mandag 24. desember 2012

JULEGUT I SYTTI ÅR



Som du ser, var han eit vakkert barn då han var i femårsalderen. Ser du lenger nede, skjønar du at han no er ein pen gammal mann. Eg snakkar sjølvsagt om storebroren Steinar.
   Det var med naud og neppe at papen fekk med seg jordmora då han kom ramlane seint på julafta i 1942 og drog henne ut or stova nett då saueribbene begynte å spreie sin himmelske ange i jordmorstova i Dale. Ho var, som ein kan skjøne, pottande sur. Men då alt var over utpå kvelden, kom papen med ei flaske nybryggja øl som svigerfar hans hadde produsert. Bestefar kunne sine ting, han! Då skein jordmora opp og gledde seg til heimkomsten.
   Det har vore så som så med bursdagsgilde for denne jubilanten fram gjennom tidene. Til gjengjeld er det lett å hugse datoen. Så greidde han å gnure det til slik at eldste dottera også vart julaftebarn, fødd på 29-årsdagen til Steinar'n. Tenk det! Hemne seg på det stakkars jentebarnet, som var heilt uskuldig i lagnaden han. Men det er noko som heiter arvesynd ...
   Må eg få ønskje jubilanten til lukke, og gledeleg jul til alle mine blogglesarar!

Sytti år og like blid!

mandag 17. desember 2012

LESEGLEDER 7: MARK TWAIN


Eg er nøydd å love meg sjølv at eg snart skal kome til endes med denne serien av leseminne. Rett nok er det eit emne som kan nyttast lenge, men trass alt er det gitt ut bøker om litteratur som er mykje meir å rette seg etter enn mine subjektive røynsler uti lesekunsten. Så no lovar eg at det ikkje skal verte meir enn ti.
   Dagens forfattar er nok ikkje den eg har lese mest av. Men ein gong gjorde han eit sterkt inntrykk. Det var då eg fekk tak i boka om Tom Sawyer med ei flott teikning utført av Jens R. Nilssen på framsida. Du hugsar vel han, han som skapte Vangsgutane og Smørbukk?
   Tom Sawyer høyrde definitivt heime i kategorien skøyige bøker. Litt spennande var ho òg, særleg mot slutten. Dette gjekk føre seg ved elva Mississippi midt på attenhundretalet, men personskildringane, gutepåfunna og tilhøvet mellom dei dumme vaksne og dei mykje gløggare ungane kunne like gjerne ha handla om Flekke godt hundre år seinare. Me hadde òg ei stor elv og fleire små. Eit poeng til: Slektskapen med Gutane på Tedneholmen av Ragnvald Vaage er påfallande.
   Etter at eg hadde lese Tom Sawyer nokre gonger, vart eg konfirmert, ein smule bemidla og begynte på realskule nær ein bokhandel. Så noko av det første eg gjorde då, var å gå inn i butikken til Skaar'n og forlange på disken boka Huckleberry Finn. Denne kompisen til Tom spelte ei mindre viktig rolle i den første boka, sameleis som Tom i den andre. No var det Finn som førte handlinga vidare. Det var ei heilt anna bok enn boka om Tom, ikkje så skøyig, svært spennande, og med innslag eg truleg ikkje skjønte rekkjevidda.
   På tide å lese ho om att?
   

lørdag 15. desember 2012

LESEGLEDER 6: NORSK BARNEBLAD



Når eg først har gitt meg ut på å omtale lesegleder frå tidlege stadium i lesekarrieren min, kan eg ikkje kome unna Norsk Barneblad. Det bladet voks eg opp med; brørne mine hadde det før meg, så eg kan ikkje hugse anna enn at det kom kvar fjortande dag i posten. Det var i A2-format, bretta to gonger, så kvar av dei åtte tekstsidene var i A4. Så når det skulle lesast, laut me brette det opp og leite oss fram til dei rette sidene etter kvart.
   Eg viser til den tidlegare klassifiseringa i kjekke, skøyige og spennande tekstar. Her fann me alle tre kategoriane. Bladet baud på alt frå klassikarar av Jules Verne, James F. Cooper (indianarbøkene) og Frances Hodgson Burnett (sjå ovanfor) til norske slitarar langt til fjells eller på den ytterste nøgne ø. Og kva med baksida? Smørbukk! Same karen som teikna Vangsgutane, Jens R. Nilssen. Ein lubben mirakelfyr med frekke påfunn og blømande fantasi.
   Og oppunder jul kom Juletre og eit dobbeltnummer av Norsk Barneblad sendande i ein stor konvolutt. Juletre var eit hefte på heile 36 sider og er eitt av dei lengstlevane julehefta i norsk pressehistorie. Dobbeltnummeret av bladet var denne gongen stifta i ryggen og med oppskorne ark, så her slapp me brettte ut og leite oss fram. Men før mi tid hende det visst at det kom uoppspretta dobbeltnummer med seksten sider som laut brettast ut eller sprettast.
   Konvolutten med dei to juleblada kunne brukast til lagerplass for heile årgangen. Det fekk iallfall eg til, og blada vart gøymde og lesne om att og om att. Eg skrapte jamvel sparebøssa og kjøpte nokre gamle årgangar, som du no får sjå ein smakebit frå.
   Seinare har eg prakka bladet inn på ungane våre, så her eg sit, står det eit lager med godt over førti årgangar. Men det spørst kva som skjer med dei når eg ikkje passar på lenger. Eg nemnde med ein son kva eg skulle gjere med dei. Ærleg som han var, sa han: "Eg trur det er du, pappa, som er mest interessert i dei, så gjer som du vil!"
   Legg du inn eit bod?




onsdag 5. desember 2012

LESEGLEDER 5: JULES VERNE OG DEN SISTE MOHIKANAREN

No rotar eg meg snart vekk i lesegleder frå farne tider. Eg går like usystematisk til verks som eg alltid har gjort i blogginga mi. Du treng ikkje tenkje som så at eg går kronologisk fram, eg planlegg ikkje på den måten.
   No rotar eg meg snart vekk med tankar om blogginga, eg går difor over til emnet: For nokre tiår sidan sa forståsegpåarar at ungane måtte få lesestoff som dei kunne kjenne seg att i. Dei måtte få lese om slike røynsler dei truleg hadde gjort seg i sitt unge liv. Helst skulle det skrivast om problem og om stussleg oppvekst. Det ville hjelpe dei til å bere sin eigen lagnad. Ja vel. Det var ikkje så vanskeleg å kjenne seg att i forteljingane om Vangsgutane og Larris, og barndomslandet som Ragnvald Vaage skildra, hadde tydelege parallellar til mine heimetrakter. Rett nok vart eg verken mor- eller farlaus i ung alder, men elles var det mykje som likna.
   Men å lese Jules Verne var noko anna. Her handla det ikkje om ungar (det fanst unntak), men om velvaksne karar og enkelte kvinner som strutta av fantasi og heltemod. Hendingane gjekk ikkje føre seg i vestlandske fjord- og kystbygder. Nei, her var det snakk om ferder djupt under havflata, over dei endelause sibirske viddene, i eit farty på veg til månen eller på ei audsleg øy i Stillehavet. Ein kunne følgje Phileas Fogg og hans trufaste tenar Passepartout på ferda deira rundt heile jorda i den eventyrleg korte tidsrommet 80 dagar, i underlege farkostar og med farefulle situasjonar rundt kvar ein sving. Kvar var attkjenningsgleda som burde vere i barnelitteraturen? Jau, eit par tilknytingspunkt var det: Trongen til eventyr, gleda over å få eit glytt inn i det ukjende.
   Så skulle eg vel ha skrive om sjangeren indianar- og cowboybøker. Eg nemner det i same tankegangen. Her var det ikkje mykje som likna på oppveksten heime i Flekke. Men det var svære greier å verte kjend med Hjorteveidar og mohikanarane.
   Det var ikkje mange indianarar eller månefararar heime i Sunnfjord på femtitalet. Ikkje ubåtar heller.
 

tirsdag 4. desember 2012

LESEGLEDER 4: DEN FORUNDERLEGE VEGEN

Er ikkje det ein vakker boktittel? Eg har skaffa meg boka, ei tunn flis som biblioteket i heimbygda til forfattaren kvitta seg med for nokre år sidan. Når biblioteka sel ut slikt dei ikkje vil samle på lenger, kan du gjere svært gode kjøp!
   Ragnvald Vaage var bonde og diktar, fødd i 1889 og kvinnhering. Han har skrive nokre av dei mest fengslande barneskildringane eg har vore borti. Mesteparten av det han skreiv, var tydeleg merkt av heimemiljøet hans på Sunde og bygdene heromkring for om lag hundre år sidan. Han skreiv romanar og noveller for både born og vaksne, han skreiv dikt, frekke meiningsytringar og kåseri, og han var ein høgt skatta folketalar.
   Eg har faktisk høyrt han tale ein gong, men det var den 19. juni 1949, så eg har diverre gløymt det meste. Derimot brukte me bøkene hans til opplesing i teikne- og skrivetimar på Flekke skule. Dei kunne me trygt plassere i kategorien "kjekke bøker", med fleire innslag av "skøyige stykke". Jamvel om eg-personen i Den forunderlege vegen og framhaldet Den gode sumaren er morlaus og etter kvart mister faren òg, er det bøker som struttar av livsglede og humor. Slik var det òg i Gutane på Tedneholmen.
   Læraren vår var ikkje like nøgd som me. Det hende seg at det kom eit nesten-kraftuttrykk som "Å faselen" eller noko slikt. Det var ikkje bra. Og nokre av gutepåfunna meinte han var på grensa av det forsvarlege i ei barnebok. Men me ungane var nøgde og gledde oss over desse lesestundene. Då eg som pur ung lærar på Radøy administrerte høgtlesing, vart det for min del reprise på barnebøkene til Vaage, og suksessen var sikra.
   Dei hadde ein lesering i Flekke, og ein dag kom papen heim med ei bok av Ragnvald Vaage som heitte Den vonde draumen. Eg var vel i tolvårsalderen, kanskje. Då papen hadde pløgt igjennom henne, ville eg overta. Eg kjende att namnet på forfattaren og rekna med at dette var kjekt å lese. Han drog på det: "D'ækje nett noka barnebok...!" Men han blånekta ikkje. Og det var litt av kvart å lese om, det fann eg ut då eg la ho frå meg. Verda kunne vere mykje vondare enn langs den forunderlege vegen i barndomsriket til Vaage.
   Merkeleg nok er mange av vaksenbøkene til Ragnvald Vaage nokså ulike barnebøkene. Dei er mykje dystrare, og der møter me tidt born og unge som vert forsømte og krenkte. Dei skil seg tydeleg ut frå dei lett sjølvbiografiske skildringane han skreiv for born.
   I år kom det ut ei bok gamle Vaage-tekstar både for born og vaksne, henta frå ymse blad og julehefte. Eg vart spurd om å skrive forord, kjende meg smigra og sa ja.
   Men det treng du ikkje lese om du kjøper boka Heng i og ro!

fredag 30. november 2012

LESEGLEDER 3: ODDLEIF, ARNE OG PEER

I 1955 byrja bror Arne på realskulen til den legendariske Oddleif Fagerheim i Dale. Han var så heldig å få Oddleif som norsklærar. Det bar frukter. Oddleif var ei eldsjel og ein glimrande formidlar med skodespelartalent og ei svært berande songrøyst når det høvde slik.
   Litt av det Arne lærte, formidla han gjerne til småbrørne sine. Ein gong fortalde han meg om ei bok dei las, og som han tykte var så gild. Det handla om ein kar oppe i Gudbrandsdalen som rota seg bort i alle slags underlege situasjonar, reid på ein reinsbukk, røva brura i eit bryllaup og tok henne med til fjells, gjesta trollet i Dovre og mykje, mykje meir. Men det mest fantastiske med boka var at alt gjekk på rim. Og når Oddleif framførte høgt - Oddleif trong ikkje boka, han kunne mesteparten utanåt - då var det mykje kjekkare enn sjølvaste Radioteateret eller høyrespela i Barnetimen. Arne fortalde og fortalde, men ergra seg over at han ikkje hadde boka heime, for då kunne eg ha fått høyre kor godt det var skrive.
   Nokre år seinare skulle me lese Peer Gynt på Firda Gymnas. Det fanst ei skuleutgåve som ikkje var så dyr. Men då eg skulle kjøpe boka hos Eikenæs'n, oppdaga eg at Henrik Ibsens samla verk var å få i ei trebinds pocketutgåve. Eg talde på kronene og fann ut at prisskilnaden ikkje var uoverkomeleg, så eg valde samlinga. Eg gjekk glipp av kommentarane i skuleutgåva, men i staden fekk eg alt det andre på kjøpet.
   Så vart Ibsen ein av favorittane mine. Då filmen "Vildanden" skulle gå i Vonheim, var ikkje filmen komen og framsyninga avlyst. Eg sykla heim og las stykket i bind tre av samlinga mi i staden. Nokre Ibsen-drama høyrde eg som radioteater, men eg las mange av stykka sjølv og brukte stoff derifrå i stilskrivinga. Det var ein suksess. Heilt til eksamen. Då ville dei ha oss til å skrive om Wergeland.
   Eg valde ei anna oppgåve og fekk T.

onsdag 28. november 2012

LESEGLEDER 2: LEIF HALSE OG JENS R. NILSSEN

Dette skal handle om Vangsgutane. Det var nordmøringen Leif Halse som sette ord på kvardagslivet oppe i Todalen på Nordmøre. Men det var Jens R. Nilssen som bles liv i gutane, stuten Peik, Larris med hunden Troll, Sterk-Ola Bakken og alle dei andre.
   Me gutane i klassen på Flekke skule delte god lesnad i tre greie kategoriar, som òg kunne overlappe kvarandre. Forteljingane kunne vere skøyige, spennande eller kjekke. Vangsgutane høyrde mest til den siste kategorien. Men stundom var det verkeleg spennande òg. Me skal ikkje gløyme kor nifst det var då posttjuven herja i bygda. Ein del skøyige innslag var det òg, til dømes når Larris dumma seg ut eller fann på noko festleg.
   Men mest av alt var teikneserien kjekk å lese med kjekke teikningar å sjå på. For oss som voks opp på ein gard på femtitalet, var det ikkje så vanskeleg å identifisere seg med ein del grunnleggjande innslag. Det var arbeid og slit, leik og moro. Poteter vart sette og sauer vart sanka. Ved vart hoggen, og skiføret var stabilt om vintrane. Det var juletrefestar og skulegonge.
   Serien har fått mykje kritikk og spitord, og noko er nok rettkome. Vangsgutane er så prektige at ... Og stakkars Larris kom frå ein låk heim og vart uthengd på det grovaste. Halse lytta sikkert til kritikken, for midt på femtitalet snudde lukka seg for Larris. Han slutta med tullefaktene sine, vart godven med Vangsgutane og vart ein kreativ humørspreiar.
   Kritikk eller ikkje: Når Nynorsk Vekeblad kom, kom gutane frå Vangen inn i stova vår og gav oss nokre glade minuttar. Til jul kom heftet med opptrykk frå bladet. Og etter at Vekebladet slutta å kome i 1954, heldt likevel Vangsgutane fram med å dukke opp når jula nærma seg. (Vekebladet strauk ordet Nynorsk frå tittelen på slutten, utan at det hjelpte på opplaget.)
   Så gav Jens R. Nilssen seg, og juleheftet vart aldri det same att. Rett nok dukka Bjarne Kristoffersen opp etter ei tid, og han greidde teiknejobben bra. Etter nokre år var Leif Halse ute av biletet òg. Men trur du Vangsgutane gav opp for den del? Nei, dei kjem og kjem, jul etter jul. Om du ser etter i bladhyllene, finn du dei i år òg. Etter kvart vart det slutt på nye historier, så då var det berre å trykkje opp att gamle, gode remser. Slik heldt dei på. Men i fjor skjedde det noko underleg. Det dukka opp ei nyskriven og nyteikna forteljing, så nokolunde i gammal ånd. Og for å halde nostalgien levande baud dei i tillegg på ei gammal forteljing i nyopptrykk.
   Skal tru kva dei byr på i år? Bladet skal iallfall i hus før julafta!
 
