lørdag 25. august 2012

KONTIKI PÅ NORDMØRE



Eg må vel av garde og sjå den oppskrytte og storslåtte filmen, eg òg. Boka om Kontiki-ferda var ei av mine store lesaropplevingar i ungdommen. Ei slik eventyrleg sjøreise var noko som appellerte til gutefantasien. Eg skreiv jamvel stil om boka, anten det no var på realskulen eller gymnaset.
   Sjølv om eg hadde aldri så god lyst,  kom eg ikkje så langt i livet at eg kopierte Thor Heyerdahl og kompisane hans. Men det gjorde Larris og Vangsgutane! Dei var i Oslo ein gong midt på femtitalet, og der fekk dei sjå Kontiki-flåten. Då dei kom heim att til Todalen på Nordmøre, gjekk dei straks i gang med å byggje seg ein flåte med hus på, og så drog dei på ein farefull ekspedisjon ned elva til Øra for å finne ut om det budde folk der nede. Hallstein Breiset sponsa dei med materialar til flåten, og Sterk-Ola Bakken hjelpte til med å få fartyet på vatnet. Undervegs vitja dei Eirik på Holmen og tok på seg å frakte sopelimar for han ned til handelsmann Nordvik. Om bord oppstod det skarpe konfliktar mellom eit par  av ekspedisjonsdeltakarane, nett som i Stillehavet, og begge stader fall det ein mann overbord og vart redda.
  Ferda ned Todalselva var vel så vellukka som ferda til Heyerdahl. Han prova nok at det var mogeleg å segle på ein ussel treflåte frå Sør-Amerika til dei polynesiske øyane, men han prova ikkje at det var såleis desse øyane vart folkesette. I dag finst det rikeleg med prov på at han tok feil i hovudhypotesen. Derimot fekk Larris og Vangsgutane rett: Det budde folk på Todalsøra.
   Skal tru kva tid filmen om denne vågale ekspedisjonen kjem?

fredag 24. august 2012

SKATTAR I FJELLET



Denne vesle jenta er ei vaksen kvinne på førtiseks år no, og det fortel oss at biletet er teke for førtifem år sidan. No er knausen i bakgrunnen mykje meir tilgrodd
   Men det var ikkje mi kjære niese Janne Elise eg ville demonstrere, eg tenkte at de skulle få sjå fjellet ovanfor bøgarden, Hellaren. Og då vonar eg at Janne finn seg i å få vere med på kjøpet.
   Eg skreiv sist om jarnvinna ved Flekke skule. Hadde eg vendt fotoapparatet nitti grader mot venstre, kunne eg ha fått eit bilete av skulen. Men då hadde ikke Janne kome med. No skal det handle om skattane i Hellaren. Hellaren er det sentrale partiet i ein bergknaus ovanfor bøgarden vår, og så markant at me kallar heile knausen for Hellaren. Eg skriv "vår", for dette var sjølvsagt i papen si tid som grunneigar. Noverande proprietær vart ikkje fødd før to år etterpå, så dette var i gamle dagar.
   Papen var ikkje rik på klingande mynt, pengar i banken eller edle metall. Men han fabla meir enn ein gong om at det skulle ha vore moro å få granska om det fanst verdfulle mineral oppe i Hellaren. Dei nakne såra i fjellet avslørte mange underlege og fargerike bergartar. Somme stader glinsa det, andre stader taut det ut kalkliknande klumpar. Og ikkje minst: Han Mikal, gardeigaren før papen tok over, hadde gått og snakka om at han hadde funne ein søvklump der oppe. Om papen hadde sett klumpen, hugsar eg ikkje, eg har ialle fall ikkje sett han.
   Så fekk papen ein soneson (han har faktisk bursdag i dag!) som vart geolog. Og ein gong gjorde han bestefaren sin den tenesta at han klauv opp Hellarsurda, glodde, granska og skrapte på berget og kom ned att med konklusjonane sine.
   Nei, rikdommane i Hellaren er godt løynde!

