. Iallfall eitt av spørsmåla gjekk på kvinnelege skeiseløparar. Men kva visste Henning Rivedal om det? Stakkaren vart vippa ut temmeleg fort.

søndag 7. mars 2010

SKEISELØP I BERGEN

I helga var det noregsmeisterskap på skeiser i Bergen. Til og med NM var ei mediehending då me var litt yngre. Det vil seie, me sat med øyro klistra til radioen, skreiv rundetider, diskuterte og spådde utviklinga. Når måndagsavisa kom ein gong utpå tysdagen, var det fram med saksa og klyppe ut bileta av store og små idrettsstjerner og lime dei inn i ei utskriven skrivebok.
   Og då Bergen fekk NM for 55 år sidan, møtte vestlendingane mannjamt opp på Krohnsminde i regnbygene og heia på Hjallis, Aas og Kupper'n. Det hjelpte ikkje Hjallis, han datt på ræva på 5000 meter'n og fekk ikkje gå mila dagen etter. Men då sundagen rann i 1955, rann også  resten av isen vekk på Krohnsminde, så heile hurven, både skeiseløparar og tidtakarar, tok toget til Voss og fullførte meisterskapen der. Første NM til Kupper'n!
    I år var det nesten ikkje tilskuarar på Slåtthaug stadion, endå Bøkko og soneson til han som vart norsk meister to år før krohnsmindestemna var blant toppfigurane.
   Og så må eg få fortelje at eg og har gått på skeiser i år. På Lade i Trøndelag for ei veke sidan. Ulikt Hjallis i Bergen i 1955 datt eg ikkje. Men eg nøgde meg med fem minutt med lengdeløpsskeisene til Rune.

torsdag 4. mars 2010

TILBAKE TIL KVARDAGEN

Sjokket ved å vere heime att etter ei veke utanfor heimen vart så stort at eg har ikkje kome meg i gang att med blogging før no.
   Me var i Austevoll nokre dagar og kjempa mot snøplaga. Først skufla me vekk fleire kubikkmeter med snø så me fekk den kjære bilen vår inn til huset. Så opplevde me at neste morgon var det like mykje snø der, og me laut til att å spa og koste. Det same hende neste dag og. Utanom det hadde me meir enn nok med å følgje med på og heie på idrettsfolka våre i Vancouver og der omkring. Me fekk jamvel tid å kose oss, lese, løyse kryssord, prate, ete og slappe av. At me i tillegg hadde eit par dagar med magesykje, trur eg me hoppar glatt over. Det var noko drit, rett og slett.


   Deretter vart det trondheimstur og fleire dagar med born og barneborn. Laurdagen feira Sigurd og Frida felles bursdagsfest. Frida var seks den 21. februar, Sigurd fyller fire den 11. mars, så denne feiringa blir årleg lagt til ein dag imellom desse datoane. Og alle våre etterkomarar var til stades i tillegg til nokre av morssleka. Mor til dei to små er frå Surnadal.
   Så kom me oss omsider heim att måndag kveld, og no er det allereie snart fredag