fredag 25. februar 2011

PRIVATISERING OG KONKURRANSEUTSETJING, FASE FIRE: STORTINGET

Me nærmar oss lokalvala, så den neste framstøyten min for konkurranseutsetjing og privatisering kjem for seint til at me kan gjere noko særleg med dei. Men me kan fokusere på saka i den komande valkampen og bane vegen for den neste. Stortingsvalet. Adecco – eg skreiv nesten adeccoligaen, for ein liga må det vere – har vist oss vegen. Her er mange kjellarar, garasjar og tilfluktsrom der me han late arbeidarane slappe av ein time eller to før neste økt. Dei har og skapt eit genialt system der arbeidarane betaler firmaet for å arbeide, ikkje omvendt, slik me er vane med.
   Men så til neste framstøyt: Privatisering av politiske organ, Storting, fylkesting, kommunestyre og slikt. Eg ser for meg at me skal begynne med Stortinget. Tykkjer me at dei 169 godt betalte og høgt pensjonerte representantane gjer like for seg? Nei, her må det vere råd å leggje ut ein skikkeleg anbodsrunde, gjerne i heile EØS-området. Dessutan slepp me ein slitsam og dyr valkamp. Eg ser ikkje heilt klart for meg detaljane enno, men ein felles entreprise kan truleg gje oss ei mykje billigare og mykje betre teneste. Dersom anbodsvinnaren skjer ned til beinet og lurer folket til å arbeide tredoble skift eller noko slikt, kan det kanskje klare seg med førti-femti representantar. Og så må dei betale litt meir enn løna si tilbake til firmaet, for det skal jo tenast pengar på tiltaket. Tilbydarane må sjølvsagt fordele dei på ulike parti slik at det vert litt futt i debattane. Me må ha posisjons- og opposisjonsparti, det har me tradisjon for. Det er eit rimeleg krav at karane må gå med slips og kvinnene i tekkelege kjolar.
   Forresten: Under stortingsbygningen er det ein stor garasje. Der er det sikkert plass til å hive inn nokre senger i ein krok så dei nye representantane kan ta ein liten strekk mellom øktene. Det vert spennande om det vert Adecco eller eit selskap frå Sicilia som får tilslaget, der pris, kvalitet og fagre ord i anbodet er skikkeleg avstemte.
   Eg vil forresten ha ein liten prosent av overskotet, sidan det er eg som har lansert ideen.

torsdag 24. februar 2011

PRIVATISERING, FASE TRE: LOOK TO USA

Eg vil framleis presentere gode råd til dei politikarane som slåst for privatiserings- og konkurranseutsetjing, slik fleirtalskoalisjonen i våre to største byar gjer og har gjort i årevis. Me må ikkje late oss stanse av avsløringane som NRK har gjort av slaveliknande tilstandar for arbeidsstokken ved adecco-sjukeheimane i Oslo.
   Det er mykje som står att enno av offentleg styre og stell, så me har nok å ta tak i. Forsvaret er ein sjølvsagd arena. Då amerikanarane gjekk til krig mot Irak for snart åtte år sidan, vart mange kostbare og lukrative brikker i det store spelet overlate til private firma. Det er på tusenvis av tungt væpna private vakter i Irak, betalte av amerikanske private vaktselskap, som igjen får si velfortente løn av amerikanske skattebetalarar. Eit anna døme var og er Halliburton, eitt av dei konserna som fekk milliardkontraktar av Pentagon for å følgje invasjonsstyrkane med ymse forsyningar i form av varer og tenester. To menn hadde sete tungt inne i styreverv og eigarposisjonar i firmaet: visepresident og høgre hand for G.W. Bush, Dick Cheney og forsvarsminister Donald Rumsfeld. Eg har ikkje sagt at dei misbrukte verva sine for å tene nokre lusne milliardar, det må me ikkje tru, for det har dei sjølve avsanna. Heller ikkje at tanken bak invasjonen var å tene nokre dollars.
   No gløymer eg nesten norsk politikk. Men look to Uniten og lær av onkel Sam! Me må tenkje stort og setje norsk militærverksemd ut på anbod. (Forresten gløymde Cheney og Rumsfeld å leggje kontraktane ut på anbod, det hasta slik for dei at dei berre henta inn Halliburton, som sat klar med forsyningstenestene det var bruk for). Me veit at det finst mykje godt privat iniativ som kan rykkje inn og skyte minst like presist og billig som soldatane våre i dag. Då kan forsvarsministeren vår sleppe å bli møtt med nasevise spørsmål frå journalistar viss det oppstår tvil om tiltaka, ho kan svare at dette er det militærforetaket som må svare på, dei må løyse sakene sine sjølve, ho har ikkje ansvar, berre syter for at den som byr lågast får anbodet. Viss politikarane følgjer rådet mitt, kan snart yankeeane looke to Norway igjen.
   Og har me ikkje to gilde gutar i fengsel i Kongo som kan kjøpast heim og overta til dømes rolla til forsvarssjefen og generalinspektøren i hæren? Dei veit mykje meir om sakene enn eg og du, kjære lesar.

