søndag 31. mai 2009

MEIR ELEKTRISK

Det elektriske gjerdet vårt vart ein suksess. Me strekte hesjestreng frå staur til staur, og vips var ein stor teig inngjerda så kyrne eller merra kunne gå der og beite utan å kome på videvanke. Første gongen var nok kyrne lite imponerte og trudde at dette skulle dei lett forsere. Men dei kom fort på andre tankar når dei fekk seg ein støyt. Jamvel merra, som kunne vere arrogant og sjølvsikker, utvikla ein djup respekt for denne tynne strengen og andre strenger ho såg. Dyra vart flinke til å tøye dei lange halsane sine under gjerdet og beite så langt dei rakk utanfor strengen utan å kome borti.
Me gutane narra andre ungar til å ta i strengen, og hadde det minst like festleg som elektrikarane då me testa gjerdet første gongen. Tremenningen vår, Jan Harald, såg fornærma på oss og spurde: "Hvem var det som spente meg?" Jan Hovlandsdal pissa på strengen og fekk røyne ein målbar effekt.
I haust var eg på Stord sjukehus og fekk elektrobehandling mot hjarteflimmer. Dei la to elektrodar nesten så store som skulesvampar mot brystkassa og sende inn 100 til 150 joule. "Då grylte du vel nett som grisen når me var borti han med det elektriske gjerdet," spurde bror Arne i ei tekstmelding. Men nei, eg hadde totalbedøving dei minutta det stod på. Det fekk ikkje grisen.

ELEKTRISK GJERDE

Per Ørjan oppe i svingen har skaffa seg nokre lam som går og beiter  på plenen hans. Det er sikkert ein lettvint måte å halde graset nede på. I dag har eg streva i  timesvis i den vesle hagen vår med alle krokar og krær der det det veks gras og ugras. Men me har tenkt med skrekk og gru på korleis det blir viss lamma til Per Ørjan kjem og et opp georginane og rosene våre, slik vidlasmalen gjer i hagen vår i Bekkjarvik. Men no ser eg at Per Ørjan har gjerda inne hagen med to lags tråd for elektrisk gjerde. Om det er straum i gjerdet, veit eg ikkje, og eg har ikkje tenkt å kjenne etter.
   Då me fekk elektrisk gjerde heime for nokre og femti år sidan, var det eit nyhende i bygda. Papen hadde skaffa elektrikarar, eg hugsar ikkje kven det var, men det var to karar som stod for det reint tekniske. Og me tre brørne var nyfikne tilskodarar då apparatet vart montert under takufsa på skurelemmen og strenger vart strekte derifrå. Då alt var klart, skulle det prøvast. Den yngste først. Eg kneip neven om strengen, skreik AU! og rykte handa til meg. Han eine elektrikaren lo så han riste, men brørne mine tykte eg var pysete. Så Steinar treiv karsleg og frimodig med neven sin om den same strengen. Nett det same skjedde med han: Han rykte handa tilbake og gneid henne mot den andre, og han der lystige elektrikaren lo endå meir. Bror Arne, som var den eldste, mest erfarne og tøffaste av oss tre, tenkte at her måtte ein vere varsam og gå sakte til verks. Han førte fingertuppane forsiktig bort i strengen.  At dei same fingertuppane var dei mest smertevare delane av handa, tenkte han nok ikkje på nett då, kloke storebroren min. Så du kan gisse på kven av oss tre som fekk mest vondt i fingrane då støytet kom! Og elektrikaren heldt på å le seg i hel!

onsdag 27. mai 2009

PÅ STYLTRER




Han med fekk hug å prøva
desse nye styltrone.
Han har kome seg upp,
og stig varsamt som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.
(Olav H. Hauge, Dropar i austavind 1966)


I familien min har kunsten å gå på styltrer gått i arv. For meir enn femti år sidan laga bror Steinar eit par drustelege styltrer av kornstaurar. Det var om lag ein og ein halv meter opp til fotklossane. Eg brukte styltrene meir enn han, vil eg tru. Underleg nok var dei gode og stødige å gå på, berre ein kom seg oppå og av garde. Men å stige på dei kunne ein ikkje gjere kvar som helst. Eg brukte å bruke kjellarhalsen ved gamlestaua som påstigingsplass. Ein gong gjekk eg ned i grannetunet der Finn-folket framleis budde i gamlehuset sitt. Stova og stoveglaset låg høgt over bakkenivå over kjellarinngangen. Men eg rakk fint opp, banka på ruta og spurde om ho Hildur var heime. Det var eit stunt som det gjekk gjetord om lenge.
Seinare har sønene mine pent måtta lære seg styltekunsten. Og i neste omgang laut Hannah til. Snart er det Frida og Sigurd sin tur.

