mandag 24. desember 2012

JULEGUT I SYTTI ÅR



Som du ser, var han eit vakkert barn då han var i femårsalderen. Ser du lenger nede, skjønar du at han no er ein pen gammal mann. Eg snakkar sjølvsagt om storebroren Steinar.
   Det var med naud og neppe at papen fekk med seg jordmora då han kom ramlane seint på julafta i 1942 og drog henne ut or stova nett då saueribbene begynte å spreie sin himmelske ange i jordmorstova i Dale. Ho var, som ein kan skjøne, pottande sur. Men då alt var over utpå kvelden, kom papen med ei flaske nybryggja øl som svigerfar hans hadde produsert. Bestefar kunne sine ting, han! Då skein jordmora opp og gledde seg til heimkomsten.
   Det har vore så som så med bursdagsgilde for denne jubilanten fram gjennom tidene. Til gjengjeld er det lett å hugse datoen. Så greidde han å gnure det til slik at eldste dottera også vart julaftebarn, fødd på 29-årsdagen til Steinar'n. Tenk det! Hemne seg på det stakkars jentebarnet, som var heilt uskuldig i lagnaden han. Men det er noko som heiter arvesynd ...
   Må eg få ønskje jubilanten til lukke, og gledeleg jul til alle mine blogglesarar!

Sytti år og like blid!

mandag 17. desember 2012

LESEGLEDER 7: MARK TWAIN


Eg er nøydd å love meg sjølv at eg snart skal kome til endes med denne serien av leseminne. Rett nok er det eit emne som kan nyttast lenge, men trass alt er det gitt ut bøker om litteratur som er mykje meir å rette seg etter enn mine subjektive røynsler uti lesekunsten. Så no lovar eg at det ikkje skal verte meir enn ti.
   Dagens forfattar er nok ikkje den eg har lese mest av. Men ein gong gjorde han eit sterkt inntrykk. Det var då eg fekk tak i boka om Tom Sawyer med ei flott teikning utført av Jens R. Nilssen på framsida. Du hugsar vel han, han som skapte Vangsgutane og Smørbukk?
   Tom Sawyer høyrde definitivt heime i kategorien skøyige bøker. Litt spennande var ho òg, særleg mot slutten. Dette gjekk føre seg ved elva Mississippi midt på attenhundretalet, men personskildringane, gutepåfunna og tilhøvet mellom dei dumme vaksne og dei mykje gløggare ungane kunne like gjerne ha handla om Flekke godt hundre år seinare. Me hadde òg ei stor elv og fleire små. Eit poeng til: Slektskapen med Gutane på Tedneholmen av Ragnvald Vaage er påfallande.
   Etter at eg hadde lese Tom Sawyer nokre gonger, vart eg konfirmert, ein smule bemidla og begynte på realskule nær ein bokhandel. Så noko av det første eg gjorde då, var å gå inn i butikken til Skaar'n og forlange på disken boka Huckleberry Finn. Denne kompisen til Tom spelte ei mindre viktig rolle i den første boka, sameleis som Tom i den andre. No var det Finn som førte handlinga vidare. Det var ei heilt anna bok enn boka om Tom, ikkje så skøyig, svært spennande, og med innslag eg truleg ikkje skjønte rekkjevidda.
   På tide å lese ho om att?
   

lørdag 15. desember 2012

LESEGLEDER 6: NORSK BARNEBLAD



Når eg først har gitt meg ut på å omtale lesegleder frå tidlege stadium i lesekarrieren min, kan eg ikkje kome unna Norsk Barneblad. Det bladet voks eg opp med; brørne mine hadde det før meg, så eg kan ikkje hugse anna enn at det kom kvar fjortande dag i posten. Det var i A2-format, bretta to gonger, så kvar av dei åtte tekstsidene var i A4. Så når det skulle lesast, laut me brette det opp og leite oss fram til dei rette sidene etter kvart.
   Eg viser til den tidlegare klassifiseringa i kjekke, skøyige og spennande tekstar. Her fann me alle tre kategoriane. Bladet baud på alt frå klassikarar av Jules Verne, James F. Cooper (indianarbøkene) og Frances Hodgson Burnett (sjå ovanfor) til norske slitarar langt til fjells eller på den ytterste nøgne ø. Og kva med baksida? Smørbukk! Same karen som teikna Vangsgutane, Jens R. Nilssen. Ein lubben mirakelfyr med frekke påfunn og blømande fantasi.
   Og oppunder jul kom Juletre og eit dobbeltnummer av Norsk Barneblad sendande i ein stor konvolutt. Juletre var eit hefte på heile 36 sider og er eitt av dei lengstlevane julehefta i norsk pressehistorie. Dobbeltnummeret av bladet var denne gongen stifta i ryggen og med oppskorne ark, så her slapp me brettte ut og leite oss fram. Men før mi tid hende det visst at det kom uoppspretta dobbeltnummer med seksten sider som laut brettast ut eller sprettast.
   Konvolutten med dei to juleblada kunne brukast til lagerplass for heile årgangen. Det fekk iallfall eg til, og blada vart gøymde og lesne om att og om att. Eg skrapte jamvel sparebøssa og kjøpte nokre gamle årgangar, som du no får sjå ein smakebit frå.
   Seinare har eg prakka bladet inn på ungane våre, så her eg sit, står det eit lager med godt over førti årgangar. Men det spørst kva som skjer med dei når eg ikkje passar på lenger. Eg nemnde med ein son kva eg skulle gjere med dei. Ærleg som han var, sa han: "Eg trur det er du, pappa, som er mest interessert i dei, så gjer som du vil!"
   Legg du inn eit bod?




