torsdag 23. mai 2013

SKULEPOLITIKK OG PEDAGOGIKK

Kjære politikarar! Valkampen er i gang, og mange av dykk har lagt sin elsk på skulen.  Eller læst som de har gjort det. Eg er sterkt i tvil om kor bra det er. Uttrykket bjørneteneste er kanskje ikkje så lett å forstå i våre dagar, i og med at bjørnar for dei fleste er nokre søte dyr som går og ruggar eller klyv i trea i dyreparkar, godt inngjerde og i trygg avstand frå undrande tilskodarar. No slår eg opp på Wikipedia og  sjekkar opphavet til ordet:
   Bjørneteneste er eit uttrykk for overdriven hjelp som er meir til skade enn gagn for mottakaren. Munnhellet «å gjere nokon ei bjørneteneste» stammar frå Jean de La Fontaines fabel om tambjørnen som drap herren sin då han ville slå i hel ei fluge på nasen hans. Fabelen har opphav i ei eldre vandresegn. (Kjelde: Nynorsk wikipedia.)
   Kvar er det bloggaren og den pensjonerte læraren har tenkt seg i dag?  Jau, når politikarane diktar opp kjekke løysingar for yrkesutøvinga til profesjonelle lærarar, har dei gått langt over streken, eller klatra over gjerdet. Brått så har dei løysingar på alt frå mobbing til matematikk. Karatakterar skal inn der dei ikkje  høyrer heime, retting skal skje anonymt, ordensreglar skal skjerpast eller lempast på, alt etter kven politikaren snakkar til,  hovudplagga til elevane skal sorterast og vurderast, glupe pappagutar skal skjermast frå dei dumme og late ungane, strebarar i lærarflokken skal få meir pengar i pungen på kostnad av dei stillferdige slitarane, alt læraren gjer, skal kontrollerast, dokumenterast, noterast og arkiverast...
   Nei, no skal eg slutte å ramse opp. Kva ville du ha sagt, gode snikkar, om Siv og Erna hadde forklart deg kva slags treverk som er det beste, kor langre spikrar du skal bruke, og kva tid du bør bruke uimpregnert eller impregnert? Skal Kristin og Jens  velje oljetypen til bilen din og bestemme målemetoden når bilmekanikaren skal sjekke lysa?
   Kjære politikarar! Ikkje bland dykk inn for å fjernstyre fagområde de ikkje har greie på! No bør skulen få fred, bortsett frå når det kjem sterke råd frå lærarar og andre som arbeider i skulen. Men skaff heller dei ressursane som trengst!
   Og ei sak til: Norsk skule er mykje betre enn dei rykta som maktbrunstige politikarar vil ha det til. Nokre resultat kunne og burde vere betre, viss me skal tru på enkelte målingar. Men hugs korleis uttrykket bjørneteneste oppstod!
 

onsdag 22. mai 2013

FØRSTE MØTE MED KVINNHERAD

Eg gjekk meg litt trøtt og lei av hovudfagstudiet på universitetet i Bergen og tenkte som så at det kunne smake med ein pause. Så eg søkte tre lærarpostar våren 1973. Eg fekk napp to stader, og den første som tok kontakt, var ein gammal kjenning frå Firda Gymnas. Eg hadde han ikkje som lærar sjølv, men han var med og hjelpte oss litt med russerevyen. No var Leiv Døssland, som han heitte, dagleg leiar for dei nyoppretta gymnasklassane i Kvinnherad. Jau, han kunne så godt som love meg jobben, og husvære skulle ikkje verte noko problem. Sommarjobb? Me måtte jo ha noko å leve av før den første lærarløna kom. Jau, det skulle gå fint. Han hadde kontaktar både på Søral og Valen sjukehus.
   Anne og Rune var einige. Så drog eg ein vakker maidag for nokså nøyaktig førti år sidan med snøggbåt til Sunde. Eg hadde med måleband, for noko av formålet med turen var å sjå på huset me skulle leige og ta gardinmål. Og så ville eg sjølvsagt sjå skulen og snakke litt med rektor.
   På Sunde kai fann eg ein buss som frakta meg trygt til Husnes. Det var eit merkverdig bygdesenter.  Nokre få butikkar, eit forsamlingshus og eit hotell låg ihopklumpa der bussen stansa, og oppetter bakkane strekte seg det eine rekkjehuset etter det andre med fire bueiningar i kvart. Og så skimta eg aluminiumsverket under ein dis av røyk eit stykke unna.  Nokon skule var ikkje å sjå. Men bussjåførar er venlege vegvisarar, så eg fekk ei grei forklaring om kvar eg skulle gå.
   Etter ein liten kilometers rusletur dukka det opp eit umiskjenneleg skulehus. Gymnasklassane skulle halde til på hi sida av bygget, attmed ein gymsal. Her laut eg gå rundt, og valde sjølvsagt den galne vegen.
   Brått kom det til syne nokre digre panoramavindauge, og innanfor dei såg eg ein flokk nesten nakne jenter som dreiv og plaska i eit basseng. Her var det best å ta ein stor boge og ikkje labbe langs glasveggen, skjønte eg. Det skulle ta seg ut om gymnasjentene første skuledagen til hausten når eg skulle presentere meg som læraren deira, at dei då skulle stikke hovuda i hop og kviskre at "sjå der, der er jamen santen han fyren som gjekk og glodde på oss mens me hadde symjetime i vår!"
   Omsider fann eg det som førebels var lærarrommet: eit klasserom som var innreidd til kontor,  arbeidsplassar for lærarane, læremiddelsamling, bibliotek og alt det ein skule med to klassar hadde bruk for utanom undervisningsromma.
   Førti år er gått. Det vart ein lang pause i arbeidet med hovudfaget i norsk. Pausen er ikkje slutt enno. Han tek aldri slutt. Men lærargjerninga tok slutt for snart eit år sidan.

