mandag 22. februar 2010

VINTERFERIE

Til informasjon for dei som les dette: I dag fer Anne og eg på vinterferie. Først til Austevoll, og torsdag til Trondheim. I den perioden har eg ikkje tenkt å røre ei datamaskin, så no vert det bloggpause.
   Det har lava ned med snø sidan natt til i går, så i år kjem det til å likne på vinterferie. Men me tek ikkje med oss ski denne gongen, trass i rikeleg med snø. Så får me sjå kva me finn på å fordrive tida med. OL er ikkje over, jamvel om det har vore litt medaljetørke no eit par dagar. Men enno er det håp.
   Ein god grunn til å reise til Austevoll i dag, er at feiaren der ute har tenkt å vitje oss i morgon. Så han har nok ikkje teke seg vinterferie enno.

søndag 21. februar 2010

HOPPRENN FØR OG NO

Før eg skriv noko som helst om skihopping og OL, vil eg gratulere barnebarnet mitt, Frida Karoline, med seksårsdagen og kong Harald med 73-årsdagen.
   Det gjekk dårleg med hopparane våre i Vancouver. Heldigvis hadde dei noko å skulde på: Oppdrifta i bakken slo negativt ut for nordmennene. Jaja, fem norske gull til no i leikane er ikkje å gråte over. Og surpompen Petter kom eit godt stykke nede på lista igjen. Lukke på reisa!
   Så var det mimringa mi. Fram til 21. februar 1960, altså for femti år sidan i dag, har eg ein del notat i den sjuande sansen min for det året. Nokre dagar før (den femtande februar) hadde eg hatt månadslov frå realskulen, og om den dagen skreiv eg:
   Hadde månadslov! Stod opp, bygde hopp i Ekrehola. Etter middag var eg med pappa i marka og hogg ved. Så hoppa eg og køyrde slalåm.
   Eg hugsar at eg bygde det hoppet. Det var ikkje første gongen me konstruerte hopp der. Me hadde funne oss ein fin bakke med høveleg knekk til eit hopp. Først var det eit rimeleg bratt ovarenn, så slakka det av, og der bygde me hoppet. Så kom det ein grei kul og eit høveleg bratt unnarenn før det flata ut ned mot elva. Og denne gongen, for femti år sidan, brukte eg halve månadslovsdagen på arbeidet med å konstruere hoppet. Eg tippar me hoppa ti-femten meter.
   Men så. Dagen etter var eg ikkje sein om å kome meg i hoppbakken etter at eg kom frå skulen og hadde fått i meg middag. Og der sette eg utføre, men landa på ræva og slo meg såpass at eg laut innstille hoppinga for nokre dagar.
   Eg hugsar arbeidet med å lage hoppet og det ikkje altfor alvorlege fallet. Men eg hugsar ikkje det som er skrive på dagen i dag for femti år sidan. Då og kom bursdagen til Harald, som då var berre kronprins, på ein sundag - nett som i dag. I boka står det:
   Før middag ordna eg hoppet. Etter middag var eg opp til Jan og spela kort.
   Eg tippar det var bondebridge, som me var hekta på ein periode.
   Og kva er moralen? Tja ... Det er ikkje berre Anders Jakobsen som feilar iblant i hoppbakken. Kanskje han trøystar seg med kortspel i dag? Men han slepp å byggje og å vøle hoppa når det trengst, innbiller eg meg.

lørdag 20. februar 2010

JENTER MED FUTT

I går fossa Marit Bjørgen inn til nytt gull, det andre gullet og den tredje medalja i OL. Og ikkje berre det: To andre norske jenter blant dei seks beste. Skijentene er snertne og rappkjefta, går så det er eit syn og smiler hjarteleg til oss når dei er komne i mål. Jamvel om det stundom går litt på tverke, slik Kristen Størmer Steira følte då ho likevel hamna på fjerdeplass etter at ho først trudde at bronsen var sikra. Først nokre tårer, men så fram med smilet. Når gutane feilar, spring dei og gøymer seg.
   I femtiåra var det stort sett russiske jenter som dreiv med langrenn på toppnivå. Me tykte dei var merkelege og ukvinnelege, med store kroppar og latterlege, nesten obskøne namn: Sidoreva, Kusyreva og kva det no var. Me forstod ikkje heilt korleis me låg under for lurvete kjønnsrolletenking og mannsjåvinisme. Så kom hallingjenta Ingrid Wigernæs og rydda vekk fordommane, og snart kom alle jentutn i sporet: vakre, kjappe og humørfylte. No sankar dei medaljer så det klirrar!

