søndag 21. mars 2010

VÅRJAMDØGN

Endeleg gjer våren sitt gjennombrot. Denne vinteren vart uvanleg seig og kvit. Slike vintrar er det  lenge sidan  me har hatt. Men dagen i dag har vore mjukare enn det me har gjennomgått dei siste månadene. Rett nok kom det ein smule yr på føremiddagen. Etter kvart letna det, men sola dei lova oss, kom ikkje skikkeleg igjennom.
   Eg var ute fleire småturar og småpusla i hagen. Her er litt av kvart å ta tak i: Visna planerestar, bær- og frukttre som skal kvistast, fjorgammalt lauv som skal ryddast og bed som skal reinskast og stellast. Og så alt det andre som eg ikkje kom på i farten.
   Men eg er førti prosent pensjonist, så det må vel verte tid til litt utepusling. Det er greitt med slikt arbeid, det går an å ha tankane ein heilt annan stad mens ein ryddar og grev. Det er verre med det når eg står i klasserommet og er lærar. Eller når eg sit med prøvebunkane mine.

1 kommentar:

  1. Ja det er fint at sola igjen fant skjæringspunktet mellom himmelekvator og ekliptikken.
    Det er og fine greier for deg at månen følgjer med, og difor snart skapar påsken.
    Då kan du pusla i hagen på heil tid ei stund.

    SvarSlett