tirsdag 21. august 2012

JARNVINNE

Sidan eg var innom skulestarten min på Flekke skule i går, kunne det høve å seie noko om berggrunnen ved skulen. Me katane (flekkemål for gutane), fattige som me var, drøymde stundom om ære og rikdom. Så det var ikkje å undrast over at me såg oss om etter verdfulle mineral i skulehusberga. Det var både kråkesølv og brunglinsande årer i steinen. Og så oppdaga me nokre svarte, finkorna årer som heilt sikkert måtte vere eit verdfullt metall.
   Eg gløymde ikkje å ta med ein magnet heimanfrå dagen etter funnet, og til vår endelause glede såg  me at magneten reagerte på den svarte stripa. Me kakka laust litt, finknuste det og lét magneten arbeide. Dei små malmkorna la seg i flotte mønster kring magneten, nett som på biletet i naturkunna. Lærar Årøy vart henta, og han var ikkje mindre oppglødd enn oss. Han skaffa seg ein bra neve jarnstøv til bruk i fysikkøvingane han utførte på kateteret med oss skuleungar i ein halvsirkel gloande med trillrunde auge.
   Me såg for oss storstilt gruvedrift og rykande jarnverk i den vesle heimbygda vår. Rikdommen skulle velte innover oss, og sjølvsagt måtte me som fann dei kostbare skattane, verte drusteleg lønte.
   Men me greidde ikkje å skape den store ihugen for oppdagingane. Til all lukke ligg det verken jarngruver eller smelteverk i den vesle Flekkebygda.
   Og  skulehusberget vart vekksprengt då dei bygde nytt skulehus og la om vegen. Men ein  stad ligg der framleis nokre vesale malmårer og ventar.

mandag 20. august 2012

HIT EIT STEG OG DIT EIT STEG ...

...dansar eg fram på skuleveg.
   Nei ikkje eg, eg er som kjent ute. Men i desse dagar kan eg nok feire sekstiårsjubileum for starten på min sekstiårige karriere i norsk skuleverk. Dette har eg allereie utdjupa i august for tre år sidan, og skal ikkje gå meir inn på det.
   I dag stilte tusenvis av forventningsfulle elevar opp til sin første skuledag, og ein av dei var sonesonen vår, Sigurd. Så me kan nesten snakke om ein jamn kontinuitet i familien. Dessverre sit me her sør på Vestlandet og får ikkje sjå den krye karen den første skuledagen, der han møtte opp på Lade skole i Trondheim i lag med mamma, pappa og syster Frida, som allereie er veteran på skulen med to års fartstid.
   Skal tru om Sigurd vert hekta til skuleverket i seksti år, han òg? Det får ikkje bestefaren vite. Og godt er det.

søndag 19. august 2012

REISERADIOEN


I dag mens me sat og kosa oss med frukostbordet, sende dei den siste utgåva av Reiseradioen for denne sommaren. Det er eit program som i aukande grad er prega av likegyldig skvalder mellom to menneske i eit trongt kott av eit studio på Marienlyst, og av uspennande musikkinslag innimellom blablablaet.
   Skal tru om desse unge menneska veit kva ein reiseradio var? Ein gong i tida var dei vanlege stoveradioane nokre tunge praktmøbel som sjølvsagt ikkje burde flyttast på. Men så var det somme som skaffa seg reiseradioar, radioar som gjekk på batteri og kunne takast med kvar det skulle vere. Batteria i dei eldste modellane eg hugsar, var tunge og klumpete.
   Men tidene forandrar seg. Eldstebror Arne kom i ung alder heim med ein Mascot, som viste seg å vere eit snedde vidunder av ein radio som gjekk på lommelyktbatteri! Korleis kunne dei få til noko så lite og hendig? Jau, her var det brukt små transistorar og ikkje radiorøyr i form av lampar som slukte straum og trong god plass.
  Radioen du ser her, var det bror Steinar som kjøpte for 51 år sidan. Etter kort tid betalte eg han ut og overtok vidunderet. Som sagt, radioen kunne vere med overalt, til dømes følgde han Kalle og meg på ei fjellferd frå Sandane til Førde då andre gymnasåret vårt var slutt. Høgt oppe i gloppefjella kunne me høyre om Profumo-skandalen i England og Kings Bay-debatten her heime. I mange, mange år var det frå dette apparatet eg fekk mykje av dei viktigaste impulsane frå den store verda.
   No har radioen i ei årrekkje hatt det til felles med Reiseradioen i Nrk at han har halde hus i eit trongt kott, men i motsetning til namnebroren har han vore tagal sidan eldste guten vår flytte heimanfrå og kanskje endå lenger. Då han tok ei generalopprydding i sakene sine i sommar, dukka radioen opp.
   Mykje vart ført til Sunnhordland interkommunale miljøverk etter ryddeaksjonen, men me var samde om at vår gamle Kurer Transi måtte skånast.
  

