onsdag 28. januar 2009

FOR FIRE VEKER SIDAN

For fire veker sidan i dag døydde mamma. 92 år og "mett av dagar". Det har vekt ein del tankar og er sikkert ein grunn til at eg skriv bloggar med minne frå barne- og ungdomsår - mellom anna. På sine gamle dagar skreiv både papen og mamma litt om korleis det var å leve og bu i Flekke og på Ilkjen då dei voks opp. 
   I denne månaden for femti år sidan døydde bestemora mi, "bestemora i by'n". Ho hadde vore sjuk ei tid, men var ikkje så gammal, nesten 65 år. Det var ei kjærleg bestemor med eit stort, mjukt fang og spøter som gjekk i eitt. Eg var berre tretten og eit halvt år då ho døydde og fekk ikkje oppleve at ho kom i konfirmasjonen min seinare det året. 
   No er svigermor mi i Bekkjarvik truleg svært nær døden, ho og. Det kan gå timar, kanskje dagar, kanskje lenger. 
   

mandag 26. januar 2009

ØKONOMISK KRISEPAKKE

I dag la regjeringa fram ein krisepakke på 20 milliardar. Store pengar, men visstnok lommerusk for Staten Noreg AS.
   Det slår meg at ei slik økonomisk krise er til velsigning for dei fleste av oss. Pengar som elles ville gå til drit og lort, blir pløgde ned i samfunnsgagnleg arbeid. Me skal få meir til fellesskap og velferd. Det skal bli opprusting av skular, sjukeheimar, kulturbygg, vegar og andre gode ting. Ei anna sak er at renta har falle - godt for oss som framleis har meir i lån enn pengar i banken. Bensinprisen og straumprisen har og falle. Og me som arbeider på vidaregåande skular kan kanskje merke at elevane tek skulearbeidet sitt meir alvorleg. Brått er det ikkje slik at dei kan hoppe på overbetalte jobbar utan særleg med vitnemål. Dei står og i fare for å måtte redusere fritidsjobbinga si, og får brått mindre råd til alle slags påfunn som stel tid og merksemd. Og kanskje meir tid og krefter til skulearbeid.

lørdag 24. januar 2009

ØYKER I VALO OG FLEKKE

I dag kledde Anne og eg på oss og rusla bort på butikken i Valo og handla. Det var stille og mildt, men sludd i lufta. I Valo er det eit ritell og ein del ridehestar. Og i dag kom det mot oss to småjenter ridande på kvar sin hest på gang- og sykkelstigen. Då kom det for meg ein liten episode frå den tida me hadde gamlemerra heime. Det er ikkje så mykje å fortelje om, og det hadde lite med jentene på sykkelstigen å gjere.
Papen kvitta seg med gamlemerra då ho var 21 år og eg var 17. Det var med tungt hjarte, han var verkeleg glad i den øyken. Det som eg skal skrive om, hende ein av dei aller siste vårane me hadde henne.
Det var laurdag ettermiddag, Papen gjekk ned til Flekke for å handle til helga. Han hadde nok med seg den brune ryggsekken sin. Og eg var pålagd å harve gjødsel som var spreidd utover bakkane ovanfor og utanfor løa. Eg henta merra og sela henne, men før eg skulle spenne henne for, måtte eg snu harva og sleppte merra ein augneblink. Der for beistet frå meg, lett trippande ned bakkane og forbi gamleløa, bortover vegen med raskare og raskare steg , opp forbi Storehaugen og forsvann. Eg etter, ropte og skjente, men til inga nytte. Då eg kom bort mot ungdomshuset, såg eg vellehesten kome i fullt firsprang ned Vellereina. Ikkje lenge etter kom Anton Vellene småjoggande etter. Men hesten deira runda ungdomshuset og for ned Tunbakken utan å bry seg om verken meg eller Anton.
Saman rusla me ned til Flekke, og Anton kunne fortelje at han og skulle gjere eitt eller anna arbeid med øyken, som brått skapte seg galen, reiv seg laus og for i galopp fram vegen. Hesten hadde nok fått med seg at merra vår var på rømmen og ville slå lag. Eller var det noko dei hadde avtalt?
Utanfor Odd-butikken stod Papen og fleire andre kallar, og Oddvar Igelkjøn kunne skildre opptrinnet frå sin synsstad: "Besso da va so sette Ragnvald'n i: 'Dar kjeme da enn øyke ner gòta. Nei, så forsyne meg e da kje merra mi! Å dar kjeme da endå enn øyke!' Og rett ittepå ser me i to haue oppi Garatuna so strekkje hals fyst enn vei, so hinn veien. Å dar kjeme forsyne meg Anton'n å Reidar'n spaserande ner Gòta!"
Øykene tykte at spøken var grei nok så langt og lét seg fange. Eg hugsar ikkje om eg fekk fullført harvinga til helga.