onsdag 23. februar 2011

PRIVATISERING, FASE TO

No når privatiseringsiveren av sjukeheimstenester i hovudstaden og andre stader er kome under press og skandalisert, må me slå tilbake på andre frontar. I går skreiv eg om å konkurranseutsetje lærarjobbar. Det har tydelegvis falle i god jord, for eg har ikkje teke imot ein einaste protest. Men kanskje me skal gå varsamt fram? Eg ser for meg at me kan ta ut nokre høvelege oppgåver og sende ut på anbod. Fylket vårt - arbeidsgjevaren min sidan 1973 - gjer det meir og meir. No skal all organisering av tenestereiser ut på anbod. Det skal verte slutt på at eg reiser som eg sjølv vil viss eg skal på kurs, ekskursjon eller møte, eg skal vende meg til det reisebyrået som fylket plukkar ut. Eg får ikkje gå på reisebyrået på Husnes og sitje i ein godstol mens me drøser om opplegget. Eg bør ikkje lenger tinge billigbillettar på Norwegian til meg sjølv og elevane mine om det skulle kome på tale med ein slik oslotur som me var på i haust. Kanskje like greitt, eg sparer meg for styr og strev, kanskje vert det for dyrt for elevane og skulen, så eg sparer meg for heile ekskursjonen.
   No ser eg at delar av jobben min vert så vanskjøtta at det er like godt at dei funksjonane vert konkurranseutsette og privatiserte. Då  tenkjer eg på vurderingsbiten. Vurdering er som fortalt i går det nye satsingsområdet, vurderingane skal verte betre, altså er dei for dårlege trass i mine snart trettiåtte år som lærar i vidaregåande skule. Nei, kjære fleirtalsgruppering i fylkestinget, skjer igjennom og privatiser dette, kutt det ut or arbeidet til oss udugelege lærarar og set det ut på anbod! Det er dessutan den trasige delen av arbeidet mitt, eg likar best å tråkle i hop undervisningsopplegg, greie ut om slikt eg har greie på og snakke med elevane om det.  Prøver, stilar, ymse heimearbeid og karaktersetjing er eit heft og eit herk. Eg kan godt undervise meir viss ein anbodsvinnar kjem inn og ordnar med vurderingsbiten, ein som forstår kodane til Direktoratet.
   Og elevane vert fornøgde, for den som no skal setje karakterane, må sjølvsagt leggje inn som siktemål og premiss i anbodet sitt at dårlege karakterar skal vekk.
   Viss me lukkast med dette, vert neste steg i privatiseringa at me konkurranseutset eksamen. Helst med utlysing i heile EØS-området.