lørdag 18. august 2012

KULTURENS SIGER OVER NATUREN


Som den evige optimisten og kulturpersonen eg er, lèt eg meg ikkje knekkje av nokre skarve spanske sniglar. Eg forstår forresten ikkje korleis iberiasniglane kan ha greidd seg på den turre og heite Pyrenearhalvøya, der dei visstnok har sitt opphav. Her på berget kjem dei helst snikjande fram etter at sola har gått ned, og det kjem eit kjølegare drag i lufta og dogg på bakken. Dei har vel rømt frå det kriseramma, brennheite Spania og funne ut at Noreg både har snigleklima og gode velferdsordningar.
   Skvåsjen er ein velsigna kulturplante når du først får han i skikkeleg vekst. Men i fjor gjekk det ille. Sniglane kom stormande så snart eg hadde plassert dei forkultiverte plantane ut i bedet sitt. Etter nokre dagar i Austevoll såg me knapt spor av stilkane eingong.
   I år var eg verkeleg på vakt. Eg sådde inne og sette dei ut under eit lite plasttak. Rett nok var det vind og væte som var den verste fienden deira dei første vekene. Trass i det svært provisoriske plasthuset, stod dei der og sturte og venta på sommaren. Men dei greidde seg. Etter kvart som dei voks, laut eg fjerne plasten. Då kom brunsniglane. Dei fekk eit kort liv. Eg brukte eit mangesifra timetal på vakthald og snigledrap. Skvåsjplantane var heldigvis litt meir robuste enn dillen og salaten, så dei overlevde. Og når dei først kjem i skikkeleg vekst, maktar ikkje eingong iberiasniglane å halde dei nede. No om kveldane ligg det ein gjeng brune rakkarar kring bedet og diskuterer om dei skal tore å gå til åtak. Ein og annan vågar seg oppi lauvverket, men rekk ikkje å gjere så mykje skade.
   No driv skvåsjplantane og betaler ned på gjelda. Dei leverer rikeleg med faste, fine skvåsjfrukter, som me kan koke, steikje, ha i salatar og ymse grønsakretter, sylte, eller ete rå på brødskivene i lag med skinke eller ost.For ikkje å snakke om den gleda dei gir til auga, der dei står med struttande lauvverk, digre, gule blomar og potente frukter.


  

fredag 17. august 2012

NATURENS SIGER OVER KULTUREN


Alle bloggarar og feisbukkbrukarar med sans for hagebruk skriv og skriv om brunsniglar, og med god grunn. Eg òg er stundom innom det temaet.
   "All kultur er dyrken," heiter det i bondesongen. Ordet kultur tyder nett det, og i gammal latin brute dei ordet om pløying og dyrking av jord. Som den kulturpersonen eg er, lyt eg drive litt hagebruk.
   I vår tenkte eg meg jamvel eit lite tilskot til matauken. Eg sådde dill og salat inne i god tid. Begge sortane spirte og lova godt. Eg sett dei ut i ein liten kasse med jord. Nett då slo vêrgudane til med slagregn og temperaturar så vidt over null. Sniglar og andre utyske tok snart knekken på den delen av avlinga som overlevde gråvêret.
  Så laga eg ein ny og større heim til vokstrane mine (sjå ovanfor.) Eg sådde nye frø, både dill, plukksalat og reddikar. Dei kom villig opp og stod og strekte seg mot lyset, trass i uroleg vêr.
   Då fekk brunsniglane fart på seg og lét seg ikkje affisere av mine hyppige inspeksjonar. Ikkje så radt få brunsniglar laut bøte med livet i kampen om denne åkerflekken min. Men kjærleiken til frisk, grøn dill og frodig plukksalat var sterkare enn dødsangsten hos desse brune sleipingane.
   Til slutt var det berre å konstatere at naturen hadde sigra over kulturen. Der det skulle ha stått frodige dillkruner og duva i sommarbrisen, der det skulle ha vore smikkfullt av knasande sprø, yppig plukksalat, er det berre mold og ugras. Rett skal vere rett: Dei løyvde nokre reddikar til oss, som me har ete opp for lenge sidan. Men ikkje eit salatblad, ikkje ei einaste dillspire.
   No gir dei brune beista blaffen, dei smakar ikkje på graset og ugraset som kjem opp. Så det lyt eg reinske vekk sjølv.

