fredag 21. mars 2014

FLEKKEMÅL 6: SPRÅKFORVIRRING?

Her kjem den siste forelesinga om flekkemålet i denne omgangen. Det er som eit etterord å kalle.
   I meir enn femti år har eg budd andre stader enn i Flekke. Difor vonar eg at folk vil tilgje meg for ei viss utvatning av det originale talemålet. Det begynte med tre år på Sandane i Nordfjord. Så kom det fleire år i Bergen med alskens folk i ymse omgangskrinsar. Ikkje minst med gode vener frå Nordfjord som studiekameratar. Og sommarjobbar i Gloppen. Alt dette gjekk ikkje upåverka hen. Når eg var heime på ferie, påstod dei at eg hadde pådrege meg nordfjordtonefall. Eg merka det ikkje sjølv og hadde vanskeleg for å tru det. Ein gong fortalde to jenter frå heimetraktene mine at dei hadde treft på ein kar med eit tonefall i pratet som verka kjent. "Han snakkar jo nesten slik som Reidar'n,"  sa dei seg imellom. Karen ville vite kven dei snakka om og fortalde det. "Men håno kjennje eg!" sa han. Han var frå Sandane i Nordfjord.
   Seinare vart det eit par mannsaldrar i Sunnhordland. Her har det ikkje vore mange fjordingar å snakke med. 
   Eg har ikkje vore flink til å tvihalde på alle dialekttrekka eg har omtalt dei siste dagane. I lærarjobben har eg ikkje hatt lyst til stadig å forsvare dativbruk og svarabhaktivokalar. Eg har heller ikkje slengt om meg med "kate" og "kjøle". Men ein del av målarven heng att. Og det gleder meg når språkkunnige ein sjeldan gong skryter av at eg snakkar så pent sunnfjordmål.
   Endå det nesten ikkje er fortent.

torsdag 20. mars 2014

FLEKKEMÅL 5: MONOFTONGERING

Ein diftong er ein vokallyd som høyrest ut som ein kombinasjon av to vokalar: ei, øy, au. Ei/ai og au var gamle lydar og gav det urgermanske språket klang og farge. Me snakkar då om eit opphavsspråk til tysk, engelsk, nederlandsk og nordiske språk, og som var brukt for to tusenår sidan. Seinare gjekk det litt ymseleis i det germanske området. Me skal ikkje rippe opp i alt, men nemne at tyskarane framleis seier Stein og laufen, mens danskane har funne det for godt å seie sten og løbe. Denne overgangen til enkle vokalar (monoftongar) kallar me monoftongering.
   I norrøn tid snakka dei med diftongar her i landet  så det song i øyro. Då Ivar Aasen oppdaga det norske målet, fann han at dei gamle diftongane var livs levande dei fleste plassar i landet. Difor kom dei i høgsetet i det nyreiste landsmålet hans.
   Men diftongane hadde møtt  ein vanlagnad i delar av Norden. Lenger sør og lenger aust kom det etter kvart på moten å  seie sten og røk eller røg. Slik gjorde dei Danmark, i Sverige og i mange norske bygder langs svenskegrensa. Men ikkje berre der. Innslag av monoftongering smeit seg inn i norske bygder der ein ikkje skulle tru at dei kunne finne på noko slikt. Likevel er det framleis flust opp av diftongar i norsk talemål, og dei har jamvel fått ein raus plass i bokmålet etter kvart, trass i ein viss kamp frå konservativt riksmålshald.
   Kva så med flekkemålet, som eg driv og skriv om? Jau, så sanneleg slo me inn på den danske linja med monoftongering, me òg. Me sa rent, bent, sent. Med korte vokalar, merk deg det. Me sa e(i)n hòge(=ein haug) med svarabhaktivokal, og monoftongering. Heimen vår låg bak Storehòjen med oksytonering, altså trykk på andre leddet, og med monoftongering. I tillegg vart g-lyden dregen fram i kjeften så det vart ein j i staden (palatalisering). Eldre folk snakka om ein dråme (= ein draum), med svarabhaktivokal og monoftongering. Straum vart stråme.
   Men reinhekla monoftongistar var me ikkje. Det heitte lauv, sau, dau, rein, bein, røyk og øyk. Me lauga oss og drakk saup. Men me drog i hop diftongane etter ein regel som du skal få del i: Me artikulerte ikkje diftongar framfor dobbelkonsonant eller konsonantgruppe. Viss det kom meir enn éin konsonant etter diftongen, vart han forenkla. Ofte ser me det i bøyingspar, og det er gjerne ein bøyings-t som får oss til å  dra i hop: sein-sent, rein-rent, røykje-røkte, laus(e)-løst og dau-døtt. Me følgde regelen om monoftongering framfor konsonantgruppe og sa høst, øst, trøst og nøst.
   Då har du fått ein regel for storparten av monoftongeringane i mitt barndoms Flekke. Men  det forklarar ikkje stråme, dråme  og hòge.
   Om me danska aldri så mykje når det galdt diftongar, var me ihuga målfolk. Det skulle meir til enn litt monoftongering før me fornekta målet.

