mandag 15. mars 2010

FOTBALLFEBER

No er toppserien i gang att. I skrivande stund held Vålerenga på å slå Viking. Det kunne ha vore det same, etter mitt syn. Eg er ein tolerant mann, men eg likar ikkje at austlandslaga vinn kampar. Laurdag spelte dei to vestlandslaga Brann og Haugesund ein nokså keisam 0-0-kamp, men Ålesund banka Lillestrøm i går!
   Sidan eg var innom kjønnsbalansen hin dagen, kan eg ta opp ein parallell tråd. Her i heimen er dei tradisjonelle og genstyrte rollene litt omsnudde når det gjeld fotball. Anne ser gjerne på allslags kampar, mens eg blir fortare lei av såvoren underhaldning. Den store NRK-guru Harald Eia kunne godt ha sagt noko om dette. Han vil nok ha det til at fotballinteresser følgjer y-kromosomet og mengda av testestoron i kroppen. Men eg føler meg lite kvinneleg, og Anne er slett ingen mannssjåvinist.
   Nok om det, Anne er ein ekte Brann-patriot, slengjer ukvemsord mot dommaren og motspelarar som ikkje legg til rette for Brann-siger. Til no har ho ikkje late harmen over Brann-nederlag gå ut over fjernsynsapparatet.
   Så var det mimringa. Heime i Flekke hadde Vårherre planert ut ei myrflate og gjort henne lite eigna til dyrkingsjord. Men til fotballbane var ho heilt grei. Så der samlast me gutane om kveldane, improviserte lagoppstillingar og sparka i veg. Sjølv vart eg ingen virtuos med ballen, men moro var det lell.
   Ein gong skulle flekkekatane spele kamp mot dalingane. Eg var framleis så ung at eg ikkje kom med i betraktning for lagoppstillinga. Sant å seie hugsar eg litt for lite om det heile til å brette det ut for alt folket på nettet. Difor ber eg bror Steinar om hjelp i kommentarruta. Men me var svært optimistiske før kampen. Det vart dikta kampsong til tonen av Sugar Bush ved Doris Day , og dei to første og den siste linja trur eg eg hugsar:  "Det er Flekkes dag i dag, heile Flekkes fotballdag (og så er det eit par linjer eg ikkje hugsar) ...me skal slå Dale ned i skiten!"
   Ved kampstart skar det seg litt. Nokon fornærma keeperen vår så han gjekk gråtande heim. Og dalingane hadde forsterka laget sitt med eit par juniorspelarar. Reglane var dessverre så uklare at det ikkje let seg gjere å gripe inn mot det. Det kan hende eg lyg når eg trur det vart fem-femten til gjestene frå Dale. Men der ein stad enda det.
  

3 kommentarer:

  1. Når du skriv at Anne er Brannpatriot, vonar eg ho legg dette vekk i dei kampane der Brann spelar mot HFK. Om ikkje vert det vanskeleg for meg å vera Annepatriot.
    Elles kan heia på Brann alt ho kan

    SvarSlett
  2. Laurdag røpa ho atter ein gong tydeleg brannsympati, men eg la merke til at ho sa nesten ikkje noko stygt om HFK. Derimot levna ho lite ære til dommaren frå grannefylket i nord...

    SvarSlett
  3. Då er det kanskje eit håp....

    SvarSlett