torsdag 25. mars 2010

PÅSKEFERIE

Alt no? Ja, i dag pakka eg sekken min, vende ryggen til Kvinnherad vidaregåande skule for å feriere i elleve dagar. Tysdag etter påske er det på'an igjen. Me har ei ordning med "langfredagar", som eg likar å kalle dei, altså eit påskefarga namn med assosiasjonar til liding. Somme fredagar har ein del av oss undervisning med same klassen i same faget i sju lange timar, men sidan verda og ikkje minst skulen er rettferdig, har me då fri - eller avspasering - enkelte fredagar.
   Så sist fredag hadde me eit svært opplegg i samfunnskunnskap som munna ut i at elevane etter ei samtale- og førebuingsøkt sat og skreiv i fem klokketimar om væpna konfliktar i denne vonde, urettferdige verda vår. Straffa eg fekk for denne botsøvinga var at eg sat att med nokre og tjue maskinskrivne avhandlingar, kvar på tre-fire tette sider i snitt. Men i dag fekk dei tilbake produkta, og eg tok ferie.
   I morgon skal Anne og eg til Bekkjarvik og vere nokre dagar. Etter kvart dukkar dei to yngste sønene våre opp der og. Men så fer dei kvar til sitt, og Anne og eg fer heim og feirar sjølve påsken her. Viss ikkje noko heilt uventa skjer, og det gjer det heilt sikkert ikkje. Så då får blogglesarane mine (om dei finst) ha ei gild palmehelg!

2 kommentarer:

  1. God påske til deg og frua.
    Ennå er det usikkert når og om me drar til fjells. Ser det an ei stund

    SvarSlett
  2. Nei, hald dykk heime, vêrmeldinga er guffen bortsett frå palmelaurdag. Og du Gunnar må passe stellet ditt!

    SvarSlett