fredag 23. april 2010

JERNBRYLLAUP OG SNØKAVE

Det første fekk ikkje mamma og pappa oppleve. I dag er det sytti år sidan dei gifte seg. Dette skreiv eg såpass mykje om i april i fjor at eg berre viser til det.
   Og sjølv sit eg her og gremmar meg over snøen som kjem dalande. Når me ikkje får over oss oske, så sender dei snø. Bloggkamerat Gunnar seier at det ikkje er oske som kjem no, fordi det er kvitt. (Sjå kommentaren han skreiv i går.) Sjølv om argumentet ikkje held, har han nok rett. Eit nytt døme på at ein kan ha rett sjølv om argumenta ikkje held. Ein annan variant av den same syllogistiske bresten er når argumenta er haldbare og konklusjonen steinhakkande gale. Men det let me liggje.
   No både håpar og trur eg at me kjem oss av garde måndag til Barcelona, viss det då ikkje vert svære snøhindringar på Flesland - eller kanskje der sør? Me har tre søner. Dei to yngste fekk oppleve studieturar til Praha i ung alder og har masa på oss om å vitje denne vakre byen. Det gjorde me for første gong i september. Gutane hadde rett, det er ein flott by! Den eldste guten har Barcelona som "sin" by og har vore der fleire gonger. Han har spurt oss fleire gonger korfor me ikkje reiser dit når me tek oss ein utanlandstur. Dette er ein viktig grunn til at me fer til Barcelona denne gongen. Og etter det me har lese oss til og høyrt om byen, trur me ikkje at me skal angre.
   I morgon føremiddag begynner me reisa med ei helg i Bekkjarvik og derifrå måndag til Flesland. Og eg tek ikkje med datamaskin, så du treng ikkje leite etter ny blogg på vel ei veke.
  

torsdag 22. april 2010

OSKEDRAMAET

Då me gjekk til sengs i går, kjende me oss endeleg litt sikrare på at oskedramaet i lufta var over, og at flygingane kunne kome i normalt gjenge. For måndag må det vere oskereint om me skal få gjennomført denne barcelonaturen som me har gledd oss til. Så vakna me i dag tidleg til ein ny  nasestyvar: Flesland og fleire andre flyplassar var stengde i føremiddag. Det låg att litt oske langs norskekysten. Vel, no går me straks og legg oss, spennande kva dei seier i morgon. Kanskje Katla, som alle pessimistar og geologar ventar på, skal blåse i nasen og gjere livet surt for islendingar, flypassasjerar og folk i reiselivsbransjen.
   Me har innnretta oss i ein sårbar vev av skjøre livstrådar, og dette er nok ei påminning om at historia ikkje er fastlagd ein gong for alle. Det kan skje svære omveltningar som me vanskeleg kan spå. Kven hadde trudd for eit par veker sidan at det største samanbrotet av europeisk samferdsel etter andre verdskrigen skulle oppstå så brått? Viss me ikkje kjem oss til Barcelona, skal eg gruble meir på dette, men dersom alt går vel, gløymer eg vel heile problemstillinga.

onsdag 21. april 2010

ETTER HESTEN


Eldstebror Arne med merra, nesteldste bror Steinar og underskrivne i høylasset.