tirsdag 26. mai 2009

KØBENHAVN

I går kom Anne og eg heim att etter ei langhelg i København. Me hadde som påskot at me feira førti års bryllaupsdag. Den dagen er nemnd i ein tidlegare logg. 
   København er ein sjarmerande by som me har vitja mange gonger. For snart tjue år sidan var me der med våre to yngste, Vegard og Tore. Me låg på Bellahøj Camping eit par netter, var i Tivoli, på Strøget og på Zoo. Det var sommar og sol, og laurdags kvelden var det eit yrande liv på Strøget. Til stor jubel for ungane fekk dei sjå ein fyr som bada naken i Nyhavn. "No må du sjå godt etter, mamma, der er noko for deg!" ropte Tore. Anne vart så flau at ho helst ville heim att sporenstreks. 
   Første gongen eg var i København, var i studietida då historisk institutt i Bergen skipa til ekskursjon til Sjælland. Det var ei oppleving i nydeleg maivêr. Denne gongen var det litt meir blanda, med sol og regn om einannan. Ettermiddagane og kveldane var fine, men då me såg på København maraton sundag føremiddag, kom det nokre plaskebyger.
   I grunnen utretta me ikkje så mykje. Me var faktisk på jazzkonsert tre kveldar på ein koseleg liten jazzkafé som heiter La Fontaine. Der var det berre å gå inn og setje seg. Ikkje inngangspengar, og billeg øl før klokka ti.
   Gerd og Arild var i lag med oss ein del av tida. Dei drog tilbake med båten sundag. Dei budde på eit anna hotell, men me treftest i byen med faste mellomrom. 
   No er det ein ny kvardag, regn og småsurt, men godt for sniglane som et opp georginene våre. 

tirsdag 19. mai 2009

SYSTA HAR BURSDAG

Eigentleg var ho fødd pinsafta, men har bursdag i dag. Slik eg ser det, kan ho gjerne feire to bursdagar, den 19. mai og pinsafta (når den ikkje fell på den 19.) Eg gratulerer hermed Liv Elisabeth med dagen! Så mykje! Illustrasjonen er ikkje av heilt ny dato, men skriv seg heller ikkje tilbake til året 1956, det året eg trilla henne heim frå dampen.

mandag 18. mai 2009

18. MAI

Dette vert kort og latmannsaktig. Eg viser rett og slett til dette dokumentet på nettet (klikk her), og til kapitlet som heiter   OHOFFBOFF OG RAUDE HUNDAR. Der kan du lese om den attande mai i det eineståande året 1956. Men eg siterer sjuande sansen min frå dei tre datoane, den 17., den 18. og den 19. mai:
 Torsdag 17. mai: Det var regnver så vi kunne ikkje ha 17. mai-leikar. Ringde til Bergen og tala med mor.
 Fredag 18. mai: Eg fekk dei raude hundane.
 Laurdag 19. mai: Eg fekk syster.
Meir i boka Hundeliv i Flekke viss du klikkar der oppe.