tirsdag 22. februar 2011

PRIVATISERING, FASE EIN

No vil eg inn i politikken. Men først må eg minne om at eg framleis er lærar, at det er noko som heiter Kunnskapsløftet som stiller nye krav til lærarane, skulane og skuleeigarane om mangt og mykje som ikkje handlar om kunnskap, og at fylket vårt vil premiere dei flinke lærarane og meiner at det ikkje skal verte nokon kunst å sortere ut dei. Så då skal me kutte ut alt som heiter samarbeid, men konkurrere oss imellom om gunsten og velviljen til elevane. Då er det karakterane me må gjere noko med, og di betre karakterar, di meir fornøgde elevar, di mindre klager, for ikkje å snakke om saksøking. Derfor må me passe oss vel for å gje karakterar under fem, til dømes. Til nød ein firar til den største unnasluntraren i klassen. Men berre dersom me veit at foreldra ikkje er såpass bemidla og oppegåande at dei vil saksøkje oss.
   Då har me i tillegg funne ut av det som skal vere eit prioritert satsingsområde i til dømes Hordaland fylkeskommune: betre vurderingspraksis. Viss den skal verte betre, tyder det på at den gamle prasisen ikkje var særleg bra. Me underviste godt, men me vurderte dårleg. Me risikerte, fekk me fortalt, at foreldra med dei  feitaste lommebøkene kom på skulen med høgt gasjerte advokatar og ville vite korfor djevleungen ikkje hadde fått betre enn fire i standpunktkarakter endå rakkaren stort sett kunne lese og skrive namnet sitt viss han fekk bruke datamaskin. Her måtte me dokumentere i detalj at den håpefulle hadde fått alle tenkjelege sjansar til å nå alle tenkjelege mål i læreplanen når det passa krapylet å verte prøvd på ein måte som var tilrettelagd etter krava i opplæringslova om individuell tilrettelegging.
   Så var det det med privatisering. Fram til eg om godt og vel eit år trekkjer meg tilbake som heiltids pensjonist, skal eg gå hardt inn for den privatpraktiserande læraren som leverer anbod på utlysing der skulen vil ha den billigaste læraren som gjev dei  beste karakterane. Me kan lett tenkje oss modellen: timeløn dividert med gjennomsnittskarakteren i klassen. Den som då kjem ut med lågaste faktoren, vinn anbodet. Så enkelt, så effektivt.
   Når eg vert pensjonist, skal eg år om anna ta del i  desse anbodsrundane og prøve ut teorien i praksis. Til så lenge skal eg selje ideen til dei politikarane som vil ha meir konkurranse blant lærarane og meir privatisering. Hugs at det er lokalval til hausten!

mandag 21. februar 2011

BURSDAGAR


Dei flagga på Kvinnherad vidaregåande skule i dag. Ikkje alle kjende til grunnen for det og spurde meg, som går der som ein sjuande far i huset og har vore på skulen i uminnelege tider. Eg sa at det var på grunn av bursdagar, mellom andre var barnebarnet mitt sju år i dag. Ikkje alle skjønar at eg er ein tullebukk og lurte på om dei skulle tru meg.
   Men Frida Karoline har feira, og sju år har gått sidan den nybakte papen hennar ringde og forkynte den glade bodskapen, la telefonen ned til den vesle munnen og lét den lukkelege bestefaren høyre nokre små gryntelydar.
   At monarken vår òg har bursdag på denne dagen, kjem heilt i skuggen, sjølv om det kanskje var han dei heiste flagg for i dag både på skulen vår og mange andre stader. Men det er Frida sin dag!

