lørdag 21. mai 2011

ELDSTEBROREN VÅR


 
Eg hadde ikkje tenkt å skrive om dette idag, men no gjer eg det likevel. Eg orkar ikkje og får ikkje til å skrive så mange orda. Men eg skriv likevel.
   Eldstebroren, Arne, døydde brått og uventa i dag på sykkelferie i Portugal. Han var saman med den nest eldste broren, Steinar, og damene deira. Dei drog heimanfrå glade og forventningsfulle i går, begynte å sykle i dag, så fekk Arne eit illebefinnande og gjekk bort før noko kunne gjerast med det.
   Arne vart sytti år. Så sprek og vital han var, kunne ingen ha tenkt seg noko slikt på lang, lang tid.  Eldstebroren er ikkje meir.

fredag 20. mai 2011

DERRICK

Ein derrik er ein borerigg eller ein slags heisekonstruksjon. men ikkje berre det: Derrick var vår store helt om fredagskveldane gjennom eit par tiår. Me som hugsar tilbake til førre tusenåret, ser for oss denne godt vaksne høviske tyske polizisten med torskeauge og pløsete kjakar, sikkert etter alt for mykje godt, bayersk øl. Han trilla pynteleg av garde i sin blanke BMW, var iført dress, slips med slipsnål og velkjemd manke og prata roleg og danna med skurkar og heidersfolk til han fekk avslørt den store syndaren. Nei, her var det lite villmannskøyring eller springing i bratte trapper, ei heller vifting med pistolar og knyttnevar. Likevel fekk han has på minst ein mordar kvar bidige fredagskveld i eit par tiår. Wikipedia fortel forresten at dei første åra tøffa han seg mykje meir med både våpen, neveslag og kjeftbruk, men det hugsar ikkje eg. Dei laga 282 episodar med Derrick mellom 1974 og 1998, fortel Wikipedia, og då er det nok sant.
   Eg trur ikkje me såg radt alle, men han Derrick og kompisen Harry var trufaste gjester om fredagskveldane mens me kosa oss med raudvin og pizza. Ja, ungane kunne jamvel få vere med og sjå, sidan dei to kompisane såg så snille ut, og det meste var teatralske samtalar.
   No har dei sendt reprisar på Derrick i lang tid på NRK 2, og me har ofte snakka om eit lite gjensyn med vår store helt frå det førre tusenåret. Men så går serien på eit tidspunkt når me sjeldan tykkjer det er fjernsynstid.  I ettermiddag slo me til. Ute var det så surt og guffent at me rett og slett sette oss ned med kaffi, kake og Derrick. Forventningane var skyhøge. Men så var det denne Bjednekniv-effekten. Du les kanskje ikkje Rasmus Løland, men eg siktar til forteljinga om guten som miste kniven sin (som han hadde fått hos han Bjedne), drøymde om tapet i mange år, fann att kniven, men såg at han slett ikkje var så framifrå som guten meinte å hugse.
   I denne episoden må Derrick ha gjort uvanleg slett etterforskingsarbeid. Rett nok fekk han ein sterk mistanke i rett lei temmeleg snart, den ros skal han ha. Men kvifor sette han ikkje inn mykje meir kraft og fart i åstadsgranskinga? Kvifor gjorde han ikkje ein skikkeleg rekonstruksjon av hendinga?  Detaljar som han burde ha fått med seg med ein gong, dukka opp lenge etterpå. Folk som burde ha vore krysseksaminerte på politistasjonen i München, gjekk og småprata med polizistane i ein gemyttleg tone.  Eit par av dei viktigaste personane var han berre så vidt i kontakt med. I staden for å snu kvar ein stein, gjekk både Stephan og Harry der og vreid lippene og visste verken ut eller inn, sjølv om dei kjende seg sikre på både at det var eit  drap og kven som var drapsmannen. Derrick satsa alt på eitt kort: Få kronvitnet til å slutte å dekkje den korrupte forretningsmannen som var den skuldige. TV-produsenten hjelpte Derrick til å lukkast med dette i eit siste, teatralsk forsøk på å få fram sanninga, og rettferda sigra.
   Men Wallander og Rejseholdet hadde skamma seg viss dei hadde slurva slik og berre stolt på flaksen. Skal eg gje Derrick ein ny sjanse ein annan ruskevêrsdag klokka fem om ettermiddagen?

onsdag 18. mai 2011

PRYDEN PÅ BERGET


Me har eit krydderbed, ein krydderkasse med fleire rom og ymse grøne krydderurter. Ei av dei mest villige urtene har vore svært treg i vår. Me ser berre nokre få, små grøne spirer. Derimot kjem det til syne frodige dottar av den same sorten både her og der på Eikelandsberget. Ein av dei står attmed jordbæra våre.
   Eg har ein mistanke om at alle desse optimistiske krydderdottane har forvilla seg frå hagane. og skal eg tru på litteraturen om emnet, så er det  nok gode naturlege vilkår her omkring.
   Når me kjøper krydder i boks, i potte på hagesenteret eller frø på Europris, heiter det oregano. Namnet kjem frå gresk og tyder noko slikt som bergpryd, og siktar til at den fagre planten likar seg i turre bergsprekker. Og det finn han fleire av her på berga våre. Kanskje han slett ikkje likar å stå i ein krydderkasse med rikeleg jord? Han har forresten kome trufast og gjeve rik avling der òg.
   At han har fått eit slikt rosande namn, er underleg. Fargen på lauvet er frisk, grøn  og grei, men blomane er lilla og smålåtne. Visst er han pen, men det er det òg mange andre plantar som er. Men kva veit eg, kanskje det ikkje var så flust av pene blomar i dei greske bergskortene?
   Så finst det ein norsk vill variant som heiter bergmynte eller kung. I floraen står det at denne er kraftigare og betre på smak enn den importerte. Spørsmålet mitt er om det er innvandrarar eller innfødde nordmenn me har så rikeleg av på Eikelandsberget. Det har eg problem med å finne ut av. Og det får vere det same: Pizzaen som sønene våre lagar, er iallfall smikkfull av heimeavla bergstas og smakar fortreffeleg.

tirsdag 17. mai 2011

GRUNNLOVSDAGEN

Dagen har tjue minutt att før han tek slutt. Me har hatt ein svært fredeleg dag og vore for det meste inne i våre eigne varme stover mens det har vore om lag ti grader ute og skifte mellom regn og små solglytt.
   Dei siste trettiseks åra har me nesten årvisst vorte vekte natta til den 17. Stundom kjem dei i sjutida, men dei siste åra i tre-firetida om natta. I natt kom dei halv fire. Småvåte, men med raude huver optimistisk på snei stod dei og gaula ute på trappa. Me gjorde det same på Sandane for førtisju år sidan og tykte det var stas. Lærarane såg rimeleg blide ut då me vekte dei, men ingen veit korleis dei såg ut på innsida. Leiv Døssland kom ut med ei julenissemaske då han skulle vekkjast. Så kreativ har ikkje eg vore, jamvel om han seinare vart min sjef og rektor dei første åra på Kvinnherad gymnas, seinare Kvinnherad vidaregåande skule.
   Då gutane våre var små, var det så som så med denne vekkinga. Ikkje berre Anne og eg (pluss alle grannane som forbanna naboskapet vårt den dagen) vart vekte, men dei tre ungane våre òg, som kom i himmelhøg stemning og der og då avslutta nattesøvnen framfor ein strevsam dag med allslags aktivitetar for store og små. Tøffaste dagen i året? Spesielt når me i tillegg til alt det andre stod og selde is og pølser for skulemusikken.
   Vel, eg vart observert i syttandemaitoget gjennom Valebygda i år òg. Ei sytten år gammal jente heldt tale for dagen, og ho kom frå det med ære. For om lag tjuefem år sidan heldt eg talen. Eg snakka om poteta. Sidan har dei ikkje spurt meg om å tale her i Valo. Men det hender faktisk enno at folk nemner for meg at eg snakka om poteta den gongen.
   Det beste med syttandemaien i år var rømmegrauten og spekekjøtet som Anne og eg sette til livs heime hos oss sjølve. Og rabarbrapaien ho hadde komponert til kaffimat. Med piska krem!
    Lat meg leggje til at eg har gått med slips, kvit skjorte og dress i  heile dag. Kom ikkje der og sei at eg ikkje gjer stas på grunnlovsdagen!

