torsdag 10. februar 2011

MAGNETISK LYD

Bror Steinar kjøpte ein av desse nymotens bandspelarane for snart femti år sidan. Det var eit mirakel, han kunne ta opp stemmene våre så me fekk høyre korleis me snakka, og me oppdaga at den stemma andre høyrer, ikkje er nett lik den du høyrer sjølv frå din eigen munn. Han kunne kople spelaren til den nye radioen vår og ta opp musikk, ja, me kunne på det viset høyre opp att og om att den slageren me likte best i augneblinken.
   Så budde eg på hybel i Bergen med mellom andre Anders, og han sveid av ein bra snutt av studielånet og kjøpte seg lydbandspelar. Den hadde me mykje glede av. Mellom anna sat han og eg for førtito år sidan ein sein kveld i Lægdene og moroa oss med å lage eit reportasjeprogram om jubilanten Anders i høve tjuetoårsdagen (!) hans, der han no sat på gamleheimen og såg tilbake på eit uvanleg innhaldsrikt liv. Sjølve tykte me at me var løgne.
   For snart trettiåtte år sidan hamna eg på noko dei kalla gymnasklassane i  Kvinnherad. Ei av dei  rause investeringane som nyleg var teken, var innkjøp av to Tandberg lydbandspelarar. Den eine er nok forlengst skrota. Men den andre eksisterer, ein kollega overtok han då me rydda og raserte mykje gammalt før oppussinga av skulen skulle iverksetjast for snart to år sidan.
   No står det antikke Tandberg-vidunderet oppe på hemsen vår. Eg har nemleg lånt med meg det uerstattelege bandopptaket frå tjuetoårsfeiringa til Anders og etlar meg til å overføre det til datamaskinen og deretter til ei CD-plate. Så i dag fekk eg utlevert lydbandspelaren med ein tom spole, klar til dyst. Eg sette i gang, men akk oh ve, den herlege lydbandspelaren frå gamle Vebjørn Tandberg sin verdskjende fabrikk er ikkje heilt som han var. Han fuskar med lyden, rett og slett. Eg trur det er ei kopling eller to inni maskinen som sviktar litt. Likevel: Eg fekk ut ein nesten brukbar kopi av bandet til Anders.
   Og så har eg liggjande nokre spolar som bror Steinar eig.  Dei tok eg med meg for mange år sidan for å kopiere dei over på kassettar. Det gjekk skeis. Men kanskje dei vil late seg digitalisere?
   Viss han gamle Tandberg vil, då.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar