tirsdag 29. mars 2011

LE DÉJEUNER

Du verda! Eg reknar med at du las bloggen i går om den franske lunsjen. Eg tenkte som så at me skulle gå gjennom leksa og deretter rigge til klasserommet for det planlagde måltidet. Eg var forresten litt spent på om dei stilte opp med noko spennande å ete, slik me hadde snakka om.
   Då eg kom innom døra på 016, sat dei der og skein. Alt var klart, pultane var arrangerte til eit langbord, haugevis med mat på bordet og blide elevar sat klare til innsats. Dei hadde jamvel fått bakaren på Halsnøy til å bake pariserbrød, lange grove baguettar. Her var ein diger salatbolle, quiche lorraine, ostar, kjeks og kaker. Då var det berre for meg å hente dei franske ostane mine, dra opp ein tusjbart og få på plass alpehua.
   Dei fire modigaste elevane følgde eksempelet mitt og teikna seg snurrbart, dei og. Leksa får vente til torsdag.

mandag 28. mars 2011

VIVE LA FRANCE

Eg er mellom anna fransklærar. Det er nok takka vere eit sett av tilfeldige disposisjonar og val i ungdomstida. Eg fann ein gong ut at eg skulle studere fransk, ikkje så mykje på grunn av eldhug for faget, men meir av praktiske og taktiske grunnar som eg knapt hugsar no. Det handla sikkert om å skaffe seg ein fagkombinasjon som kunne gje gode jobbutsikter utan at eg trong slite meg forderva med rettingsarbeid viss eg hamna i skuleverket. Den gongen var faget eit såkalla munnleg fag i gymnaset, og lærarar flest dreiv lite med skriflege prøver.
   Eg har knapt vore nokon stor frankofil. I motsetning til mange tykkjer eg ikkje eingong at det er noko spesielt vakkert språk. At det skal vere så flott til å uttrykkje dei skjønnaste nyansar i dikting og filosofi er eg direkte ueinig i. Det er eit heilt greitt språk og sikkert vel og bra for franskmenn. For elevane mine er det både gåtefullt og ubegripeleg.
   Men ein ting skal dei ha, desse franskmennene: Dei har eit flott land, og dei har mykje god mat og drikke i dette landet. Og gamle kulturminne. Dei siste sytten åra har Anne og eg vore innom landet i gjennomsnitt minst ein gong i året, og me storkosar oss. Om fjorten dagar skal me til Paris og vere der fire dagar. Det vert femte gongen me er der i byen, like mange gonger som me har vore i Nice. Me gler oss.
   Eg er ein nokolunde keisam embetsmann i teneste for Hordaland fylke, møter til timane mine og underviser (viser under, som ein ordsjonglerande kollega seier) med grunnlag i læreplanar og forskrifter. Men ein hende gong slår eg meg laus i fransktimane og arrangerer fransk lunsj med franskelevane mine. Rett nok liknar det lite på ein skikkeleg déjeuner. Den franske lunsjen er som ein norsk middag, varmrett og gjerne ein dessert. Kanskje ein pichet med husets vin attåt. Eg og franskklassen tyr til kaldmat, oftast ost og brød eller kjeks. Men gjerne franske ostar. Og raudbrus.
   Franskmenn går ikkje med alpehue, ikkje har dei bart eingong. Men i morgon tek eg på meg alpehua mi og får nokon til å teikne ein svart snurrbart under nasen. Dette påfunnet har eg tradisjon for å handheve. Nett då slepp eg å gå usynleg gjennom korridorane på veg til fransktimane mine.
   Sønene mine har måtta bite i seg å vere elevar på den vidaregåande skulen der far deira var lærar. Det har sikkert vore verre for dei enn for meg. Iallfall den gongen midt på nittitalet då son min i ein korridor på skulen trefte far sin ("gamlingen" som han kalla meg på den tida) med alpehue og bart. Han vart så opprørt at han nærmast gjekk til åtak og ville fjerne attributtane mine. Nyttelaust. Eg fekk min franske lunsj med elevane mine, me song om vindrikkande riddarar av det runde bordet, gumla ost og kjeks og gløymde lekser og vrange verb for ei stund.
   I morgon er det ny runde. Salut!

torsdag 24. mars 2011

MACKØL OG EKKEL KNURR

Somme av dei bloggteksane mine som handlar om gamle dagar i fødebygda mi nord i  Sunnfjord, er publiserte på ei lokal nettside. Ein flittig sunnfjording har funne ut at stykka har kulturhistorisk interesse, og sidan han styrer med denne nettsida (fjaler.origo.no), har han fått lov å "stele" med han vil frå bloggane mine. Det er eitt emne som har vekt stor interesse og avla mange kommentarar på den nettstaden: knurr.  Difor tenkte eg som så at eg lyt skrive meir om det.
    Me hadde ikkje vore så nøgne med avrenning frå siloane våre dei første åra etter at den nye løa vår vart bygd. Krava var vel ikkje særleg strenge på den tida.  Så silosafta rann ned i ei grov og etter nokre hundre meter ut i  fjorden. Det var til vanleg godt drikkevatn i denne grova, men ikkje i høysesongen.
   Nokre unggutar i  Flekke  ville prøve kunsten å bryggje knurr. Det var sommar og godt råd å setje dunken ute i det fri. Dei stasjonerte seg nede ved utlaupet til grova. Der var det lett å finne rikeleg med ferskvatn. Truleg var dei  ikkje så tyrste mens  dei bryggja, så dei smakte ikkje på vatnet. Men  då dei  fulle av forventningar skulle smake  på knurren nokre dagar seinare, fekk dei noko å tenkje på. Eg  veit ikkje  kva  som hende  med vara, om dei  tvinga fluidet i  seg eller tømde det ut.
    På Sandane i  gymnastida mi var det ikkje uvanleg at somme elevar bryggja. Kva skulle dei elles gjere? Nærmaste ølbutikk var i  Høyanger. Ein gutegjeng gjorde seg føre, venta til brygget klarna, tappa det pent opp på mjølkeflasker og slo botnfallet i dass. Men då  skimta dei ein del småmakk på botnen, truleg dauddrukne og uskadeleggjorde. Spørsmålet var om ølet var drikkande. Men etter modne overveielsar kom dei  til at dei hadde laga  mackøl, som hadde eit svært godt ord på seg.
   Desse karane brukte som sagt mjølkeflasker til å lagre ølet på. Hugsar du dei gamle brune mjølkeflaskene? Ein av gutane kom innom hybelen til kompisen sin, og der stod ei full mjølkeflaske på  bordet, og det var ikkje mjølk som var i henne. "Det var jævla fint øl på denna flaska, blankt som vatn! Får eg smake?"  spurde gjesten. Det fekk han, sette flaska for munnen og drakk. "Men det var jo vatn,"  sa han med sorg i  stemma.