onsdag 19. mars 2014

FLEKKEMÅL 4: DATIV

Lukkelege var me som lærte tysk i vår ungdom og vart tvinga til å bøye sustantiv og meire til i fire kasus. Eitt av desse kasusa heitte dativ. Me lærte òg at visse preposisjonar styrte akkusativ, andre styrte dativ og atter andre styrte både dativ og akkusativ, alt etter om noko var i ro på staden eller var på veg til staden.
   For oss flekkingar og mange andre var ikkje dette siste så underleg. Slik hadde me det i målføret vårt òg. Me sette oss ned på stolen, me sat på stola. Me gjekk opp på loftet, eller me leikte oss oppe på lofta. Me køyrde høyet inn i løa, og me hadde mykje høy i lø-ine. Oppi bakkå stod det mange hesjar, og no skal me opp i bakkane og ta turrhøy. Hesa er lang, i denne hesine er det over hundre rom. Skogen er full av bjørk, og i denne skogja skal  me hogge ved. Han far site på takja og arbeider, for takjet var ikkje tett.
   Der fekk du heile bøyingsmønsteret servert. Verre var det ikkje. Orsak meg, eg har ikkje gjeve att alt på lydrett flekkemål, som du ser, men eg håpar eg har fått demonstrert dativsystemet. Hadde me eit preposisjonsuttrykk som ikkje uttrykkjer rørsle til staden, så brukte me dativ.
   Som før fortalt (les om Krisling i buka) er dette fenomenet kjent over store delar av landet vårt.

tirsdag 18. mars 2014

FLEKKEMÅL 3: SVARABHAKTIVOKALAR


Eit underleg ord, ikkje sant? Nesten like nifst som det som var overskrift i går. Det kling litt indisk, og med god grunn: Det er lånt frå hindi. Og fenomenet har lite å gjere med at flekkemål og hindi er i slekt. Eg siktar til urspråket indoeuropeisk, som kan ha eksistert for fem-seks tusen år sidan og har vore opphavsspråk til dei fleste europeiske og ein del asiatiske språk.
   No snakkar eg meg heilt vekk. Men før eg går over til å skildre bruken av svarabhaktivokalen i flekkemål, vil eg gjerne sitere forfattaren Kristian Elster d.e.(1841-1881), oppvaksen i Sunnfjord, men av pen familie og med eit visst avstandsblikk på bygdefolket i førdetraktene. I det kjende essayet Om Modsætningen mellem det vestlige og østlige Norge tillet han seg å samanlikne sunnfjordingar og sogningar. Om sunnfjordingane skriv han:
   I Søndfjord bor kanskje Landets tyngste, seigeste og sendræktigste Folk.  Søndfjordingen er godt udrustet, han baade tænker skarpt og føler dybt; men han trænger tre Gange så lang Tid til alt som andre Mennesker. Læg bare Mærke til Gang og Holdning hos disse to Nabofolk. Sogningen gaar let og snart og holder sig opret; Søndfjordingen luder under en uhyre Vegt og drager sig sagte frem i de tykke Vadmelsklæder, de uformelige Støvler og under det Skind, han bærer paa Ryggen til Værn mof Væden.Efter lange Forberedelser kommer Ordene sigende sejgt som Taagen fra Havet, de aabne Vokaler har lukket sig, og  han har et Hang til at føje et ”e” i Enden af alle Ord, ligesom om han ikke kan beslutte sig til at slippe dem fra sig.”  
    Elster skriv mykje meir, men det er denne ”e” -lyden me skal sjå på  i dag. I flekkemålet (og meir eller mindre i mange dialektar) dukkar han opp i tre slags kategoriar:
1: I substantiv hankjønn, ubunden form: ein heste, ein grise, ein fugle.
2: I adjektiv eintal, både han- og hokjønn:  ein fine heste, ei søte jente.
3: I sterke verb, presens: eg finne, du  lyge, han bite.
Og Elster rotar litt, me hengjer ikkje nokon e på kva som helst. Me seier ei bjørk, eit fjell, eit godt matamål. 
   Denne e-endinga har sine røter i norrønt. Dei sa svartr hestr bítr og meinte at (ein) svart hest bit.  Så smaug det seg inn ein e-lyd før r-lyden, sidan dei ikkje likte så godt å uttale r etter ein konsonant. Svarter hester biter. Neste steg i utviklinga var at r-lyden forsvann, men e-lyden stod att. ”Han Ola he en svarte heste så bite,” kunne flekkingane og andre sunnfjordingar seie. 
At e-lyden også vart hengd på adjektiv i hokjønn,  kan me kanskje forklare med smitteeffekt. For der stod det ingen r i endinga i norrønt. 
   Svarabhakti-vokal kan me kalle for hjelpevokal, ein vokal som skal lette uttalen av fleire konsonantar etter kvarandre i visse samanhengar. I vanleg norsk finn me han i ein del ord: våpen, bøker, der e-lyden ikkje var med i gammalnorsk. På Island tok dei i bruk u som hjelpevokal: hestur. Og ein u-aktig vokal vart brukt på Voss, seiest det.
   Kristian Elster var ein lærd mann, men nokon språkvitar var han ikkje. Om hans dom over sunnfjordingen elles var rettferdig, vert framleis diskutert i dette fylket.

mandag 17. mars 2014

FLEKKEMÅL 2: OKSYTONERING

Oksytonering høyrest farleg ut. Er det giftig, kanskje? Nei, så vidt eg veit, er det ikkje det. Eg snakkar om eit målmerke i flekkemålet som eg voks opp med. Eg tippar at mange unge flekkingar i dag knapt vil vedkjenne seg dette fenomenet. Her eg sit, langt sør i Hordaland, er det vanskeleg å sjekke. Men det kan du gjere viss du bur i Flekke eller der omkring
   Det handlar om det som òg vert kalla for etterleddstrykk eller etterleddsaksent. Det normale i norsk er at trykket kjem på første stavinga av eit ord, også i samansette ord. Men i samansette ord kan trykkstavinga stundom kome i andre leddet. Fenomenet er kjent mange stader i verda, også i mange norske dialektar. Men systemet og reglane ymsar ein del. No skal me sjå på det systemet eg voks opp med i Flekke og prøve å forme ut nokre reglar.
   Før eg går vidare, er det nødvendig med litt teori og nokre hjelperåder. Først vil eg nemne at eg treng eit teikn som markerer kvar ordtrykket ligg i fleirstavingsord, til dømes der me finn oksytonering. Språkfolk brukar gjerne eit aksentteikn.  Somme set det føre trykkstavinga, andre set det etter. Norske dialektgranskarar har hatt for vane å setje teiknet etter den vokalen som har trykk, så kanskje eg skal gjere det slik. Så når eg skriv ordet pote´t, ser me at trykket kjem på den siste stavinga, altså er det vokalen e som ber trykket.
   Så må eg nemne eit underleg fenomen i norsk, utbreidd over mesteparten av landet, ja, jamvel i Sverige: Aksent (tonelag) ein og aksent (tonelag) to. Viss me seier landet (til dømes Noreg) og lande (å kome til lands eller ned på jorda), er dei to orda uttalt nesten heilt likt, men med ein merkbar toneskilnad. La´ndet har aksent ein, verbet la`nde har aksent to. Heretter viser eg dette med ulike aksentteikn, akutt aksent (´) for tonelag 1, grav aksent (`) for tonelag 2. Du kan gjerne lese den ikkje heilt gode artikkelen i wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Tonelag
   No må me vidare. Kjennskap til tonelagsskilnad er interessant når me drøftar oksytonering. Høyr for deg orda steuedø´ra (”stovedøra”) og kjø´kkendøra. Trykket kjem ikkje på same staden. I det første ordet har me oksytonering, men ikkje i det andre. Kvifor? Me formulerer ein regel. Orda steue og kjøkken har ulikt tonelag. Steu`e har tonefall to, kjø´kken har tonefall ein. Og regelen: Me får ikkje etterleddstrykk når første leddet har tonefall ein! Det heiter sta`bburstakjet, men skykkjeta`kjet. Sta´bbur og sky`kkje har ulikt tonelag. Merkeleg!
   Det er meir som er underleg. Det heiter sky`kkjetak og steu`edør. Brått er trykket på første stavinga, ikkje i siste leddet. Kva har hendt? Legg merke til at det siste leddet i desse samansette orda berre har ei staving. Me formulerer ein ny regel: Oksytonering oppstår når andre leddet har fleire stavingar.  Når eit samansett ord får ei bøyingsending, flytter trykket seg til andre leddet. Sjå på bøyinga av det bartreet du dreg inn i steua i desember og legg merke til trykkvariasjonen:  Eit ju`letre, juletre´et, fleire ju`letre, juletre`a.

