fredag 30. november 2012

LESEGLEDER 3: ODDLEIF, ARNE OG PEER

I 1955 byrja bror Arne på realskulen til den legendariske Oddleif Fagerheim i Dale. Han var så heldig å få Oddleif som norsklærar. Det bar frukter. Oddleif var ei eldsjel og ein glimrande formidlar med skodespelartalent og ei svært berande songrøyst når det høvde slik.
   Litt av det Arne lærte, formidla han gjerne til småbrørne sine. Ein gong fortalde han meg om ei bok dei las, og som han tykte var så gild. Det handla om ein kar oppe i Gudbrandsdalen som rota seg bort i alle slags underlege situasjonar, reid på ein reinsbukk, røva brura i eit bryllaup og tok henne med til fjells, gjesta trollet i Dovre og mykje, mykje meir. Men det mest fantastiske med boka var at alt gjekk på rim. Og når Oddleif framførte høgt - Oddleif trong ikkje boka, han kunne mesteparten utanåt - då var det mykje kjekkare enn sjølvaste Radioteateret eller høyrespela i Barnetimen. Arne fortalde og fortalde, men ergra seg over at han ikkje hadde boka heime, for då kunne eg ha fått høyre kor godt det var skrive.
   Nokre år seinare skulle me lese Peer Gynt på Firda Gymnas. Det fanst ei skuleutgåve som ikkje var så dyr. Men då eg skulle kjøpe boka hos Eikenæs'n, oppdaga eg at Henrik Ibsens samla verk var å få i ei trebinds pocketutgåve. Eg talde på kronene og fann ut at prisskilnaden ikkje var uoverkomeleg, så eg valde samlinga. Eg gjekk glipp av kommentarane i skuleutgåva, men i staden fekk eg alt det andre på kjøpet.
   Så vart Ibsen ein av favorittane mine. Då filmen "Vildanden" skulle gå i Vonheim, var ikkje filmen komen og framsyninga avlyst. Eg sykla heim og las stykket i bind tre av samlinga mi i staden. Nokre Ibsen-drama høyrde eg som radioteater, men eg las mange av stykka sjølv og brukte stoff derifrå i stilskrivinga. Det var ein suksess. Heilt til eksamen. Då ville dei ha oss til å skrive om Wergeland.
   Eg valde ei anna oppgåve og fekk T.

onsdag 28. november 2012

LESEGLEDER 2: LEIF HALSE OG JENS R. NILSSEN

Dette skal handle om Vangsgutane. Det var nordmøringen Leif Halse som sette ord på kvardagslivet oppe i Todalen på Nordmøre. Men det var Jens R. Nilssen som bles liv i gutane, stuten Peik, Larris med hunden Troll, Sterk-Ola Bakken og alle dei andre.
   Me gutane i klassen på Flekke skule delte god lesnad i tre greie kategoriar, som òg kunne overlappe kvarandre. Forteljingane kunne vere skøyige, spennande eller kjekke. Vangsgutane høyrde mest til den siste kategorien. Men stundom var det verkeleg spennande òg. Me skal ikkje gløyme kor nifst det var då posttjuven herja i bygda. Ein del skøyige innslag var det òg, til dømes når Larris dumma seg ut eller fann på noko festleg.
   Men mest av alt var teikneserien kjekk å lese med kjekke teikningar å sjå på. For oss som voks opp på ein gard på femtitalet, var det ikkje så vanskeleg å identifisere seg med ein del grunnleggjande innslag. Det var arbeid og slit, leik og moro. Poteter vart sette og sauer vart sanka. Ved vart hoggen, og skiføret var stabilt om vintrane. Det var juletrefestar og skulegonge.
   Serien har fått mykje kritikk og spitord, og noko er nok rettkome. Vangsgutane er så prektige at ... Og stakkars Larris kom frå ein låk heim og vart uthengd på det grovaste. Halse lytta sikkert til kritikken, for midt på femtitalet snudde lukka seg for Larris. Han slutta med tullefaktene sine, vart godven med Vangsgutane og vart ein kreativ humørspreiar.
   Kritikk eller ikkje: Når Nynorsk Vekeblad kom, kom gutane frå Vangen inn i stova vår og gav oss nokre glade minuttar. Til jul kom heftet med opptrykk frå bladet. Og etter at Vekebladet slutta å kome i 1954, heldt likevel Vangsgutane fram med å dukke opp når jula nærma seg. (Vekebladet strauk ordet Nynorsk frå tittelen på slutten, utan at det hjelpte på opplaget.)
   Så gav Jens R. Nilssen seg, og juleheftet vart aldri det same att. Rett nok dukka Bjarne Kristoffersen opp etter ei tid, og han greidde teiknejobben bra. Etter nokre år var Leif Halse ute av biletet òg. Men trur du Vangsgutane gav opp for den del? Nei, dei kjem og kjem, jul etter jul. Om du ser etter i bladhyllene, finn du dei i år òg. Etter kvart vart det slutt på nye historier, så då var det berre å trykkje opp att gamle, gode remser. Slik heldt dei på. Men i fjor skjedde det noko underleg. Det dukka opp ei nyskriven og nyteikna forteljing, så nokolunde i gammal ånd. Og for å halde nostalgien levande baud dei i tillegg på ei gammal forteljing i nyopptrykk.
   Skal tru kva dei byr på i år? Bladet skal iallfall i hus før julafta!
 