I dette diktet frå Guten og grenda (1945) skildrar Jakob Sande ein fjelltur sommars tid. "Mest kvar einaste morgon med' slåtten stod på (...)" laut han grytidleg til fjells etter øyken. Eg spør no kva slags jordbruk dei dreiv i klokkargarden i Dale når dei kunne sende hesten til fjells dagleg. Det kunne ikkje me ta oss tid til. Men mellom onnene fekk merra nokre dagars ferie og vart sleppt i marka. Då kunne ho vandre til fjells i lag med granneøykene og nyte fridom og fjelluft. Likså ofte gjekk dei i låglandet og var lette å treffe når me rusla gamle postvegen til skogs.
   Eg måtte òg hente merra stundom, og eg har eit minne til at eg gjekk og kvidde meg på om eg greidde å finne det rette dyret. Merrane var no temmeleg like, tykte eg, det var annleis med papen som sikkert på ein blunk kunne ha plukka ut merra si blant alle merrar i heile Sunnfjord viss dei hadde vore samla.
   Innanfor Vellegrinda stod ein øykeflokk og blés i nasane, og etter nøye gransking tok eg den merra eg trudde måtte vere vår. Eg la grima på og labba på heimveg med merra etter meg. Eg var ei aning spent; det skulle ta seg ut om eg kom heim med feil merr. Merra følgde med, men var slett ikkje så entusiastisk som øyken til Jakob Sande då han vart henta, spesielt då dei nærma seg heimetunet og hesten la på tråv.
   Heldigvis var det rett merr eg kom heim med, eg nemnde sjølvsagt ikkje den nagande tvilen, og papen forstod aldri at eg kunne lure på noko så sjølvsagt.

tirsdag 20. april 2010

MERRAR PÅ MORGONTUR

Det å ta seg ein lett joggetur før frukost, er ein freistande tanke som eg har leika  med mang ein gong, men sjeldan realisert. Kanskje det hende på slutten av åttitalet og førstninga av nittitalet; dei åra eg var ein ivrig joggar og konkurransespringar.
   Ein tidleg morgon tenkte gamlemerra at det hadde vore  fint med litt mosjon på morgonkvisten. Difor smatt ho ut av grima ho var festa med, lirka opp stalldøra og  kom seg på frifot. Men det å gå morgontur åleine er litt stussleg, tenkte ho. Så då tok ho vegen ned til Finn-stallen og hjelpte finnmerra ut. I roleg joggefart for dei i lag ned Gòta og ut på bryggja, der dampen var ventande inn grytidleg om morgonen.
   Og då Audun Hustveit kom syklande ut for å ekspedere dampen, stod begge merrane på bryggjekanten og nikka, mens Atløy kom tutande og prustande til kaia med mjølsekker og dagens post i lasta.

mandag 19. april 2010

GAMLEMERRA

Det er på tide at nokon skriv om gamlemerra me hadde då eg voks opp. Stundom fleipar eg med at det einaste eg kan, er kunnskapar som er unyttige. Som å sele på ein øyk eller å renne opp og hesje i hesjar. Eller statsministerrekkja vår sidan 1873.
   Men tilbake til gamlemerra. Eg trur det er eg som lyt skrive om henne. Papen er den som hadde kunna fylt ei bok om den kjære øyken sin. Mamma kunne ha supplert. Men dei  er begge døde. Brørne mine burde ha kunna skrive side opp og side ned, men vil sikkert seie at dei hugsar så lite. Syster Liv hugsar knapt dyret og har aktverdige grunnar til det; ho var fem år då merra forlét oss. Forresten har eg skrive om merra i bloggar i fjor:

