fredag 22. november 2013

EIN REPRISE

På denne merkedagen smeller eg til med ein reprise. Eg skal ikkje gjere det til ein uvane. Og med merkedagen tenkjer eg ikkje på at me fekk ein norsk verdsmeister i dag i verdas mest utbreidde individuelle idrett. Nei, som historikar let eg tankane gå til Dallas og Firda gymnas november 1963. Så då gjev eg ordet til meg sjølv, januar 2009:

 http://reidarfk.blogspot.no/2009/01/historisk-dag-i-washington.html
 

fredag 8. november 2013

REVOLUSJONEN SOM GLAPP

Dei hundre elevane på Kvinnherad gymnas fekk halde prøveval hausten 1973. Det gjekk rykte om at ein del elevar var farleg radikale, og enkelte samfunnsstøtter i bygda åtvara rektor Døssland mot den raude faren. Døssland forsvarte elevane sin, og var skeptikaren venstremann, sa Døssland noko slikt som: "Nei, ta det med ro, om nokre år er dei gode venstrefolk, heile hurven!" Og var det senterpartifolk som spurde, tillempa han svaret på same måten.
   Det var i alle fall ein del politisk medvitne og taleføre unge i den vesle elevflokken, og dei ville svært gjerne påverke det dei oppfatta som eit forgubba samfunn og skulesystem. Me lærarar laut skjerpe oss. Men revolusjonsiveren deira tok me med ro. Me vart jo godt kjende med og glade i elevane, og me hadde høyrt verre tendensar på Nygårdshøyden - Leninhøyden, som ein bergensar døypte universitetsområdet.
   Prøvevalet demonstrerte ei tydeleg tyngd på venstresida. SV fekk om lag 35 % og var det klart største partiet i flokken. Og dei raudraude RV fekk om lag 15 %. Så desse to rivalane på den kanten hadde reint fleirtal. Anders Lange-tilhengjarane gjorde òg eit godt val. Elles fordelte røystene seg jamt utover den midtre delen av skalaen.
   Det glitra raude stjerner i augo på dei reine og ranke med over 15 prosent av røystene. Kanskje revolusjonen ikkje var så fjern? Kamerat Lenin hadde jo trass alt berre 25 % av røystene ved valet i Russland hausten 1917. Det var rikeleg til ein proletær revolusjon. Vegen fram var ikkje uoverkommeleg.
   Men det var på Kvinnherad Gymnas. Landsresultatet som vart forkynt om kvelden, gav drygt ein halv prosent til RV. Og revolusjonen  kunne vel ikkje berre omfatte gjengen i Brakko og klasseromma i nordfløyen på barneskulen?
   Akk, ungdommen er svikefull. Kvar vart det av den revolusjonære ungdomsgløden? Åtte år seinare var det prøveval på Kvinnherad vidaregåande skule med ein overhendig oppslutnad om partia på høgresida.

torsdag 7. november 2013

POLITISKE STORMKAST

Åra 1972 og 1973 var prega av politiske stormkast utanom det vanlege. EF-striden i 72 reiv opp både politiske konstellasjonar og politisk vanetenking, fiendar vart vener og vener vart fiendar. Nye parti spratt opp, andre gjekk inn i alvorlege kriser. Stortingsvalet i september 1973 viste at store veljargrupper var i rørsle. Arbeidarpartiet gjekk kraftig tilbake, Venstre vart nesten utradert. Den store vinnaren var koalisjonen av radikale sosialistar: SV, som var samansmurt av det gamle SF, gammalkommunistar i NKP og misnøgde arbeidarpartistar som sa nei til EF.  SV var ikkje forkorting for Sosialistisk Venstreparti enno; det skjedde først to år seinare. Det stod for Sosialistisk Valforbund.  Ein annan vinnar var det nyskipa "Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep". Den  fargerike partieigaren Anders Lange gjorde inntrykk med sin eggelikør og  si tordnande røyst og reaksjonære tankar, så partiet fekk faktisk inn nokre karar på  Tinget. Så skal me nemne eit anna nyskipa parti, Arbeidernes Kommunistparti (m-l) med forkortinga AKP (m-l). Folkerepublikkar som Kina, Nord-Korea og Albania var dei store ideala, og m-l stod for marxist-leninistane. Dei hadde ikkje noko særleg sans for valkanalen og det parlamentariske spelet, så dei stilte ikkje til val under eige namn.  Det gjorde dei derimot under paraplyen Raud Valallianse (RV). Det partiet som i dag heiter Rødt, er å rekne for ein avleggjar. RV fekk godt under ein prosent av røystene til stortingsvalet i 1973, så det  tydde på at gamle Noreg ikkje var fullmoge for ein proletarrevolusjon enno. SV, derimot, segla opp med  over elleve prosent og seksten mandat. Somme av dei var kanskje litt revolusjonære, iallfall frykta mange det verste. To år etter skipa dei partiet SV med brask og bram, og to år deretter vart dei nesten feia heilt ut av Tinget.
   Så skjedde det underlege hausten 1973 at Arbeidarpartiet, partiet med størst tilbakegang, overtok regjeringsmakta etter valet. Ikkje sidan 1930 hadde dei gjort det så dårleg på eit stortingsval. Men no fekk dei og SV til saman eit knapt fleirtal, så då så. SV ville heller ha ei A-regjering enn ei borgarleg. Og sentrumsregjeringa som hadde losa landet trygt gjennom det uklare året etter EF-neiet året før, ville ikkje halde fram utan at Høgre vart med på laget i ein borgarleg fleirtalskoalisjon. Høgre ville gjerne, men fleirtalet glapp.
   Nei, eg skulle jo skrive om førtiårsminne frå Kvinnherad Gymnas, men då får du heller sjå kva du finn her i morgon. Kva med revolusjonen i Kvinnherad?

