Desse linjene kjem ikkje til å handle om noko anna enn nett det me har putla med i påskehelga. Me har vore heime sidan tysdag, og vêret har ikkje nett invitert oss ut i naturen meir enn høgst nødvendig. Så det har handla mest om kryssord, påskekrim på TV, eting og latmannsliv. I går var me forresten ute og onna i hagen nokre timar. Fredags kveld var me hos Anna og Anfinn i Porsvika saman med eit par andre par og åt pizza og kaker pluss raudvin og kaffi. Sidan mange i laget har sine helseproblem, var samtaleemna gitt. I går kveld hadde me vår tradisjonelle rømmegraut med nyspretta spekekjøtlår som me har salta, røykt og spekt her heime. Og no spreier angen frå lammesteika seg i heile huset. Ute blæs det så det uler, så nokon luftetur er ikkje særleg forlokkande. Det vert sikkert meir kryssord i staden. I morgon tek det heile slutt - eg meiner påskeferien - og Tore pakkar sekken sin og fer til by'n for å sjå Brann-kamp på fjernsynet før helga for godt er omme.
Forresten er denne påskeferien til forveksling lik den i fjor, bortsett frå at me ikkje har pussa opp kjøkken. Du kan til dømes klikke her og sjekke!
God påske!
Eg er lei meg avdi eg ikkje kunne delta i oppbyggelege samtalar og oppkvikkande raudvinsmatting på fredag. Eg var heime att frå påskefjellet først i går.
SvarSlett