torsdag 20. november 2014

AMERIKA - AMERIKA (2) - Eit lite oversyn

Jau, då! Visst har eg og vore i Amerika – heile tre gonger, og to gonger berre i sommar! Bror Reidar rår til at eg bør ikkje venta i 50 år før eg fortel litt om Amerikaturane mine, han stolar nok ikkje på at eg vert så gammal…
Sjølv tek eg sikte på å leva minst 20 år til: Det har seg slik at ein fetter av Annbjørg har lova henne at når ho vert nitti, skal han spandere helikoptertur til Fadnesstølen. Og eg har lova å minne dei på det, om dei no skulle bli litt tutlete sjølve, og Annbjørg er enno ikkje meir enn 69…
Om dei tre Amerikaturane vil eg først nemne kortversjonen:


·         Svigerson Jon Kåre fekk eit PostDoc stipend og budde nær eitt år i Raleigh, North Carolina i 2002 med kone og 4 born. I påsken vitja me dei. Forutan Annbjørg og eg var dotter Kjersti og dei to borna hennar med.

·         I Washington finst ein framståande forretnings­advokat med husvære i Watergate. Besteforeldra hans drog til Amerika først på nittanhundretalet, og han har vore primus motor for eit slektstreff eller «Reunion» på Hamar i 2005 og på Beitostølen i 2010. Då Don tok initiativet til ein ny «Reunion» i 2015, fekk han klår melding om at så lenge ville ein ikkje venta, og at neste slektstreff burde haldast i Amerika.
Oldefar til Annbjørg var eldste bror til bestefar til Don, yngste bror deira var den legendariske skeiselauparen Peter Sinnerud. Slik hadde det seg at me drog til Washington og New York i månadsskiftet juni/juli i sommar. Av nære slektningar var eldste dotter vår med, det var og eldste bror til Annbjørg og kona hans.

·         Jon Kåre har ein del reisedagar for året i stillinga si, og er til USA rett som det er. Men dette er ikkje nok, i haustferien har han fleire år vore til Florida saman med familien. I år greidde ungane å lokka bestefaren med, kanskje var han ikkje vanskeleg å lokka, og det var slett ikkje kusina deira, Mari. Dermed var me heile 7 som drog av garde, noko som stilte visse krav til både husvære og transport «over there».


Så er det vel kanskje best å ta det siste først, og dermed lyt eg starte med Floridaturen ved neste høve.


onsdag 5. november 2014

AMERIKA - AMERIKA (1)

Jau, bror Reidar har vore i Amerika! Og han har dokumentert det i søkk og kav via 30 velskrivne blogginlegg, som det sømer seg ein pensjonert lærar. No veit ikkje eg om han skreiv dagbok eller i det minste gjorde notatar dei 6 vekene han var borte, men 50 år er ein monaleg tidsepoke, mykje har hendt og mangt vil det vera å minnast. Går me endå 50 år attende, er me i 1914, det året papen vart fødd, bestefar vår motviljug drog heim til gamlelandet for å gifte seg og ta over farsgarden, og skotet i Sarajevo som utløyste første verdskrigen var enno ikkje avfyrt.

Her heime var me i 1964 midt i ei brytningstid: På garden heime vart den nye driftsbygningen teken i bruk, traktor og siloslått avløyste kilometervis med hesjar og det vart god plass til turrhøyet, det som før var til hovudbry korleis ein skulle få det i hus.

Men no var det Amerika som var temaet, ikkje slåtten og turrhøyet som bror Reidar slapp unna denne sommaren. No var det ikkje noko særsyn at Flekkingar hadde vore i Amerika. Før er nemnt bestefaren på »Ilkjen», men både Berenten på Vellereina og Johannesen i Gara, og ikkje å gløyme Jørgina «Ovaihogja» hadde vore der. Jørgina fekk tæring og kom heim att for å døy. Ho var ei tid på Luster Sanatorium, og levde sidan i beste velgåande til ho døydde 50 år seinare.

På biletet sit Jørgina midt i baksetet, bestefar Peter med krosslagde armar i framsetet– dei hine er ukjende.

Det var ikkje fritt at me var litt nyfikne etter å høyra korleis bror Reidar hadde hatt det i Amerika. Han har nemnt at han kom heim i kvite sokkar, og at det vekte noko åtgaum, men no var det derimot ikkje mote å stille med hatt, slik biletet viser at det var 50 år før. Litt likskap med Daniel Davidson som Jakob Sande hadde sendt ut i verda, var det nok – begge hadde utvilsamt mykje å fortelje. Reidar hadde dessutan kjøpt seg fotoapparat og kunne dermed levandegjera mykje av det han hadde sett – endåtil på ljosbilete i fargar, det høyrer me ikkje at Daniel hadde rådd seg til.  
Så hadde han skaffa seg ein platespelar. Men medan me har 230 volt har amerikanarane 110 volt straum, derimot har dei ein frekvens på 60 medan me har 50. Korleis fikse platespelaren til å gå med rett fart? Om Reidaren kom på det sjølv, som berre har engelslina på gymnaset, eller om andre som har reallina visste råd, veit eg ikkje, men ved hjelp av ei serie-kopla lyspære med høveleg styrke vart det lyd i heimen og på hybelen.

Reidar hadde hatt meir enn lang nok ferie, og tok til i lærargjerninga 14 dagar etter skulestart ved Nordanger skule på Radøy. Hybel hadde han i skulehuset, så skulevegen vart enno kortare enn ved barneskulen heime. Det var sikkert godt etter den lange Amerikaturen….