lørdag 20. mars 2010

FEIL APPELSINER

Som sagt i går gjekk me i AUF-laget på Sandane heilhuga inn for å vekkje opinionen til protest mot apartheid og prøvde å gjere vårt for ein boikott av sørafrikanske varer. Me stelte til eit lite lotteri med ei fruktkorg som førstegevinst til inntekt for saka vår. Oppgåver vart fordelte og basaren vår gjennomført. Denne gongen var eg heldig, eg vann fruktkorga, tok ho med heim på hybelen og koste meg.
   Litt seinare fortalde dei som ordna med gevinstane at Olav Helge Førde (bror til Einar) kom innom hybelen der dei sat og gjorde alt klart. Der sat styreleiar Vidar Keul og fleire med viskelêr og viska på appelsinene. "Men det er jo Outspan, for faen!" ropte Olav Helge og peikte. "Hald kjeft!" sa dei andre og viska godt vekk dei blå bokstavane på det gule skalet. Syndarane som hadde stått for innkjøpet, var skjemde, så klart, men fattige gymnasiastar og eit endå fattigare AUF-lag såg seg ikkje råd til å kaste appelsinene og kjøpe nye. Og nestleiaren i styret, som og hadde hovudansvaret for boikottaksjonen, koste seg lukkeleg uvitande med blodappelsiner frå Sør-Afrika.

2 kommentarer:

  1. Artig historie. Der vart du skikkeleg lurd. Men det ein ikkje veit osb .....

    SvarSlett
  2. Men dei røpa det jo etter ei stund, så no har eg slite med samvitet og bore på løyndommen i snart femti år.

    SvarSlett