tirsdag 22. mars 2011

LIBYA OG VESTEN

No undrast eg. Eg beundrar ikkje Gaddafi. Eg beundrar ikkje Vestens tidlegare innsats i arabarverda. No  står me der, like i nærleiken, med kampfly og mannskap. Samstundes er det full kløyving i verda om kva som må hende. Kva slags maktbruk skal ein ty til? Kva er målet med maktbruken? Kven skal stå på kommandobrua og styre aksjonane? Kven skal me ta mest omsyn til: store og små makter, Vesten, arabiske granneland, oljeselskapa, folket i Aust-Libya, folket i  Vest-Libya, våpenprodusentane, offiserane, politikarar hist og her? Me har rota oss opp i ei ny røre, og eg veit  verken ut eller inn.
   Alle me veloppdregne vesteuropearar er opprørte av Gaddafis maktbruk mot sine eigne landsmenn. Det skulle berre mangle. Me er ikkje like harme når israelarar bombar Gaza (kor mange born vart drepne i Gaza i dag, trur du?), eller kvar gong amerikanarar bombar afghanske landsbyar. Ok, me skal ikkje setje ugjerningar opp mot kvarandre på denne måten, men kva tiltru har den muslimske verda til dei som bombar? Nei, dette er ei  skikkeleg røre.
   Men er me villige til å gå inn med våpen og verne om fredelege demonstrantar i Aust-Libya? Det kunne truleg ha spart ein del liv og kanskje medverka til å snu kampen mot GaddAfi, viss det er dét me vil. Det er berre det at då ville me blø meir enn om me hiv ut nokre bomber frå eit  fly. For oss er det reinslegare å krige frå 20 000 fot.
   Vel, kva er det me vil med aksjonane? Velte regimet?  Då seier Vesten både ja, nei og veit ikkje. Heilgardering. Men å verne om sivile liv skulle vere eit hovudsiktemål ifølge FN-resolusjonen. Ja, viss bombinga oppnår det, så berre køyr på.
   Og kven skal styre ståket? Mange vil vere med, men ingen vil ta ansvaret. Viss NATO eller USA tek styrespaken, knurrar russarane. Det same gjer faktisk franskmennene. Tyrkarane toar sine hender. Og amerikanarane vil absolutt sleppe ansvaret. Dei har meir enn nok å styre med for tida, men vil ikkje sleppe heilt taket om saka likevel. Franskmenn og engelskmenn er hissige kleggar som vil markere seg, same kva. EU og NATO veit ikkje kva dei vil.
  Men FN, då? Dei har jo sagt ja takk til aksjonar. Men der sit Peer Gynts medsamansvorne og utbasunerer: " Tænke det , ønske det, ville det med, men gøre det, nei, det skønner jeg ikke!"
    Nei, eg veit verken ut eller inn. Kanskje kunnskapsminister Kristin Halvorsen, som hyllar FNs initiativ, burde verte øvstkommanderande og samordne aksjonane? Så  kan ho late oss lærarar vere i fred ei  stund.

torsdag 17. mars 2011

FRÅ TREKVITT TIL MAGNOLIA

Det rommet me ser inn i her, brukte me som soverom i seksten år. Det var inngang frå gangen og vegg i vegg med stova. Så ønskte Anne seg så inderleg ei støre stove. Me opna veggen mot den gamle stova, ho som i grunnen framleis  er hovudsalongen vår, der me tek imot kaffigjester, har juletreet og pakkar ut julegåvene når der er aktuelt, og har den finaste salongen, den i brunt skinn. Den nye stova vart kledd med brei, fin vekselpanel og er fjernsynsstove og fast opphaldsrom om kveldane - bortsett frå julafta og når me har kaffigjester eller liknande. Eg har meir enn ein gong omtalt henne som Annestova, noko som mi kjære frue vert irritert av.
   Så har det hendt seg at ho tykkjer at dei gamle trekvite panelveggene har vorte for mørke for dei gamle augo våre, og at heimen i det store og heile treng litt fornying. Dette er grunnen til kaoset på dette biletet:



Og det skal verte meir som dette biletet viser. Og her ser du faktisk litt av det originale panelet med fine, breie furubord. Snart vert det òg magnoliafarga, men først må me flytte den digre veggseksjonen, dore spikrar, sparkle spikarhol og smørje på grunning.
   Då nærmar me oss stunda når kan me setje oss ned i ei lysare Annestove!

onsdag 16. mars 2011

VÅRTEIKN VED UNGDOMSHUSET

Bror Steinar tipsa meg for nokre dagar sidan om å skrive om vårteikn, og han viste til nokre karar i Flekke som såg det som eit lovande vårteikn at me gutane i bygda begynte å springe rundt ungdomshuset. Ja, springinga hugsar eg godt, men ikkje at det vart omtalt som vårteikn.
   Den vanlege organiseringa av desse løpa var sterkt inspirert av skeiseløp. Skeiseløp var den mest populære medieidretten i glansdagane til radioen frå femtitalet og eit par tiår framover.  Laurdagar og sundagar på etterjulsvinteren sat heile det norske folket klistra til radioen med  nervane i heilspenn og blyant og papir i  nevane. Rundetider vart noterte, sluttider og poengsum kom på plass i tilhøyrande rubrikkar, og endeleg kunne Hjallis, Gontsjarenko eller Kupper'n få laurbærkransen over skuldrane.
   Etter mønster frå dei klassiske skeisedistansane sprang me ein runde, tre rundar, fem rundar og ti rundar rundt ungdomshuset. Rett nok måtte me opp ei trapp før første langsida og deretter ned ei trapp i neste sving, elles var ikkje løypa ulik ei skeisebane. Litt kortare, heldigvis. Noka ytre og indre bane var det ikkje råd å få til, men me sprang to og to likevel. Me mangla stoppeklokke, men dei største gutane hadde armbandsur med sekundvisarar. Det heldt i massevis for oss. Me skipa til noregs-, europa- og verdsmeisterskap, men eg hugsar ikkje om det vanka laurbærkransar i ei eller anna form.
 

tirsdag 15. mars 2011

PÅ FEST

No kjem det meir mimring frå gamle dagar i Flekke. Dei som er luta leie av slikt skriveri, kan finne ein annan blogg å lese, til dømes den som min eks-nabo, eks-kollega m.m. Gunnar held seg til: gunnares.blogspot.com Han lever heldigvis mykje i notida.
   Men altså: Når det vart arrangert dans i ungdomshuset i Flekke, kalla me det for fest. Det galdt forresten dansefestar i andre forsamlingshus òg. Var det i jula, heitte det juleball. Men oppskrifta i åra rett før og rett etter 1960 var nokså lik: Det vart hyrt inn ein spelemann som kunnne traktere trekkspelet. Han sat på scenekanten og spelte. Me stod på den delen av golvet som vende mot utedøra. Nokre få fekk seg sitjeplass på benkene langs langveggene. Stundom låg det einkvan der og sov utpå kvelden.  Dei av oss som dansa, brukte den delen av golvet som var nærast scenekanten. Gutane baud opp. Men utpå kvelden ein gong eller to kunngjorde spelemannen "damenes". Då kunne jentene by opp. Når det var skotårsfest, men det var det berre kvart skotår, kunne jentene by opp med dei ville. Dei dansane det gjekk mest på, var vals, tango, reinlender og swing (eller rock.) Den sistnemnde trengde seg meir og meir inn på dansefestane utetter sekstiåra. Unntaksvis kom det ein pariserpolka eller springpolka.
   Nede i billettluka sat billettøren og selde billettar til kroner to eller to femti per stykk. I trappeoppgangen stod billettkontrolløren og tok imot billettar for dei som skulle opp i salen, eller delte ut ein billett til den som skulle ut og lufte seg, gå på do eller ut og drikke knurr. Eit par handfaste karar var vakter og greip resolutt inn mot uro av alle slag.
   Festen begynte gjerne klokka ni, og klokka to var det slutt. Ti på to kunngjorde spelemannen at no kjem dei tre siste. Frå klokka tolv var det vanleg å slutte billettsalet og sleppe inn gratis dei stakkarane som stod nede ved utedøra og ikkje tok seg råd til å betale. Men det hende seg at me tøygde den tida litt, og då prøvde dei seg med krav om juridiske rettar til å sleppe billettkjøp etter midnatt. Å nei, det einaste dei kunne påberope seg, var sedvane.
   Har eg fått med det viktigaste no? Viss ikkje, les eller syng visa "Stå med glans" av Kjartan Fløgstad. Vestlandsfanden har visa på plate.

