fredag 23. juni 2023

FLYTTEJUBILEUM

Endeleg stod det nye huset vårt på Eikelandsberget klart til innflytting. I skøytet heiter eigedommen Sjøkleiv. Midt i ei steinrøys omkransa av blanke berg, einebuskar og mose. Men det var vårt, og me hadde lagt inn mengder av arbeidskraft, omtanke og pengar i prosjektet. Me var ikkje åleine. Heile byggjefeltet var eit uvanleg samarbeidsprosjekt drive fram av tretten familiar. Historia om dette tiltaket bør skrivast ned før me gløymer for mykje. I dag vil eg nøye meg med å nemne to moment: førtiårsfesten på Berget og flyttinga til Eikelandsberget 21. I kveld feirar me førtiårsjubileum for ferdigstillinga av byggjefeltet. Nei, ferdigstilt blir det aldri; noko nytt dukkar heile tida opp. Men utetter året 1983 flytte dei aller fleste inn. Me har hatt store jubileumsgilde før: tiårsfest, tjueårsfest (den var nok den drustelegaste), tjuefemårsfest og trettiårsfest. Og i kveld er det førtiårsfest. Me slår det ikkje stort opp, men dei av oss som har budd her frå starten + nokre av dei som kom seinare, og nokre som er nyleg utflytte, stiller opp. Nett på denne datoen, 23. juni 1983, skulle Anne på jobb som vanleg. Eg og ungane hadde fått ferie, og ved frukostbordet snakka me så vidt om me kanskje kunne få til flytting snart, viss me fekk ordna med skyss. Dermed drog Anne på jobb i Kvinnheringen, og eg gjekk i telefonkiosken i Furuvegen, ringde og fekk tak i ein stor varetaxi. Eg engasjerte Helge Dahle som løpegut og berehjelp, og så var me i gang. Noko bar me inn med det same, men meir vart plassert rundt huset til dess me hadde fått tømt det aller mest nødvendige i Furuvegen 1 a på Husnes. Då Anne kom heim att til Furuvegen, var det nokså tomt og stussleg der i huset, og på kjøkkenet stod der eit par skiver med sveittande ost og ein lapp med påskrifta: "Me har flytta". Ikkje lenge etter var ho på plass på Eikelandsberget og tok fleire tunge tak med å få bore alt inn i huset. Den dag i dag er det for meg ei gåte korleis ho og Helge greidde å buksere inn det store, tunge Fureka-spisebordet gjennom terrassedøra (terrassen kom seinare, då var det berre ei steinrøys der) og bort i den kroken der det framleis står og ruver. Det var jonsokaftan, og om kvelden var me nok ein tur i stranda og brende bål, men nett det hugsar eg knapt. Me var blant dei første som flytte inn, eg trur at berre Beate og Jon og Solveig og Egil var føre oss. Nokre fleire, som heldt på med arbeid i sine hus, kom til. Ein nydeleg sommarkveld gjekk mot natt, men me seks (hunden Bobbi + fem menneske) på Sjøkleiv gjekk med forventning heim og tok kvelden i huset vårt for første gong. No, førti år seinare, sit Anne og eg her framleis. Mykje har endra seg. Det har dukka opp nokre hageflekker kring berga. Hunden Bobbi drog sit sist knurr for 26 år sidan. Dei tre gutane har forlengst flytta vekk Det same har nokre av dei gode grannane som var med og bygde i bustadfeltet vårt. Nye, gilde grannar har kome til. Men husa er attkjennande. Huset vårt er ikkje lenger trekvitt. Først vart det raudt, og ettersom me fekk grått hår, vart også huset grått. I kveld vert det fest.