tirsdag 20. januar 2009

HISTORISK DAG I WASHINGTON

Barack Hussein Obama har avlagt eiden og er formelt innsett i embetet. Millionar av amerikanarar og endå fleire millionar utanfor USA ser med begeistring fram til at denne flotte, gåverike, relativt unge mannen skal ta førarskap i verdas mektigaste land. Men ung og ung - han nærmar seg jamen femti, han og. Han kom til verda eit par veker før eg begynte på gymnaset på Sandane.
Det året hadde ein endå yngre president med ein karisma som minte om Obamas, sete som president nokre måndader: John F. Kennedy. Då han vart president, var han fire år yngre enn Obama er no. Han og hadde talegåver, såg flott ut og hadde ei uvanleg stilig kone. Men der var forskjellar: Kennedy kom frå ein pen overklassefamilie og hadde ikkje slite seg fram til posisjonen på ein slik overtydande måte som Obama har gjort. Men stort sett var me i Vest-Europa begeistra og såg optimistisk på generasjonsskiftet over there. Og Nixon, motkandidaten ved valet i 1960, var av eit gråare slag. Ikkje hauggammal , han heller, faktisk så gammal som Obama er no, og han vart visepresident åtte år før i uvanleg ung alder, knappe førti. Han stod for det etablerte og trygge, meinte så mange amerikanarar at han fekk nesten like mange røyster som Kennedy. Nesa-Karl'n heime i Flekke heldt med Nixon og tykte det var sørgjeleg at den unge jyplingen Kennedy skulle vinne.
Men Kennedy var vår mann, me som var unge og skulle arve verda. Difor kom det som eit sjokk då han vart skoten og drepen hausten 1963. Eit sjokk som ramma oss ekstra hardt, oss som gjekk i russeklasse B på engelsklinja ved Firda Gymnas og mellom anna las om amerikansk politikk. Jentene gret så tårene rann, gutane kjende og kor det stakk. Me skreiv telegram og sende til enkja Jacqeline: "We grieve with you!" Svar kom det knapt, men me tykte me gjorde det einaste rette.
Den helga skulle me til Måløy med russerevyen. Me vurderte om me heller burde sløyfe den turen, men valde å dra. I Måløy hadde det gått rykte om nett dette, mange trudde at me ikkje ville kome. Så salen var ikkje så full som me vona. Før sjølve revyen vart fyrt laus, steig revysjef Harals Kjølås fram på scenekanten og sa nokre ord om kva me følte, og korleis me hadde tenk.
I åra som har gått, har nok glansen kring den drepne presidenten bleikna litt for mange av oss. Eg vil spå at det same lett kan hende med obamamanien. Men eg vonar at Barack Hussein Obama får verke lenger enn Kennedy fekk.

1 kommentar:

  1. Vi sat på ein hybel og spelte poker då meldinga kom. Stort sjokk. Eg gjekk inn på hybelen min og skreiv eit dikt som var lese opp over intercom'en på skulen dagen etter. Rektor meinte eg burde sende det til den amerikanske ambassaden. Han sytte for det, og eg fekk takkebrev frå ambassadøren. Ein veit aldri kva Kennedy kunne ha fått til om han fekk leve. Kanskje hadde Vietnamkrigen blitt kortare? Men kanskje hadde det ikkje spelt noka rolle heller? Han var eit idol mens han levde, og ein fantastisk talar, men det kom vel først og fremst av at han hadde Ted Sorensen som taleskrivar.

    SvarSlett