mandag 19. april 2010

GAMLEMERRA

Det er på tide at nokon skriv om gamlemerra me hadde då eg voks opp. Stundom fleipar eg med at det einaste eg kan, er kunnskapar som er unyttige. Som å sele på ein øyk eller å renne opp og hesje i hesjar. Eller statsministerrekkja vår sidan 1873.
   Men tilbake til gamlemerra. Eg trur det er eg som lyt skrive om henne. Papen er den som hadde kunna fylt ei bok om den kjære øyken sin. Mamma kunne ha supplert. Men dei  er begge døde. Brørne mine burde ha kunna skrive side opp og side ned, men vil sikkert seie at dei hugsar så lite. Syster Liv hugsar knapt dyret og har aktverdige grunnar til det; ho var fem år då merra forlét oss. Forresten har eg skrive om merra i bloggar i fjor:

   http://reidarfk.blogspot.com/2009/01/yker-i-valo-og-flekke.html

   http://reidarfk.blogspot.com/2009/02/tobba.html

   Gjennom heile barndommen til meg og brørne mine var merra eit fast inventar på garden. Ho vart fødd våren 1941 i Gara (grannetunet) og fekk namnet Bergfrid etter faren, som heitte noko slikt som Berg og var ein spenstig avlshingst. Eigentleg syntest eg ho var litt arrogant, ho såg surt på meg og stritta imot når eg skulle hente henne og spenne henne for høyvogna. Viss ho sprang fritt på beite, var det slett ikkje alltid ho ville late seg ta av andre enn eigarmannen, papen. Ein gong ville ikkje ho at papen skulle ta henne heller, heilt til ho steig på foten til bror Steinar, men då stod ho og planta foten hans fast i bakken. Som å stadfeste kven som eigentleg var sjefen.
   Eg forstår henne godt. Å dra ei slåmaskin måtte vere ein einsformig, slitsam og keisam jobb. Og keisamt var det nok å dra ei harv, om ikkje fullt så tungt. Då var det litt meir spenning og variasjon å dra høyvogn eller vere i skogen og dra fram ved.
   Ho hadde nok føl i yngre år, men dei hugsar eg knapt. Men i moden alder - eg snakkar om tmidten av femtitalet - vart ho atter sett i avl, og tre år på rad kom det tre føl i tur og orden, først to merraføl, deretter eit hesteføl. Og kva gjer ein hestekar som er vel så kry av ungane sine som av andrepremimerra og føla hennar? Føla vart kalla opp, først Arna, så Steina og til sist Reidar. Litt uvanlege øykenamn, spesielt dei kvinnelege. Men dei fungerte. Då tida var mogen og det var kjøparar å finne, vart dei veksla om til kontantar. Arna hamna i  Tyskland, var det sagt. Kvar dei andre vart av, veit eg ikkje. Og no er dei nok forlengst sameina med mora si i Edens hestehage, der dei går og beitar fredeleg side om side, mettar seg på frisk og saftig hå og veiftar fly og fluger vekk med rova.


  
 

3 kommentarer:

  1. Oddvar Vassliås20. april 2010 kl. 08:47

    Hei!
    Far til merra dykkar var nok Breidulf.
    Oddvar Vasskiås

    SvarSlett
  2. Ja, kanskje det. Eg har sjølv kome i tvil om det kunne vere Berg. Og me kalla den siste øyken vår (ein gjeldhest) for Berg.

    SvarSlett
  3. Og etter Berg hadde me Prinsessa, mor til Gullprins ( oppkalla etter mora og faren, Gullen, men populært kalla Jakob), og ungfolen tenkjer eg nok fru Anne hugsar godt....
    -Liv-

    SvarSlett