tirsdag 24. januar 2017

EIN AMERIKANSK DYSTOPI

Når det gjeld denne bloggsida, har folk all grunn til å sjå på meg som ein halvnostalgisk mimrar. Difor ser eg det slik at eg må sjå inn i framtida av og til. Då burde eg nok ha vore meir optimistisk enn denne dystopien tilseier.
   Eg skriv om Donald Trump. Sjølv om eg mislikar han intenst, må eg tilstå at han har nokre poeng. Han finn gjenklang hos folk som sikkert treng merksemd, og han har peikt på manglar og misforhold i det amerikanske samfunnet. Han har rett i at styresmaktene har sløst vekk mykje pengar på tvilsame engasjement utanfor landegrensene.
   Men han er ufyseleg sjølvopptatt, lyg og overdriv når det passar han, skjeller ut eller snakkar nedsetjande om folk han mistrur eller mislikar, og han legg fram eit politisk program som knapt kan tene den jamne veljaren. No lovar han store skattelette til dei rike og nesten-rike. Kakse-venene hans skal grafse i statskassa der òg.
   Det eg no fryktar, er at han kjem til å sitje i stolen dei neste åtte åra. Når det så skal veljast ny president i 2024, kjem ein av ungane eller kanskje ein svigerson til å rykkje opp. Han vil arbeide målretta for å sikre dynastiet sitt, og han kan lukkast.
   Eit lite kjent innslag i verdspolitikken er det som pressetalskvinna hans kalla «alternative facts», altså reinhekla løgn, eller avvising av fakta som dei seriøse media formidlar. Putin og hans regime har nytta metoden. Trump gjorde det neste kvar gong han opna kjeften eller tvitra i valkampen. Goebbels i Nazi-Tyskland lærte oss at ei løgn som blir gjentatt mange nok gonger, etter kvart blir oppfatta som ei sanning. I valkampen sa Trump sjeldan namnet til Hillary Clinton utan å innleie med «crooked». Me kjem til å oppleve stadige gjentakingar av Trumps sjølvskryt og skryt av eigne bedrifter, og grov nedrakking av alt og alle han ikkje likar. Om att og om att. Og han avviste faktaopplysningar som ikkje passa han og sa at «dei lyg, lyg, lyg....»
   Noko av det som skremmer meg mest, er at det nye regimet kjem til å motarbeide og kanskje jamvel bruke statsmakta til å setje stygge grenser for det frie ordet. Noko av det flotte med det amerikanske samfunnet er aviser som Washington Post og The New York Times, som set si ære i utøve skikkeleg kjeldekritikk og samtidig setje søkjelys på makta og maktpersonar. Og å halde seg uavhengige av interessegrupper. Det spørst kor lenge dei greier dette. Trump-dynastiet og alt-right-rørsla likar ikkje slikt. Kanskje dei finn metodar som skal binde og kneble dei? Saman med seriøse fjernsyns- og nettkanalar. Det skulle ikkje undre meg. Forresten er det dessverre slik at eit stort fleirtal av amerikanarar aldri les desse avisene. I staden for seriøst nyhendestoff har altfor mange amerikanarar mata seg med såkalla reality-seriar, der Trump var ei stjerne. Og dei har lært å like den bøllete reality-tonen.
   Like ille som presidentvalet var senatsvalet, som gav fleirtal til det republikanske partiet. No kan Trump foreslå sine vener til høgsterettsdommarar etter kvart som seta der blir ledige. Senatet skal godkjenne dei. Dermed kan Høgsterett bli eitt av dei viktigaste maktmidla for den ekstreme høgresida i landet.
   Gjennom dei neste åtte åra får landet ei avdemokratisering og ei avhumanisering med stendige åtak på fundamentale menneskerettar og vern av minoritetar. Og så blir den neste Trump vald. Det blir kanskje bruk for nokre tiltak mot valsystemet og valordninga for å få det i hamn, men det fiksar dei greitt.
   Men får han folket med seg? Nei, han må slite litt. Men no får han ein svært god start. Landet er trass alle misforhold i betre stand enn på mange år. Arbeidsløysa har gått kraftig ned og sysselsetjinga kraftig opp. Kriminaliteten har gått ned. Utanlands er USA mindre involvert enn på lenge. IS (som Trump skulle «utslette»,) er kraftig redusert allereie. Alle opplysningar om dette og meir til avviste Trump som «løgner» i valkampen. Snart får me statistikkar som viser framgangen, og som Trump vil ta æra for. Om att og om att. Til tilstrekkeleg mange trur han har rett. New York Times les dei ikkje.
   Om åtte år er eg så gammal at eg kanskje har gløymt kva eg skreiv i dag. Og eg vonar inderleg at eg tek skammeleg feil.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar