fredag 27. april 2012

LA DERNIÈRE CLASSE

Eg sit og ser på elevane mine i fransk som har den siste heildagsprøva før eksamen, det som me i vår tid kalla for tentamen. Ikkje berre det: Eg er i ferd med å avvikle den siste heildagsprøva i lærarkarrieren min. Ungdommane sit no her og skriv, og nokre av jentene sutrar over at det er så kaldt i rommet. Begge vaktmeistrane våre er ute og rek, og alt er så automatisert at eg kan ikkje hjelpe dei. Jamvel om eg likar å skru.
   At elevane no sit og har si siste storprøve i fransk, trur eg ikkje dei tek så tungt. For ei veke sidan kom me heim frå Paris etter ein femdagars skuletur - orsak: ekskursjon - for både desse og ein del andre tredjeklassingar. To fransklærarar, begge med fruer, og ein formgjevingslærar var med og styrte ståket og synte omsorg for dei tjueto elevane. Me dreiv dei hardt om dagane, så om kvelden stupte dei utmødde til køys. På det viset slapp me sitje oppe halve natta med hjartebank for villfarne norske ungdommar. Vêret i Paris var svært heimsleg, regn, vind og åtte-ti grader. Det òg var bestilt; det vart ikkje så freistande for ungdommane å promenere på Pigalle og Montmartre på kveldstid. Me budde berre eit par hundre meter frå Moulin Rouge.
   Han som sit og skriv blogg, kjenner ikkje mykje vemod over at det (etter alt å dømme) er den siste heildagsprøva. Men tankane går til Daudets forteljing La dernière classe som stod i  alle franskbøker i gamle dagar. Kort sagt handla det om den siste timen med franskundervisning på ein skule i  Alsace etter at prøyssarane hadde erobra landsdelen i 1871 og innførte tysk som det einaste skulespråket. Halve bygda var samla i klasserommet, og stemninga var tung. At dette var eit gammalt tysk område der folk flest hadde og har tysk som talespråk, var ikkje vektlagt i forteljinga til Daudet. Sjølv var han frå Sør-Frankrike. Franskmennene hadde grabba til seg Alsace på sekstenhundretalet. Eg trur ikkje dei spurde om lov. Men det gjorde ikkje prøyssarane heller i 1870-71.
   Derimot har to fransklærarar, Karl Johan og eg, spurt om lov til å pensjonere oss til ferien. Og me skal ikkje kalle inn halve bygda til siste fransktimen.

fredag 6. april 2012

TOBAKKENS FORBANNINGAR


Sidan no bror min feirar tjuefemårsjubileum for røykjestoppen sin med å leite fram gammalt tobakksrusk og hengje ut brørne sine på feisbukk, tenkte eg som så at eg skal late meg inspirere av tematikken hans.
   Eg har før vore innom emnet eit par gonger i bloggane mine (  27.09.09 og   16.03 i år). Eg vart aldri så flink å røykje som brørne mine, men etter kvart vart eg ein habil fest- og ferierøykjar. Dette heldt eg fram med lenge etter at dei hadde kutta heilt ut. Når Anne og eg var på lange bilturar i det store utlandet før i tida, og me på slutten av ein hektisk og innhaldsrik dag etter ein del prøving og feiling hadde funne ein høveleg teltplass, parkert, sett opp teltet, pumpa opp luftmadrassane, fått ut campingbordet og -stolane, var det ei nyting utan like å opne ein ølboks og kveikje ein sigarett mens kveldssola helste oss velkomne til den nye og spennande staden.
   Tidleg i studietida vart eg så forkjust i ei langpipe som pipehandlar Sørensen på Torgalmenningen hadde i hylla si, at eg sneia litt av studielånet og kjøpte henne. Det var ei ekte Lillehammer-pipe frå Mesna pipefabrikk, så det var ikkje noko rusk. Midtstykket kunne med eit lett handgrep takast av etter ønske, men helst brukte eg henne i si fulle lengde i festlege stunder.
   Eg var som sagt for det meste ein fest- og ferierøykjar, mens ho som eg forlova meg med for 44 år og 4 dagar sidan, faktisk putla og røykte litt dagleg på den tida. Det tok slutt etter kvart, og ho utvikla seg til ein standhaftig motstandar av denne ekle gifta. Men før den tida tok ho som regel pipa frå meg når eg hadde fått god fyr, for smaken var så framifrå på denne langstrakte reiskapen. Til slutt forbarma Olemann seg over henne og kjøpte henne ei damepipe. Den var ikkje halvparten så god som Lillehammer-langpipa mi, men det hjelpte litt.
   For tre og eit halvt år sidan vart eg behandla for hjarteflimmer. Dei gav meg ei sprøyte så eg sovna og var vekke i ti minutt. I mellomtida gav dei meg støyt i bringa, og då eg vakna att, tikka hjartet like taktfast som stoveklokka vår, der ho heng på sørveggen. Eg treng ikkje eingong dra det opp kvar veke, slik eg må med klokka. Etter behandlinga spurde eg ein gammal dokter som sjekka meg: "Eg veit kva du bør svare, men eg spør likevel: Gjer det noko for hjartet om eg tek ein røyk eller to i godt lag?" Han riste på hovudet og sa nei.
   Likevel slutta eg med fest- og ferierøykinga òg. Men pipa vil eg ikkje hive enno. Lillehammer-pipene har sikkert samlarverdi etter kvart.