søndag 20. februar 2011

ONOMATOPOIETIKON

I alle språk (trur eg, eg har ikkje vore borti alle dei seks tusen språka i verda) er det ein del ord som hermer etter lydar som har å gjere med det som ordet står for. Litt pussig er det likevel at folk i ulike land oppfattar lydane ulikt og har ulike ord for det som me skulle tru var den same lyden. Norske hanar seier kykeliky, til dømes, men franske hanar seier cocorico.
   I sommar var me innom Dresden, og der gjekk eg forbi eit apotek. Eg kom på at Anne heldt meg ansvarleg for å ha halde henne vaken mest heile natta, og ho heldt det for sannsynleg at dei andre teltarane på campingplassen sikkert hadde sove dårleg òg. Så eg gjekk inn på apoteket og ville ha eit middel mot snorking. Men kva heiter vel snorking på tysk? Ikkje visste eg, så eg drog ein snorkelyd som eg meinte ho burde forstå. "Ah, gegen Schnupfen," sa ho, og eg nikka og trudde ho forstod. I etterkant viste det seg at det ordet tyder snufsing, ho trudde vel at eg var forkjølt. Endå eg prøvde å lage ein svært sterk og tydeleg snorkelyd. Trøyste oss for tyskarane, viss dei lagar slike lydar når dei snufsar!
   Nei, tyskarane, dei schnarchen. Franskmennene må ronfler. Engelskmennene snore. Italienarane plar russare eller ronflare, mens spanjolane likar å roncar. Eg tykkjer at me og franskmennene er dei som får best til å etterlikne lyden når me skal snakke om han, til dømes forklare fenomenet for ein apotekar. Ja, det italienske alternativ to er òg bra, der er dei nesten samde med franskmennene. Me har forresten eit ord til, å ryte, som òg gjev eit sant inntrykk av ulyden.
   Sist fredag var eg på Haugesund sjukehus og fekk ei ublid behandling for å minske rabalderet eg er skulda for. Dokteren, ei tilsynelatande hyggjeleg ung dame, stakk først nåler inn i kjeften og sprøytte inn giftstoff som lamma palatum molle. Deretter sende ho inn radiofrekvensbølgjer, ikkje for at eg skulle få ta inn Radio Luxembourg direkte, men for å skade strukturen inst der inne i kjeften i von om at det skal danne seg arrvev som stivar opp dette blaute partiet inst i ganeseglet.
   No går eg rundt med sårt og raudt svelg og opphovna drøvel. Både i går natt og i natt snorka eg som aldri før og måtte evakuere inn på eit anna rom. Men dokteren påstår at det først blir verre, så betre.
   Håpar ho, håpar Anne, håpar eg.

onsdag 16. februar 2011

TØFFE PENSJONISTDAGAR

For tjueåtte år sidan bygde me oss hus. Me stod på, tidleg og seint, både mora, faren og dei tre ungane våre, ein stor, ein liten og ein midt imellom. Dei tre gutane gjekk på skule, i barnehage og på lut (faxelut?) og kaldt vatn mens mamma og pappa skjøtta sine jobbar om dagen og dreiv på i det som skulle verte nytt hus om ettermiddagen og kvelden. Me sparkla og måla, tapetserte og snikkerte, pussa og spikra. Her vart mykje trekvitt, og det skulle få vere trekvitt etter den tids mote. Treverket fekk ein omgang med grønsåpe og faxelut. Veggene av trefiberplater fekk for det meste strie eller vanleg tapet.
   Gjennom åra har det skjedd litt her, litt der med det opphavlege. Men mykje er som det var for tjueåtte år sidan. Til dømes er alle vindauge i heile huset og dørene i første etasje framleis ubehandla furu, som rett nok ein gong i tida fekk litt lut på seg. Dessutan panelte me det som før var soverommet i første etasje med vakker, brei  liggjande furupanel og opna opp rommet mot stova.
   No meiner kvinna i huset at det er på tide å friske opp ein del av dette treverket. Kvitt skal det verte, rettare sagt: magnolia. Magnolia er ein vakker eksotisk blome, ikkje heilt kvit, men mange sortar er noko i den duren. No må det seiast at veggene i den indre delen av stova allereie har fått magnoliafarge, av ferdigmåla huntonittplater som me har spikra opp for eit par år sidan, og som gjev oss eit falskt inntrykk av ståande panel. Skorsteinen og brannmuren har fått den same fargen, det same har dørene på kjøkkenskåpa.
   Så no går pensjonistdagane mine (måndagar og onsdagar) til pussing, flikking og måling.  Det er eit pirkearbeid som sikkert passar for pensjonistar. Døra og vindaugskarmane i karnappet er allereie i hamskiftet. Meir skal det verte. Her er fleire vindauge, og så skal  veggene i spisestova til pers, har eg skjønt.
   Men i morgon er eg ikkje pensjonist.  Då er det meir eller mindre lærevillige tenåringar, fransk, historie og samfunnskunnskap som står på programmet.  

torsdag 10. februar 2011

MAGNETISK LYD

Bror Steinar kjøpte ein av desse nymotens bandspelarane for snart femti år sidan. Det var eit mirakel, han kunne ta opp stemmene våre så me fekk høyre korleis me snakka, og me oppdaga at den stemma andre høyrer, ikkje er nett lik den du høyrer sjølv frå din eigen munn. Han kunne kople spelaren til den nye radioen vår og ta opp musikk, ja, me kunne på det viset høyre opp att og om att den slageren me likte best i augneblinken.
   Så budde eg på hybel i Bergen med mellom andre Anders, og han sveid av ein bra snutt av studielånet og kjøpte seg lydbandspelar. Den hadde me mykje glede av. Mellom anna sat han og eg for førtito år sidan ein sein kveld i Lægdene og moroa oss med å lage eit reportasjeprogram om jubilanten Anders i høve tjuetoårsdagen (!) hans, der han no sat på gamleheimen og såg tilbake på eit uvanleg innhaldsrikt liv. Sjølve tykte me at me var løgne.
   For snart trettiåtte år sidan hamna eg på noko dei kalla gymnasklassane i  Kvinnherad. Ei av dei  rause investeringane som nyleg var teken, var innkjøp av to Tandberg lydbandspelarar. Den eine er nok forlengst skrota. Men den andre eksisterer, ein kollega overtok han då me rydda og raserte mykje gammalt før oppussinga av skulen skulle iverksetjast for snart to år sidan.
   No står det antikke Tandberg-vidunderet oppe på hemsen vår. Eg har nemleg lånt med meg det uerstattelege bandopptaket frå tjuetoårsfeiringa til Anders og etlar meg til å overføre det til datamaskinen og deretter til ei CD-plate. Så i dag fekk eg utlevert lydbandspelaren med ein tom spole, klar til dyst. Eg sette i gang, men akk oh ve, den herlege lydbandspelaren frå gamle Vebjørn Tandberg sin verdskjende fabrikk er ikkje heilt som han var. Han fuskar med lyden, rett og slett. Eg trur det er ei kopling eller to inni maskinen som sviktar litt. Likevel: Eg fekk ut ein nesten brukbar kopi av bandet til Anders.
   Og så har eg liggjande nokre spolar som bror Steinar eig.  Dei tok eg med meg for mange år sidan for å kopiere dei over på kassettar. Det gjekk skeis. Men kanskje dei vil late seg digitalisere?
   Viss han gamle Tandberg vil, då.

onsdag 9. februar 2011

CORNELIS

Han var ikkje frå Fresvik utanfor Vik i Sogn, sjølv om han var galen nok til å kunne ha vore sogning. Nei, Cornelis Vreeswijk var frå Ijmuiden i Nederland og kom til Sverige som tolvåring. Når eg høyrer han syngje, kjem eg nesten i feriestemning, for me har ei plate med eit utval av visene hans som me stappar inn i spelaren og høyrer på når me køyrer på sommartur. Dessutan har me med oss nokre plater med ei herleg blanding av gamle og nye svisker som me set på og kanskje trallar med når me krusar gjennom sommarlandet på veg til det europeiske kontinentet.
   Men altså: I kveld var me og såg filmen om Cornelis. Det var ei sterk og fengslande stund. Hans-Erik Dyvik Husby ("Hank von Helvete") er nifst lik rollefiguren sin, har same stemma og same figuren, og livsstilen hans ein lang periode har nok fellestrekk med livet til Cornelis.
   Me besteborgarar som har levd eit passeleg afireliv, har godt av å lytte litt til Cornelis. Og trass alt går eg òg stundom med trasiga skor. 