søndag 5. mai 2013

FAN(ER) I DOMKYRKJA 17. MAI



Snart er det syttande mai. Det har vore ein årleg tradisjon i Bergen at det denne dagen har vore nynorsk festgudsteneste i Domkyrkja om morgonen før Hovudprosesjonen og Flaggtoget marsjerer ut på vandringa gjennom bygatene. Vestmannalaget, Bondeungdoms­laga og Bygdelaga har stilt med faneborg i kyrkja, men det må nok leggast til at det år om anna har vorte færre faner å sjå…..
I fjor gjorde styret i Bergen ungdomslag Ervingen vedtak om at dette ville dei ikkje vere med på lenger. Og i år har dei i sin visdom konfirmert vedtaket! Grunngjevinga skal vere at laget er eit frilyndt lag, og som difor ikkje kan stø eit bestemt livssyn.
Kva er dette for tøv? Styret må ikkje gløyme at laget er eit mållag som bør stå i front når det gjeld fremjing av nynorsk på alle område, også som kyrkjemål. Dette har ikkje med kristent livssyn å gjere, men med målpolitikk. Om ein skal stille med fanene i kyrkja eller ei, er ei sak for seg – i dette høvet er det som ei markering av kven som står bak dette måltiltaket.
Ved framvokster av nynorsk som bruksmål på alle omkverve først på nittanhundretalet var det ein klår strategi å arbeide for å innta viktige postar: Nynorsk i skuleverket, Nynorsk som kommunalt og statleg administrasjonsmål, Nynorsk i forretningslivet og Nynorsk som kyrkjemål var gjerne dei viktigaste arbeidsfelta i målstriden, sjølsagt med tillegg av Nynorsk som teatermål og nynorsk i presse og kringkasting. Og det kan sjølsagt nemnast kampen for norsk namneskikk så vel for stadnamn som for slektsnamn. Ein opplevde sjølsagt stor motstand, som når det galdt nynorsk liturgi at ein ”ikke kunne tolerere dette bondesproget, men la oss høre evangeliet på det sprog som Frelseren talte på Sinai bjerg” (fritt sitert).
Så til spørsmålet om faner i kyrkja: Det kan då ikkje vere det viktigaste i denne saka. Det viktige må vere å halde oppe tradisjonen med nynorsk gudsteneste i Bergen by. Og det bør laget stå bakom og stø – det går då på ingen måte i motsetnad til det grunnleggande og frilynde livssynet - tvert imot, skulle eg meine! Så får ein tillegge laget sine valde tillitsfolk i Bygdelagsnemnda avgjerdsmakt i fanespørsmålet og oppgåva å få fanene til og frå kyrkja, om det er det som er problemet.

God fridomsdag!
(Helsing Steinar )

onsdag 1. mai 2013

DEN RAUDE DAGEN

Heime hadde me ein slik kalender du veit, der me reiv av ein liten lapp kvar dag så ein ny dato og dag kom til syne. Dei fleste datoane stod med svart, men minst ein gong i veka dukka det opp ein raud. Då var det helgedag. Når me reiv av den 30. april og 1. mai dukka opp, var det med eit raudt eittal, jamvel om det var midt i veka. Det var ein slags helgedag, eller offentleg høgtidsdag, som det stod på lappen. Og me slapp gå på skulen.
   Barndomsbygda mi, Flekke, var kjend for å vere småradikal, og stort sett respekterte folk at det var høgtidsdag. Ikkje berre arbeidarpartiveljarane, men òg venstre- og senterpartifolk. Ein del flagg kom til vêrs. Det var sagt at ein gong så heiste sonen i huset flagget, faren tok det ned att, men sonen heiste det opp på nytt. I kommunesenteret Dale åtte kilometer lenger nord feira dei med hornmusikk, taler og tog. Dale var den nest største industribygda i Sunnfjord. Berre Svelgen var større, med Bremanger smelteverk. I Dale laga dei sko og tønner i store mengder. Og det aula med sosialistar.
   Mamma og  papen var bønder, som så mange andre flekkingar, men dei røysta Arbeidarpartiet og heldt helg. Det same kan me ikkje seie om dei fire ugifte syskena på grannegarden, eller "i Gara", som me sa. Største bruket i bygda. Dei tre brørne ("garagutane") og systera der var eit stykke oppe i åra, eller hauggamle, tykte me som var eit halvt hundreår yngre. Garagutane dreiv med sitt den første mai, spreidde møk og  pløgde potetåker. Vårvinna var ei travel tid.
   "De må'kje drive å arbeie i dag, d'æ jo helgedag!" forkynte Erik'en ein gong. Han kom frå ein god sosialistisk heim. "Helg i rævine!"  fnyste Olai'en og dreiv på.
   Her på berget har me ei flaggstong i lag, midt mellom dei tretten tuna. Det tok litt tid på morgonen før flagget kom opp.  Men nokon må ha teke affære, for no heng det og vaiar febrilsk i kulingkasta. Elles er  det langt mellom flagga her i Valo, endå denne bygda òg har hatt ord på seg for å vere småradikal.
   "Tider skal koma, tider burt skal kverva..."