onsdag 25. februar 2009

TIDLEGE MINNE

Eg prøver stundom å tenkje etter kva eg måtte hugse frå svært tidlege barneår. Enkelte glimt dukkar opp. Eg ser for meg meg sjølv som liten gut, truleg to år, som stod og såg på dei som skifte taket på gamlestaua. Stort meir hugsar eg ikkje frå nett den situasjonen. Men så hugsar eg ein liten prat med papen eit års tid etterpå. Eg meinte at no då eg var tre år, var eg stor. Og papen jatta med. "Men då de la tak på gamlestaua, då var eg liten," la eg til. Om lag slik er det eg hugsar det. Og kanskje var det slik det var. Eller at det har skjedd visse erindringsforskyvningar dei siste seksti åra. Då husværet til mamma vart tømt i vinter, dukka det opp eit raudt papir i tølene hennar. Eg kan merkeleg nok ikkje hugse at eg har sett det før. Det var vaksinasjonsattesten min frå 1948. Den var skriven den 18. juni, dagen før treårsdagen min, same dagen som eg hadde vore på etterkontroll. Sjølve vaksinasjonen gjekk føre seg den 10. juni, står det. Eg har eit minne om at eg vart vaksinert mot koppar i svært ung alder. Syskenbarnet mitt, Peter, var der og. Kan det vere dette som skjedde den 10. juni 1948? På attesten står det berre at eg var "innpodet med vaksinelymfe" - kva no det måtte vere retta mot. Men var det då eg fekk dei to runde flekkene eg framleis har på høgre overarm?

tirsdag 24. februar 2009

FEITETYSDAG

Det er feitetysdag i dag. Heime i Flekke feira me dagen med eit drusteleg måltid: Salta og røykt grisehauekjøt, ribbefeitt og raspekaker. Kanskje nokre feite pinnekjøtbitar og. Ordet feitetysdag var ikkje så ofte å sjå og høyre i den tids massemedia, trur eg. Då snakkar eg om radioen - éin norsk kanal - og avisene Firda og Bergens Arbeiderblad. Lenge hadde me forresten Dagen, heilt til papen skar igjennom og tinga Bergens Arbeiderblad i staden. Og så heldt me ungane Norsk Barneblad.
   Så det var nærliggjande å tru at feitetysdag var eit ord som hadde overvintra i Flekke sidan reformasjonstida. I katolsk tid markerte dei at fastetida stod for tur, og då skulle folk unngå kjøtmat. Difor var det freistande å meiske seg litt den siste dagen før fasta.
   Eg måtte nesten gni meg i augo då eg seinare i livet lærte såpass fransk at nemninga Mardi Gras dukka opp. Det tyder nøyaktig omsett feitetysdag. Og i katolske land lenger sør i Europa og andre stader i verda feirar dei både dagen og fastelavnshelga med feiande karneval. Det tyder "farvel kjøt" og markerer at no skal dei slå seg laus før dei går inn i den traurige sjølvpininga fram til påskeveka.
   Me her i huset driv ikkje nett og fornektar nyting i fastetida, men fastelavnsbollar sundag før faste og raspekaker kvar feitetysdag prøver me å unne oss viss me får det til å klaffe. Så i dag har me hatt sodd med erter og gryn, fleskeknoke, litt pinnekjøtrestar, raspekaker og surmjølk til middag.
   

mandag 23. februar 2009

TOBBA

Eg har tidlegare skrive om gamlemerra heime i Flekke. Mamma kalla henne alltid for Tobba. I eitt av dei siste nummera av Firda var det eit bilete av ei jente som reid på ein øyk, og øyken heitte Tobba. 
   Papen kunne forklare grunnen til at kvinnene brukte ordet tobbe om ei merr. Det høyrest unekteleg vakrare ut; merr kan lett bli oppfatta som skjellsord. Jau, i retteleg gamle dagar gjekk kvinna gravid i vel elleve månader og merra i ni. Men merra tykte det var så ilt å verte kalla for merr at ho tilbaud kvinna at dei skulle byte graviditetstid viss kvinna ville kalle merra for tobbe. Og slik vart det. Mamma og andre kvinner brukte ordet tobbe konsekvent. I Flekke, iallfall. Og mamma slapp med graviditetar på berre ni månader.

lørdag 14. februar 2009

DOMPAPUSA TYTTAMAI OG KOREA

Dette hadde eg vorte rasande for viss nokon hadde skrive om meg for om lag femti år sidan. No er det VM i skiskyting i Korea. I dag tok dei norske herrane firedobbel siger. For snart seksti år sidan herja det ein frykteleg krig i landet. Frå 1950 til 1953 vart Korea nærsagt lagt i grus, og ulykkelege menneske var på flukt overalt. Tusenvis av born var blant dei aller hardast råka. Dette landet ligg nokså langt nord i Asia, og mange stader kan vintrane vere tøffe. (Men nett no burde dei hatt meir vinter der VM-arenaen ligg!)
   Her i landet gjorde Raudekrossen og Norsk Folkehjelp ein innsats og mellom anna samla inn klede til dei naudlidande. Heime i stova vår i Flekke pakka mamma inn den fine fløyelsdrakta som eg hadde gått med nokre år tidlegare. Drakta hadde fått namnet Dompapusa tyttamai. Og dette uttrykket vart tillagt meg, til stor irritasjon då eg vart større. Det var bestemora i by'n som fråtsa i kjælenamn på barneborna sine, og ho kalla meg for dompapus. Siste leddet let seg forklare, men det første må no vere heimelaga. 
   Og ein vakker dag, nærmare bestemt 17. mai 1947(?), vart syskenbarnet Peter og eg fotograferte borte på Tunbakken i dei fine fløyelsdraktene våre. Dermed fekk drakta namnet Dompapusa tyttamai. 
   Eg håpar inderleg at ho kom til nytte i Korea. Når eg ser på VM i skiskyting, ser eg ekstra godt etter kva småungane har på seg.

mandag 9. februar 2009

BESTEMØDRENE ER DØDE

På mindre enn ein månad døydde mamma og svigermor, og gutane våre miste begge bestemødrene. Vel, dei er store gutar og toler dette. I vinter var det femti og førti år sidan eg miste mine bestemødrer. Farmor vart nesten 65 og mormor hadde nett fylt 84. Mamma mi vart 92 og svigermor nesten 88. Bra alder, lange liv. Men mor til svigermor vart faktisk 97 år!
   I veka som gjekk, var Anne og eg og stelte med gravferd for svigermor i Bekkjarvik. Gutane våre kom og deltok, men dei tre oldeborna hennar, som alle er i Trondheim, var ikkje med.
   No er Anne og eg så absolutt den eldre garde i familien vår. Me skal prøve å venje oss til tanken.