søndag 17. mai 2009

SYTTANDE MAI

No er det snart leggjetid og stund for oppsummering. Det vart ein vakker syttandemai i år; nær sagt full sommar, ein del solglytt og grei tempatur i vinden, som stundom ruska i friskaste laget. Russen kom allereie klokka halv tre og vekte oss, eit åk me har hatt i nesten alle dei år her i Kvinnherad. Men ofte plar dei kome utpå morgonkvisten. Eg kan ikkje hugse at dei har dukka opp så tidleg på natta. Og klokka sju vart me vekte på nytt, med ein trefaldig salutt så det skòk i veggene. Tradisjonelt tog frå kyrkje til sjukehusparken om føremiddagen, blandakor, tale og helsingar. Og tog tilbake til skuleplassen, der ungar og vaksne kunne utøve ymse slags leikar og tevlingar, kjøpe lapskaus og kaffi eller berre drøse. I staden for lapskaus og leikar hadde Anne og eg oss rømmegraut, spekemat og saft heime, ei lita middagskvild og spasertur til Porsvika, der me fekk kaker og kaffi hos Kari og Helge.
   For nøyaktig femti år sidan feira eg den siste syttandemaien i Flekke som elev på Flekke skule. Den gongen var det ei sak eg var spesielt oppteken av. Og det var å gjere ein heiderleg innsats i friidrettstevlingane på skuleplassen, no sidan det var siste året mitt. Tradisjonen tru var det samling ved  ungdomshuset, kanskje med tale og styr, og deretter tog til skulen med ein runde i bygda først. Men eg skulka toget dette året, tok snarvegen til skulen og førebudde meg. Varma opp, kledde meg i lett sportsantrekk og konsentrerte meg om dei store tevlingane. Det var iallfall høgdehopp, sikkert også lengde, stor og liten ball, og sprint. Kanskje tvers over plassen, det hugsar eg ikkje. Det kom to utfall av dette, først eit negativt, så eit positivt: Ei vond rompe og ein premie. I det eine høgdehoppet landa eg på  ræva og slo halebeinet, og dette gjorde kjøle ilt dei neste dagane. Men heldigvis gjennomførte eg tevlinga med ære og kunne få utlevert førstepremien av lærar Årøy på festen i ungdomshuset om kvelden. Og viss me følgde flekketradisjonane, og det gjorde me heilt sikkert, vart festen avslutta med skodespel og deretter fyrverkeri. Heilt til slutt var det dans, men då laut eg vel tutle meg heim, for konfirmert vart eg ikkje før om hausten det året.
    

torsdag 14. mai 2009

EKSAMEN OG RUSSETID

Tek eg ikkje feil, er det i dag 45 år sidan eg tok den siste eksamen på gymnaset. Eg kom opp i fransk munnleg, og det var eg lite glad for. Forresten hadde me ei lita feiring den 11. om kvelden fordi me var ferdige med dei skriftlege faga. Den dagen hadde me engelskeksamen bak oss, då me sat og skreiv engelsk stil om Shakespeares Merchant of Venice. Det vart litt seint den kvelden, så eg var passeleg trøytt då eg kom meg på skulen og fekk sjå kva munnleg fag eg skulle opp i. Fransk. Det var eit lite sjokk. Den framtidige fransklæraren visste ikkje då at han skulle bli lærar i nett det faget. Eit fag han var berre så passeleg begeistra for. Så han sykla heim til hybelen, tok seg ein blund og heiv seg over bøkene. To dagar seinare fekk han ein ufortent M i munnleg. 
   I dag hadde eg den siste undervisningstimen med avgangselevane mine før eksamen. Dei lyt pent vente med eksamen til etter den 17. Og munnleg eksamen vert ikkje før den 12. juni. I går nemnde eg at eg og delte ut russekort i mi tid, og at eg kanskje hadde eitt liggjande enno. "Å, kan'kje eg få det!" var det ei jente i klassen som utbraut. Det får ho ikkje, men ein annan elev meinte eg kunne skanne det og sende til dei. Så no deler eg ut eit elektronisk kort til klassen min, og til blogg-lesarar, viss dei finst.

mandag 4. mai 2009

BORGARLEG KONFIRMASJON

Ja, eg veit det er lenge sidan eg var inne og skreiv. Eg kunne ha orsaka meg med at det har vore travle dagar. Somme av dagane har vore hektiske, men ikkje like ille heile tida.
   Men denne helga har vore ekstra. Torsdag den 30. april for me til Trondheim, og me fekk vere med på konfirmasjonsfeiringa for det første barnebarnet vårt, Hannah Sofie. Det var kjekt, høgtidsamt og festleg. Hannah hadde borgarleg konfirmasjon i Olavshallen, med ein vakker seremoni i ein fullsett sal. Det var om lag åtti konfirmantar i hennar pulje, og ikkje veit eg kor mange hundre personar det var i salen.
   Så var det familiefest i ein barnehage, og sidan det var nokre små og nokre litt større syskenborn blant gjestene, var lokalitetane midt i blinken. Alle besteforeldre, foreldre, tanter, onklar og syskenborn var med, og det er ei spennande blanding frå to familiar som ikkje kjenner kvarandre spesielt godt. 22 personar i alt.
   Elles fekk me vere mykje med dei andre to barneborna våre, Frida og Sigurd. Dei bur på Lade, og der budde me til me drog til Bergen i går kveld. Først i ettermiddag var me heime, og me overnatta hos Tore. Godt å ha slike born og barneborn!
   Og at vesle Hannah er konfirmert, vekkjer mange tankar og kjensler.