   

 

søndag 13. mars 2011

KNURR

Eg nemnde produktet knurr i siste bloggen min. Så skreiv eg at du kunne google viss du ikkje visste kva det var. Det lèt seg gjere med litt fantasi, men du bør kople søkjeordet med eit anna stikkord, til dømes øl eller heimebrygg. Elles kjem det opp ei endelaus  rekkje med sider om ein liten, sinna fisk. Og det var ikkje det dei hadde på norgesglasa me fann borte med ungdomshuset i gamle dagar.
   No tek eg det steget å foreslå ei oppskrift. Få tak i ein trettiliters dunk av til dømes glas eller plast. Helst skulle det vel ha vore ei lita tretønne. Gå på  butikken og kjøp fire kilo sukker, to pakkar gjær, ei lita flaske tomtebrygg og ein liter maltekstrakt. Løys alt saman opp i lunka vatn. Pass på at vatnet ikkje vert for varmt, gjærsoppen likar ikkje det. Så har du alt i hop opp i dunken og fyller han med meir lunka vatn. Men pass på at dunken ikkje vert smikkfull. Det må vere litt klaring på toppen, for viss du er heldig, skal det snart skumme kraftig. Rist godt om og set dunken i romtemperatur. Ikkje skru korken heilt att. Har du gjærlås, kan den brukast no.
   No må du  vere sterk i karakteren og vente minst ei veke, helst to. Når du ser og høyrer at det ikkje knurrar i dunken lenger, er brygget truleg utgått. Ta ei lita smaksprøve. Viss det ikkje smakar søtt lenger, er det teikn på suksess. No kan du godt setje det litt kjøleg og late det klarne litt før du smakar meir. Hugs på at dette er kraftige saker, så drikk med andakt. Eller slå det i do, viss det ikkje fall i  smak, eller gje det til ein granne du mislikar.
   Eg har forresten ikkje sagt at du skal lage noko slikt, eg berre foreslår ei av tusen oppskrifter på knurr.

torsdag 10. mars 2011

FLEKKE UNGDOMSHUS



Bror Steinar vil at eg skal skrive om vårteikn, og så nemner han i same farten ungdomshuset heime. Då trur eg sanneleg at det kan passe med nokre tekstar om denne sentrale kulturinstitusjonen i barndomsbygda mi.
    Som du ser -  i nedre biletkant – ligg det ikkje mange steinkasta frå tunet vårt, i grensa mellom garden til mamma og papen og garden til Finn og Helene. Den trondhjemske postvei skimtar me òg i nedre høgre biletkant.
   Det hender at eg skryter - og ikkje heilt utan grunn - av at eg er fødd og oppvaksen rett utanfor veggen i ungdomshuset i Flekke, og at det pregar meg meir enn noko anna, vere seg arv eller miljø. Det er lov å overdrive i godt lag. Men det nære grannelaget til dette huset har vore til mykje glede og nytte i oppveksten. I tidlegare bloggar har eg nemnt litt om kva ungdomslaget fekk å seie for overgangen til vaksenlivet. 
   Men huset har hatt verdiar på ulik vis. Når det var dansefestar og andre festar i barndommen min, høyrde me godt sjauen frå ungdomshuset. Det skapte stemning og glede i sinnet, sjølv for oss som var for små til å gå på nett dei festane. Viss me var seint oppe, hende det seg òg at me såg vaksne ungdommar i underlege positurar kring husveggene. Neste morgon sende mamma oss på ekspedisjon. Flaskeplukking.  På bøen vår, nede i  Tunbakkurda (til venstre for ungdomshuset), bak dass (usynleg på biletet) og jamvel på sjølve ungdomshusplassen fann me flasker i ymse utgåver og fasongar. Dei me ikkje kunne pante, fekk mamma til saftflasker. Me lukta på dropane i botnen og undra oss over at nokon hadde appetitt på slikt.  Stundom dukka det opp eit  stort norgesglas, og då vart mamma ekstra glad, for dei  var dyre i innkjøp. Utetter hausten og vinteren hadde me mykje glede av rips- solbær- og stikkelsbærsafta som stod lagra i kjellaren. Kanskje me ikkje hadde hatt så rikhaldig saftlager utan ungdomshuset?
   Du kan vel gjette kva som hadde vore på norgesglasa? Knurr, ja! Viss du ikkje veit kva knurr er (var), kan du prøve å google. 
   Til slutt ein vits: Gamle Kristoffer kom til dokteren og klaga over synet. Kanskje ham måtte ha seg briller. Dokteren spurde om å få sjå dei brillene han hadde, men Kristoffer forklarte at han aldri i sitt liv hadde brukt noko slikt. "Men du har jo eit tydeleg merke etter briller over naserota," sa dokteren. "Nei, da e tå norgesglaset, da, doktar," sa Kristoffer.




