torsdag 7. november 2013

POLITISKE STORMKAST

Åra 1972 og 1973 var prega av politiske stormkast utanom det vanlege. EF-striden i 72 reiv opp både politiske konstellasjonar og politisk vanetenking, fiendar vart vener og vener vart fiendar. Nye parti spratt opp, andre gjekk inn i alvorlege kriser. Stortingsvalet i september 1973 viste at store veljargrupper var i rørsle. Arbeidarpartiet gjekk kraftig tilbake, Venstre vart nesten utradert. Den store vinnaren var koalisjonen av radikale sosialistar: SV, som var samansmurt av det gamle SF, gammalkommunistar i NKP og misnøgde arbeidarpartistar som sa nei til EF.  SV var ikkje forkorting for Sosialistisk Venstreparti enno; det skjedde først to år seinare. Det stod for Sosialistisk Valforbund.  Ein annan vinnar var det nyskipa "Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep". Den  fargerike partieigaren Anders Lange gjorde inntrykk med sin eggelikør og  si tordnande røyst og reaksjonære tankar, så partiet fekk faktisk inn nokre karar på  Tinget. Så skal me nemne eit anna nyskipa parti, Arbeidernes Kommunistparti (m-l) med forkortinga AKP (m-l). Folkerepublikkar som Kina, Nord-Korea og Albania var dei store ideala, og m-l stod for marxist-leninistane. Dei hadde ikkje noko særleg sans for valkanalen og det parlamentariske spelet, så dei stilte ikkje til val under eige namn.  Det gjorde dei derimot under paraplyen Raud Valallianse (RV). Det partiet som i dag heiter Rødt, er å rekne for ein avleggjar. RV fekk godt under ein prosent av røystene til stortingsvalet i 1973, så det  tydde på at gamle Noreg ikkje var fullmoge for ein proletarrevolusjon enno. SV, derimot, segla opp med  over elleve prosent og seksten mandat. Somme av dei var kanskje litt revolusjonære, iallfall frykta mange det verste. To år etter skipa dei partiet SV med brask og bram, og to år deretter vart dei nesten feia heilt ut av Tinget.
   Så skjedde det underlege hausten 1973 at Arbeidarpartiet, partiet med størst tilbakegang, overtok regjeringsmakta etter valet. Ikkje sidan 1930 hadde dei gjort det så dårleg på eit stortingsval. Men no fekk dei og SV til saman eit knapt fleirtal, så då så. SV ville heller ha ei A-regjering enn ei borgarleg. Og sentrumsregjeringa som hadde losa landet trygt gjennom det uklare året etter EF-neiet året før, ville ikkje halde fram utan at Høgre vart med på laget i ein borgarleg fleirtalskoalisjon. Høgre ville gjerne, men fleirtalet glapp.
   Nei, eg skulle jo skrive om førtiårsminne frå Kvinnherad Gymnas, men då får du heller sjå kva du finn her i morgon. Kva med revolusjonen i Kvinnherad?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar