mandag 18. juni 2007

KRABBAR I TROLLGARN

Det er ikkje sikkert at trollgarn er den beste fangstreiskapen til krabbefiske. Men du kan knapt unngå at krabbane rotar seg inn i trollgarnet nå du set det på grunt vatn. Og denne krabben er like god som den som går i teine. Hovudproblema kan vel stort sett kategoriserast i to: 1. - Krabben klypper sund garnet ditt. Etter ei tid er det så fillete at ein kan lure på om det greier å halde på fangsten. 2. - Det er ei tolmodsprøve å plukke krabben ut. Det tek tid, og du kan falle for freistinga å skjere av eller slite ein tråd eller to for å få ut dyret.    Men når så er gjort, kan du trygt ro heim, setje på ei diger panne, ha krabben oppi dekt med vatn, ha i høveleg med salt, ein ørliten skvett eddik, godt med dill.    Når du set deg ned og skal ete krabben om kvelden, rår eg til ein god kvit Chardonnay, viss du då ikkje vil riva i ein Gevürztraminer frå Alsace eller ein italiensk Soave. Ha ein god fangst!