   

tirsdag 8. februar 2011

STOVEGRIS

Det er berre å tilstå. Eg er vorten ein stovegris. Ved nyttår tenkte eg som så at når berre snøen forsvinn, skal eg kome meg ut kvar bidige dag ei stund, kanskje begynne litt lett jogging, eller i det minste spasere ein tur. Om det ikkje nett var eit formelt formulert nyttårsforsett, var det like i nærleiken. Men på den tida var det så glatt og fælt på vegane og blautsnø eller isete stiar i skogen, så det var ikkje særleg tillokkande. No er vegane berre og greie både for gange og jogging, og ikkje har det regna særleg verken i dag eller i går. Så for den del burde eg lett ha kome meg ut.
   Men nei. Etter skuletid og middag var det så herleg å strekkje seg i sofaen at alt anna vart utsett og gløymt. Ja, eg sov søtt og tungt - eg veit ikkje kor lenge. Og før eg fekk tenkt meg om, foreslo Anne ein kopp kaffi. Dermed var det gjort. Så begynte fjernsynet å lokke med førkveld, vestlandsrevy og dagsrevy, avisene måtte finlesast, epost og andre nyhende på pc'en laut sjekkast, og før me visste ordet av det, sat me og åt kvelds, sette på ein dvd-film (ingen ringare enn den svenske politimannen Martin Beck), og no sit eg og skriv med dårleg samvit.
   Trass alt: Eg fekk nedpå ein liten blogg i dag òg. God natt!

mandag 7. februar 2011

FEBRUAR MELLOM TVIL OG TRU

Me har hatt den vinteren me har hatt bruk for i år. Det tykkjer både konemor og eg. Det er slutt på den tida ein jubla for dei første snøfillene, grov fram ski og kjelke og sørgde når dei siste kvite flekkene vart omskapte til skit og søle og rann sin veg.
   Om me ser vekk frå fjoråret og denne vinteren, har me som regel hatt flust opp med vårteikn her på Eikeland på denne tida. I dei beste åra har dei  aller første snøklokkene blenkt imot oss tidleg i februar. Og krokusane har ikkje vore mykje seinare. No går eg kring huset og glor etter vårteikn som ikkje finst. Rett nok ser eg i  dei første toppane på ein del av løkblomane våre, og det er tydeleg at snøklokkene har tenkt å spire i år og. Men eg må leite lenge for å få auge på til dømes tulipanspirer. Ofte har dei vore desimeteren og vel så det over molda ved juletider. Kjem ikkje våren snart, tru? Vel, me har berre den sjuande februar i dag. Me risikerer mykje vinter framleis. Som i fjor. Asj!
   Men no er trass alt snøen vekke her heime. Det var han ikkje på strekninga Mundheim-Venjaneset då me var til by'n i helga. Over Hålandsdalen var det full vinter. Høge snøkantar og kvitt på alle bøar og bakkar. Is på vatna. Ikkje rart at skiskytejentene har hatt gode kår der oppe. Kva skulle dei elles finne på om vintrane? Skyte hare? Sitje inne ved omnen og lese Romantikk?
   Vel, her er det tøya forlengst. Kanskje me er kvitt den verste vinteren? Eg trur me nærmar oss tida for snøklokker, krokus og vår. Noko skal me ha å sjå fram til. Og tru på.
  