 

tirsdag 27. november 2012

LESEGLEDER 1

Det vart til at eg drog nytte av den viktigaste hobbyen min då eg fann meg ein leveveg, eller levebrød, som me òg seier. Eg meiner: yrkesvalet. Difor har eg tenkt å trø til med nokre blogginnlegg om leseopplevingar i  ymse livsfasar, og då vert det vel mest om det eg las i gamle dagar, kjenner eg meg sjølv rett.
   Eg hadde stor glede av den lærdommen det var å kunne lese, og eg stal meg til mange gode lesestunder i barne- og ungdomsåra. Boksamlinga heime var ikkje så stor, men etter kvart gjorde eg mitt til at ho voks litt. Ein del av inntektene mine i svært tidleg alder gjekk til bøker og blad. Men storparten av lesnaden henta eg nok heim frå skulebiblioteket på Flekke skule.
   I teiknetimen siste skuledagen i veka opna lærar Årøy skåpet med bøkene. Så var det å gå bort til heilagdomen og velje ut ei bok til heimlån. Årøy'en sat med den store protokollen, strauk ut den me leverte inn og skreiv opp det nye utlånet.
   Lærar Årøy hadde ein politikk når det galdt utlån som eg framleis finn merkeleg. Han meinte at det burde rekke å låne ei bok kvar fjortande dag. Me burde ha anna å gjere enn å lese tilfeldige bøker, til dømes hadde me lekser og stilar å ofre oss for. Dei fleste hadde jo plikter i heimen òg.
   Me var litt i utakt med låninga, så skåpet vart opna kvar veke. Dermed tenkte eg som så at eg måtte kunne lure meg til å låne ei bok sjølv om det berre var ei veke sidan sist. Det gjekk fint. Årøy'en sa ikkje noko. Eg min tosk trudde at eg lurte han. Det trur eg ikkje no lenger. Han kunne vel lese sine eigne datoar, vil eg tru, men valde å late som ingenting.
   I alle fall vart helga berga, og som regel var boka utlesen lenge før neste teiknetime. Leksene var det verre med.
 
 

mandag 26. november 2012

DS "DONAU"

I år har årsdagen for deportasjonen av norske jødar vorte bra markert, i radio, fjernsyn og med tilskipingar kringom i landet. No, sytti år etter denne skampletten på norsk historie, er det att éin attlevande frå ferda.
   Sa eg skamplett? Det var stort sett nordmenn som fiksa arrestasjonane og transporten til kaia i Oslo, der fangetransportskipet DS "Donau" låg og venta. Om dette skriv min bloggkollega og tidlegare elev, Frode Thorup, på nettstaden sin: www.danefjell.blogspot.com.
   For tjue år sidan i dag var det altså femtiårsmarkeringar. Dei fanst, om enn i mindre målestokk enn ein skulle tru, og monaleg mindre enn i år. Eg var historielærar, det var torsdag og første time, og det passa utmerka for meg å bruke ein del av timen til nett denne saka. Eg hadde kopiert og delt ut ein del sider frå  "Våre falne". I dette verket er det eit lite portrett av alle krigsoffera i Noreg som dei hadde fått oppspora då verket kom. Ikkje alle var forsynte med bilete, men utruleg nok dei fleste. Inn imellom dukkar det opp heile familiar med jødar, små born, gamle beste- og oldeforeldre. Det gjer inntrykk. Verket stod i hylla heime hos bestemor mi. Eg gløymer ikkje korleis eg reagerte då eg fekk auge på bilete av små, små born som vart gassa i hel. Norske jødar.
   Torsdagen for tjue år sidan kom  ein av elevane mine nokre minuttar for seint, men kom halsande inn med radioen på øyra. Då han fekk summa seg litt og høyrde kva me snakka om, braut han ut: "Vettuka! Akkurat dette heldt dei på med i radioen no!" Eg tilgav han fort den vesle forsømminga.
   Nesten ti år seinare fekk me til ein ekskursjon frå skulen vår til Auschwitz. Me var ein samansett flokk av lærarar, elevar og nokre andre gjester som bussfyll og selskapsvener. Eg har ikkje vore med på nokon viktigare ekskursjon, tør eg seie.
   I ein av monterane viste dei ein del av bagasjen som foreldrelause barneheimsborn hadde hatt med seg inn i leiren. Då gret eg.