Det var ikkje berre Bjørnson som valde seg april. At hans val fall på denne månaden, kom seg visstnok av at det berre var april som stod att då han skulle skrive eit kalenderdikt han var invitert til. Namnet april er mystisk. Det vil seie: Opphavet er noko uklart. Månadsnamna fram til og med august er inspirerte av romerske gudar og mektige menn. Dei fire siste kjem av tala sju, åtte, ni og ti, altså nummerering av månadene i den tida det var berre ti månader i året. April skil seg ut. Dei lærde er ikkje sikre, men kanskje kjem april av det latinske aperire, som tyder å opna. Det kan hanga saman med at blomar sprett og naturen opnar seg til ny vår og sommar.
Det gjer også kvinnene, og ut kjem nusselege, små ungar. Det er i april me har flest fødslar her i landet. Trur eg nokså sikkert. Iallfall meinte eg at eg kunne prova det i 1967. Eg samla bursdagar i den sjuande sansen min, og han ligg her attmed dataskjermen. I april hadde eg 30 noteringar. I mars var det 15, i mai var det 18. I november var det nede i 11. Utanom april var det jamn spreiing på dei andre månadene.
Så for meg ser det ut som om menneskefødslane har ein viss samanheng med lemminga. Men berre ein viss. Av grunnar som eg ikkje kan forklare så godt, finn vi hos homo sapiens sapiens ei viss spreiing over heile året, men sauene er meir (men ikkje heilt) konsekvent vårbære. Spør Harald Eia om dette har biologiske eller miljømessige årsaker. Kanskje sauene òg hadde fått til ein større variasjon viss dei hadde utvikla ein kultur for det?
Dine innsamla data for april vert og stadfesta av SSB (unnateke 1999)( http://www.ssb.no/emner/02/02/10/fodte/arkiv/tab-2002-05-30-02.html). Men der kjem mars og mai mykje sterkare ut enn dine registreringar syner. Dette syns eg du skal ta opp med Øystein Olsen. Datagrunnlaget bør analyserast pånytt.
SvarSlett