mandag 10. februar 2014

"SKULEPARTIET?" HØGRE. KAPITTEL 2

Når eg no fyrer laus på ærverdige Høgre, har det sine grunnar. Hovudgrunnen er at partiet dominerer regjeringa og sit med kunnskapsministeren. Grunn nummer to er at partiet både før og etter valet har presentert seg som bestevenen til skulen og lærarane. Den tredje grunnen er at eg tvilar sterkt på om den praktiske politikken til partiet kan gagne desse kjærleiksobjekta. 
   Eg lovde i går å skrive litt om lærarløna. Ein skulle ikkje snakke om noko så småleg som pengar når emnet er omsut for den oppveksande slekt. Men lell. Eit ideologisk hovudfundament for partiet Høgre er trua på marknadskrefter og konkurranse. Så då skulle ein tru at dei ville framheve eit skikkeleg lønsløft som det aller viktigaste verkemiddelet for å få rekruttert ideallæraren. Her gjeld ikkje grunnsynet lenger. Statsrådane nemner forsiktig at lønsoppgjer, nei, det har ikkje regjeringa noko ansvar for. Det er opp til partane, der KS (arbeidsgjevarorganisasjonen til  kommunane og fylkeskommunane) er reiskapen til det offentlege. Som nemnt i går, var den førre kunnskapsministeren frå Høgre med på å skilje lærarane frå statsoppgjeret. Ei høgrekvinne er i dag leiaren for KS.
  Statsministeren og kunnskapsministeren har ymta om at dei kanskje skal leggje ut læraragn i form av nokre karrierevegar for særskilt dugande lærarar. Med andre ord: Nokre få lærarar kan kanskje  få litt meir inn på  konto. Korleis desse skal plukkast ut, kan de berre kvi dykk til, de som framleis er lønsmottakarar i skulen. Vituge rektorar har betakka seg for ansvaret med å sortere i lærarflokken. dei har anna å gjere på, ære vere dei. Men kanskje rådmennene veit råd, her òg?
   Lønsoppgjeret i kommunesektoren kjem vel til å gå føre seg om lag slik: 
- Først fastset dei ei ramme på eit par-tre prosent eller noko slikt.
- Så skal ramma fordelast. KS vil  ha mest mogleg til lokale tillegg og minst mogleg til generelle tillegg. Me får tru at lærarorganisasjonane vil ha mesteparten i den potten som alle skal få del i.  
- Truleg får KS gjennomslag for ein bra lokal pott. Så skal kommunar og fylke dele dette ut. Me kan lett risikere at ein god av desse pengane dermed hamnar hos andre enn lærarane. Til andre verdige trengande, som sikkert fortener det.
-  Men nokre kroner må nok tilfalle dei sagnomsuste ideallærarane, så ikkje Utdanningsforbundet går heilt amok. 
- Med andre ord: Det store fleirtalet av lærarar og andre kommunetilsette må betale for desse superpedagogane. Alt skal jo gå frå den ramma som først er fastsett! 
   Så går livet sin gang. Lukrative løner i ein del statusyrke lokkar mange unge talent til heilt andre utdanningsvegar og ganske andre yrke enn det høgt lovpriste læraryrket.
   Høgre har iallfall mykje rett i at marknadskreftene er sterke. Også i arbeidslivet. Spørsmålet er om partiet vil kviskre sine vener i KS desse sanningsorda.
   Eg tvilar.
   