fredag 19. februar 2010

PÅ SKITUR MED BØRSE

Stemninga var høg i går kveld då ein norsk gut og ei norsk jente fekk kvar si gullmedalje i skiskyting. Som om ikkje det var nok, kom gamle Ole på sølvplass. Det er ein framifrå TV-sport, meir spennande enn nokon krimfilm. Ikkje minst var det ei glede å sjå Tora Berger få draumane sine oppfylte.
   Men det som kanskje mest skal sitje fast på netthinna, var russaren Kruglov, som sleit børseselen og fauk som ein villmann opp bakkane med børsa i handa! Tankane gjekk til hendingar for nøyaktig sytti år sidan, då russarar i dei endelause kvite karelske skogane med ski og børse jakta på illsinte finnar. Og sidan det er ein historikar med sans for runde tal som skriv, skal eg leggje til at eg òg for av garde på skitur med børse for nokså nøyaktig førti år sidan. Fleire gonger. Eg gjekk rekruttskule i Stjørdalen, det var stabil vinter nesten alle dei ti vekene eg var der (januar til mars 1970), og me fekk røyne oss i dei stjørdalske skogane. På ski, med børse og sekk på ryggen. (Kruglov hadde ikkje sekk i går.) Me tok mellom anna skimerket; tre mil, om eg ikkje hugsar feil. Då skulle det vere ei viss vekt i sekken attåt børsa. Det var vanleg med sandposar for å få rett tyngd. Og somme meinte at dess høgare opp på ryggen du fekk sekken, dess betre. Ein av romkameratane mine, ein litt naiv gut frå Troms, prøvde å byggje opp for sekken med ein vedkubbe som han på ei eller anna vis feste på ryggen. Han ville så gjerne, så gjerne greie skimerket. Då han langt om lenge kom i mål, felte han tapre tårer av smerte, og ryggskinnet flassa etter gnikkinga av kubben. Då lista over merkevinnarane kom, sat han med blanke auge og venta på namnet sitt, som ikkje vart opplese.
   Sjølv greidde eg merket og selde det (saman med marsjmerket) til ein kar som heller ikkje rakk opp, men som var meir glad i trofé enn eg, som var meir glad i pengar.

onsdag 17. februar 2010

MARIT SKRID I WHISTLER MOUNTAIN

Endeleg kom det første gullet i Canada. Trønderjenta Marit Bjørgen suste inn til ein velfortent siger i skisprinten. Det var ei stor gledesstund etter at medaljene stort sett har hange for høgt til no i desse leikane. Og eg, som stadig ser tilbake, må atter ein gong late tankane fyke tilbake nokså nøyaktig femti år, til 1960 og ei stor gledesstund den gongen. Min store helt heitte Knyt Johannesen. Fire år tidlegare var eg så vidt begynt å bli hekta på sportsresultat, og då greidde Kupper'n "berre" ei sølvmedalje. No i Squaw Valley burde han ta iallfall to gull. Dessverre vart det berre sølv på halvmila. På 1500-meteren var det Roald Aas som redda den norske æra og delte gullet med russaren Grisjin. Kupper'n kom langt bak. Men så kom titusenmeteren. Olav H. Hauge (som og har budd på Valen, rett nok som pasient på sjukehuset) har eg sitert før i samband med styltregåing.  No vil eg sleppe han til att, for han har skildra presist og sylskarpt kva som hende den gongen:

   Kuppern skrid i Squaw Valley

   Eg har òg teke premi på skeisor, eg vart
   nummer fire i eit skulerenn då eg var åtte,
   etter han Leiv.
   Men dei hine hadde stålsette skeisor,
   og eg berre jarn.
   Eg hadde kjøpt mine hjå urmakaren,
   eg tok dei som hadde
   største snablane.

   Men no skrid Kuppern i Squaw Valley!
   Eg har ikkje tenkt å gå nokon 10 000 m,
   men ordi fær ein djervare sving,
   og ho mor grip fastare um staven.

Og viss nokon vil sjå rundetidene til milløpet, har eg dei nedskrivne i skriveboka mi.
  

tirsdag 16. februar 2010

I MEDGANG OG MOTBAKKAR

"Ja, i dag gjekk det lett i motbakkom," sa Håkon Brusveen då han kom i mål og hadde slått både Hakulinen og Järnberg i Squaw Valley for femti år sidan. Den gongen var det reserven som på overtid og visstnok etter anbefaling frå sjølvaste kongen fekk dra til USA og OL med skiparet sitt og vann det første norske gullet i leikane. Smørje skiene laut han gjere sjølv, dei hadde ikkje ein heil hær av tenarar og trenarar som fiksa det praktiske for bortskjemde utøvarar.
   I går kveld kom vidunderbarnet vårt, Petter Northug i mål som nummer 41 på den same distansen. Beste norske: 28. plass. Den dårlegaste norske skisprinten i noko OL.

mandag 15. februar 2010

SQUAW VALLEY OG VANCOUVER

Eg følgjer litt med på det som skjer i Vancouver i desse dagar. Dei to første konkurransedagane vart ingen stor norsk suksess, men ei sølv vart det i skiskyting. Men eg sit ikkje lenger og noterer på harde livet. Det gjorde eg for femti år sidan.
   OL vart halde i Kjerringedalen (Squaw Valley) i California. I god tid før det begynte, kjøpte eg meg ei tjukk skrivebok. No skulle eg få struktur på resultatføringa. Først og fremst var det viktig å få med seg skeiseresultata. Me hadde fått ny radio (sjå blogg frå 3. januar), og på ein eller annan mystisk måte kom det lyd heilt frå Amerika og inn i stova vår i Flekke. Og det kom fyldige reportasjar i Bergens Arbeiderblad.
   I den fine, nye skriveboka innleier eg kapitlet om OL med ei skikkeleg tittelside, som du ser. Før dette kapitlet har eg eit kort resyme om viktige resultat frå 1959, og dessutan om NM, EM og VM på skeiser i 1960. Og andre vitale opplysningar. Bak i boka er det ei oppsummering av sommarleikane i Roma, og så kjem det skeiseresultat frå 1961.
   Ei ny grein i vinter-Ol 1960 heitte skiskyting, og den er dekt med sluttresultata, sirleg ordna og truleg i avskrift frå Bergens Arbeiderblad. Då var det berre ein disiplin. Vår eigen Ola Warhaug kom på sjuande plass, og sjølvaste Jon Istad frå Voss - han var med og snikra i hop huset vårt i 1983 - kom nede på lista som nr. 11. Altså nokre plassar betre enn Ole Einar Bjørndalen i går kveld, lokal tid.

søndag 14. februar 2010

OLYMPISKE VINTERLEIKAR

No er dei i gang borte i Canada. Det er mine syttande vinterleikar. På ein måte har eg vore med på dei fleste, iallfall framfor radio og fjernsyn. Den første, i St. Moritz i 1948 kan eg ikkje skryte på meg at eg hugsar. Fire år seinare var det i Oslo, og me sat attmed radioen heime og lydde andektig då Hjallis henta heim sitt tredje gull. Det vil seie, eg var nok ikkje så andektig som papen, hunden Lukki og dei to eldre brørne mine. "Vær still i stua!" sa Finn Amundsen i reporterboksen då han skulle lese av tida Hjallis fekk på 10 000 meter'n. "Dar høyre du," sa papen, "du me ve stille!" Og tida var god: 16.45.8. Men eit par veker før hadde han sett ein uslåeleg verdsrekord på Hamar: 16.32.6. Åtte år seinare slo dei han grundig i Squaw Valley, først ein svenske, så fastsette Knut Johannesen den nye, uslåelege verdsrekorden til 15.46.6. I dag er verdsrekorden komen ned i 12.41,69, altså fire minutt kjappare enn Hjallis på Bislett i 52 og tre minutt kjappare enn Kupper'n i 1960. Ein gong på slutten av femtitalet spurde ein journalist nokre ekspertar om kor langt ned dei trudde verdsrekordane på skeiser kunne kome. Dei dristigaste tipsa for mila var tider ned mot seksten minutt. Men Hjallis svarte: "Dem kannj itj gå under nullj, for det går itj an!"

torsdag 4. februar 2010

THAILAND

Når ein ikkje har noko å skrive om, får ein skrive om noko anna. Eg har nemnt i eit innlegg nyleg at me har kjentfolk på langferie på hi sida av verda: i Thailand. Det morosame er at me bloggar og les og kommenterer innlegga til kvarandre. Og no har forsyne meg Gunnar lagt inn link til min blogg, så då kan ikkje eg vere dårlegare:

   http://gunnares.blogspot.com/

   Og du treng ikkje sjå etter noko nytt inlegg på sida mi før over helga, for i morgon forlet me heimen for nokre dagar og kjem att måndag. Men for alt eg veit, kjem Gunnar med kommentar til dette og!      
   Då hadde eg noko å skrive om i dag og! God helg!

onsdag 3. februar 2010

VÅR I SIKTE?


Nei, det går smått om me ser på gradestokken (9 kuldegrader i dag tidleg) og på dei kvite viddene, på juklane ved takrenna og det sterkt minkande vedladet i garasjen. Men sola kjem og kjem. I dag runda ho heile Halsnøy og gladde ikkje før ti på fem. Her er ho nesten ferdig for i dag. Det lovar vår! Når Svanhild og Gunnar i Thailand les dette, tenkjer eg dei kneggjar rått og tørkar sveitten i bortimot tretti graders varme.