    Det finst fleire finurlege fenomen innanfor emnet oksytonering i gammalt flekkemål, men dette får greie seg i dag. Håpar du er skikkeleg forvirra!

søndag 16. mars 2014

FLEKKEMÅL 1: INNLEIING

Den avdanka norskfilologen  har  tenkt å bruke fagkunnskapar til å forklare nokre språklege fenomen i  flekkemålet han voks opp med. I tidlegare bloggar har eg nok nemnt einskilde rare ord som me gjekk og sa i Flekke før i tida. Det som kjem no, skal handle om målmerke som ikkje gjeld berre eitt og anna ord, men som er særmerkte trekk i lydverk eller grammatikk. Men når eg lanserer desse forelesingane, må eg før eg set i gang for alvor, kome med nokre atterhald:
   Det flekkemålet eg skriv om, er det eg trur eg voks opp med frå siste halvdel av førtitalet og utetter. Når eg skriv trur, er det fordi minnet kan narre meg som så mange andre. Etter meir enn femti år  i andre bygder og byar, kan det ha skjedd saker og ting som har forstyrra språksansen og språkminnet. Ei anna side ved saka er at moderne flekkingar, til dømes dei ungane som spring rundt i Flekke no for tida, knapt vil kjenne seg att i det eg skriv. Flekkemålet har vore utsett for hardhendte endringar dei siste par mannsaldrane. I den samanheng må eg late tankane mine gå til bestefar Pitter'n Ilkjen, fødd sekstiein år før meg. Han brukte ord og former som me ungane nesten ikkje forstod. Ikkje sa me tvo og sjau for to og sju, til dømes. Det gjorde han. Og papen sa kver når me sa kem. Levande språk er alltid i endring.
     Dei fenomena eg skriv om, treng slett ikkje vere noko særeige for flekkingane. Somme er eller har vore utbreidde i mange område både i landet vårt og i det store utland. Eg kjem nok til å smette inn enkelte døme på det, men tek ikkje sikte på fullstendige kartleggingar. Det ville i så fall sprengje rammene både for min eigen kompetanse og for lengda på rimeleg lesarvenlege blogginnlegg.
Eg lyt nok nemne det med kompetanse. Rett nok låg eg på Universitetet i Bergen og las nordisk språk og litteratur nokre år tidleg på syttitalet og  har undervist norsk i vidaregåande skule i halvannan mannsalder. Men å kalle meg ekspert i dialektografi og den slags, er for drygt. Berre så det er sagt. Du får lese det eg skriv med tanke på at det er ein halvstudert røvar som står bak.
   Eg må få kome med eit par praktiske opplysningar om skriftfestinga eg brukar. Eg tyr ikkje til lydskrift, og kjem ikkje til å skrive ortofont når eg meiner at det ikkje er nødvendig. Men stundom er det jo det. Det kjem du sikkert til å merke viss du følgjer med. Så må eg jo vise trykkmarkeringar i innlegget mitt i morgon.

Då får du gå til bloggen min i morgon og sjå kva eg finn for godt å skrive om i den første forelesinga.