søndag 9. februar 2014

"SKULEPARTIET?" HØGRE. KAPITTEL 1

Både før og etter valet har Høgre masa mykje om at den norske skulen er sjølve hovudsaka deira. I den retorikken har dei òg framheva læraren som den viktigaste suksessfaktoren. Slike ord kling godt i mine øyre, jamvel om eg forlét yrket for snart to år sidan. Fru Solberg talte pent om læraren i nyårstalen. Minister Isaksen, lærarson og sympatisk forvaltar av den kulturkonservative arven til partiet, går fram med varsame, milde steg. Eg trur nesten dei meiner det dei seier om læraren. Eg er hjartans samd med partiet Høgre i at kunnskap og fagleg styrke er viktig for både lærar og elev, og eg synest at venstresida i norsk politikk gjerne kan tilstå dette.
   Men skulepartiet Høgre har ikkje overtydd meg om at dei  byr på rett medisin. Kor godt vil dei  læraren? Korleis skal det gå med skulen dei styrer? Eg skal utdjupe skepsisen min litt. Så i dag skriv eg litt om kva me opplevde sist partiet Høgre styrte kunnskapsdepartementet.
   Eg har ikkje berre gode røynsler  med høgrefolk i statsrådstolen. Sist me hadde det, heitte statsråden Kristin Clemet. Ho var ei lynskarp, handlingssterk dame, og ho trumfa gjennom ei gedigen skulereform på rekordtid. Det var sikkert ein del gode sider ved denne reforma, men eg som var i vidaregåande skule, merka lite til det. Tvert imot. For dette skuleslaget vart reformene mest kosmetiske og formelle. Til dømes vart heile fagspråket endra: Alle einingane i  skulestrukturen fekk nye namn utan at innhaldet vart nemneverdig forandra. Eitt døme: Det skulle ikkje heite klasse lenger. Basisgruppe var det nye namnet. Derimot fekk me pålagt ein haug med ekstraarbeid for å finne ut av det nye, som stort sett var det gamle. Valfaga - pusterom og høve til estetiske eller praktiske innslag i skulekvardagen - vart fjerna. Alle læreplanar vart fornya, men få vart forbetra. Målstyringsideologien fekk ein brei plass. Testing og konkurranse skulle inn. Utdanningsprogramma ("studieretningane") for yrkesfag vart endå meir teoretiserte, med større elevfråfall som resultat. Me fekk oss påprakka dei første forsøka med nasjonale prøver. Mykje arbeid som kunne ha vore brukt til å førebu skulereforma, gjekk til å finne ut kva i helvete desse prøvene var for noko. Det var me lærarar som skulle gjere arbeidet på skulen, og me vart sende på kurs. Me var lydige og prøvde, men elevane ville ikkje. Dei saboterte, nekta å delta, eller leverte tullesvar. Total fasko, resultata (dei få som kom inn) måtte berre forkastast.
   Min dom er at den vidaregåande skulen gjennomgjekk eit kvalitetstap rett før og rett etter innføringa av "kunnskapsløftet". No skal det seiast at dette systemet vart sett ut i livet etter at dei raudgrøne overtok regjeringsansvaret hausten 2005. Dei følgde stort sett opp det som var vedteke, planlagt og førebudd, med få og små endringar. Men me fekk på ny lov å bruke nemninga klasse, og dei nasjonale prøvene vart sette på vent.
    Ei sak som rulla fram med full styrke, var inntoget av kommersielle privatskular. Kva skade desse kunne ha gjort, fekk me ikkje vite, for den raudgrøne regjeringa stansa frisleppet. Ein av skulane vart sikta for misbruk av offentlege midlar, og etter det pakka dei i hop. Elevane stod der utan skuleplass. Forretningsfolk er eit gode i samfunnet, men dei bør ikkje  få kjøpe elevane for skattepengane våre. For kvar elev som for eit treårsløp vel ein privatskule istadenfor vår heimlege Kvinnherad vidaregåande skule, tappar KVV for om lag kr 165 000 kroner i tilskot!
   Kristin Clemet snakka  ikkje pent om lærarane, iallfall ikkje slik me oppfatta henne. Lærarane måtte bli flinkare, skulle skulen bli betre. Altså:  Skulen og lærarane er ikkje så  bra. Og god løn skall dei ikkje ha, berre ein og annan som på forunderleg vis burde få prestasjonsløn. For å ta minst mogeleg av støyten i tarifforhandlingane vart lærarane flytta frå statsoppgjeret til kommuneoppgjeret. Me fekk KS som forhandlingsmotpart. Dermed vart avstanden frå regjering til tariffoppgjer truleg litt større, og dei kunne lettare toe sine hender når det vart snakka om løn. Dette må eg få seie litt om i morgon.

lørdag 1. februar 2014

MEIR LÆRARPRAT: FINLANDISERING?


Finland er eit fascinerande, litt eksotisk land. Rett nok er landet på mange vis nokså likt vårt eige. Om lag same innbyggjartal, om lag same flateinnhald, om lag same posisjon på jordkula, ja me er jo granneland. Språket er derimot heilt ulikt norsk. Så er det flatare og kaldare. Historia dei siste par hundreåra har vore mykje meir dramatisk enn vår. Eg har aldri vore i  Finland, men eg trur nok at finnane og nordmennene ikkje lever så svært ulike liv. Relativt sett. Levealderen er om lag som vår, og landet er på flest alle område blant dei mest velutvikla i verda.
   No er dette eit nytt innlegg i skuledebatten, skrive av ein avdanka lærar med løn frå  NAV  og  Statens pensjonskasse. Så då  går  me over til å snakke skule.  Skulefolk og  politikarar i mange land har oppdaga dei gode resultata finske ungar får i ymse internasjonale skuletestar. Spesielt norske politikarar som vrir seg i hendene for å finne på  noko i norsk skule, dreg til Finland og hentar idear. Så kjem dei heim med dei funna som passar best til deira ideologiske briller. Desse funna sprikjer derfor i ulike retningar. Somme vil ha inn karakterar for småungane, andre vil stanse privatisering i skuleverket. Blablabla. Og slik held dei på.
   Eg saknar ein tydelegare dimensjon i debatten. Kva er det ved skulen som er godt og viktig for bygging av land og folk, for forming av framtida, for menneskelukka? Evne til samarbeid? Toleranse? Naturfag? Samfunnsforståing? Data? Litteratur? Matematikk? Disiplin? Engelskkunnskapar? Estetisk sans? Fysisk fostring? Omsorg? Eller kanskje skulen ikkje er så viktig, kanskje miljøet kring born og unge er vel så viktig? 
   Eg skal ikkje dra bastante slutningar av det eg no skal skriv. Eg skriv ikkje at dei neste momenta har noko med  den finske skulen å gjere. Eg tillet meg likevel å nemne:
- Finnane har vore kjende for å  ha hatt ein svært høg sjølvmordsrate, dobbelt så  stor som den norske.
- Drapsraten i Finland har òg vore markant høgare enn i andre nordiske land.
- Dei par siste åra har finsk bruttonasjonalprodukt gått ned med over ein prosent per år. Noreg har hatt ein pen auke, og ikkje berre i oljenæringa.
-  På FNs HDI-indeks (velferdsstatus) ligg Noreg på første plass, Finland på 21. plass. (I internasjonal samanheng kjem finnane godt frå det med den plasseringa.)
  Men norske ungar er berre middels gode i matematikk, mens finnane briljerer.