mandag 12. mars 2012

Å LOVE BOT OG BETRING

Du har heilt rett i at det har vore puslete med innlegg frå meg i det siste. Eg har ikkje gode unnskyldningar. Tvert imot, eg har hatt god tid til skriveri, jamvel om eg har vore litt ute og reist i det siste. Nei, eg har verken vore i Paris eller på Kanariøyane, berre til Austevoll, Trondheim og Haugesund.
   No skal eg love å skrive oftare ei stund framover. Når eg lovar slikt, brukar eg å halde det. Dette knepet har eg stundom brukt som lærar når eg tek til å skjemmast over seindrektig retting. Viss prøvebunken har lege for lenge og elevane masar, lovar eg dei at "i  morgon den dag er eg ferdig, då skal de få att makkverka dykkar!" Og når dette er sagt, kan eg ikkje for skams skuld late vere å få rettearbeidet unna.
   I gamle dagar, lat oss seie i førre tusenåret, hende det at eg sat til klokka var både tre og halv fire og retta stilar. Det var stilt i huset, mørkt ute, kaffi på kanna, og arbeidet gleid sakte, men sikkert unna. Når eg omsider la meg og visste at eg kunne halde lovnaden, kjende eg ei intens lukke i heile kroppen. Trass i svevnmangel. Neste dag kunne eg med godt samvit unne meg ei lang middagskvild.
   Slike nattlege bravadar har det vorte lite av dei siste åra. Men så har eg ikkje  undervist i norsk på nokre år, og eg har vorte flinkare til å kome meg i gang med bunkane før dei tek til å mygle, der dei ligg.
   Når det gjeld blogging, hender det framleis at eg sit og skriv mens klokka går mot midnatt. Der ein stad går grensa. Og no når eg har lova å verte flittigare, må eg altså leve opp til lovnaden.
  Om det så vert seine kvelden.

1 kommentar:

  1. Det vert lite soving frametter nå forstår eg. Du har mykje å ta att. Eg gler meg til å sjå kva du brenn inne med.

    SvarSlett