lørdag 13. mars 2010

KJØNNSBALANSEN

Etter det eg har høyrt gjete, er det nokså sannsynleg at det i ein populasjon er om lag like mange gutar som jenter, men når det gjeld nyfødde er det ei lita overvekt av gutebarn. Statistisk sentralbyrå fortel at det i landet vårt vert fødd 106 gutar for kvar 100 jenter. Dei grunngjev ikkje dette misforholdet, dei driv helst med rein statistikk.
   Så ser me at i visse miljø og i somme familiar er det slett ikkje eit slikt forhold. På Vellene i Flekke kom det til verda 11 brør og inga syster i tidsrommet 1909 til 1929. Så gale var det ikkje for Arne, bror min, som fekk fem jenter og ingen gut.
   Rune fortalde om skuleinnskrivinga til Frida no i veka. Sidan Sigurd vart avbilda i går, får ho sleppe til i dag: Seks år på kongens bursdag og skulejente til hausten. Ho var av garde med foreldra og skreiv seg sjølv inn i ei tjukk bok. Men så var det dette med kjønnsbalansen: I det nyinnskrivne kullet var det 35 jenter og 21 gutar. Så her vert gutane kontrollerte og utkonkurrerte. I nabolaget hos Rune og dei er det og ei klar overvekt av jenter, opplyste han.
   Ei sak til: I dei familiane me har hatt mest omgang med her i Kvinnherad, har eg talt opp seks døtrer og tjue søner. Kva er det med oss?

1 kommentar:

  1. Det er ikkje noko gale med oss. Det er nok den statistikken som ikkje gjeld for oss. Sjølv om dei du kjenner er skikkelege folk, er det ikkje mange nok i kretsen din. Du må utvida den.
    Ikkje for det, barnebarna mine er så nær landsgjennomsnittet (gittt i parentes)som mogleg, når ein har 9 barnebarn.
    Jenter 44,4% (48,5) og Gutar: 55,6% (51,5)

    SvarSlett