søndag 20. februar 2011

ONOMATOPOIETIKON

I alle språk (trur eg, eg har ikkje vore borti alle dei seks tusen språka i verda) er det ein del ord som hermer etter lydar som har å gjere med det som ordet står for. Litt pussig er det likevel at folk i ulike land oppfattar lydane ulikt og har ulike ord for det som me skulle tru var den same lyden. Norske hanar seier kykeliky, til dømes, men franske hanar seier cocorico.
   I sommar var me innom Dresden, og der gjekk eg forbi eit apotek. Eg kom på at Anne heldt meg ansvarleg for å ha halde henne vaken mest heile natta, og ho heldt det for sannsynleg at dei andre teltarane på campingplassen sikkert hadde sove dårleg òg. Så eg gjekk inn på apoteket og ville ha eit middel mot snorking. Men kva heiter vel snorking på tysk? Ikkje visste eg, så eg drog ein snorkelyd som eg meinte ho burde forstå. "Ah, gegen Schnupfen," sa ho, og eg nikka og trudde ho forstod. I etterkant viste det seg at det ordet tyder snufsing, ho trudde vel at eg var forkjølt. Endå eg prøvde å lage ein svært sterk og tydeleg snorkelyd. Trøyste oss for tyskarane, viss dei lagar slike lydar når dei snufsar!
   Nei, tyskarane, dei schnarchen. Franskmennene må ronfler. Engelskmennene snore. Italienarane plar russare eller ronflare, mens spanjolane likar å roncar. Eg tykkjer at me og franskmennene er dei som får best til å etterlikne lyden når me skal snakke om han, til dømes forklare fenomenet for ein apotekar. Ja, det italienske alternativ to er òg bra, der er dei nesten samde med franskmennene. Me har forresten eit ord til, å ryte, som òg gjev eit sant inntrykk av ulyden.
   Sist fredag var eg på Haugesund sjukehus og fekk ei ublid behandling for å minske rabalderet eg er skulda for. Dokteren, ei tilsynelatande hyggjeleg ung dame, stakk først nåler inn i kjeften og sprøytte inn giftstoff som lamma palatum molle. Deretter sende ho inn radiofrekvensbølgjer, ikkje for at eg skulle få ta inn Radio Luxembourg direkte, men for å skade strukturen inst der inne i kjeften i von om at det skal danne seg arrvev som stivar opp dette blaute partiet inst i ganeseglet.
   No går eg rundt med sårt og raudt svelg og opphovna drøvel. Både i går natt og i natt snorka eg som aldri før og måtte evakuere inn på eit anna rom. Men dokteren påstår at det først blir verre, så betre.
   Håpar ho, håpar Anne, håpar eg.

3 kommentarer:

  1. Ille at du er blitt mishandla på dette viset.
    Ei anna og like trivleg løysing på ei slik utfordring, er å snikra seg eit eige soverom. Eit som berre er ditt.Då kan ein snorka (eller kva det no heiter) i fred.
    Så kan ein lista seg rundt til andres soverom nattestid, om det skulle høva seg slik.

    SvarSlett
  2. Ein spennande tanke. Spesielt det med nattleg listing. Men så var det desse utfluktene vår, då.Til helga skal me til Trondheim, og Rune har dessverre ikkje fleire rom. Skal eg snikre eitt? Og kva skal eg gjere når me fer til Paris før påske?

    SvarSlett
  3. Tja, i Paris treng ein ikkje snorke bort tida...

    SvarSlett