mandag 16. mai 2011

REGNSKOG OG UTSIKT

Nei, eg har ikkje nokon aktverdig grunn for å ha slurva med blogging i nær fjorten dagar. Tida rullar og går, det hender ikkje så merkelege ting i og kring heimen, våren var her i slutten av april og fram til førre helg, og no har me hustre syttande mai-vêr med temperaturar nær ti og regnbyer. Det får me i morgon òg, trur dei.
   Men eg har halde varmen med vedhogst nokre av dei siste dagane, vedbering og kubbekløyving er noko som driv kroppsvarmen i vêret. Ei diger, omstridd bjørk er felt her på Eikelandsberget og eg var ein av dei som etter fellinga gjekk laus på den feitaste delen av stammen. No er ein god del av bjørka på plass oppe i garasjen. .
   Denne grenda vår (eller byggjefeltet, som me framleis seier, tjueåtte år etter at me bygde dei tretten husa våre) er på om lag tjue mål, der halvparten er private tomter og resten er fellesareal og sameige. På delar av fellesarealet har det vore og er litt småskog og ein del meir eller mindre ruvande bjørker. Det er delte meiningar om desse siste. Somme synest dei er svært vakre, andre mislikar dei fordi dei stel utsikt, atter andre meiner at me kan ikkje klandre regnskoghogst dersom me raserer vår eigen skog, og nokon nemner at somme av bjørkene lett kan blåse ned og valde tort og skade. Atter andre ønskjer litt billeg ved, nokon mislikar bjørkeriset som vert att etter fellinga, mens somme rett og slett gjev blaffen og lèt andre krangle. Dette med tap av utsikt er eit argument som råkar dei fleste store trea, for det er ikkje berre oss tretten det skal takast omsyn til. I nord, vest og aust for eigedommane våre sit det andre grannar og grem seg over bjørker som skyggjer, og det er aldri same bjørka dei siktar til. Eg forstod forresten kva dei meinte då grannen vår i vest felte ein heil liten granskog han hadde ned mot sjøen. Brått oppdaga me at fjorden strekte seg uendeleg langt ut; frå terrassen vår kan me no sjå til Stord, ja kanskje heilt til Bømlo der me før såg ei rad høge graner.
   Nok om det, i vår vart det atter ein gong felt tre-fire pene, men irriterande bjørker, og  musklane mine veks for kvar kubbe som vert frakta på plass og knerta sund. Og til vinteren vert det endå meir varme frå dei. Så får me vone at CO2-rekneskapen ikkje vert for miserabel for oss her på berget, slik at drivhuseffekten gjer veden vår overflødig.

Bloggtørke?

Bror Reidar ser ut til å ha gått tom. Endå det er konfirmasjonstid og snart syttande mai! Så det skulle vere rikeleg stoff å ta fat i.
Her nokre bilete frå 17. mai i Flekke frå ei tid attende:


"Olemann" Hellebust, Sonja Solheim, Ove Igelkjøn, Anna Hustveit
Asbjørn Flekke, Sonja Solheim, Anna Hustveit

Sonja Solheim, Arne Kyrkjebø
"Olemann", Sonja, Asbjørn, Anna, Ove, Arne

tirsdag 3. mai 2011

BRYLLAUP OG GRAVFERD

Mens me hadde langhelg i Bekkjarvik utan datamaskin og nettverk, hende det mangt som kunne ha fortent ein bloggkommentar. Me var opptekne med vedhogst og hagearbeid, mens dei i London rigga til storbryllaup med glitter og stas. For oss republikanarar var fredag ein vond dag. Men me fekk støtte frå den gamle monarkikritiske Dagbladet, som meinte - rett nok gjennom eit innvikla resonnement som eg ikkje forstod - at bryllaupet mellom ein arveprins og ei jente frå borgarskapet kunne vere byrjinga til slutten for det britiske monarkiet. Resten av avisa fullare enn full med konge- bryllaups- og englandsstoff. Bergens Tidende trykte same dagen ein kommentar av ein skarpskodd indisk-britisk skribent - Kenan Malik - som dundra med storsleggja mot det britiske kongehuset, som etter hans meining hadde så mange skamplettar at det knapt stod tilbake for dei verste kjeltringar. Det gjorde godt for eit republikanarhjarte å lese.
   Det var sikkert eit staseleg bryllaup. Sjølv greier eg ikkje å mobilisere den heilt store interessa. Slike fjernsynsreportasjar er for meg nesten like engasjerande som eit lærarmøte. Førre gongen britane stod på hauet, var då ho Diana vart innlemma i den kongelege familien. Eg forstod aldri kva så var så flott med henne. Eg tykte ho var om lag like sexy som ei potteplante. Då synest eg nok at den nye prinsessa er meir til dame, ei dame med kjøt og blod, og heldigvis ikkje nett blått blod, då.
   Når elevane spør meg om kva makt kongen vår har, forklarer eg at han ikke brukar og skal ikkje bruke den makta Grunnlova gjev han. Då stussar dei og ymtar om at me ikkje treng han. "Ka ska me mæ 'an då?" Og eg forsvarar han etter beste evne og seier at me har han så lenge det norske folk ønskjer å ha eit kongedøme. Eg har som lærar forsvart monarkiet vårt så mange gonger at elevane sikkert trur eg er monarkist på min hals. Men ein gong spurde ei jente rett ut kva eg meinte, og eg tilstod at eg var republikanar. Ho bad om og fekk ei  grunngjeving òg. Ho sa seg einig, men braut ut at det hadde ho ikkje venta av meg. Gamle gubben, veit du! Forresten er det truleg unge jenter som er dei mest ihuga rojalistane, og skal tru kor mange småjenter som går rundt med prinsessedraumen?
   I overskrifta står det at denne bloggen skal handle om bryllaup og gravferder, men eg trur at eg kuttar ut å skrive om døden og gravferda til Osma bin Laden i dag.