tirsdag 24. januar 2017

EIN AMERIKANSK DYSTOPI

Når det gjeld denne bloggsida, har folk all grunn til å sjå på meg som ein halvnostalgisk mimrar. Difor ser eg det slik at eg må sjå inn i framtida av og til. Då burde eg nok ha vore meir optimistisk enn denne dystopien tilseier.
   Eg skriv om Donald Trump. Sjølv om eg mislikar han intenst, må eg tilstå at han har nokre poeng. Han finn gjenklang hos folk som sikkert treng merksemd, og han har peikt på manglar og misforhold i det amerikanske samfunnet. Han har rett i at styresmaktene har sløst vekk mykje pengar på tvilsame engasjement utanfor landegrensene.
   Men han er ufyseleg sjølvopptatt, lyg og overdriv når det passar han, skjeller ut eller snakkar nedsetjande om folk han mistrur eller mislikar, og han legg fram eit politisk program som knapt kan tene den jamne veljaren. No lovar han store skattelette til dei rike og nesten-rike. Kakse-venene hans skal grafse i statskassa der òg.
   Det eg no fryktar, er at han kjem til å sitje i stolen dei neste åtte åra. Når det så skal veljast ny president i 2024, kjem ein av ungane eller kanskje ein svigerson til å rykkje opp. Han vil arbeide målretta for å sikre dynastiet sitt, og han kan lukkast.
   Eit lite kjent innslag i verdspolitikken er det som pressetalskvinna hans kalla «alternative facts», altså reinhekla løgn, eller avvising av fakta som dei seriøse media formidlar. Putin og hans regime har nytta metoden. Trump gjorde det neste kvar gong han opna kjeften eller tvitra i valkampen. Goebbels i Nazi-Tyskland lærte oss at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger, etter kvart blir oppfatta som ei sanning. I valkampen sa Trump sjeldan namnet til Hillary Clinton utan å innleie med «crooked». Me kjem til å oppleve stadige gjentakingar av Trumps sjølvskryt og skryt av eigne bedrifter, og grov nedrakking av alt og alle han ikkje likar. Om att og om att. Og han avviste faktaopplysningar som ikkje passa han og sa at «dei lyg, lyg, lyg....»
   Noko av det som skremmer meg mest, er at det nye regimet kjem til å motarbeide og kanskje jamvel bruke statsmakta til å setje stygge grenser for det frie ordet. Noko av det flotte med det amerikanske samfunnet er aviser som Washington Post og The New York Times, som set si ære i utøve skikkeleg kjeldekritikk og samtidig setje søkjelys på makta og maktpersonar. Og å halde seg uavhengige av interessegrupper. Det spørst kor lenge dei greier dette. Trump-dynastiet og alt-right-rørsla likar ikkje slikt. Kanskje dei finn metodar som skal binde og kneble dei? Saman med seriøse fjernsyns- og nettkanalar. Det skulle ikkje undre meg. Forresten er det dessverre slik at eit stort fleirtal av amerikanarar aldri les desse avisene. I staden for seriøst nyhendestoff har altfor mange amerikanarar mata seg med såkalla reality-seriar, der Trump var ei stjerne. Og dei har lært å like den bøllete reality-tonen.
   Like ille som presidentvalet var senatsvalet, som gav fleirtal til det republikanske partiet. No kan Trump foreslå sine vener til høgsterettsdommarar etter kvart som seta der blir ledige. Senatet skal godkjenne dei. Dermed kan Høgsterett bli eitt av dei viktigaste maktmidla for den ekstreme høgresida i landet.
   Gjennom dei neste åtte åra får landet ei avdemokratisering og ei avhumanisering med stendige åtak på fundamentale menneskerettar og vern av minoritetar. Og så blir den neste Trump vald. Det blir kanskje bruk for nokre tiltak mot valsystemet og valordninga for å få det i hamn, men det fiksar dei greitt.
   Men får han folket med seg? Nei, han må slite litt. Men no får han ein svært god start. Landet er trass alle misforhold i betre stand enn på mange år. Arbeidsløysa har gått kraftig ned og sysselsetjinga kraftig opp. Kriminaliteten har gått ned. Utanlands er USA mindre involvert enn på lenge. IS (som Trump skulle «utslette»,) er kraftig redusert allereie. Alle opplysningar om dette og meir til avviste Trump som «løgner» i valkampen. Snart får me statistikkar som viser framgangen, og som Trump vil ta æra for. Om att og om att. Til tilstrekkeleg mange trur han har rett. New York Times les dei ikkje.
   Om åtte år er eg så gammal at eg kanskje har gløymt kva eg skreiv i dag. Og eg vonar inderleg at eg tek skammeleg feil.



søndag 22. januar 2017

FLEKKES (OG SVINTS) STORE DAG

I Den sjuande sans-dagboka mi frå 1958 er det ikkje mange notatar, men den 22.juni laut eg notere litt: "I dag er Flekkes store dag! Noregsmeisterskap i kort maraton." Og så har eg notert ned resultatlista.
   Jau, det var ein stor dag, ein godvêrssundag og  folkefest. Løpet - også omtalt som 25 kilometers landevegsløp - gjekk frå vegeskiftet i Flekke og følgde riksvegen til Nautsund, der deltakarane vende og sprang ned att til Flekke. Deltakinga var ikkje så mykje å skryte av, berre sju stykke. Finn Systad vann, og Svints store stjerne, Olav Sande, vart nummer fem. Men at Idrottslaget Svint fekk dette meisterskapet, var ikkje noka lita bragd. Tykte me. 
   Broder Steinar og jamaldringen Erik Sølvberg synte seg å inneha ein god grann forretningstalent. Onkelen til Erik hadde jo butikk i bygda, og no fekk desse to karane låne garasjen hans og rigge seg til med sal av brus. Kanskje jamvel is og snop, det hugsar eg ikkje. Onkel Odd kunne stå som forretningsansvarleg, så her vart det nok ikkje søkt om noko løyve. Litt lenger borte hadde Storakerfolket sin butikk ope og selde brus og denslags, dei òg. Men mens Erik og Steinar tok betalt for flaskepant og betalte tilbake når tomflaska kom i retur, tenkte ikkje Storakerfolka slik. Dei bad folk kome att med flaska når ho var tom. Det var det ikkje alle som gjorde; somme var så uærlege at dei gjekk til garasjen og fekk flaskepant hos Erik og Steinar.
   Dagen etter var det jonsokaftan. Som vanleg når denne dagen kom, romsterte eg i hus og stabbur etter tomflasker som kunne pantast, og så gjekk eg på butikk for å få inn pengar til jonsokbrus. For det måtte me ha; kjekspakke og brusflaske med hòl i korken som me gjekk og patta på mens jonsokbålet brann og sommarkvelden lakka og lei.
   Men då eg kom til Mathilda på Storakerbutikken med tomflaskene mine, vart ho  bisk i åsynet og nekta å betale ut nokon pant. Dagen før hadde dei tapt fleirfaldige kroner på flasker som ikkje vart returnerte, fortalde ho. 
   Eg laut gå på Oddbutikken, og der fekk eg pengar og kunne kjøpe jonsokbrusen min. Noko særleg minne frå sjølve NM har eg ikkje, men flaskehistoria hugsar eg.
      

torsdag 19. januar 2017

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR

Nei, i Flekke var det ikkje Holmenkollstafetten som var vårens vakraste eventyr. Det var Svintstafetten.  Det unge idrettslaget staka opp ei stafettløype som høvde godt til laget. Den unge, særs talentfulle Gunnar Kalstad fekk  ein  høveleg kort etappe. Langdistansestjerna vår, Olav Sande, fekk sluttetappen, som var lang nok til at han lett kunne nå  att eventuelle konkurrentar som prøvde å stele sigeren frå Svint-gutane. Løpet starta ved ungdomshuset, følgde postvegen (eller gamlevegen, som me sa i den tid) inn Stavsdalen til Våkneskarvadet, der turen gjekk opp Tjuvevegen til riksveg 570 (seinare riksveg 57, seinare fylkesveg, eller Nyevegen, som me sa). Så følgde dei denne vegen ned att til Flekke, tok av over Finnbrua, gjennom Finntunet og Garatunet ut til skulehuset og  opp om bøgarden ved kalvehuset til Garagutane, og deretter langs bøgarden heilt til kalvehuset til Finn, og så ned att til ungdomshuset. Skal tru om dei kanskje la til ein ekstra runde og sprang den aller siste sløyfa to gonger så Olav Sande skulle få sikre sigeren? Denne blide skoringen var den beste langdistanseløparen i fylket og hevda seg i landstoppen, må me hugse. Når så Olav passerte målstreken, hadde Svint drege sigeren i hamn. Heile bygda stod og jubla i det vakre vårvêret. Etterpå var det premieutdeling og fest i  ungdomshuset.
   Men eitt år skar det seg. Olav gløymde å ta av ved Finn-kalvehuset og sprang vidare innover utmarka i retning Grønekvia og Årelia. Dei som kom bak han, følgde på. Ingen rekna med at ankermannen på heimelaget skulle ta så feil. Så vart tabben oppklara, og ei gruppe andpustne, sveitte og tafatte idrettsgutar labba tilbake til kalvehuset, stansa opp, stod og såg på kvarandre og lurte på kva dei no skulle gjere. Dei tok like godt og stilte seg opp, sa "Klar, ferdig, gå!" og la på sprang dei siste to-tre hundre meterane ned til mål. Og stakkars Olav, som ikkje var nokon sprinter, måtte sjå seg slått av tre-fire andre.
   Eg anar ikkje korleis dei takla premieutdelinga den dagen.