tirsdag 20. januar 2009

HISTORISK DAG I WASHINGTON

Barack Hussein Obama har avlagt eiden og er formelt innsett i embetet. Millionar av amerikanarar og endå fleire millionar utanfor USA ser med begeistring fram til at denne flotte, gåverike, relativt unge mannen skal ta førarskap i verdas mektigaste land. Men ung og ung - han nærmar seg jamen femti, han og. Han kom til verda eit par veker før eg begynte på gymnaset på Sandane.
Det året hadde ein endå yngre president med ein karisma som minte om Obamas, sete som president nokre måndader: John F. Kennedy. Då han vart president, var han fire år yngre enn Obama er no. Han og hadde talegåver, såg flott ut og hadde ei uvanleg stilig kone. Men der var forskjellar: Kennedy kom frå ein pen overklassefamilie og hadde ikkje slite seg fram til posisjonen på ein slik overtydande måte som Obama har gjort. Men stort sett var me i Vest-Europa begeistra og såg optimistisk på generasjonsskiftet over there. Og Nixon, motkandidaten ved valet i 1960, var av eit gråare slag. Ikkje hauggammal , han heller, faktisk så gammal som Obama er no, og han vart visepresident åtte år før i uvanleg ung alder, knappe førti. Han stod for det etablerte og trygge, meinte så mange amerikanarar at han fekk nesten like mange røyster som Kennedy. Nesa-Karl'n heime i Flekke heldt med Nixon og tykte det var sørgjeleg at den unge jyplingen Kennedy skulle vinne.
Men Kennedy var vår mann, me som var unge og skulle arve verda. Difor kom det som eit sjokk då han vart skoten og drepen hausten 1963. Eit sjokk som ramma oss ekstra hardt, oss som gjekk i russeklasse B på engelsklinja ved Firda Gymnas og mellom anna las om amerikansk politikk. Jentene gret så tårene rann, gutane kjende og kor det stakk. Me skreiv telegram og sende til enkja Jacqeline: "We grieve with you!" Svar kom det knapt, men me tykte me gjorde det einaste rette.
Den helga skulle me til Måløy med russerevyen. Me vurderte om me heller burde sløyfe den turen, men valde å dra. I Måløy hadde det gått rykte om nett dette, mange trudde at me ikkje ville kome. Så salen var ikkje så full som me vona. Før sjølve revyen vart fyrt laus, steig revysjef Harals Kjølås fram på scenekanten og sa nokre ord om kva me følte, og korleis me hadde tenk.
I åra som har gått, har nok glansen kring den drepne presidenten bleikna litt for mange av oss. Eg vil spå at det same lett kan hende med obamamanien. Men eg vonar at Barack Hussein Obama får verke lenger enn Kennedy fekk.

mandag 19. januar 2009

KLASSELÆRARRÅD

Ja, det har me hatt i dag. Elevane får terminmeldinga si denne veka. Og då skal me ikkje berre setje ein fagkarakter, som er problematisk nok. Me må og setje ein karakter i orden og ein i åtferd. Tenk det, setje karakterar på medmenneske for korleis dei oppfører seg og kor ryddige dei er. Heldigvis er det ingen som skal setje karakter på min orden. Det hadde teke seg løye ut.

søndag 18. januar 2009

DAGEN I DAG

Søndag, innedag, surt vêr, kuling og regn. Eg mislikar ikkje slike innedagar, eg kroar meg i sofaen med aviser, kryssord, bøker og sport på fjernsynet. Det same gjer Anne, som sit i godstolen og puslar med kryssord, ho og. Anne kokte bacalao til middag, og stort betre mat er ikkje å få. Såleis er det ikkje så farleg om dagen utanfor stova er grå og sur. I går kom katten til Vegard heim att, så det er lyspunkt i denne mørke årstida. Kanskje det er eit par lyspunkt i Gaza og? Iallfall er det rolegare i dag. Israelarane har tillyst våpenkvile. Kva dei no meiner med det. Håpar dei har fått eit par rifter i samvitet. Meir enn 1000 drepne palestinarar sidan offensiven begynte rett før nyttår. Det er meir enn dei norske tapa våren 1940 fram til landet kapitulerte. Dei fleste nordmenn var soldatar. Dei fleste palestinarar var sivile, mange var born og kvinner. Men døde i krig er aldri vakkert, same kva land eller kva tid det måtte vere.

lørdag 17. januar 2009

VINTER OG SNØ

Eg såg på NM på ski i dag. Det var kvite vidder og flott føre. Heime i Flekke hadde me både vinter og alle tiders skiterreng rett utanfor stovedøra. Me kunne gå på flat mark eller renne i bakkar av hjartans lyst. Og snø var det, vintrar med rikeleg med snø. Men ski? Det tok si tid før eg fekk skikkelege ski. Eg hugsar eg gjekk på tønnestavar, eller på nokre gamle, lange og tunge ski frå tidlegare generasjonars unggutar, og på arvegods etter eldre brør som heller ikkje hadde utstyr i orden heile tida. Men så ein dag eg kom heim, stod der tre par flunkande nye Åsnes-ski i gangen heime. Skinande brunblanke med glinsande bindingar. Drøymde eg? Broder Steinar, som stundom underheldt seg med å terge småbroren sin, kunne opplyse at det eine paret var til storebror Arne, det andre skulle han sjølv ha, mens det minste var til syskenbarnet vårt, Peter Kåre. Eg torde ikkje tru at han skrønte. Ikkje før mamma og papen kunne stadfeste eigarskapen. For ei lukke! Eigne Åsnes-ski! Men dei kravde sin mann. No måtte ein lære å ta seg fram på herlegheita. Det gjekk vel bra etter kvart, og me ungane i Flekke - gutar og jenter - gjekk i kveldsstunder i måneskin i lang lang rekkje bakkar opp, bakkar ned og bortetter flatene. Den som gjekk først, valde leia, og den som datt, måtte gå bakarst. Det var ikkje mykje til utfordring for meg å gå på ski til skulen. I friminuttet: Full fart opp i garabakkane og renne. Og i matpausen og kanskje i ein heil time viss Årøyen var nådig: Opp i Ovahogsbakkane, der eg sjølvsagt var lokalkjend. Eg har framleis eit par brune Åsnes treski liggjande i garasjen. Men me har ikkje snø. Ingen ting er som før, og det har det vel aldri vore heller.