   http://reidarfk.blogspot.com/2009/01/yker-i-valo-og-flekke.html

   http://reidarfk.blogspot.com/2009/02/tobba.html

   Gjennom heile barndommen til meg og brørne mine var merra eit fast inventar på garden. Ho vart fødd våren 1941 i Gara (grannetunet) og fekk namnet Bergfrid etter faren, som heitte noko slikt som Berg og var ein spenstig avlshingst. Eigentleg syntest eg ho var litt arrogant, ho såg surt på meg og stritta imot når eg skulle hente henne og spenne henne for høyvogna. Viss ho sprang fritt på beite, var det slett ikkje alltid ho ville late seg ta av andre enn eigarmannen, papen. Ein gong ville ikkje ho at papen skulle ta henne heller, heilt til ho steig på foten til bror Steinar, men då stod ho og planta foten hans fast i bakken. Som å stadfeste kven som eigentleg var sjefen.
   Eg forstår henne godt. Å dra ei slåmaskin måtte vere ein einsformig, slitsam og keisam jobb. Og keisamt var det nok å dra ei harv, om ikkje fullt så tungt. Då var det litt meir spenning og variasjon å dra høyvogn eller vere i skogen og dra fram ved.
   Ho hadde nok føl i yngre år, men dei hugsar eg knapt. Men i moden alder - eg snakkar om tmidten av femtitalet - vart ho atter sett i avl, og tre år på rad kom det tre føl i tur og orden, først to merraføl, deretter eit hesteføl. Og kva gjer ein hestekar som er vel så kry av ungane sine som av andrepremimerra og føla hennar? Føla vart kalla opp, først Arna, så Steina og til sist Reidar. Litt uvanlege øykenamn, spesielt dei kvinnelege. Men dei fungerte. Då tida var mogen og det var kjøparar å finne, vart dei veksla om til kontantar. Arna hamna i  Tyskland, var det sagt. Kvar dei andre vart av, veit eg ikkje. Og no er dei nok forlengst sameina med mora si i Edens hestehage, der dei går og beitar fredeleg side om side, mettar seg på frisk og saftig hå og veiftar fly og fluger vekk med rova.


  
 

søndag 18. april 2010

DEN FRUKTBARE MÅNADEN

Det var ikkje berre Bjørnson som valde seg april. At hans val fall på denne månaden, kom seg visstnok av at det berre var april som stod att då han skulle skrive eit kalenderdikt han var invitert til. Namnet april er mystisk. Det vil seie: Opphavet er noko uklart. Månadsnamna fram til og med august er inspirerte av romerske gudar og mektige menn. Dei fire siste kjem av tala sju, åtte, ni og ti, altså nummerering av månadene i den tida det var berre ti månader i året. April skil seg ut. Dei lærde er ikkje sikre, men kanskje kjem april av det latinske aperire, som tyder å opna. Det kan hanga saman med at blomar sprett og naturen opnar seg til ny vår og sommar.
   Det gjer også kvinnene, og ut kjem nusselege, små ungar. Det er i april me har flest fødslar her i landet. Trur eg nokså sikkert. Iallfall meinte eg at eg kunne prova det i 1967. Eg samla bursdagar i den sjuande sansen min, og han ligg her attmed dataskjermen. I april hadde eg 30 noteringar. I mars var det 15, i mai var det 18. I november var det nede i 11. Utanom april var det jamn spreiing på dei andre månadene.
   Så for meg ser det ut som om menneskefødslane har ein viss samanheng med lemminga. Men berre ein viss. Av grunnar som eg ikkje kan forklare så godt, finn vi hos homo sapiens sapiens ei viss spreiing over heile året, men sauene er meir (men ikkje heilt) konsekvent vårbære.  Spør Harald Eia om dette har biologiske eller miljømessige årsaker. Kanskje sauene òg hadde fått til ein større variasjon viss dei hadde utvikla ein kultur for det?

lørdag 17. april 2010

GRÅVERSDAG

I grunnen skulle eg ha vore ute og pusla i hagen. Eg skulle ha grave opp dei små løvetannspirene som no etter kvart stikk opp av bakken. Det plar eg gjere kvar vår. Men i dag er det så surt og grått at me sit inne. Eg skulle ha gått ut og fylt jord i små potter, sådd og planta, t.d. gladiolknollane som eg tok opp i haust. Dei skulle ha fått stått inne til spiring før dei skal i jorda ute med muren. Men det er så surt at eg kvir meg på å gå ut. Det er meir ugras i skråningen opp mot vegen, sjølv om me gjorde ein god innsats der for nokre dagar sidan. Men i dag lyt det få stå. Det er så surt ute. Til og med ugraset vantrivst og veks saktare. Det er ei trøyst. I morgon vert det endå kaldare, kanskje me får snø. Då skal eg iallfall ikkje ut i hagen. Det blir altfor surt til det, og eg vert meir og meir pysete.
   Og viss ikkje vulkanskyene fjernar seg snart, går barcelonaturen i vasken. Då vert det endå surare. Får heller drøyme om den varme vårdagen for eit år sidan om fem dagar. Midt i april eksploderte våren, og den 22. april var det slik:

torsdag 15. april 2010

KVA SKAL ME MED ISLAND?

Forbaska filleøy som ligg der ute og spyr røyk, småstein og oske høgt til vêrs slik at me ikkje får flyge lenger. Og kva viss flya ikkje kjem i lufta innan elleve dagar, kva då med barcelonaturen vår? Først svir islendingane av millardar i rotne bankar, så stansar dei all flytrafikk i Nordvesteuropa, og i tillegg sit fotballaget Brann med opptil fleire islendingar (iallfall to) som er medskuldige i botnplasseringa laget har hamna på.
   Kva var det sunnfjordingen  Ingolfr (i det dåverande Fjaler) tenkte på då han heiv høgsetestolpane i sjøen og slo seg ned der dei rak i land på denne ubygde øya i ei vik der det steig opp røyk or jorda? Berre for at han no kan stå i to utgåver på sokkel og skode ut på sjøen i Rivedal og Reykjavik?
   For førtiseks år sidan var eg på veg til Amerika og mellomlanda seint på kvelden på ein liten flyplass ved Reykjavik. Me vart skyssa inn til byen, plasserte på ein kafé eller noko slikt, og fekk fortalt at me sikkert måtte vente ein liten time. Ei stund seinare kom det ny melding: Vent to timar til. Utpå natta kom det endå ei kunngjering: Ny forseinking, fire timar til. Først utpå morgonkvisten kom me på lufta. Men så fekk eg tid og høve til å rusle rundt i den nattstille byen i den grålyse sommarnatta, eg såg Ingolfr der han stod og myste utover, eg undra meg over dei klingande gatenamna, eg takka skjebnen for at eg fekk med meg litt av denne øya og denne byen. Eg burde vel ha uroa meg meir over korrespondansen vestover frå Kennedy-flyplassen i New York til Minneapolis, for flyet eg skulle ta vidare, var sjølvsagt uråd å nå for meg.
   Så letta me, ja, men ikkje beint til havs; me fauk berre ein liten stubb og til Keflavik, der det og gjekk eit par timar før me endeleg tok kursen over Nordatlanteren. Men eg kom meg fram. Neste natt (tidleg morgon heime) kom Dave og plukka meg opp på flyplassen ved Minneapolis.
   Og kva med heimferda seks veker seinare? Den turen gjekk utan komplikasjonar, og me sveva jamvel rett over Surtsey. Ei øy som hadde dukka opp or havet etter eit vulkanutbrot året før. Eg såg rett ned i eldmørja. Litt av eit land. Hadde ikkje islendingane skrive og teke vare på den gamle historia vår, er eg slett ikkje sikker på om Noreg hadde vore ein sjølvstendig nasjon i dag. Ære vere Island!