onsdag 18. januar 2017

SVINT MOT LUNGEBETENNELSE

Eg kan ikkje dy meg. Sidan eg presenterte Svint-drakta frå sekstitalet i går, vil eg få syne fram ein av dei unge, lovande stafettdeltakane som hausta ære og fagnad på fleire tevlingar der Idrottslaget Svint stilte opp. Då dette biletet var teke, var nok løparkarriera hans på hell. Derimot hadde han pådrege seg ei lei sykje og laut halde senga i Krybbesmuget 2 i Bergen by. Eg trur det var i januar 1969 eller der omkring. Olemann, bror Steinar og eg delte ei leiligheit ein periode. Seinare på våren gifta eg meg og flytte etter kvart ut, mens dei andre to heldt det gåande endå ei tid. Men dette hende før eg flytte, bror Steinar hadde sikkert fare ute i januarkulda utan langt ullunderty, hue og sjal og hamna i senga med lungebetennelse, stygg hoste og flammande febertokter. Eg fekk pleie storebroren min etter fattige evner, eg ringde etter dokter og ringde ein gong til og kjefta fordi visitasen drog ut. Men så kom dokteren omsider, han lytta på pasienten, medisin kom i hus, og feberen minka. Og no, som du ser, har Steinar fått på seg Svint-drakta med den umiddelbare verknaden at feberen dalar ned mot trettisjutalet. Så her ser me den trufaste Svint-guten stire nøgd på febertermometeret og konstaterer at han er "på bedringens rand," som ein fyr så presist uttrykte ein gong.
   Det var ei fin og god drakt, og god for helsa.

tirsdag 17. januar 2017

IDROTTSLAGET SVINT


I dei godt og vel fem hundre blogginnlegga eg har hatt her på denne nettstaden, har eg visstnok enno ikkje skrive om Idrottslaget Svint. Det er ei alvorleg forsømming. Så etter ei lang, lang bloggpause skal eg no bøte litt på denne stygge slurveferda mi.
   Inspirasjonen har eg fått frå  nokre gledelege kunngjeringar på feisbukk, som syner at laget er i beste velgåande. I barne- og ungsomsåra heime i Flekke var Svint eit heidersnamn, idrettslaget som femnde om Skor, heile Guddalsdalføret og Flekke-krinsen. Seinare breidde det seg visstnok langt ut langs fjorden.
   Eg veit ikkje heilt kvar eg skal begynne, men då presenterer eg den første idrettsdrakta som hadde namnet på laget godt synleg på ryggtavla. Det var ei flott drakt, friskare i designet og fargevalet enn dei vanlege blåkvite draktene folk gjekk med viss dei hadde råd til å kjøpe seg treningsdrakt. Trøya ser du her, kvit, raud og svarte bokstavar. Broka var svart, kan eg nemne. Flott, ikkje sant?
   Då drakta var ny, var eg og ein guddøling i Høyanger og sprang. Eg trur det var sommaren 1965.  Me gjorde stor lukke. Ikkje for det at me la beslag på dei to siste plassane på både firehundre og femtenhundre i juniorklassa. Nei, men me vart hylla for dei vene idrettsdraktene våre.
   Om lag femten år seinare grov eg fram drakta, som låg svært langt nede i kleskåpet vårt på Husnes. Det var ein fin vårkveld, og eg fekk for meg at det ikkje var for seint å prøve seg med ein joggetur etter gammalt. Så eg kom meg av garde og jogga pent og pynteleg langs Kaldestadvegen. Nokre gutlarvar såg meg og las høgt og skingrande: "Sviiiin...(t)!" Siste bokstaven var nesten ikkje høyrbar.