 

tirsdag 27. november 2012

LESEGLEDER 1

Det vart til at eg drog nytte av den viktigaste hobbyen min då eg fann meg ein leveveg, eller levebrød, som me òg seier. Eg meiner: yrkesvalet. Difor har eg tenkt å trø til med nokre blogginnlegg om leseopplevingar i  ymse livsfasar, og då vert det vel mest om det eg las i gamle dagar, kjenner eg meg sjølv rett.
   Eg hadde stor glede av den lærdommen det var å kunne lese, og eg stal meg til mange gode lesestunder i barne- og ungdomsåra. Boksamlinga heime var ikkje så stor, men etter kvart gjorde eg mitt til at ho voks litt. Ein del av inntektene mine i svært tidleg alder gjekk til bøker og blad. Men storparten av lesnaden henta eg nok heim frå skulebiblioteket på Flekke skule.
   I teiknetimen siste skuledagen i veka opna lærar Årøy skåpet med bøkene. Så var det å gå bort til heilagdomen og velje ut ei bok til heimlån. Årøy'en sat med den store protokollen, strauk ut den me leverte inn og skreiv opp det nye utlånet.
   Lærar Årøy hadde ein politikk når det galdt utlån som eg framleis finn merkeleg. Han meinte at det burde rekke å låne ei bok kvar fjortande dag. Me burde ha anna å gjere enn å lese tilfeldige bøker, til dømes hadde me lekser og stilar å ofre oss for. Dei fleste hadde jo plikter i heimen òg.
   Me var litt i utakt med låninga, så skåpet vart opna kvar veke. Dermed tenkte eg som så at eg måtte kunne lure meg til å låne ei bok sjølv om det berre var ei veke sidan sist. Det gjekk fint. Årøy'en sa ikkje noko. Eg min tosk trudde at eg lurte han. Det trur eg ikkje no lenger. Han kunne vel lese sine eigne datoar, vil eg tru, men valde å late som ingenting.
   I alle fall vart helga berga, og som regel var boka utlesen lenge før neste teiknetime. Leksene var det verre med.
 
 

mandag 26. november 2012

DS "DONAU"

I år har årsdagen for deportasjonen av norske jødar vorte bra markert, i radio, fjernsyn og med tilskipingar kringom i landet. No, sytti år etter denne skampletten på norsk historie, er det att éin attlevande frå ferda.
   Sa eg skamplett? Det var stort sett nordmenn som fiksa arrestasjonane og transporten til kaia i Oslo, der fangetransportskipet DS "Donau" låg og venta. Om dette skriv min bloggkollega og tidlegare elev, Frode Thorup, på nettstaden sin: www.danefjell.blogspot.com.
   For tjue år sidan i dag var det altså femtiårsmarkeringar. Dei fanst, om enn i mindre målestokk enn ein skulle tru, og monaleg mindre enn i år. Eg var historielærar, det var torsdag og første time, og det passa utmerka for meg å bruke ein del av timen til nett denne saka. Eg hadde kopiert og delt ut ein del sider frå  "Våre falne". I dette verket er det eit lite portrett av alle krigsoffera i Noreg som dei hadde fått oppspora då verket kom. Ikkje alle var forsynte med bilete, men utruleg nok dei fleste. Inn imellom dukkar det opp heile familiar med jødar, små born, gamle beste- og oldeforeldre. Det gjer inntrykk. Verket stod i hylla heime hos bestemor mi. Eg gløymer ikkje korleis eg reagerte då eg fekk auge på bilete av små, små born som vart gassa i hel. Norske jødar.
   Torsdagen for tjue år sidan kom  ein av elevane mine nokre minuttar for seint, men kom halsande inn med radioen på øyra. Då han fekk summa seg litt og høyrde kva me snakka om, braut han ut: "Vettuka! Akkurat dette heldt dei på med i radioen no!" Eg tilgav han fort den vesle forsømminga.
   Nesten ti år seinare fekk me til ein ekskursjon frå skulen vår til Auschwitz. Me var ein samansett flokk av lærarar, elevar og nokre andre gjester som bussfyll og selskapsvener. Eg har ikkje vore med på nokon viktigare ekskursjon, tør eg seie.
   I ein av monterane viste dei ein del av bagasjen som foreldrelause barneheimsborn hadde hatt med seg inn i leiren. Då gret eg.

onsdag 31. oktober 2012

BEDEDAG OG HELGEMESSE

I dag, 31. oktober, er det den gamle helgemesseafta. Me er mange i min generasjon som ikkje skjønar det aukande hysteriet kring helgemesse, dagen til ære for dei døde og dei heilage. Halloween må det heite no, og dei amerikanske julebukkaktige skikkane med mykje dødssymbolikk har vorte ei kjær gåve for handelsstanden. Ungane (og dei vaksne som kastar seg med) syng nok ikkje den fortreffelege salmen om då Ribe-biskopen Hans Adolf Brorson såg inn i himmelen der det aula av avdøde: "Den store Hvide Flok vi se som tusind Bjerge fuld af Sne..."
   Den geskjeftige livlegen til den steingalne kong Christian den 7., herr Struensee, tok ikkje berre kontroll over helsestellet ved hoffet i København i 1770, han tok like godt kontroll over heile statsapparatet. Han oppnådde mangt og mykje dei to åra han fekk styre på før han vart avsett og avretta. Han avskaffa sensuren og innførte prentefridom, han gjorde dronninga gravid, og han iverksette avskaffing eller flytting av ei lang rekkje kyrkjelege festdagar. Tredje påskedag, tredje pinsedag og tredje juledag skulle ikkje lenger vere helgedagar. Og helgemessedag (allehelgensdag, halloween) vart flytta frå 1. november til første sundagen i november. Der rauk det ein ekstra helgedag, bortsett frå dei åra då den første kom på ein sundag.
   Det har vore litt att og fram med desse kyrkjelege markeringane. I mange år heldt dei bots- og bededagen om våren. Men då var det så mange andre helgedagar, så dei flytte han til hausten, til fredag før helgemesse. Så fann dei ut at det var for gale å bruke ein yrkedag til bøn og botsøvingar. Dermed flytta dei dagen til siste sundagen i oktober.
  Den 31. oktober, altså dagen i dag, er ein merkedag på fleire vis. For 495 år sidan i dag spikra (eller teipa?) den obsternasige munken Marin Luther opp på kyrkjedøra i Wittenberg eit ark med 95 gode argument mot avlatshandelen som paven dreiv med. Då vart det rabalder.
   For 98 år sidan vart papen min fødd på denne datoen. I mange år var det slik at det var store sjansar for at dagen fall på ein helgedag, anten på ein sundag eller på bots- og bededagen.
   Men papen gjekk nok ikkje kring i bygda med fantasifull utklednad og forkynte knask eller knep på bursdagen sin. Ikkje det eg kan hugse.

torsdag 18. oktober 2012

SKOLTERØYKING


Det får våge seg om du er lei av å lese om saueskolteproduksjon. Her kjem eit nytt innlegg om saka. Eg garanterer at det vert det siste eg skriv om nett dette emnet på minst to månader. Om det skulle dukke opp endå eitt når maten skal smakast tett oppunder jul, får du berre hoppe over det.
   For ein gongs skuld vert dette ein biletkavalkade. Det har seg slik at for mange år sidan bygde Per granne seg eit røykeri rett nedanfor eigedommen sin. Og sidan det står på fellesarealet, seier han at dette er offentleg tilgjengeleg for alle grunneigarane. Det har fleire komponentar, som du snart skal få sjå. Men først kan me sjå på plasseringa i lendet:
 

Så går me litt nærare og ser på sjølve omnen. Det er ein enkel jernkasse med laust tak og ei lita luke framme. Frå baksida går det røyr opp til røykhuset. På den to-tre meter lange vegen opp dit kan røyken få kjøle seg litevetta:

 
Og så har eg med meg ein assistent som klypper opp einebar. Dette er ein vokster me har rikeleg av like ved røykeriet.
 
Må eg få presentere røykhuset som Per har bygt.
Her skal røyken kome opp og godgjere skoltane, eller kva det no er me skal røykje. For nokre veker sidan røykte eg flesk her i dette huset, flesk som som smakar røykt flesk når me steikjer det. Og som vert mykje billegare enn svenskeflesk, ei vare me ikkje så lett får tak i her i Valo.
 
Her heng dei og ventar på røyken, dei femten skoltane. No ser dei slik ut:
 
 Når bålet er på sitt heitaste og einebaret svir, kan me trekkje oss tilbake og vente til me lyt fylle på meir brensel.
Får håpe grannane hadde late att glasa og fått inn klesvasken.

torsdag 11. oktober 2012

SÅRE FINGRAR

Eg nemnde i går at sauehaueflåing ikkje er heilt ufarleg. Du kan skjere deg, stikke deg, rispe deg eller jamvel klemstre fingrane i skolten når du skal kløyve han med øksa. Det kan òg tenkjast at du i denne siste operasjonen kappar av deg ein finger eller to.
   Så gale har det ikkje gått med meg at eg har mista fingrar eller andre kroppsdelar. Men nokre smårisp har eg pådrege meg opp gjennom åra. Og for ein god del år sidan gjekk det betennelse i såra, som i seg sjølv var små og nesten usynlege. Det var ein merkeleg betennelse. Eg fekk hevingar i og rundt såra, og hevinga flytte på seg. Det var ømt og ekkelt, men ikkje verre enn det. Eg gjekk til dokter, og ho kunne fortelje at det finst eit virus i pelsen på somme sauer og visstnok andre dyr, og at dette kan valde betennelse hos slaktaren viss det kjem under huda. Eg gjekk med dei blå fingrane nokre dagar, så avtok plagene og forsvann.
   Dette gjentok seg neste år og kanskje året etter. Eg irriterte meg, men laut avfinne meg med såpass når det var lekre middagar i vente. Men så eit år - sikkert snart tretti år sidan, skjedde det noko løye. Eg fekk eit godt risp i neven. Den kjende betennelsen kom ikkje - den brukte å melde seg etter eit par dagar. Men det ørvesle såret grodde seint. Det gjekk fleire dagar. Og så begynte såret å svelle og fekk ei underleg form. Eg tenkte på slakteviruset, men sidan dette kasuset var så ulikt dei eg hadde hatt tidlegare, fann eg ut at eg fekk gå til dokter.
   Legen på Husnes var forundra, pirka og grov både i såret og i nakkehåra sine. Det var då ein underleg svull! Det var sikkert ei flis eller noko anna som var kome inn i neven, trudde han. Han henta kollegaene sine, to-tre stykke, som òg fekk bisne på såret mitt. Dei var like kloke, men gjekk med på at det kunne kome av ein framandlekam. "Så me får prøve å leite," sa den den første dokteren.
   Då tenkte eg: Dei har ikkje peiling, og det er sikkert slakteviruset likevel. Så eg spurde forsiktig: "Kan det ikkje tenkjast at det er ein virusinfeksjon?" Dokteren såg mildt og overberande på meg, riste på hovudet og sa at det trudde han no ikkje. Men då vakna den eine av kollegaene til: "Ja vent litt, har du vore borti saueslakting, kanskje?" Det kunne eg stadfeste, og då henta dei den tjukke dokterboka og slo opp. Der fann dei eit bilete som kunne ha vore teke av fingeren min. Viruset hadde eit namn som eg har gløymt. Men såret grodde og lækte seg etter nokre dagar. Sidan den gongen har eg visst vore immun, eg har iallfall ikkje opplevd noko liknande.
   Men no spørst det. Eg har ikkje flådd på nokre år no, og eg har tre ørsmå risp.

onsdag 10. oktober 2012

IKKJE FOR SARTE SJELER

Det du får sjå viss du les meir og skodar på bileta, er ikkje for sarte sjeler, så du får vurdere sjølv om du skal forlate denne nettsida i dag. Temaet viser seg å ha vore ein gjengangar i blogghistoria mi. Ikkje heilt tilfeldig har dette skjedd helga før jul, både i 2009, 2010 og 2011, om du vil sjekke.
   Javisst! Det handlar om skoltar. I år har eg vore flink. Eg har ringt Fatland slakteri i Ølen og tinga nykappa lammehovud, henta dei og maltraktert dei, slik at dei no ligg godt nedsalta i ein balje.
Før eg set kniven i hauet, ser det om lag slik ut. Du har sikkert sett ein sau ein eller annan gong, så du kjenner nok att det som kjem fram på biletet. Så handlar det om å få skinnet av. Det er eit farleg arbeid, du kan skjere deg med kniven, og deretter kan du få ein betennelse som kjem av eit virus som kan finnast i sauepelsen. Eg har opplevd dette òg i mi lange karriere som skolteflåar. Oppe i hornfestet (eller der horna skulle ha vore viss det hadde vore ein sauesort med horn) er det særskilt vrient å få vekk skinnet.
Vossingar og hardingar meiner at denne flåinga er ein uting. Dei svir håret vekk, skrapar og brenner, og på den måten får dei nok litt meir mat utav eit hovud, gjerrige som dei er. Eitt år var eg med på ein slik framgangsmåte med skjerebrennar. Det gjekk, det og. Men det vart med den eine gongen. Folket i heimen ville ha det på gamlemåten.

   Når så skinnet og kvar ein ulldott er fjerna, ser hauet slik ut: Eg tykkjer at sauen tyktest meir sturen før han fekk av seg skinnet. No er det som han har vakna litt og ser lysare på tilværet. Neste steg er å kløyve skallen i to, fjerne hjernemasse, skjere ut tunga og leggje både skolten og tunga i salt. Denne sauetunga fortener nokre ord. Kjøper du smalahove frå Voss, sit tunga i og følgjer med i gryta når skolten vert kokt. Smaken er grei nok, men ikkje noko meir. Med vår metode, derimot, får me det lekraste julepålegg du kan tenkje deg. Me kokar tungene etter nokre dagar i saltet, fjernar skinnet, nokre småbein og rusk, og så pressar me dei til tungerull. Lekkert!
   Sjølve skoltane får seg nokre timar i røykhuset til Per granne, og så får dei henge og turke seg til det nærmar seg jul og skoltesundag. I år treffer ikkje skoltesundagen på 4. sundag i advent. Den sistnemnde er nemleg på veslejulafta, og det får vere måte på eting. Eg tenkjer me held skoltesundag den 16. desember. Med kålrotstappe, poteter, og kanskje ein pikkandes liten akevitt og eit krus øl.
   Eg sat og tenkte mens eg flådde og smidde, at om eg hadde vore meir netthendt og gitt meg god tid, skulle eg ha fått skinnet av haua i eitt stykke. Då kunne eg ha selt dei som ekstra kunstferdige skinnhuver. Skal eg ta patent på den ideen?

lørdag 6. oktober 2012

FORNYING

                                                                 Kjelde: Wikipedia

Eg sat og fikla litevetta med innstillingsfunksjonane for bloggsida mi, og enden på visa var at eg kom borti noko som gjer at overskriftene  til alle dei godt fire hundre innlegga mine kjem opp, jamvel med bilete viss det finst. Om dette er noko å leve med, får eg vurdere etter kvart. Ei ulempe (eller kanskje ein fordel?) er at du ikkje kjem rett inn på den nyaste teksten. Viss mine presumptive lesarar har meiningar om denne fornyinga, får dei heller seie frå. Det er ikkje umogeleg at eg går tilbake til den gamle visinga snart.
   No er det slik med meg at eg er vorten ein gammal knark som slett ikkje set pris på allslags fornyingar. Dei som følgjer med på bloggen min, har nok ant at eg er litt skeptisk til omlegginga i posten. Noko som eg då ikkje nemnde, men som har irritert meg fælt, er at dei har kasta den gamle logoen sin på skraphaugen. Den nye logoen minner meg om eit halvròte eple. Det vakre posthornet som har følgt etaten i hundrevis av år, er ikkje godt nok lenger. Dette er eitt av fleire døme på at ein overbetalt, men undersysselsett funksjonær har fått gjennomslag for ein fiks ide. Noko skal ein fylle tida med, og noko må gjerast for at omstillingar og (unødvendige?) reformer skal framstå som friske og trendy.
   Du har sett fleire slike moderniseringar. Hugsar du den gamle logoen til Televerket? Ser du for deg logoen til Telenor? Og kva med namneskifta? Det staselege Posthuset i Bergen fekk nytt namn då posten vart rasert og det vart eit kjøpesenter. No har det fått eitt av dei mest vanskapte namna som tenkjast kan: Xhibiton eller noko slikt. Eg kvir meg på å gå inn der. Veit du forresten kva Yara er? Namnet Bring har eg forklart tidlegare. No heiter det rett nok at namnet skjemmer ingen. Men gløym ikkje at det er mange som skjemmer namnet.
   Av og til er det naturleg og kanskje nødvendig med eit namneskifte. Då det nye skuleslaget kom som skulle kombinere gymnasa med ymse yrkesskular, var det vanskeleg å vidareføre til dømes namnet gymnas. Når ein først skulle samle skuleslaga, ville det vere urimeleg mot yrkesfagfolk at det nye skuleslaget fekk det namnet. Men alternativet vart ein vanskapning, som mange sleit i tiår med å ta i bruk: vidaregåande skule. Nemninga er grei nok som definisjon, men kronglete i kjeften. Spesielt vart det krøklete når me hadde bruk for samansetjingar etter mønster frå gymnaselev/gymnasiast, gymnaspensum, gymnaseksamen, gymnasbygg, gymnaslærar, gymnastida og så bortetter. Prøv å lage slike ord på grunnlag av vidaregåande skule. Hadde eg vore minister den gongen, ville eg nok ha insistert på ordet mellomskule. Skuleslaget mellom grunnskule og lærlingtid, høgskule eller universitet.
   Men sidan eg ikkje lenger er vidaregåandeskulelærar (!!!), treng eg ikkje tenkje meir på dette.

 

onsdag 3. oktober 2012

POST SCRIPTUM

Var eg hard med Det kongelege postverket i bloggen min i går? Når sant skal seiast - og det skal det -  er det mykje vakkert å seie om posten. Det at nokon kan putte ein konvolutt med namnet mitt påskrive i ein postkasse i Kuala Lumpur eller i Ouangadougu og eg kan finne han att i den grøne kassen på Eikelandsberget nokre dagar seinare, er jo eit mirakel. Eg er heller ikkje framand for at det har sine føremoner å kunne hente pakken du ventar på, ei sein kveldsstund på Rimi, berre du er klar over kvar Post i Butikk finst til eikvar tid.
   Men så var det desse høgst uforklarlege tiltaka i vår postmoderne tid. Son vår budde i Oslo nokre år, og ein gong han hadde vore heime, fekk han ekstra god tid i Bergen før toget eller bussen austover skulle gå. Då nytta han høvet å gå på postkontoret i Bergen for å tinge seg nytt ID-kort, sidan det gamle var vorte så fillete. Jau, det kunne dei ordne.
   Nokre dagar seinare kom det brev til han, korrekt adressert til bustaden i Oslo, at no kunne han kome og hente kortet sitt. På Bergen postkontor! Han klagde si naud på telefonen til papen sin. Gamlingen vart så opprørd at han lova å ringje Bergen på vegner av sonen. Eg kom til ein mannsperson som med slepande bergensdialekt forklarte meg at det var jo sjølvsagt slik at kortet måtte hentast der det var bestilt. "Nei, det er ikkje sjølvsagt for meg, " sa eg. "Driv ikkje dette firmaet ditt og ekspederer post? Skulle det vere så vanskeleg for dykk å sende kortet dit han bur?"  "Nei, når han har bestilt kortet her, må det hentes her. Sånn é de barre, og det kan du fortelle alle du kjennerrr!" No fekk eg til slutt den nidkjære funksjonæren til å sende kortet austover, så han som skulle identifiserast, fekk hente det på sitt nærmaste postkontor.
   Om dei forlangte at han skulle vise fram id-kort før han fekk det utlevert, hugsar eg ikkje.


tirsdag 2. oktober 2012

POSTMODERNISME

Før eg gav meg som lærar, hende det at ordet i overskrifta vart diskutert, og me norsklærarane kunne ikkje nett avfeie denne ismen som uviktig. No kan du godt sjå kva som står på t.d. snl.no eller i Nynorsk ordbok, ja, Wikipedia for den del. Det er ikkje så lett å verte klok på. Difor er det på tide å kome med den rette forklaringa på omgrepet:
   Eg voks opp i Flekke, og dei som dreiv posten, budde i same huset som postkontoret. Viss postkontoret var stengt, gjekk me bort og banka på den private hovuddøra, og vips! Inger, Torkjell eller Audun kom med posten, selde frimerket eller tok imot brevet som skulle av garde. Sundags ettermiddag ekspederte dei rutebåten, og den seremonien gjekk føre seg med halve bygda som tilskodarar. Postludiet på denne suiten vart avspelt på postkontoret, der dei distribuerte innhaldet i postsekkene som kom med båten. Deretter kunne alle gå fornøgde heim, eller kvar me no gjekk for å ete sundagsnons og drikke ein kopp kaffi.
   På Husnes kom Rolf og leverte punktleg i postkassen vår borte i Furuvegen. Rett nok var han ikkje heilt å stille klokka etter, for det var så mange vegfarande han laut slå av ein prat med. Men posten kom fram, og me kunne sitje på stovetrappa og sjå når Rolfen kom..
   Dei første åra her i Valo kom Ingrid med posten presis klokka ti på halv ti. Tidspunktet var ufråvikeleg, og når stunda var der, kunne me gå opp og sjå korleis ho spreidde brev, aviser og reklameblad med ein fart som ville ha fått ein pokermeister i den Ville Vesten til å skjemmast, og med ein presisjon som ein skyttarkonge. Når det ikkje var skuledag, kunne eg hente meg lesestoff til den siste kaffikoppen, for Ingrid svikta ikkje. Kom det pakke, til dømes eksamensstilar til sensur, kunne eg rusle i Valo på postkontoret og hente sendinga.
   Men så kjem postmodernismen sigande. Først vart posten utkøyrd frå Husnes, så la dei ned heile postkontoret i Valo. No vart tidspunktet for postleveringa like uvisst som vêrmeldingane. Eller verre. Vêret ser me, men ikkje postbodet. Då må me opp i vegen. Somme dagar kjem posten i tolvtida. Når eg er begynt å tru på at det er vorte vanleg, kjem han ikkje før halv tre, med det resultatet at den gamle pensjonisten går og rek opp og ned mellom stova og postkassen halve dagen.
   Eit anna utslag  av postmodernismen var at folk ikkje skulle vite om nummeret til det lokale postkontoret så lenge det fanst eit kontor på Husnes. Me skulle ringje eit sentralnummer, taste ein, to, tre, fire og hamna til slutt hos ei servicestemme som sa: "Va kan jei jælpe dei mæ?"  Men Husnes, Valen og Eikeland hadde stemma knapt høyrt om, og hjelpa vart så som så.
   For ei tid sidan kom det melding om ein pakke eg venta på, men det var Bing som skulle levere han. Kven i helsike er Bing? undrast eg. Kvar finn eg han? Bing og Bringsværd? Ved nærmare ettersyn fann eg ut at det var Bring, og ikkje Bing som stod på blanketten. Eg vart ikkje klokare av det. Kvar finn eg pakken min??? Etter fleire forskingsframstøyt fekk eg endeleg brakt på det reine at gode gamle Posten hadde formeira seg, og at denne Bring var ein av ungane, han som frakta pakkar. Eg kunne berre gå på Post i Butikk og hente han. Ja, kvar honen er det, no? Ei stund var det på butikken i Valo, så på Spar Husnes, og no er det på Rimi på Husnes. Her må ein vere vaken! Og vente på EUs postdirektiv, som sikkert kjem, det òg, nett som dei fleste EU-direktiva.
   No veit du kva Postmodernisme er.

mandag 1. oktober 2012

HAUSTVÊRET

I går var det september, i dag er den første skikkelege haustmånaden i gang. September bør jo begynne som ei forlenging av sommaren og gje oss ein stegvis overgang til hausten. Men i går skreiv eg om regn og atter regn, i dag kunne eg ha skrive om ein mild soldag. Rett nok ikkje heilt utan regndropar, for kva skal me vel krevje no til dags?
   I år får eg ikkje haustferie, så då spørst det om det vert så mykje meir godvêr heller. For nett denne ferien har ofte vorte velsigna med sol og milde brisar. Det har eg vore innom for eit par år sidan, då haustferien var strålande, og eg skreiv om ein tur i eit minst like flott oktobervêr.
   I gamle dagar var eg altså lærar på Kvinnherad vidaregåande skule, som før det heitte Kvinnherad gymnas.  I mange år var det fast regel å ta ein fjelltur med elevane om hausten. Etter kvart som skulen voks og vart stor, var det eit tungt maskineri å administrere slike turar. Til dømes var det vanskeleg å arrangere nett dei vêrtilhøva me ønskte oss og finne høvelege løyper når me skulle til fjells med allslags ungdommar, frå dei superspreke friluftselskarane til dei lataste stovegrisene.
   Eitt av dei første åra skulle me rett og slett opp på fjella me ser frå Husnes, Nordfjell, Svaneheio og Mjelkhaug. Meteorologane hadde lova oss ein blank og nydeleg dag, men då me samlast ved Reset for å gå opp frå Teigen, låg skodda tjukk. Det var sterke røyster for å avlyse heile prosjektet, men så begynte me likevel på oppstiginga. Ikkje langt oppe i lia vart skodda tunnare og tunnare, og før me kom så langt som til Kokkelberg, var det strålande blå himmel, sol og vindstille.
   Me nytte turen i fulle drag innover Svaneheio, me klatra til Mjelkhaug, åt nista, sola oss og var lukkelege, og etter kvart tykte me at dagen leid så langt at me dessverre laut tenkje på nedtur.
   Det var likevel noko som mangla på ein strålande fjelltur: utsikta. Under oss låg eit tjukt, kvitt lag av ull og sperra for utsynet. Det var berre oss og fjellet, himmelen og sola.
   Då me kom ned i bygda att, tykte alle synd på oss som hadde rota oss til fjells i den sure skodda ...

søndag 30. september 2012

LEIK MED TAL OM REGNVATN


Det er ikkje noko nytt at regnet siler ned her me bur. Stundom kjem det i ofselege fossar, så kan det drople smått og trutt ei stund, og så hender det at det er opplett nokre minutt. No i haust har det stått på og lagt grunnlag for sympatiske straumprisar utetter vinteren, noko som forresten Kvinnherad kommune og sjukeheimen på Varaldsøy lir vondt under. Kommunekassa nyt som kjent godt av vassløyse, kamp om kilowatta og skyhøge prisar.
   Bak på Bergens Tidende i dag kan me sjå at det har kome 418,4 millimeter nedbør siste tretti døgn. Lat oss gå ut frå at det har regna like friskt her heime, noko eg kjenner meg trygg på. Det vil då seie at regnvatnet i september ville ha stått nesten ein halv meter over bakken dersom det ikkje hadde runne vekk etter kvart. Det hadde rokke meg nesten til knea. No slepp me den slags. Det tydelegaste resultatet av nedbørsmengdene er at eg lyt ause båten både tidt, ofte og mykje.
   Så har kalkulatoren og eg i fellesskap gjort nokre utrekningar: På kvar kvadratmeter har det då regna 418,4 liter. Lat oss seie at hustaket vårt dekkjer ei flate på om lag 100 kvadratmeter.  Huset har ikkje fullt så stor grunnflate, men gløym ikkje takutstikkarane. Då har taket teke imot 100 x 418,4 liter, altså 41 840 liter. Desse vassmengdene har for det meste vorte slukte av dei stakkars takrennene våre, som altså har svelgt unna over førti tonn vatn og leidd ned i grunnen, og som truleg deretter har sleppt mesteparten ut i Høylandsundet.
   No kunne me kanskje i teorien ha samla opp alt septemberregnet som me vart velsigna med over eigedommen vår på knappe sju hundre kvadratmeter. Då hadde me hatt – og no rundar eg av – 40 000 liter gonger 7 = 280 000 liter. Eller 280 tonn vatn denne månaden. Viss me hadde hatt 28 titonns tankbilar, kunne me ha gøymt dette vatnet på lager ei stund framover. Eller grave oss ein brønn, ti meter brei, ti meter lang og 2,8 meter djup.  
   Men vatn er ei ryr vare. Me har vassmålar nede i kjellaren, og han viser at me brukar rundt rekna 150 kubikk på eit år. Det vert 411 liter i døgnet i gjennomsnitt. Då er me tilbake på den regnmengda som har dropla ned på kvar einaste kvadratmeter i Bergen – og sikkert i Valo – i september. Og det vatnet eg fantaserte om å ha i den digre brønnen, ville ha rokke til oss her i huset i knappe to år. 
   No har eg ikkje rekna med det regnet som kjem i dei andre månadene i året. Det får vere måte på statistikkføring. Kalkulatoren går seg varm av den slags.

fredag 28. september 2012

VESTLANDET FRÅ BØMLO TIL FLORØ

Kanskje hang det eit slikt kart i skulestova viss du gjekk på folkeskulen i femtiåra? Slik var det i klasserommet vår på Flekke skule i mi tid. Skal tru om dette var medverkande til å låse hovudramma om livet mitt: Fødd og oppvaksen i Sunnfjord (om ikkje nett i Florø), og busett mesteparten av det vaksne livet i Sunnhordland (men ikkje på Bømlo, rett nok). Og her i Sunnhordland har det stort sett gått greitt. Eg likar Ragnvald Vaage, og sunnhordlendingane likar Jakob Sande.
   Eg vert stundom mistenkt for å vere sogning, og det reagerer eg instinktivt på. Negativt, vel å merke. Nett som om det skulle vere noka skam. Rasjonelle grunnar til denne identitetsfanatismen finst ikkje. Skulle eg som sunnfjording ha meir til felles med andre sunnfjordingar enn med til dømes sogningar? Eg bør jo minne meg sjølv på at det berre er halvanna mil frå barndomsheimen min til sognegrensa. Men til sunnfjordingane i Bremanger eller indre Jølster er og var det ein uendeleg avstand.
   Her i Sunnhordland har dei litt av dei same tvangstankane om identitet, men ikkje så reindyrka som i Sogn og Fjordane. Tvert om er det mange sunnhordlendingar som ikkje vil vere sunnhordlendingar, men til dømes hardingar. Dette gjeld i utprega grad folk i og innanfor Rosendal. Problemet deira er at desse bygdene aldri har vore administrativt knytt til Hardanger. Men det er kanskje mentaliteten som gjer dei til hardingar? Eg som framleis er sunnfjording forstår ikkje noko av det.
   I dette ustrukturerte tankespinnet mitt har eg ikkje nemnt den skarpe motsetnaden mellom den såkalla indre og den såkalla ytre luten i Kvinnherad. Eg veit ikkje kvar grensa går, og det er sterkt delte meiningar om den saka. Det er like vanskeleg å sjå grensa når du køyrer bil til Rosendal, som for ubåtkapteinen Harald Heide Steen jr. å sjå den norske territorialgrensa.
   I alle fall kan me som bur på kyststripa mellom Bømlo og Florø einast om at me er vestlendingar. Også dette omgrepet er upresist. Er nordmøringane vestlendingar eller ein slags trønderar? For hundre år sidan rakk Vestlandet agderkysten rundt heilt til grensa mot Telemark, og ei avis i Arendal heitte Vestlandske Tidende heilt fram til 1960-åra, då ho skifte namn til Sørklandske Tidende. Namnebytet hjelpte ikkje; få år seinare gjekk ho inn.
   No er det nok færre og færre som bryr seg så fælt om ein vert kalla vestlending, sogning eller kva det no er. I somme land vil dei helst ikkje snakke om kvar dei kjem ifrå. Me er dei me er, same kvar me kjem frå. Eller kanskje sogningen Einar Førde hadde rett: Me er alle sunnfjordingar for Vårherre.

torsdag 27. september 2012

VEGBYGGING OG FORSTÅSEGPÅARAR I NRK

Det med vegbygging har ikkje engasjert meg så svært. Men eg er ikkje stort annleis enn folk flest som held i eit ratt: Eg likar at vegen er god og passeleg bein og brei, og at eg kjem fram etter planen. Elles er eg ikkje av dei som mislikar å ta ei ferje i ny og ne. No er det heldigvis slik at dei ferjene me tek, går såpass ofte at det ikkje er noka katastrofe om me svingar ned til ferjeleiet og ser at ferja legg frå land.
   Dette lange, ulenkjelege landet vårt, Furet værbidt over Vandet, kostar vegbyggjarane ein del hovudbry. Me som bur eit stykke frå storbyane, vil òg ha vegar å køyre på. Difor har folk trumfa gjennom nokre prosjekt som kostar pengar, men som ikkje nett ligg i bein linje mellom dei største byane i landet. Ikkje alle likar det. I går slo dei stort opp at ein forståsegpåar frå USA kritiserte norsk vegbygging fordi styresmaktene her i landet mellom anna tek distriktsomsyn og opnar for Jondalstunnell, Hardangerbru og Dalsfjordbru. Det ville ha vore meir lønsamt å byggje ut vegane mellom storbyane, slo han fast. Det kan godt hende, det. Mest lønsamt hadde det vel vore å flytte alle nordmenn til Massachusetts, for der er det allereie bra med vegar, og me hadde spart oss for bru- og tunnelbygging her til lands.
   Vestlandsrevyen gav ei rimeleg balansert framstilling og sleppte til ordføraren i Fjaler med eit velformulert forsvar for brua over Dalsfjorden. Dagsrevyen nøgde seg med å gjere narr av dette og andre distriktsprosjekt og kutta ut innlegg som viste andre nyansar enn den reine nytteverdien for dei som ferdast mellom dei større byane.
   No er det ikkje slik at denne bloggskrivaren når så langt ut med skriveria sine, men det gjer likevel godt å sleppe fram nokre sure oppstøyt iblant.
 
 
 

onsdag 26. september 2012

PÅ FORBRYTARJAKT



Eg var i gravferd i går. Ein gammal og god kamerat frå tida i Bondeungdomslaget i Bergen var gått bort. Magne Ro, yngst i ein syskenflokk på 12, vart 84 år.
Magne var ein ordens kar, og heldt greie på korleis ein burde føre seg og korleis ting og tang skulle ordnast og ha sin faste plass. Såleis sytte han for å måle ”jenterom” og ”guterom” på dørene til dei to store romma med seks dobbeltsenger på utferdsstaden Selsvik, han tykte lite om at sedløysa no var i ferd med å breie seg ved at ungdommen  fann på å blande seg nattestider på tvers av kjønn….
Magne, Kåre, Kirsten og Annbjørg på Kaffistova.

Ein måndag ettermiddag i februar 1970 hende det noko spanande: Eg hadde som vanleg ete middag på Kaffistova på Torget, og Magne Ro og eg gjekk derifrå i lag.Då me kom rett rundt hjørnet der kafe ”Dovre” var den gongen, kom ein gammal mann farande ut på fortauet og bad oss komme og hjelpe, det var to mann som bråka oppe på kafeen. Me følgde med han, og der kom to typar ut i gangen. Han gamle mannen sa at dei hadde tatt kassen, og at me måtte følgje etter dei.
Me så gjorde, og rundt hjørnet bad me ein drosjesjåfør som stod der om å varsle politiet. Då trudde eg at dei hadde foke på oss, men det gjorde dei no ikkje, og me følgde etter dei eit lite stykke bak. Den eine hadde ei Colaflaske som han truga oss med, ”dersom me ikkje kom oss vekk så….” Så skildest dei,  eg følgde etter den eine og Magne etter den andre, og bak oss eit par jenter i tenåra.
Etter ein samanstøyt i Kong Oscarsgate, heldt eg meg noko lenger bak, og miste han i eit smau noko seinare. Så ringde eg politiet frå isbaren ”Snorre” i Fensal, og måtte møte på stasjonen. Han karen Magne hadde halde auga med, hadde dei teke, men han sa berre at han ikkje kjende  han som han hadde vore saman med. Dei andre involverte – jentene og kafestyrarinna var og der, ranarane hadde truga henne med Colaflaska og teke 150 kroner or kassa.
Så var det gjennomgang i fotoregistret, og biltur med politiet kring i sentrum for å sjå etter karen som dei no hadde fått mistanke til, utan at me såg han. Men i avisa dagen etter var det nemnt at dei hadde funne han.

Ei spanande oppleving for den fredsæle Magne og for meg, og som rann meg i hug no etter gravferda.
Magne var glad i fjellet. Her i "Middagsholo", Voss - Påsken 1971.

tirsdag 25. september 2012

EIT FØRTIÅRSMINNE: 25. SEPTEMBER

Me budde på Studentbyen Natland. Eg dreiv på med mellomfaget mitt i norsk. Anne hadde meir enn nok med den livsglade sonen vår på tre år. Me var unge, glade og optimistiske. Men me var nokså skeptiske til den påemna medlemskapen i EEC - eller EF - eller EU, som det heiter no. Nærsagt alle med makt og posisjonar i landet talte varmt for at me skulle melde oss inn. Bratteli-regjeringa til Arbeidarpartiet, leiarskapen i LO, NHO (eller NAF, som det heitte då), tunge finansinstitusjonar og kapitalinteresser, nesten alle dagsaviser utanom Dagbladet, og jamvel eit overveldande fleirtal av våre folkevalde på Stortinget. For ordens skuld hadde tinget opna for ei rådgjevande folkerøysting. Det skulle dei ikkje ha gjort, viste det seg. Mange angra på at dei lét uansvarlege kvensomhelstarar røyste i ei så alvorleg sak.
   Anne og eg rusla i Sædalen denne fine haustdagen med småguten vår mellom oss, røysta NEI og tasla oss heim att. Me trassa råda frå det veletablerte Noreg, me tok ein sjanse, men me var nokså sikre på at me hadde valt rett. Stemninga på Studentbyen var i overveldande grad på vår side.
   Om kvelden sette me oss ved radioen og høyrde på oppteljinga. Litt før klokka tolv var NRK-folka bra sikre i si sak: Då viste dei opptalde røystene eit klart ja-fleirtal. Fleire storbyar hadde røysta for. I Oslo var om lag 2/3 av røystene ja-røyster. Den svært konservative hovudstadsavisa Morgenbladet tok sjansen på at resultatet skulle halde seg og slo gledestrålande opp over heile framsida: Det ble ja-flertall! Avisa måtte vere klar på trykkeriet ved midnatt.
   Så kom resultata frå distrikts-Noreg tikkande inn. Eit rungande NEI, NEI, NEI ljoma frå alle fylke frå og med Sogn og Fjordane og nordover. Det same skjedde med Rogaland og Hordaland utanom Stavanger og Bergen. Nokre austlandsfylke slo òg følgje med nei-bølgja. Somme kommunar nordpå hadde nesten nitti prosent nei-røyster.
   Dagen etter trefte eg mange medstudentar nede på Sydneshaugen som var svært trøytte etter vakenatta (og kanskje litt feiring), men lukkeleg gjekk og gratulerte kvarandre med 53,5 % nei til norsk medlemskap i EF.
   Me står framleis utanfor EU saman med stormaktene Island, Liechtenstein og Sveits som dei einaste stabukkane i Vest-Europa. Ja til EU har dårlege vilkår i dette søkkrike landet. Men det er knapt noko medlemsland som er meir servile overfor EU-regelverk og forordningar. Det framtids-Noreg som nei-folka drøymde om, vart det truleg lite av. Men slik er no denne hersens freamtida, ho lèt seg ikkje styre. Ikkje eingong av folkerøystingar.
                                         
 
 
 
 

lørdag 22. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 5: DEN (UT)DANNA FRANSKMANNEN

Franskmennene har ikkje ord på seg for å vere venlege mot turistar. I alle fall ikkje i Paris. Det er både fortent og ufortent. Det kan godt hende at dei vert leie av sjølvgode nordmenn eller amerikanarar av og til. Paris er vel dessutan ein av dei mest besøkte stadene i verda, her kjem det gu'veit kor mange millionar turistar kvart år. Ikkje rart at mange parisarar vert dritleie. Jau, eg har høyrt historier om arrogante og firkanta franske tenestefolk, fortalt av truverdige menneske som jamvel kan språket deira.
   Me laut dra heim litt før planen, og me skulle såleis køyre til Paris og levere leigebilen på Orly ein dag før me etter planen og leigekontrakten skulle ha levert han i Nice. Eg balte fælt med å få tak i folk på Europcar, og til slutt lukkast det meg å få snakke med ei dame som på ei skurrande telefonlinje ymta om at dette bytet burde gå bra. Eg var likevel ikkje heilt trygg. Kva ville funksjonæren på Orly seie? Vart det mykje styr, ekstra formalitetar, dyrt? Eg førebudde meg på kva eg skulle seie, og kva slags franske ord eg burde bruke.
   Den siste mila inn til flyplassen gjekk dessutan fru Garmin litt av skaftet. Ho dirigerte oss hit og dit, ombestemte seg og rekalkulerte. Men fram kom me, inn i ein kjellar der Europcar tok imot utleigde bilar. Der dukka det ein ung herre opp, og eg prøvde å bere fram ærendet mitt: "Me har eit problem, eigentleg skulle me ha levert denne bilen i Nice i morgon, men ..." "Problem?" undra gallaren seg. "Det er vel ikkje noko problem, bilen er her, resten fiksar eg, alt i orden!" Eg bukka og takka, og skulle til å lempe ut koffertane. "Vent litt," sa han. "Kvar skal de ta flyet frå?"  Me var på Orly Vest, og flyet vårt skulle gå frå Orly Sør. Då han høyrde det, ba han oss setje oss inn i bilen. "Eg køyrer dykk bort der, så klart, det er så baskje å kome seg bort på Sør med bagasje!" Nesten mållause kom me oss på plass, og fyren køyrde dei få hundre meterane det var. Undervegs fekk eg fram nokre ord om kor takksame me var for det. "Ingen grunn til det, eg gjer berre jobben min." "Service?" sa eg. "Nei, utdanning," svarte han.
   Han skyssa oss nesten til døra på terminalen, og då me var på veg inn med sakene våre, kom han springande etter med solbrillene mine, som eg hadde leita etter ein time tidlegare.
    Han var ikkje berre utdanna. Han var danna.
 

fredag 21. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 4: GUDLAUS KYRKJEGJENGAR




