onsdag 23. februar 2011

PRIVATISERING, FASE TO

No når privatiseringsiveren av sjukeheimstenester i hovudstaden og andre stader er kome under press og skandalisert, må me slå tilbake på andre frontar. I går skreiv eg om å konkurranseutsetje lærarjobbar. Det har tydelegvis falle i god jord, for eg har ikkje teke imot ein einaste protest. Men kanskje me skal gå varsamt fram? Eg ser for meg at me kan ta ut nokre høvelege oppgåver og sende ut på anbod. Fylket vårt - arbeidsgjevaren min sidan 1973 - gjer det meir og meir. No skal all organisering av tenestereiser ut på anbod. Det skal verte slutt på at eg reiser som eg sjølv vil viss eg skal på kurs, ekskursjon eller møte, eg skal vende meg til det reisebyrået som fylket plukkar ut. Eg får ikkje gå på reisebyrået på Husnes og sitje i ein godstol mens me drøser om opplegget. Eg bør ikkje lenger tinge billigbillettar på Norwegian til meg sjølv og elevane mine om det skulle kome på tale med ein slik oslotur som me var på i haust. Kanskje like greitt, eg sparer meg for styr og strev, kanskje vert det for dyrt for elevane og skulen, så eg sparer meg for heile ekskursjonen.
   No ser eg at delar av jobben min vert så vanskjøtta at det er like godt at dei funksjonane vert konkurranseutsette og privatiserte. Då  tenkjer eg på vurderingsbiten. Vurdering er som fortalt i går det nye satsingsområdet, vurderingane skal verte betre, altså er dei for dårlege trass i mine snart trettiåtte år som lærar i vidaregåande skule. Nei, kjære fleirtalsgruppering i fylkestinget, skjer igjennom og privatiser dette, kutt det ut or arbeidet til oss udugelege lærarar og set det ut på anbod! Det er dessutan den trasige delen av arbeidet mitt, eg likar best å tråkle i hop undervisningsopplegg, greie ut om slikt eg har greie på og snakke med elevane om det.  Prøver, stilar, ymse heimearbeid og karaktersetjing er eit heft og eit herk. Eg kan godt undervise meir viss ein anbodsvinnar kjem inn og ordnar med vurderingsbiten, ein som forstår kodane til Direktoratet.
   Og elevane vert fornøgde, for den som no skal setje karakterane, må sjølvsagt leggje inn som siktemål og premiss i anbodet sitt at dårlege karakterar skal vekk.
   Viss me lukkast med dette, vert neste steg i privatiseringa at me konkurranseutset eksamen. Helst med utlysing i heile EØS-området.

2 kommentarer:

  1. Eg er overraska. Lite visste eg om at du i så stor grad går inn for privatisering. No syns eg du må roa deg litt...

    SvarSlett
  2. Nei, me kan ikkje stanse her.

    SvarSlett