lørdag 31. mars 2012

RESIRKULERING

Det kan godt ha hendt same sommaren som då Jan Harald og eg stal novabåten. Me utforska verda høgt og lågt, til dømes løa vår. Der låg det ein del tomme kraftfôrsekker og haugevis med  merkelappar som hadde tent sin funksjon, men som såg heilt fine ut. Det var no for gale om dei skulle verte kasta eller brende, tenkte me, kanskje me kunne levere dei inn og få pengar for dei? Nett det med pengar var noko me hadde lite av. Me var ikkje så dumme at me ikkje forstod at det gjekk an å byte pengar mot snop. Og snop var godt. Eller brus? Det var endå betre.
   Me plukka og plukka, og snart hadde me lommane fulle med merkelappar frå kraftforsekkene. Så gjekk me på Odd-butikken og gjorde oss viktige. Kor mykje kosta ein slik merkelapp? "Fem øre, kanskje...," rusa Odd handelsmann i farten.  Me såg for oss rikdommen kome sildrande over oss, me klemde fast om dei verdfulle lappane og  kjende snev av sjokoladesmak i munnen.
   Men Odd'n  hadde det travelt og vørde oss knapt. Ville han ikkje snart telje lappane og opne kassaapparatet for oss?  I hylla bak låg det haugar med karameller og sjokolade, i kassen borte ved veggen bogna det av brunt kandissukker på snøre, og me skimta brusflaskene inne i  bakrommet.
   Me gjekk der og knika og keik, men fekk etter kvart forståing for at det ikkje vart nokon handel likevel. Om han Odd sa det til oss direkte, eller om me kom oss til sannheits erkjennelse av oss sjølve, hugsar eg ikkje
   Eg trur ikkje ein gong me hadde lappane med oss då me rusla heim, like fattige som då me kom.

fredag 30. mars 2012

MI KRIMINELLE FORTID

I mine tidlege barneår kom familien Pedersen frå by'n på sommarferie og installerte seg i gamlestova vår. Mora var syskenbarnet til mamma, og dei hadde tre små ungar. Den eldste heitte Jan Harald og var nesten jamgammal med meg, om lag eitt år yngre.  Dermed hadde eg leikekamerat ei veke eller to, og me brukte tida godt.  Eg var van med sterk sosial kontroll frå to eldre brør, men no vart eg sjefen. Dette handlar om ein vågal ekspedisjon ein fager sommardag då eg var sju år og Jan Harald seks.
   For eit par år sidan skreiv eg nokre stykke om herr og fru Noven, som nyleg var flytte til Flekke og hadde ein robåt som låg og duva i stranda. Eg hadde vore i robåt før og visste alt om korleis ei slik skute kunne handterast. Dessutan var eg stor gut, skulle begynne på skulen om eit par-tre veker. Me løyste tauet, kom oss om bord, fiksa ilen og fekk årane ut. Så byrja ferda, Jan Harald i skuten og eg ved årane. Sola blenkte, det glitra i krusingane, måsane song og me var lukkelege.
   Heilt til me høyrde eit vræl inne i stranda. Resten av familien Pedersen skulle ha seg ein dukkert i det lunka vatnet og hadde fått auge på piratane. Eg trur at bror Steinar var med dei òg. Så då var det berre å kare seg inn att.  Det var fort gjort, me var dessverre (ok, heldigvis, då ...) berre komne nokre få meter frå land.
   No gjekk det opp for oss at me var på ville og ulovlege vegar. Det er sikkert einaste gongen eg såg Harald Pedersen verkeleg bøs. Jan Harald sutra og orsaka oss: "Men Reidar er jo så flink å ro." Sjølv la eg på sprang og gøymde meg.
   Ei stund seinare fann papen og mellomstebror Steinar meg sovande i høystålet. Papen smilte då eg vakna.