onsdag 9. mars 2011

PRIVATISERING, FASE FEM: HEILT KONGE

Dette vert siste leksjonen i tipse- og undervisningsserien min om privatisering og konkurranseutsetjing. I alle fall i denne omgangen. No ser eg stadig vekk at dei tek emnet på alvor både i riksmedia og i dei  politiske partia. Men dei går ikkje langt nok. Dei er for feige. Jamvel Høgre og Frp, som seier at dei vil opne for mykje meir i denne retninga. Og Ap er altfor pysete. Når det stormar litt kring Adecco og andre edle firma, seier Ap at dei er imot, men når dei vil spare ei krone eller ikkje gidd  noko anna, hankar dei inn private firma og lausarbeidarar frå gata.
   Nei, lat oss kome vidare: Kongen vår er ein aldrande herre, og fuglane veit kor lenge han held koken. No må me vere om oss og privatisere denne geskjeften før son hans kjem springande og påstår at han har arverett til jobben. Me må kunne gå ut i heile EØS-området og endå lenger med eit anstendig anbod. Sist me gjorde det, kom det ein dansk prins og ei engelsk prinsesse. Men Michelsen og Nansen hadde jobba for lite med anbodspapira, så det kom ikkje fleire tilbydarar, og oppseiingsvilkåra vart altfor tåkete. Me må høyre meir på høgresida i politikken, me kan ikkje ha slikt stillingsvern som me har i dag.
   Det må stillast krav: Ein aktuell kandidat må kunne gå på ski, kunne føre ein seglbåt og gjennomføre ein nyttårstale med nokolunde forståeleg uttale. Monarken må vere i stand til å stå på ein balkong og vinke ein times tid ein gong i året.  Elles skal me ikkje krevje for mykje. Viss det er ei kvinne, må ho kunne snakke med hestar, englar og daudingar.
   Formålet med privatisering og konkurranseutsetjing skal som kjent vere sparing, og her er det pengar å hente. Istadenfor å tilby den nye monarken løn og apanasje, må me kunne snu på flisa og krevje at vedkomande skal betale for å få jobben. Kvifor ikkje? Det er sikkert mange kaksar i inn- eller utland som kan hoste opp nokre millionar. Kva med Stein Erik Hagen eller han Røkke? Viss til dømes Gaddafi og sønene hans kjem seg levande unna det rotet han har stelt til i Libya, har dei nok salta ned nokre milliardar som kan gravast fram når det trengst. Viss ikkje gamlingen sjølv vil, tek me ein av sønene. Rett nok bur dei ikkje i EØS-området, men likevel. Byr dei høgt nok, er det ingen ting å stusse på.
   Men først må dei lære seg å gå på ski og føre ein seglbåt.

søndag 6. mars 2011

VINTERFERIE? TJA...

Det er kvinnene i heimen som er den store målgruppa for den delen av forretningsstanden som satsar på oppussing, fornying og ommøblering av heimane. Viss Frode, Teigen eller Møbelringen hadde hatt god nok teft, skulle dei ha invitert alle konene i bygda på vinaften med kanapear og samtidig synt fram det nyaste nye eller litt gammalt nytt i krambuene eller katalogane som kunne freiste husfruene over evne.
   No var det verken Frode, Teigen eller Møbelringen som overtydde Anne om at me måtte friske opp heimen med ein del kvitmåling her og der, ikkje det eg veit. Korsomer: Dei trekvite dørene, listene og vindaugskarmane som har stritta mot alle framstøyt frå målarfirma i tjueåtte år er no i ferd med å verte magnoliakvite. Det same er spisekroken med sin grøne tapet og brystningspanel i perlefasmønster.
   Siste delen av vinterferien har gått til dette prosjektet, og det er langt frå fullført. Den fine fjernsynsstova med liggjande breitt vekselpanel skal òg til pers.
   Variatio delectat, hadde Caesar sagt. Men Julius Gaius hadde nok råd til å leige handverkarar. Eg fattar ikkje kvifor eg kom på nett desse avslutningsorda.

onsdag 2. mars 2011

UT I SKODDA

Me hadde ei framifrå helg i Trondheim, dobbelfeiring for to små barnebarn som har bursdagar på denne tida. Men måndag føremiddag var det duka for heimtur. Bilen vår stod utolmodig og venta på det som før heitte Liland parking ved Flesland, og tanken var å køyre derifrå til Bekkjarvik og ta eit par vinterferiedagar der. Me sjekka inn på Værnes i god tid, flyet skulle ta av klokkka 14.10. Brått lyste det frå infotavla: ny  avgangstid klokka 15.40. Me gjekk og  småbanna og fordømte SAS, som påstår dei er så punktlege. Men så kom det  annonsering over høgtalarane at Flesland flyplass hadde vore stengt heile dagen på grunn av skodde, og at flyet vårt iallfall ikkje kunne  gå før nærmare fire. Me laut tilgje SAS og vende harmen vår  mot vêrgudane. I firetida vart me endeleg slusa inn på eit fly som skulle vidare til Stavanger, og me såg lysare på  stoda. Men rett før flyet tok av, fortalde dei at dette kunne verte ei lang reise. Dei håpa å kunne hive oss av på  Flesland, men viss det ikkje gjekk, laut me sitje på til Stavanger.
   Omsider tok me av, og då me nærma oss Bergen, var skodda tjukk som graut, så dei krinsa rundt i  Hordaland i påvente av ei lita lysning. Men nei, etter ein dryg halvtime gav dei opp og fortalde at no går ferda til Stavanger. Jaja, me kunne ikkje  protestere.Ferda gjekk lenger mot sør, og undervegs såg me heim. Ikkje skodde over ytre Kvinnherad. I sekstida var me på  Sola, og der fortalde dei at dei skulle sende oss med buss til Bergen. Bagasjen vår  kom tydelegvis ut heilt til slutt, før me kunne springe til bussen. Fleire bussar var allereie på veg nordover. Sjåføren hadde god tid, eller måtte ordne både eitt og hitt før me omsider trilla av garde i sjutida. Kunne me nå fram og ta siste ferja til Austevoll klokka halv tolv? Neppe!
    Turen nordover var i og for seg koseleg. Seta i bussen var gode, og me var heldige med ferjene. God lapskaus  på ferja frå Sandviksvåg. Men klokka var over elleve før me trilla inn til Flesland flyplass. Me kunne nok ha plaga sonen vår på Bønes med overnatting, men håpa at SAS ville spandere hotellrom på oss. Lang, lang venting i kø med folk som hadde opplevd skoddekaoset og trong hjelp. Endeleg var det vår tur ved skranken, for berre å verte fortalde at dei dessverre ikkje hadde noko ansvar for oss no når me var komne fram til reisemålet.
   Vel, då laut me ordne opp sjølve, og passeleg molefonkne prøvde me først det nærmaste hotellet. Der var det fullt, så dei dirigerte oss til Thon på  Kokstad. No henta eg bilen, me kom til Thon nærmare halv eitt, og dei  gav oss nøklane til ein diger suite, som slett ikkje var billig. Men på det tidspunktet kunne me ha pantsett begga husa våre for å få ei seng tilgjengeleg. Me kunne ta kvelden! Endeleg!
   Skodde i Holmenkollen?  Kva er det dei sutrar for? Dei visste at det var eit skoddehòl der dei bygde ny milliardbakke og inviterte til "tidenes skifest"! Flesland er nesten aldri stengd på grunn av skodde, men det var han altså den 28. februar 2011.