lørdag 20. juni 2015

SMÅ OG FÅ EPISODAR FRÅ LIVET TIL EIN 70-ÅRING.

Reidarbror 70 år, 19. juni 2015

Det kunne vel vere i jula 1944 at mamma . eller var det papen . orda frampå om at eg kanskje til sommaren skulle få ei lita syster… Då reiste eg meg i senga, logisk tenkande som ein toåring ofte kan vere, og messa med ettertrykk desse orda: «D’æ ‘kjæ plass te nòka syste i din´je sen’jine».

Nei, vel! Så laut systa vente, men ein vakker sommardag vart det fødd ein gut Ovaihogja, halvannan månad etter fredsslutninga med naziveldet. Gutlarken fekk namet Reidar Fridjov, venteleg etter Ragna, bestemora i by¨n og bestefaren som heitte Franz, men som ikkje var nokon bestefar likevel.

Franz var med i organisasjonen til Kristian Stein, denne vart opprulla hausten 1941 som ein av dei første motstandsrørslene og mange vart sende til Tyskland i konsentrasjonslæger. Franz var ein av dei som ikkje kom heim att, han døydde ved juletider i 1944.

Dompapusa tyttamai
Men dette visste me ingen ting om før mange år seinare. Bestemora i by’n hadde det med å bruke kjælenamn på oss ungane, og medan eg ofte vart kalla «han goa» fekk Reidaren kallenamnet «Dompapusa» Etter kvart vart han nok høveleg lei av pusenamnet, men som liten var det annleis, og han vart aldri lei av å sjå biletet av seg sjølv i matrosdress «Dompapusa tyttamai», venteleg som toåring. I bloggen sin har Reidar omtalt dette, og kva endelykt  dompapusa fekk.

I ei tidleg etterkrigstid var det mykje som var nytt og ukjent, som td appelsiner og sjokolade. Reidaren var nok for liten til å smake, men det går gyskjer om to eldre brør som sputta det ut første gongen dei fekk sjokolade. Men det var den gongen det....
Om det var første gongen me fekk smake fiker, veit eg ikkje sikkert, men i eit julebesøk på Igelkjøn fekk me i alle fall fiker. Så fann tante Målfrid ein fike på golvet, og som det ordensmenneske ho var vart det forhøyr: Kven var det som for slik åt? Og vesle Reidar, som ikkje likte denne nye og ukjende smaken laut med gråtkvalt røyst vedgå: «Eg rette handa ut slik, og så miste eg da».

fireårsdagen, 19. juni 1949, var me på ungdomsstemne i Holmedal, der me fekk smake is for første gong, og der Reidar plukka med seg småstein i lomma som han strødde på tunet då me kom heim att. Dette og meir til har også Reidar, som er vel utrusta så vel som med langtidsminne som med skriveførleik. også blogga om. To år tidlegare var me på songarstemne i Holmedal -  "Da va denn gonjin Reidar'n prekte i Holmedalskjirkjine," sa papen.
Ser du etter fly Reidar?

Første gongen det landa fly på Flekkefjorden var truleg sommaren 1946, ein friar til ei Flekkejente hadde sett seg råd til å imponere. Me var i gang med slåtten, og det kom eit fly som  krinsa over tretoppane.

Grunnen til at eg kan minnest dette, er nok at papen – som sjeldan sprang når han heller kunne gå – tok Reidaren under armen og sprang med kurs mot Røvebakkjen, som me kalla det fordi papen hadde revegard der, men som Jørgina kalla Nepehogjen. 

Frå Røvebakkjen kunne me sjå sjøen, og dette flyet var langt nærmare enn dei me hadde sett i det fjerne den svarte fredagen 9. februar 1945 med luftkampar over Førdefjorden

Andre gongen eg hugsar at papen sprang, var då Reidar og eg (det var nok heller eg og Reidar...) laga dampmaskin ved løeveggen……
                                                                                                                                                     I vår tidlege barndom var det berre godver og me bada heile somrane og gjekk på ski og skeiser heile vintrane. Såleis hadde me ei sutalaus barndomstid. På skulen gjekk me annankvar dag: I småskulen tysdag, torsdag og laurdag – i storskulen måndag, onsdag og fredag. Reidar var rimeleg skuleflink, og kunne komme med vel gjennomtenkte svar, som då Årøyen i ein bibelsogetime ville vite kvifor Israelittane ikkje bygde hus, men låg i telt då dei vandra i øydemarka i 40 år. Og Reidar presterte eit logisk svar: «Dei hadde vel ikkje spikar!»

Vortne litt større, hugsar me nok at det ikkje alltid var godver, hesjing i høljeregn var ikkje det me sette størst pris på. Då var det likare med turrhøytaking. Etter kvart som me nærma oss bølgjeblekktaket i gamle-løa, laut me vere to i høystålet for å ta unna til neste høylass. Og var me effektive nok, rakk me ein runde eller to med «Bondebridge». Å spele kort likte me godt, anten det no var kasino, raudskjegg, spar dame, amerikanar eller andre spel. Og så Monopol – det fekk me til jul eit år, og me spelte morgon og kveld dagleg i månadsvis, pengesetlane vart etter kvart utslitne, men det var råd å få tak i nye ved å skrive til forlaget.

Etter kvart skildes vegane våre. I 1959 drog eg til Bergen for å gå på gymnas, og då eg etter to år var heime att og praktiserte som lærarvikar eitt år, var Reidar byrja på gymnas på Sandane. Der var han ferdig i 1964, og fekk ein Amerikasommar før han freista læra Radværingane folkeskikk eitt år som lærar. Eg fekk forresten vere vikar for vikaren første fjorten dagane, til han kom heimatt frå den veldokumenterte USA-turen som han har memorert i bloggen sin "Tankar om no og då".  Medan eg er inne på temaet, lyt eg få takke for utvist storsinn ved at eg og får tilgang til å memorere...

Begge studerte me ved Universitetet i Bergen, og hadde Bondeungdomslaget i Bergen som vår andre heim, der me brukte mest all fritida vår og i tillegg gjerne litt av studietida med! Ein episode lyt eg nemna, sidan det nok har rydda veg for Reidar sitt vaksne liv: 
Reidar hadde fleire studiekameratar frå gymnastida som var frå Nordfjord, og eg var ved eitt høve avløysar for vaktmeisteren i Fensal, møtestaden til Bondeungdomslaget, der Nordfjordlaget hadde fest og Reidar med vener deltok.

Då festen var slutt, stod me ein flokk utafor og tøysa, og humøret var på topp inntil Reidar etter ein fleip fekk eit nakkedrag med paraplyen av ho som han seinare skulle dele livet med så paraplyen knakk i to. Så gjekk alle kvar til seg, men to dagar etter kom Reidar og sa at han kunne tenkje seg at me og bror vår, Arne, som no også var i Bergen på Lærarskulen, samlast ein kveld til ei lita feiring – Reidar hadde nemleg trulova seg med ho med paraplyen!

Etter at me etter kvart fekk etablert oss med eigen familie med gilde born og barneborn, går åra fortare og fortare, og eg skal la vere å gå min kjære broder nærare etter i saumane. 


Berre ein ting i tilknytning til det eg starta med: 
Me fekk ei syster, men det tok 11 år, og då hadde både Reidar og eg for lenge sidan fått eiga seng, slik at det venteleg var plass…

Så får eg slutte av dette nattarbeidet med eit bilete der Reidar og konfirmanten (ikkje paraplydama) er i aksjon ved førebuingane til konfirmasjonsfesten til syster vår (seinare; «Tante Liv»)


God 70-års dag, Reidar!