tirsdag 8. februar 2011

STOVEGRIS

Det er berre å tilstå. Eg er vorten ein stovegris. Ved nyttår tenkte eg som så at når berre snøen forsvinn, skal eg kome meg ut kvar bidige dag ei stund, kanskje begynne litt lett jogging, eller i det minste spasere ein tur. Om det ikkje nett var eit formelt formulert nyttårsforsett, var det like i nærleiken. Men på den tida var det så glatt og fælt på vegane og blautsnø eller isete stiar i skogen, så det var ikkje særleg tillokkande. No er vegane berre og greie både for gange og jogging, og ikkje har det regna særleg verken i dag eller i går. Så for den del burde eg lett ha kome meg ut.
   Men nei. Etter skuletid og middag var det så herleg å strekkje seg i sofaen at alt anna vart utsett og gløymt. Ja, eg sov søtt og tungt - eg veit ikkje kor lenge. Og før eg fekk tenkt meg om, foreslo Anne ein kopp kaffi. Dermed var det gjort. Så begynte fjernsynet å lokke med førkveld, vestlandsrevy og dagsrevy, avisene måtte finlesast, epost og andre nyhende på pc'en laut sjekkast, og før me visste ordet av det, sat me og åt kvelds, sette på ein dvd-film (ingen ringare enn den svenske politimannen Martin Beck), og no sit eg og skriv med dårleg samvit.
   Trass alt: Eg fekk nedpå ein liten blogg i dag òg. God natt!

2 kommentarer:

  1. Ja, det er ille kor lat ein kan bli. Løysinga kjem nok når du rundar pensjonsalderen. Då vert det travelt...

    SvarSlett
  2. Ja, det spørst om eg kan risikere noko slikt. Eg er sikkert for lat til å verte pensjonist på heiltid.

    SvarSlett