Mellomalderkatedralen
i Auxerre
For mange år sidan var eg i Bergen på gjennomreise og rusla
i bakgatene ved Korskirken. Borte ved eit hjørne stod det ein litt gusten kar
og vinka på meg. Jaja, bomsar har eg treft før i denne byen, tenkte eg, dei er
ikkje farlege. Men denne fyren presenterte seg som journalist i den kristne
avisa Dagen, som held til like borte i gata. Han gjennomførte ein liten enquete
og ville vite om eg gjekk ofte i kyrkja. ”Nei, det gjer eg ikkje,” sa eg, og
han ville vite kvifor. ”Eg er ikkje nok religiøs,” sa eg. Så tok han bilete og
ville vite kva eg heitte. Men då han høyrde namnet Kyrkjebø, lo han friskt og
slo ein vits om ein fråhaldsmann som heitte Skålevik.
Det eg gløymde i
farten, var at eg går svært ofte i kyrkjer når eg er ute og fer, om ikkje nett
for å høyre på presten. Nei, eg beundrar og høgaktar arkitektur og inventarkunsten
i gamle kyrkjer. Og den sommaren hadde eg vore innom mange kyrkjer: Steinkyrkja
i Kinsarvik, Røroskyrkja, Nidarosdomen, mellomalderkyrkja på Stiklestad og Lom
stavkyrkje.
Eg har ikkje tal på
kor mange katedralar eg har vore innom på turane våre i Frankrike. Først går eg
rundt og skodar dei utvendes, så går eg inn og lèt blikket lyfte seg opp under
dei høge kvelva eller mot glasmåleria. Mest gleder eg meg over dei gotiske
meisterverka, og kan ikkje anna enn undre meg over steinhoggararbeidet,
murmeistrane og dei uendelege detaljane som var mogleg mange hundre år før
maskinalderen. Gigantiske dimensjonar. Glasmåleri, skulpturar, bogar og spir …
Det vart nokre
katedralar på frankriketuren i år òg. Den staselegaste var den i Auxerre.
Men så må eg få presentere katedralen i Évry, rett sør for
Paris. Han er ikkje meir enn vel tjue år gammal og passar godt inn i eit
arkitektonisk landskap frå vår eiga tid. Évry er rett og slett ein ny og
hypermoderne by med plan og estetikk.
Turen innom denne
byen hadde eg godt av, eg som helst slepar meg rundt i smaua i mellomalderstroka
i gamle franske byar.
Eg elskar og kyrkjer utan gudsteneste. Men eg synes ikkje noko om desse profesjonelle hysjarane som paven har utplassert i kyrkjene her i Firenze og i Roma.
SvarSlettEin må da få lov til å le litt, også inne i kyrkja...