søndag 6. februar 2011

TILBAKE TIL KVARDAGEN

Det kjennest nesten som om me har vore vekke i vekevis. Me drog til Bergen onsdag, sjekka inn på hotell Terminus og budde der to dagar, rettare sagt: netter. Fredag ettermiddag for me til Lysefjorden i Os og vitja våre gamle, gode vener Sunniva og Anders, og i ettermiddag kom me heim til kaldt hus, fyrte og fyrte, og fann smått om senn vegen tilbake til dagleglivet vårt.
   Den formelle grunnen til byopphaldet var todelt. Eg var der i embets medfør, og  Anne var med meg som moralsk og sosial  støtte. Fase ein: Eg og nokre fleire kollegaer var på ekskursjon med ein flokk elevar. Dei var først på teateret onsdag kveld. (Anne og eg kutta ut det, me hadde sett La cage aux Folles før jul). Torsdag var me på historieekskursjon på Bryggen, Håkonshallen og Rosenkranztårnet. Så sende me elevane heim torsdag ettermiddag og kunne puste ut. Fredag var den årlege fagleg-pedagogiske dagen i Bergen, der universitetet og andre institusjonar stiller opp og byr på fagleg påfyll for kunnskapshugrande lærarar. Eg kan stolt berette at eg i år fekk med meg fem timar i strekk med forelesingar, og eg pendla mellom jussbygget og Raftohuset for å rekke dei leksjonane eg ønskte. Anne stilte opp på to av dei, og då trur eg ho kom nokså nær snittet for somme av kollegaene mine.
   Så endeleg, utpå ettermiddagen fredag, var me på plass i stova hos Sunniva og Anders. Og no er me her igjen. Neste utflukt vert ein trondheimstur om knappe tre veker. Då er det born og barneborn som skal vitjast.

tirsdag 1. februar 2011

REVOLUSJONENS RØST

Me ventar med spenning på det som hender i Egypt. Eit autoritært styre står ved randa av stupet. Eitt av mange store spørsmål er kva som kan kome i staden. Og kva med framtida til dette fattige, rasande egyptiske folket? Ein vellukka revolusjon er eit sjeldsynt fenomen , og dei fleste revolusjonane har ført med seg mykje smerte, vonbrot og lidingar. Ja visst gör det ont när knoppar brister, seier svenskane. Me får aldri svar på om det ville vore betre om slike fryktelege omveltingar som verda har sett fleire døme på, hadde vore unngått. Den franske. Den russiske. Den kinesiske. Kolonifrigjeringar. Me ser at det var ille før revolusjonane. Me ser at det var gode grunnar for raseriet hos folka som reiste seg. Men ikkje ein gong historikarane kan svare på om dei samfunna kunne ha fått ei meir menneskevenleg utvikling om revolusjonane ikkje hadde brote ut..
   Så veit me at ein del dramatiske omveltingar har fått ein lukkeleg utgang. Noko av det mest utrulege var då austblokka kasta av seg åket for godt og vel tjue år sidan. Fredeleg, frodig og verdig. Våre små norske opprør i 1814, 1884 og 1905 var pyntelege sundagsskulefestar. Men den første var ikkje heilt problemfri på kort sikt. Dei første åra etter 1814 var tunge og tronge før framgangen melde seg. Opprøret i 1814 var forresten ikkje eit breitt folkeleg opprør og heilt ueigna som samanlikningsgrunnlag når me tenkjer på dagens Egypt.
   I mai 1964 skreiv eg sidemålsstil til eksamen artium om diktet "Revolusjonens røst" av Rudolf Nilsen. I siste del av oppgåva spurde dei om diktet hadde nokon relevans i vår tid. Der fekk eg eit problem, og eg løyste det med at me i vårt land hadde det så fortreffeleg at det ikkje var aktuelt med noka samfunnsomvelting slik han Rudolf tenkte seg då han skreiv diktet midt på nitten tjue-talet. Men viss eg hugsar rett, skreiv eg noko slikt som at einskildmenneske hadde stundom bruk for sin eigen vesle "indre revolusjon", for me var på ingen måte fullkomne som menneske.
   Truleg er det litt seint for Mubarak i  Egypt å tenkje slik.