onsdag 6. november 2013

DA KLOKKA KLANG ...

Eg var på gamle skulen min eit par timar i dag. Skuleklokka var ikkje å høyre. Heldigvis. Då me flytte inn i nybygget i 1979, det bygget som no er gamlebygget, var skulen velutstyrt med ringjeklokke, på vanleg skulevis. Men ho vart ikkje teken i bruk. Difor skvett elevane så det nesten er helsefarleg når brannalarmen av og til vert utløyst. Gjester på skulen har undra seg over dette fenomenet. Korleis veit elevane når timar begynner eller sluttar? Og kva med lærarane? Kan dette fungere?
   Eg torer tippe at det ikkje er så mange som veit bakgrunnen for den manglande klokkekiminga på Kvinnherad vidaregåande skule. Me må tilbake til brakkelivet og samrøret med Undarheim barneskule, nokre hundre meter lenger borte i bygda. Då gymnasklassane starta opp, var kommunen meir enn velvillig. Gymnaset fekk leige klasseromma me trong på barneskulen. Nokre barneskuleklassar måtte ty til gamle og utrangerte rom på den gamle barneskulen på hi sida av bygda. Spesialrom til naturfag fekk me tilgang på oppe på ungdomsskulen, rett bak barneskulen. Gymsalen og symjebassenget som dei to kommunale skulane brukte i lag, delte dei med oss så lenge det var nødvendig.
   Men så oppstod den situasjonen at me ikkje begynte og slutta timane våre samstundes med barneskulen. Det kan godt hende at dette ikkje skjedde før hausten 1974, då me fekk ei endring i timeprogrammet. Skulle ringjeklokka på Undarheim kime for både oss og for småungane? Nei, det måtte verte kaos. Rektor Døssland visste råd: Me treng ikkje ringjeklokke. Me går etter våre eigne klokker. Elevane og lærarane får lære seg kva tid timane og friminutta begynner og sluttar.
   Dette gjekk smertefritt. Svært smertefritt. Og då me flytte opp på nyeskulen våren 1979, var det ingen som ønskte noka skramlande skuleklokke.
   Noko av det gamle heng framleis att i veggene der oppe på KVV.

tirsdag 5. november 2013

SJÅ DEG I SPEGELEN!

Det med alder er eit underleg fenomen. Du skal ikkje vere mykje over tjue før småungane ser på deg som gammal. På den andre sida er nok den "gamle" gubben eller hurpa på nær tretti tilbøyeleg til å sjå på tenåringane som obsternasige småungar.
   Då me hadde drive på ei stund i den nye jobben vår hausten 1973, trefte me foreldra. Rektor Døssland skipa til ein av sine fortreffelege og legendariske elevkveldar med allsong, folkedans og andre lødige innslag. Denne gongen var foreldra innbedne og fekk høve til å treffe desse ungstyvingane til lærarar. Ein far, ein akta og æra mann i bygda, mønstra oss kritisk og uttalte: "Eg tykkjer at de lærarar ser like unge ut som elevane!"
   Eg var frå første stunda klassestyrar for den nye engelsklinjeklassen som fekk sin faste base i klasserom nummer 5 etter at me flytte i brakka.Etter tre år sa me pent farvel. Ti år deretter heldt dei jubileumsfest. Eg fekk lov å delta, og eg sa nokre ord til dei. Eg minte dei om at dei no var eldre enn eg var då dei begynte i første klasse. Dette kom som eit sjokk på dei. Var dei verkeleg vortne så hauggamle?
   Då rektor Leiv Døssland kom til Kvinnherad og starta opp med gymnasklassane, var han 57 år, og fru Eldbjørg var eit par år yngre. Me lærarane som fekk den gleda å stå under hans kommando, tykte nok at han stundom var litt for gammaldags, men det plaga oss ikkje. Døssland var ein uformell og humørfylt kollega som gjekk i busserull og sykla til og frå skulen. Han fortalde frekke historier frå bygda, og han viste oss stor tillit.
   Elevane såg nok på han med større skepsis, og somme tykte at han var fælande gammal og gammaldags. Men dei hadde ikkje vore borti andre gymnasrektorar. Og viss du som begynte i ein av dei to gymnasklassane hausten 1972 les dette: Sjå deg i spegelen både godt og lenge! No er du minst like gammal som Døssland var då du begynte!