onsdag 5. desember 2012

LESEGLEDER 5: JULES VERNE OG DEN SISTE MOHIKANAREN

No rotar eg meg snart vekk i lesegleder frå farne tider. Eg går like usystematisk til verks som eg alltid har gjort i blogginga mi. Du treng ikkje tenkje som så at eg går kronologisk fram, eg planlegg ikkje på den måten.
   No rotar eg meg snart vekk med tankar om blogginga, eg går difor over til emnet: For nokre tiår sidan sa forståsegpåarar at ungane måtte få lesestoff som dei kunne kjenne seg att i. Dei måtte få lese om slike røynsler dei truleg hadde gjort seg i sitt unge liv. Helst skulle det skrivast om problem og om stussleg oppvekst. Det ville hjelpe dei til å bere sin eigen lagnad. Ja vel. Det var ikkje så vanskeleg å kjenne seg att i forteljingane om Vangsgutane og Larris, og barndomslandet som Ragnvald Vaage skildra, hadde tydelege parallellar til mine heimetrakter. Rett nok vart eg verken mor- eller farlaus i ung alder, men elles var det mykje som likna.
   Men å lese Jules Verne var noko anna. Her handla det ikkje om ungar (det fanst unntak), men om velvaksne karar og enkelte kvinner som strutta av fantasi og heltemod. Hendingane gjekk ikkje føre seg i vestlandske fjord- og kystbygder. Nei, her var det snakk om ferder djupt under havflata, over dei endelause sibirske viddene, i eit farty på veg til månen eller på ei audsleg øy i Stillehavet. Ein kunne følgje Phileas Fogg og hans trufaste tenar Passepartout på ferda deira rundt heile jorda i den eventyrleg korte tidsrommet 80 dagar, i underlege farkostar og med farefulle situasjonar rundt kvar ein sving. Kvar var attkjenningsgleda som burde vere i barnelitteraturen? Jau, eit par tilknytingspunkt var det: Trongen til eventyr, gleda over å få eit glytt inn i det ukjende.
   Så skulle eg vel ha skrive om sjangeren indianar- og cowboybøker. Eg nemner det i same tankegangen. Her var det ikkje mykje som likna på oppveksten heime i Flekke. Men det var svære greier å verte kjend med Hjorteveidar og mohikanarane.
   Det var ikkje mange indianarar eller månefararar heime i Sunnfjord på femtitalet. Ikkje ubåtar heller.
 

tirsdag 4. desember 2012

LESEGLEDER 4: DEN FORUNDERLEGE VEGEN

Er ikkje det ein vakker boktittel? Eg har skaffa meg boka, ei tunn flis som biblioteket i heimbygda til forfattaren kvitta seg med for nokre år sidan. Når biblioteka sel ut slikt dei ikkje vil samle på lenger, kan du gjere svært gode kjøp!
   Ragnvald Vaage var bonde og diktar, fødd i 1889 og kvinnhering. Han har skrive nokre av dei mest fengslande barneskildringane eg har vore borti. Mesteparten av det han skreiv, var tydeleg merkt av heimemiljøet hans på Sunde og bygdene heromkring for om lag hundre år sidan. Han skreiv romanar og noveller for både born og vaksne, han skreiv dikt, frekke meiningsytringar og kåseri, og han var ein høgt skatta folketalar.
   Eg har faktisk høyrt han tale ein gong, men det var den 19. juni 1949, så eg har diverre gløymt det meste. Derimot brukte me bøkene hans til opplesing i teikne- og skrivetimar på Flekke skule. Dei kunne me trygt plassere i kategorien "kjekke bøker", med fleire innslag av "skøyige stykke". Jamvel om eg-personen i Den forunderlege vegen og framhaldet Den gode sumaren er morlaus og etter kvart mister faren òg, er det bøker som struttar av livsglede og humor. Slik var det òg i Gutane på Tedneholmen.
   Læraren vår var ikkje like nøgd som me. Det hende seg at det kom eit nesten-kraftuttrykk som "Å faselen" eller noko slikt. Det var ikkje bra. Og nokre av gutepåfunna meinte han var på grensa av det forsvarlege i ei barnebok. Men me ungane var nøgde og gledde oss over desse lesestundene. Då eg som pur ung lærar på Radøy administrerte høgtlesing, vart det for min del reprise på barnebøkene til Vaage, og suksessen var sikra.
   Dei hadde ein lesering i Flekke, og ein dag kom papen heim med ei bok av Ragnvald Vaage som heitte Den vonde draumen. Eg var vel i tolvårsalderen, kanskje. Då papen hadde pløgt igjennom henne, ville eg overta. Eg kjende att namnet på forfattaren og rekna med at dette var kjekt å lese. Han drog på det: "D'ækje nett noka barnebok...!" Men han blånekta ikkje. Og det var litt av kvart å lese om, det fann eg ut då eg la ho frå meg. Verda kunne vere mykje vondare enn langs den forunderlege vegen i barndomsriket til Vaage.
   Merkeleg nok er mange av vaksenbøkene til Ragnvald Vaage nokså ulike barnebøkene. Dei er mykje dystrare, og der møter me tidt born og unge som vert forsømte og krenkte. Dei skil seg tydeleg ut frå dei lett sjølvbiografiske skildringane han skreiv for born.
   I år kom det ut ei bok gamle Vaage-tekstar både for born og vaksne, henta frå ymse blad og julehefte. Eg vart spurd om å skrive forord, kjende meg smigra og sa ja.
   Men det treng du ikkje lese om du kjøper boka Heng i og ro!