tirsdag 27. mars 2012

BLÅTANN

"Varför man valde namnet Bluetooth var för att forskarne bakom denna tekniska framgång hade ett intresse för medeltiden, speciellt för dess vikingar och kungar. Vikingen kung Harald Blåtand enade Norge och Danmark och var känd som en stor talare och duktig att få människor att enas och prata med varandra. Just därför valde forskarna att använda hans namn och direktöversatte Blåtand till "Bluetooth". Vad som länkar ihop denna gamla vikingakungen med dagens moderna teknik mer är att själva symbolen för bluetooth är en runa."   Dette seier den svenske wikipediaen. Så då det svenske Ericsson utvikla blåtannteknologien som gjer at me enkelt og lett kan flytte data trådlaust, gjekk dei til Jelling i Danmark, grov fram minnet om den  gamle kongen som ligg der og svalgde rått sjølvskrytet hans på Jellingsteinen.
   Lenge før Bluetooth-teknologien dukka opp, dukka det opp ei blå tann i kjeften min. Ei mjølketann som sikkert hadde fått seg ein kakk og tok ein tydeleg blåfarge. Ikkje berre det: Det var ei  framtann i  øvste rekkja, så ho vart godt synleg. Men så begynte det å vekse opp ei ny tann bakom blåtanna. Då den kom til syne, tenkte nok dei omsorgsfulle foreldra mine at det var best å få blåtanna vekk, slik at den nye tanna kunne få gode vokstervilkår, og at yngsteguten deira ikkje vart gåande livet ut med skeive framtenner. Turen gjekk til Dale og opp til doktor Østby, som henta fram ei  stor, blank tang, lirka  litt i blåtanna slik at ho losna, og den nye tanna kom tydeleg fram i dagen.
   Ho heng der enno, nøyaktig på rett plass attmed nabotanna.

onsdag 21. mars 2012

FRU GARMIN

Me var til Haugesund i går att, Anne og eg. Der har Helse Fonna sin maktbase med kommandosentral, operasjonsrom og sjefsstab. Med i bilen hadde me Garmin-navigatoren vår. Ut or den kjem det ei myndig kvinnerøyst, så me kallar dama for fru Garmin.
   Me treng ikkje nett ha med apparaturet for å finne vegen til Haugesund. Men det er greitt å sjå kva tid me er framme, for det er dingsen flink til å opplyse om. Når me rullar i land i Skånevik, står det på skjermen at me er framme klokka då og då, og dette stemmer til vanleg godt.
   Derimot rotar fru Garmin ein del når ho skal dirigere oss. Då me trilla ned på ferjekaia på Utåker, ville ho ha oss til å svinge til høgre og om bord i ferja. For det første laut me svinge litt til venstre for å finne rett ferjefil, og dessutan var ferja framleis berre midtfjords. Det skulle ha teke seg ut om me hadde lystra.
   På heimvegen begynte ho å geberde seg då me passerte krysset mot Utbjoa. Ho ville absolutt ha oss til å køyre dit og ta ferja til Sydnes. Det kunne me ha gjort, men då hadde me måtta vente halvannan time på kaia. Då me passerte krysset, vart ho heilt ifrå seg og ville ha oss til å snu. Me var nesten komne til Ølen før ho roa seg og foreslo at me likså godt kunne køyre til Skånevik.
   For snart to år sidan tok me fru Garmin med på langtur i Europa, og det må seiast at ho gjorde ofte ein bra jobb. Men det hende seg at ho svikta. Som då me nærma oss Dresden, og det var anleggsarbeid og Umleitung på motorvegen. Truleg oversåg me eit skilt, og me hamna ute på småvegar på landsbygda i det som før heitte DDR. Det er rein overtru at alle vegar i Tyskland er så flotte. Fru Garmin kava og ville ha oss tilbake på den stengde Autobahn. Me gjorde fleire forsøk på å køyre litt på måfå i von om å finne eit skilt som kunne gje oss hjelp. Fru Garmin stod på sitt. Til slutt laut det store Tyskland-kartet fram, me sikta oss inn på ein småby eit stykke lenger framme, og då me kom dit, hadde fru Garmin teke til fornuft og foreslo ei fornuftig løysing fram til campingplassen utanfor Dresden.
   Dagen etter imponerte ho meg. Me var innom ein liten filleby på vår veg mot sør og vest etter den bedårande vakre Dresden. Her var det korte, tronge gater, men fru Garmin losa oss trygt igjennom, gate for gate, kryss for kryss. Der må ho ha vore før, tenkjer eg. Der var ho lommekjend.
   Men du skal høyre henne når me skal til det nye ferjestøet på Årsnes, og me passerer det gamle på Løfallstrand.

fredag 16. mars 2012

SØRGJELEG SESONGDEBUT


Det handlar om sjømat. Skuta Sofie Karoline har dessverre lege gjerandslaus i hamna i månadsvis. Men i går kveld henta eg garna i naustet, løyste båten, drog i startsnora og opplevde at motoren starta utan protestar. Eit garn kom i sjøen, dei andre to hadde vasa seg i hop og får vente til ein annan gong. I dag tidleg drog eg opp garnet. Heilt tomt. Ikkje så mykje som ei sjøstjerne. Men pytt! Meininga var å hente ein heilt annan og svært så delikat matrett etter garntrekkinga.
   Blåskjel er nokon forunderlege dyr. Eg trur ikkje dei er så dumme som dei ser ut til. I årevis kunne eg berre gå ned i stranda vår og på berga rett nedanfor heimen og hauste eit drusteleg kveldsmåltid på under halvtimen. I fjor og i år har det nesten ingen ting vore å sjå. Ikkje eingong den talrike flokken med småskjel som klamra seg fast nedanfor stupebrettet, er der lenger. Eg trur dei har rømt. Ryktet om farlege blåskjeletarar har spreidd seg langs stranda, og så har dei søkt ei tryggare hamn ein annan stad i fjorden.
   Det har ikkje dei flotte koloniane med storvaksne, lekre skjel ute med Kolsøya. Der kryr det av desse hardhuda dyra, der kan eg berre ta. Båten og eg sette kursen mot sør, og berre sjå kva me kom heim med etter ei kort økt der ute.
   Men så var det ei sak, då. Dei siste vekene har det kome positive blåskjelvarsel frå Sydnessund, som ligg rett på i hi sida av Halsnøy: Kan spise skjell!  Slik kunngjorde blåskjelvarselet på tekst-TV side 697 då eg i dag drog til sjøs, rett nok i påvente av nytt varsel i dag. For ordens skuld sjekka eg det nye varselet i kveld då eg skulle til å stelle maten. Og korleis lydde bodskapen frå Sydnessund no?  Ikke spis skjell!
   No står fangsten i bøtta nede i kjellarhalsen og lengtar mot havet.
  

onsdag 14. mars 2012

MOCHTEZUMAS HEMN

Eg sit og rettar historieprøver og er på det viset midt inne i ei slik stode som eg skildra for to dagar sidan. Men som eg skreiv, retting og blogging skal ikkje vare lenger enn til midnatt, maksimum.
   Det handlar mellom anna om koloniseringa av Amerika for fem hundre år sidan. Elevane skriv om likt og ulikt. Somme skriv om lag som når eg ein hende gong kjem til eit overdådig kaldtbord, eg plukkar på måfå litt her, litt der, og før eg veit av det, er eg mett og ferdig. Då ser eg kanskje både ein og to retter som eg absolutt skulle ha forska ut.
   Men dei fleste elevane har lagt merke til dei grimme herjingane til dei spanske conquistadorane, til dømes då dei fekk has på aztekarhovdingen Mochtezuma og øydela den overdådig vakre hovudstaden som låg der Mexico by voks fram etter kvart.
   Indianarane hadde ein skikk og eit nytingsmiddel som var ukjent for europearane. Dei drog til seg røyk frå eit innturka bladverk, ein røyk med ei særprega lukt og ein tiltalande smak. Dei neste hundreåra anla europearane tobakksplantasjar over uendelege vidder i både den gamle og den nye verda. Industrien produserte millionar av snadder og milliardar av sigarettar og skubba på forbruket med utspekulert reklame. ("Ja, nå røker også jeg Teddy, alle manns venn.")
   Sidan klokka nærmar seg midnatt, får eg kome til konklusjonane. Ettrer kvart vart det meir og meir tydeleg at millionar av menneske pådrog seg sjukdom og død takka vere den fredsæle indianarvara. Folketapet i indianarlanda på femtenhundretalet var skremmande stort på grunn av den europeiske invasjonen. Kanskje førti-femti millionar. Men somme granskarar seier at det har døydd fleire menneske av tobakk kring om i verda berre dei siste hundre åra.
   Mochtezumas hemn.
 

tirsdag 13. mars 2012

VÅTT BADEGOLV

Har du nokon gong vore på eit hotell der du slepp at vatnet renn ut frå dusjen og utover heile badegolvet? Vel, det har nok hendt. Men hovudinntrykket er at dei som innreier hotellbad, ikkje har noka god oppskrift for å gå klar problemet.
   Som hotell Neptun i Haugesund, der me av ymse grunnar budde ei natt i førre veke, Anne og eg. Rommet var passeleg stort, koseleg og lunt, badet likeså. Men dusjen var altså ei slags glasboble i hjørnet på baderommet der den ovale veggen kunne skiljast i to og dragast ut til kvar side. Inn der kunne me smette, dusje oss reine, og så ut att til turking og påkleding. Desse to dørene - eller kva eg skal kalle dei - hadde jamvel ein pakning mot golvet som skulle hindre vatnet frå å sive ut. Det heldt ikkje heilt, og då eg ville ut att, laut eg sjølvsagt opne dørene slik at resten av vatnet fossa ut. Rett nok stod der ein løvangskost så eg kunne skubbe mesteparten av vatnet inn att i dusjen, men likevel klaga Anne over at det var vått på badegolvet då ho skulle inn og pynte seg før me gjekk i frukostsalen. Frukosten var forresten god, og det var god plass i matsalen.
   Eg vil på ingen måte hengje ut hotell Neptun i Haugesund. Våte badegolv og verre tilhøve enn det eg har skildra, har eg støytt på mange gonger på mine hotellopphald. Ja, jamvel i pyntelege, private heimar eksisterer problemet.
   Då me innreidde kjellarbadet vårt, bestemte eg meg for å lage eit fysisk skilje mellom inste delen av rommet der dusjen heng, og resten av det knøttvesle badet. Då me støypte golvet, konstrurerte eg ein liten kant, om lag sju-åtte centimeter høg og tilsvarande brei. Røyrleggjaren vår riste på hovudet. Dette kom nok ikkje til å halde, fortalde han. Vatn er ei utruleg lei sak. Det finn seg gangar og hol der ingen skulle tru, trengjer inn over alt, og før du veit av det, er kanten din laus. Meinte røyrleggjaren.
   Men framleis, etter tjueåtte år, ligg kanten der og møter vatnet frå dusjen, så eg kan gå turrføtt omkring på den vesle golvflekken utanfor. Så sant eg har dusjforhenget skikkeleg på plass, då.
   Eg skal lage ein hotellgaid der etablissement skal få ei ekstra stjerne viss dei har bad der du slepp væte ut heile golvet når du tek deg ein aldri så liten dusj.

mandag 12. mars 2012

Å LOVE BOT OG BETRING

Du har heilt rett i at det har vore puslete med innlegg frå meg i det siste. Eg har ikkje gode unnskyldningar. Tvert imot, eg har hatt god tid til skriveri, jamvel om eg har vore litt ute og reist i det siste. Nei, eg har verken vore i Paris eller på Kanariøyane, berre til Austevoll, Trondheim og Haugesund.
   No skal eg love å skrive oftare ei stund framover. Når eg lovar slikt, brukar eg å halde det. Dette knepet har eg stundom brukt som lærar når eg tek til å skjemmast over seindrektig retting. Viss prøvebunken har lege for lenge og elevane masar, lovar eg dei at "i  morgon den dag er eg ferdig, då skal de få att makkverka dykkar!" Og når dette er sagt, kan eg ikkje for skams skuld late vere å få rettearbeidet unna.
   I gamle dagar, lat oss seie i førre tusenåret, hende det at eg sat til klokka var både tre og halv fire og retta stilar. Det var stilt i huset, mørkt ute, kaffi på kanna, og arbeidet gleid sakte, men sikkert unna. Når eg omsider la meg og visste at eg kunne halde lovnaden, kjende eg ei intens lukke i heile kroppen. Trass i svevnmangel. Neste dag kunne eg med godt samvit unne meg ei lang middagskvild.
   Slike nattlege bravadar har det vorte lite av dei siste åra. Men så har eg ikkje  undervist i norsk på nokre år, og eg har vorte flinkare til å kome meg i gang med bunkane før dei tek til å mygle, der dei ligg.
   Når det gjeld blogging, hender det framleis at eg sit og skriv mens klokka går mot midnatt. Der ein stad går grensa. Og no når eg har lova å verte flittigare, må eg altså leve opp til lovnaden.
  Om det så vert seine kvelden.