tirsdag 13. april 2010

FLYULUKKER

Den tragiske flyulukka i Russland har gjort eit sterkt inntrykk, og først og fremst fordi så mange prominente polakkar miste livet. Flyulukker set ofte sterke spor i folk, og mange er redde for å fly. Jamvel om det er mykje større sjanse for å omkomme på vegane.
   I eit album heime var det eit prospektkort av ei fjellside med eit innteikna kryss og ein lakonisk tekst nedst på kortet: Lihesten. Havørns skjebne. Her i nabokommunen vår styrta eit fly allereie i 1936, den første store flyulukka her i landet. Sju menneske omkom.
   I ei anna nabobygd (Lavikdalen) låg det restar etter eit tysk kampfly som vart nedskote under krigen. Me var på skuletur opp dit då eg gjekk i småskulen og såg mellom anna det som var att av flyrestane. Det var spennande og nifst.
   Endå nifsare var det då Anne og eg var nett heimkomne frå Mallorca før jul i 1972. (Nei, det var ikkje vanleg at me tok ut på langtur i den tida. Det var vår første utanlandstur i lag, og me kom oss ikkje til utlandet att før i 1980 med englandsbåten.) Då me kom heim, fekk ikkje flyet lande på Fornebu og vart omdirigert til Gardermoen på grunn av tett skodde. Der og då var me nokså irriterte fordi me ikkje rakk nattoget til Bergen. Men nokre få dagar etterpå, på veslejulafta, styrta eit fly like ved Fornebu og 40 passasjerar omkom. Så det var nok det beste å bli omdirigert.
   Mens eg var i militæret og sat på vakt på opsrommet på Bodø flystasjon, tok eg plutseleg ein dag imot  ei melding om at to jetjagarar hadde styrta i ein fjellvegg. Det vart eit oppstyr utan like, og ei tung stemning på oss. Flygarane omkom. Kjentfolk. Ein annan flygar, ein særs venleg og hyggjeleg kar som eg delte vakt med juledagane i 1970, styrta og miste livet eit par år seinare, såg eg i ei avis. Aller verst var å lese om ein annan flygar i Bodø, ein jovial kaptein som flaug "mjølkeruta" - ei fast militærrute med Twin-otter frå Bodø og nordover ein gong i veka. Alle visste at han supa litt undervegs, til dømes når han hadde pause i  Tromsø,  tok han seg gjerne eit par øl  før han returnerte. Året etter at eg hadde dimma, styrta flyet i ein fjellvegg og sytten menneske omkom.
   Ei gammal kjerring heime i Flekke reagerte skarpt på nyhendet om ei flyulukke der fleire kvinner miste livet. Det ho stussa mest på, var at vaksne kvinnfolk for og rak på den måten. "Kunne'kje dei  ha  halde seg i ro på ræva, fått fat i litt ull og sett seg ned og kara og spunne som andre kvinnfolk, så hadde dei sloppe ditta!" meinte ho.
   Men snart skal Anne og eg ut på flytur til Barcelona. Det vil helst gå bra. Me elskar å reise med fly.

mandag 12. april 2010

FLESKEPRODUKSJON OG HAGEBRUK

I dag var ein ny strålande vårdag med stabil sol frå morgonen av. Til all lukke var eg pensjonist i dag og slapp gå på skulen. I staden har eg vore heime og gjort noko nyttig. Etter frukosten (som vart rikeleg lang med kaffi og avis på terrassen) gjekk eg i gang med å fyre opp røykeriet til nabo Per. For to-tre månader sidan sikra eg meg eit par av dei aller, aller siste stykka med familieribbe som var å få kjøpt i butikkane på Husnes. Før helga fiska eg dei opp or frysen og la dei i salt. I dag har dei hange i røykhuset og vorte omdanna til det flottaste steikeflesk. Håpar eg. Eg vil ikkje kalle det bacon, den engelske varianten er dvaskare etter min smak, og då er det snakk om lauvtynne skiver som nesten forsvinn mellom tennene. Men helst skulle eg ha hatt tynnribbe. Så snart dei første tynnribbene dukka opp i frysediskane før jul, var eg der, kjøpte eit par-tre beinfattige store flak og gjennomførte den same prosedyren med salting og røyking. No har me ete opp mesteparten, til speilegg, lutefisk og fleskepannekaker. Tynnribbene eignar seg nok betre enn familieribbene, som er litt for tjukke. Men eg vonar me vert rimeleg fornøgde, det var berre dei eg fekk tak i då eg slo til vinter.
   Men det største arbeidet på denne solrike vårdagen har me lagt ned i hagen, med rydding og luking, grafsing og raking. Dei som ikkje skjønar kva slikt arbeid går ut på, får prøve å finne ei hageside på internett eller eit vekeblad og lese seg opp.