                                               Mellomalderkatedralen i Auxerre    
                                                                                       
For mange år sidan var eg i Bergen på gjennomreise og rusla i bakgatene ved Korskirken. Borte ved eit hjørne stod det ein litt gusten kar og vinka på meg. Jaja, bomsar har eg treft før i denne byen, tenkte eg, dei er ikkje farlege. Men denne fyren presenterte seg som journalist i den kristne avisa Dagen, som held til like borte i gata. Han gjennomførte ein liten enquete og ville vite om eg gjekk ofte i kyrkja. ”Nei, det gjer eg ikkje,” sa eg, og han ville vite kvifor. ”Eg er ikkje nok religiøs,” sa eg. Så tok han bilete og ville vite kva eg heitte. Men då han høyrde namnet Kyrkjebø, lo han friskt og slo ein vits om ein fråhaldsmann som heitte Skålevik.
   Det eg gløymde i farten, var at eg går svært ofte i kyrkjer når eg er ute og fer, om ikkje nett for å høyre på presten. Nei, eg beundrar og høgaktar arkitektur og inventarkunsten i gamle kyrkjer. Og den sommaren hadde eg vore innom mange kyrkjer: Steinkyrkja i Kinsarvik, Røroskyrkja, Nidarosdomen, mellomalderkyrkja på Stiklestad og Lom stavkyrkje.
   Eg har ikkje tal på kor mange katedralar eg har vore innom på turane våre i Frankrike. Først går eg rundt og skodar dei utvendes, så går eg inn og lèt blikket lyfte seg opp under dei høge kvelva eller mot glasmåleria. Mest gleder eg meg over dei gotiske meisterverka, og kan ikkje anna enn undre meg over steinhoggararbeidet, murmeistrane og dei uendelege detaljane som var mogleg mange hundre år før maskinalderen. Gigantiske dimensjonar. Glasmåleri, skulpturar, bogar og spir …
   Det vart nokre katedralar på frankriketuren i år òg. Den staselegaste var den i Auxerre.
Men så må eg få presentere katedralen i Évry, rett sør for Paris. Han er ikkje meir enn vel tjue år gammal og passar godt inn i eit arkitektonisk landskap frå vår eiga tid. Évry er rett og slett ein ny og hypermoderne by med plan og estetikk.
   Turen innom denne byen hadde eg godt av, eg som helst slepar meg rundt i smaua i mellomalderstroka i gamle franske byar.


   

torsdag 20. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 3: NYESLOTTET TIL PAVEN

                           Restane av nyeslottet til paven frå 1300-talet.

I folkeskuletida mi i Flekke tok læraren vår tak i hjartesaka si og skipa eit barnefråhaldslag. Me samlast i skulehuset enkelte sundagar, høyrde på læraren som forkynte alkoholens forbanningar, og så hadde me nokre leikar og kosa oss i lag. Han var ikkje glad i Frankrike. "Tenkje seg til," tordna han, "dei tvingar oss til å kjøpe vin i byte mot den fine fisken me sel dei!" Og for å skildre kor gale det stod til der nede, la han til: "Hadde franskmennene produsert mat på all den jorda dei brukar til vindyrking, kunne dei ha brødfødd heile Europa!"
   Eg deler langt på veg den skepsisen han hadde til alkoholmisbruk, men dette med matproduksjon på vinmarkene er eg i tvil om. Mange av dei beste vinhagane er bratte skråningar der ein skurdtreskjar aldri kunne ha utført jobben sin. Og så ser me at vinrankar ofte er  planta på steingrunn - bokstaveleg talt. Dei greier seg godt i urder og gamle elveleie der eit steinlag ligg i overflata og samlar varme, så druene modnast snøggare og betre. Her hadde ikkje kornet hatt mykje til vokstervilkår, mens vinstokken sender røtene sine fleire meter ned i grunnen og finn væte om enn sommaren er gloheit og turr.
Her er me altså like ved nyeslottet til paven og saumfer druerankane, tjuvsmakar på frukta og nyt utsikta. Gradestokken nede i byen viste godt over tretti grader den 7. september. No må eg forklare litt: Châteauneuf-du-Pape er mest kjend for ein særs utsøkt vin. Ikkje minst flaskene er vene, med litt ekstra utsmykking, om du ser etter neste gong du smit innpå polet og spanderer på deg ei slik. Så er det namnet på ein liten landsby med vel to tusen innbyggjarar. Og oppe på ein kolle i landsbyen finn me altså restane av nyeslottet til paven - Châteauneuf-du-Pape.
   På trettenhundretalet fann paven ut at Roma var for utriveleg, så han ville heller bu i Avignon, ved elva Rhône i dagens Frankrike. Oppe i åsane dyrka dei ein utsøkt vin som han la sin elsk på. Han drog vekslar på sin formue og sin autoritet for å stimulere utviklinga av denne geskjeften. Og så bygde han eit sommarpalass der oppe - Châteauneuf-du-Pape. Eg fattar ikkje kva mon han såg i å bu her oppe sommarstid, han som hadde slik ein nydeleg heim nede ved elva i Avignon nokre få mil lenger sør. Der kunne han gå rett ut stovedøra og lauge i elva om han ville. Her oppe hadde han utsikt, men langt til badestranda. Ikkje rart at pavane seinare i hundreåret gav opp heile prosjektet, flytte derifrå og lèt nyeslottet forfalle.
   Men vinbøndene gløymde ikkje kunsten å dyrke og produsere ein av dei mest omtykte vinane i heile verda.




onsdag 19. september 2012

FEM FRANSKE BLAD. 2: BURGUND OG BURGUNDARAR

Dersom du vil kjøpe ein burgundar, får du ei flaske vin. Raud eller kvit. Slik var det ikkje for seksten hundre år sidan. Eg vil tru at dei burgundarane som kom stormande innover grensene til Romarriket ikkje var oppflaska på denne drykken. Dei var germanarar og kom frå Tyskland før Tyskland heitte Tyskland. Burgund har ei svært komplisert historie, og eg skal ikkje gjenfortelje den. I dag er det ein region i Frankrike, og på heimespråket heiter han Bourgogne.
   Dette var andre turen vår i landsdelen. Her er dei krye av maten og vinen sin. Sniglar er ein av spesialitetane. Sosekjøt er ein annan, men då heiter det Bœuf Bourguignon og er kokt i ein god skvett raudvin, burgundvin, sjølvsagt. Men det er i grunnen sosekjøt.

 
Ikkje sei det til nokon, men me var på drueslang ute på landsbygda i Burgund. Nett det hadde eg gledd meg til. Dei små, blåraude Pinot Noir-druene var svært lekre, aromatiske og søte. Ikkje rart at dei burgundiske germanarane slo seg ned her. Så trur eg at dei ikkje greidde å ete alle bæra, men laga saft av resten. Så gjæra safta for dei, og gjerrige som dei var, slo dei ikkje ut den utskjemde drykken, men svelgde han ned, den òg. Men sans for butikk hadde dei, og no sel dei mesteparten av stoffet til andre franskmenn og andre land.
   Eg har lese meg til at dei dyrkar ein god del solbær her òg, men me såg ikkje ein einaste solbærbusk på turen. Derimot smakte me på ein annan burgundisk spesialitet: kir. Det er rett og slett kvitvin med ein liten skvett solbærlikør oppi. Det hender at me serverer noko liknande til gjester her heime, for me har bra med solbær i hagen og saftar ein slump kvart år. Burgundarane ville nok ikkje ha godkjent produktet, for me brukar rett og slett av safta vår istadenfor likør. Smaken og fargen vert likevel nokså patent, og me seier at det er kir. Viss me tek utgangspunkt i sprudlevin, vert det kir royal - kongeleg kir.
   Eg må undre meg litt meir over desse burgundarane som kom over Rhinen og snakka noko som likna urnordisk. Lærde folk trur at dei kan ha hatt sitt opphav i Skandinavia og henta namnet sitt frå Bornholm, som kan ha heitt noko slikt som Burgundarholmr i gamle dagar. Frå Bornholm var ikkje vegen lang til Polen og Tyskland, og så kan dei ha flytta seg sørover og enda opp mellom vinrankene i Gallia. No er eg ikkje lenger  historielærar og kan dikte fritt utan å tenkje på min faglege integritet. Difor vil eg lansere teorien om at dei kom frå Kvinnherad. Trøytte og leie av det kommunale bråket om økonomsk misere, med krangel, innsparingar og nedlegging av sjukeheimar og skular, har dei vandra ut med Borgundøy som siste mellomstasjon på vegen mot sør. Og når dei så vart spurde kvar dei kom frå, sa dei at dei kom frå Borgundøy og var burgundarar. Dei skjemdest av å fortelje at dei var kvinnheringar.
   Høyrest ikkje dette sannsynleg ut?