torsdag 16. august 2012

DAG EIN I DET NYE LIVET

Takk til alle som trufast og tolmodig har opna bloggen min i sommar, og hjarteleg takk til bror Steinar som har freista å halde litt liv i nettsida mens eg har teke ferie. Men no skal eg skjerpe meg og få nokre tekstar av garde dei nærmaste dagane.
   Sist eg skreiv, gjorde eg eit ørlite nummer av at den siste skuledagen min var over, og at pensjonistlivet no hadde teke over for godt. No ser eg det slik at det er dagen i dag eg bør feire. Dei siste åtte vekene har det vore ein relativt normal sommarferie. Men i dag begynner dei på skulen att, dei arme krypane som enno held ut i arbeidslivet på skulen med den keisame forkortinga KVV, og som held hjula i gang, byggjer landet og skaper innkome til seg sjølve og syter for skattepengar til pensjonane våre.
   Eg har fabla om å markere denne dagen skikkeleg. Få med den nyutsprotne medpensjonisten Karl Johan, som òg er ein god granne, opp i vegen med ein ølkasse og kvar sin fluktstol, så kunne me sitje der på morgonkvisten og geipe, le og peike nase til kollegane våre då dei skulle på jobb i dag tidleg. Men som med så mange andre av dei gode ideane mine vart det med tanken, berre.
   I staden stod eg opp klokka fem og fekk av garde den nest eldste sonen vår, som hadde seg ei veke heime hos papen og mamma. Dermed var det slutt på omsorgsarbeidet vårt denne sommaren, som byrja med ei veke hundepass frå og med den tredje juli, utvikla seg med vitjingar av born og barneborn og gjenvitjing og barnepass ei lita veke i Trondheim.
   Men no er eg altså i gang med dag ein i det nye livet. Så får me sjå kor det går.

torsdag 2. august 2012

(G)JENTER OG NYNORSK


I går vart det sett i verk nye rettskrivingsreglar for nynorsk.
Gulruss 1959
Siste store omvelting i så måte var vel innføringa av ny læreboknormal  i 1959. Etter at Oddleifen hadde terpa i tre år på realskulen på ein av yndlingsreglane at ”de skal hugse at ordet gjente kjem av gut, og skal difor skrivast med g!”, kom han i ein av dei siste norsktimane før eksamen med ei retting: Til eksamen var det no vedteke at ein skulle kunne nytte den nye læreboknormalen, slik at det no var høve til å skrive jente, sjølv om det aldri så mykje var avleidd av ”gut”, noko eg sterkt mistenkjer den gode Fagerheimen for å ha funne på sjølv.

Norsklæraren
Førebels er det ikkje utgitt ordlister eller anna tilfang å rette seg etter, men trøysta lyt vere at ein vert ikkje ilagd straff om ein bryt rettskrivingsreglane. Såleis kjem eg nok til å skrive slik eg sjølv vil, liksom Frode Grytten og vil gjere. Mange vil nok gråte ein skvett fordi det ikkje lenger skal vere lovleg å skrive soli og fjelli, godt då at ein slepp å skrive solen og fjellene.
Kva så med (g)jentene?
Eg minnest den gamle vitsen om dei to aldrande herrane som sat og mimra. Den eine sa: ”Hugsar du då me var unge og sprang etter jentene?” Og den andre svara: ”Ja, men eg kan ikkje minnest kvifor….!”.

Me får tru at nynorsken og jentene held seg sunne og friske lenge enno!