Då me gjekk til sengs i går, kjende me oss endeleg litt sikrare på at oskedramaet i lufta var over, og at flygingane kunne kome i normalt gjenge. For måndag må det vere oskereint om me skal få gjennomført denne barcelonaturen som me har gledd oss til. Så vakna me i dag tidleg til ein ny nasestyvar: Flesland og fleire andre flyplassar var stengde i føremiddag. Det låg att litt oske langs norskekysten. Vel, no går me straks og legg oss, spennande kva dei seier i morgon. Kanskje Katla, som alle pessimistar og geologar ventar på, skal blåse i nasen og gjere livet surt for islendingar, flypassasjerar og folk i reiselivsbransjen.
Me har innnretta oss i ein sårbar vev av skjøre livstrådar, og dette er nok ei påminning om at historia ikkje er fastlagd ein gong for alle. Det kan skje svære omveltningar som me vanskeleg kan spå. Kven hadde trudd for eit par veker sidan at det største samanbrotet av europeisk samferdsel etter andre verdskrigen skulle oppstå så brått? Viss me ikkje kjem oss til Barcelona, skal eg gruble meir på dette, men dersom alt går vel, gløymer eg vel heile problemstillinga.
Det som kjem ned frå himmelen idag, er ikkje aske. For fargen på nedfallet er kvit. Skal tru om det tyder at aska er igjen oppe i lufta, og vil ligga der å driva fram og attende langs kysten.
SvarSlettNett nå ønskjer eg meg et lite svart hol som sug til seg aska. Ein omvendt vulkan, så og seia.
Eg veit ikkje kva eg skal tru. No har eg predika for ungdommen at Wikipedia kan verre upåliteleg. Likevel tør eg bruke det som vitne på at oske kan vere kvit. Iallfall pottoske eller kaliumkarbonat (bakepulver). Den oska eg har spreidd kring bærbuskane er nokså lys også. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Pottaske
SvarSlettOg eg ser fram til at du får fyrt opp den omvende vulkanen.