søndag 11. april 2010

GRILLING OG SUNDAGSARBEID

Skjerp deg, Reidar, du har ikkje blogga på over ei veke og berre ein gong i april. Du må forstå at lesarane mister interessa viss dei gong på gong er innom og ikkje finn noko nytt.
   Denne helga gjorde våren eit skikkeleg gjennombrot med kaskadar med sol, fleire og fleire blømande påskeliljer og nye grøne spirer. Me burde ha satsa tungt på hagearbeid. Men først laut eg fikse grillen, så mesteparten av laurdagen gjekk til det arbeidet. Me har ein tønnegrill, og han ser ut som ei svart tønne som er kløyvd på midten og står på eit stativ med fire føter. Me lyfter opp øvre halvdelen og har grillkol og rist i underdelen. No var denne delen av tønna godt rusta på undersida og elles rundt omkring både her og der. Eg bukserte grillen ut or kjellaren og opp på plenen. Der vart boss og skit behørig fjerna, deretter gjekk eg laus med noko rustfjerningsmiddel som dukka opp i ei kjellarhylle. Så feste eg ein stålskrubb på drillen, og drill mot grill freste vekk laus rust. Til sist gjekk fekk tønna seg ein omgang med svart lakk på boks, kjøpt på Europris. Eg laut jamvel til Husnes og kjøpe ein ny lakkboks, og i same farten panta eg flasker, plukka med meg ei flaske vin til rekene me åt i går kveld, margarin, ei avis og sommarkotelettar til den nyoverhalte grillen i dag. No er han altså prøvekøyrd og står der framleis, svart som arvesynda, men blank som ein engel.
   Sundagen har eg mellom anna brukt til to arbeid: Eg har fjerna ikkje så lite drit og mose frå stovetaket, og eg har skifta dekk på bilen. Spesielt dette første tok si tid, så eg har nytta sabbaten godt denne gongen.
   Dei siste åra mamma levde, ringde eg nesten kvar sundagskveld og prata. Eit innslag som gjekk att i sundagssamtalane våre, var at eg greidde ut om kva eg hadde gjort den dagen, og mamma kommenterte det at eg dreiv med sundagsarbeid. Då forsvarte eg meg med at sjølvaste Jesus og den lurvete flokken hans gjekk og trakka i åkrane om sundagane og stal korn som dei åt. Og at han sa til farisearane: "Sabbaten vart til for menneskja skuld, og ikkje menneskja for  sabbaten skuld." (Mark. 2, 27.) "Jaja," sa mamma og skratta.
  
 

søndag 4. april 2010

PÅSKEDAG

Desse linjene kjem ikkje til å handle om noko anna enn nett det me har putla med i påskehelga. Me har vore heime sidan tysdag, og vêret har ikkje nett invitert oss ut i naturen meir enn høgst nødvendig. Så det har handla mest om kryssord, påskekrim på TV, eting og latmannsliv. I går var me forresten ute og onna i hagen nokre timar. Fredags kveld var me hos Anna og Anfinn i Porsvika saman med eit par andre par og åt pizza og kaker pluss raudvin og kaffi. Sidan mange i laget har sine helseproblem, var samtaleemna gitt. I går kveld hadde me vår tradisjonelle rømmegraut med nyspretta spekekjøtlår som me har salta, røykt og spekt her heime. Og no spreier angen frå lammesteika seg i heile huset. Ute blæs det så det uler, så nokon luftetur er ikkje særleg forlokkande. Det vert sikkert meir kryssord i staden. I morgon tek det heile slutt - eg meiner påskeferien - og Tore pakkar sekken sin og fer til by'n for å sjå Brann-kamp på fjernsynet før helga for godt er omme.
   Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
   God påske!