torsdag 24. februar 2011

PRIVATISERING, FASE TRE: LOOK TO USA

Eg vil framleis presentere gode råd til dei politikarane som slåst for privatiserings- og konkurranseutsetjing, slik fleirtalskoalisjonen i våre to største byar gjer og har gjort i årevis. Me må ikkje late oss stanse av avsløringane som NRK har gjort av slaveliknande tilstandar for arbeidsstokken ved adecco-sjukeheimane i Oslo.
   Det er mykje som står att enno av offentleg styre og stell, så me har nok å ta tak i. Forsvaret er ein sjølvsagd arena. Då amerikanarane gjekk til krig mot Irak for snart åtte år sidan, vart mange kostbare og lukrative brikker i det store spelet overlate til private firma. Det er på tusenvis av tungt væpna private vakter i Irak, betalte av amerikanske private vaktselskap, som igjen får si velfortente løn av amerikanske skattebetalarar. Eit anna døme var og er Halliburton, eitt av dei konserna som fekk milliardkontraktar av Pentagon for å følgje invasjonsstyrkane med ymse forsyningar i form av varer og tenester. To menn hadde sete tungt inne i styreverv og eigarposisjonar i firmaet: visepresident og høgre hand for G.W. Bush, Dick Cheney og forsvarsminister Donald Rumsfeld. Eg har ikkje sagt at dei misbrukte verva sine for å tene nokre lusne milliardar, det må me ikkje tru, for det har dei sjølve avsanna. Heller ikkje at tanken bak invasjonen var å tene nokre dollars.
   No gløymer eg nesten norsk politikk. Men look to Uniten og lær av onkel Sam! Me må tenkje stort og setje norsk militærverksemd ut på anbod. (Forresten gløymde Cheney og Rumsfeld å leggje kontraktane ut på anbod, det hasta slik for dei at dei berre henta inn Halliburton, som sat klar med forsyningstenestene det var bruk for). Me veit at det finst mykje godt privat iniativ som kan rykkje inn og skyte minst like presist og billig som soldatane våre i dag. Då kan forsvarsministeren vår sleppe å bli møtt med nasevise spørsmål frå journalistar viss det oppstår tvil om tiltaka, ho kan svare at dette er det militærforetaket som må svare på, dei må løyse sakene sine sjølve, ho har ikkje ansvar, berre syter for at den som byr lågast får anbodet. Viss politikarane følgjer rådet mitt, kan snart yankeeane looke to Norway igjen.
   Og har me ikkje to gilde gutar i fengsel i Kongo som kan kjøpast heim og overta til dømes rolla til forsvarssjefen og generalinspektøren i hæren? Dei veit mykje meir om sakene enn eg og du, kjære lesar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar